Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Stortinget

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1970
20240426
1970
20240426

Av alle stadar i verda var eg for ikkje så lenge sidan på innsida av Stortinget i Oslo.

Det fyrste forbodet ein får som gjest på Stortinget, etter at ein har tømt lommene for knivar og er slusa inn på flyplassvis, gjeld fotografering. Det er berre lov å fotografera politikarar når dei er i Vandrehallen, dette store, opne rommet i fyrste etasje der politikarar ofte gjev intervju. Elles er dei på jobb og skal ikkje fotograferast. Utanom politikarar på jobb, kan ein fotografera nett kva ein vil.

Ein ting som overraska meg, var kor mange politikarar som faktisk var på jobb. Alle desse statsrådane som det siste året er avsette eller gråtkvelte har trekt seg frå alle verv, dei går framleis rundt på Stortinget i dressjakke og smiler, sit i kantina og ler som om ingenting har skjedd. Men det har eg altså ikkje bilete av.

Det andre forbodet ein får, er inne i sjølve Stortingssalen, eller «demokratiets krybbe» som guiden kalla det. For der inne er det ikkje lov for gjestar å gå på det raude teppegolvet nedst i salen, me skal berre gå bak og mellom alle stolane. Så alle bileta me tok av oss sjølve og kvarandre når me valsa rundt på det forbodne golvet, vart me bedne om ikkje å dela på sosiale medium.

– Trur du nokon merkar om eg stel ein slik, spurde eg ein stortingsrepresentant då me fekk kaffi servert i koppar med riksløva på.

– Det kan henda du får kjøpt ein i gåvebutikken, sa han.

Og det var nok det som overraska meg mest: Det er ein gåvebutikk på Stortinget! Her kan ein kjøpa suvenirar som drikkeflaske, juletrepynt og koppar med riksløva på.

Kva meir har Stortinget som eg aldri har visst? Jo, dei har eigen prest.

– Har de eigen lege òg, spør eg.

– Nei, berre prest. Skulle kanskje hatt ein lege òg.

– Er det fødd born her, undrar eg.

– Ikkje som eg veit.

– Har nokon døydd her?

– Garantert.

– Men er det badekar her?

– Hm, det trur eg ikkje. Berre dusj, sa stortingsrepresentanten.

– Ok. Nei, då kunne ikkje eg budd her, sa eg.

Clementine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis