Tastaturutur
Måndag vart noko fluidum av tvilsamt opphav sølt på PC-tastaturrada vår. Slik utur var vi støtt og stadig plaga av då vi var ungdommar og drakk cola og åt chips framfor datamaskina; no når vi har mognast, må slikt kallast flautt.
I byrjinga funka alt fint, takk og lov. Sjølv om kontaktflata på kvar tastaturknast var litt klam, lystra han kvart kakk frå ihuga fingrar.
Så byrja bokstavrada øvst å visna, og snart svikta hyppigast nytta bokstav i norsk totalt. Og sjølvsagt går skrivinga trått utan hovudvokal. Ord som sakn blir for svakt; fantomsår i datamaskina, må slikt kunna kallast.
Datamaskina vår blir snart ti år, og ho har i lang tid kunna kallast klar for utskifting, så løysinga var opplagd: No må klimaomsyn og miljøsamvit vika – vi må kjøpa ny maskin.
Så vakna all trass: Aldri skal noko bokstavsymbol få stansa skaparkrafta vår! Vi snakkar faktisk om slappast uttala vokal i norsk. Han fordrar knapt noka artikulasjonskraft. Vokalar, især vår manko, må nærmast kallast lingvistikkvakuum. I abjadspråk som arabisk kan skrivarar visstnok uttrykkja alt utan vokalar. Då må vi kunna formidla noko vitig utan vokalar på norsk òg.
Skal manko på vokalar av lågast slag stansa småskriftspalta?
Litt tilpassing må riktig nok til, som å satsa på a-infinitiv, bruka a i all bøying når nynorsknorma opnar for a, og gå for hankjønn i pluralis og hokjønn i singularis på substantivsida.
I byrjinga var skriving utan hovudvokal sann fryd, sjølv om ho var tøff. Faktisk har slik vanlagnad pirra skaparkrafta og gjort oss ivrig på å laga nyord som datamaskintastatursøl, substantivbøyingssvik og sjølvsagt vokalmankofrustrasjon.
Når sanninga skal fram, må vi tilstå at vi saknar vokalpingla vår. Vi får knapt uttrykt alt vi har på hjarta, og jakta på avløysarord gir nok av bomskot.
Så pingla vinn til slutt: No går vi rakt til PC-lækjar og tryglar han om å blåsa liv i datamaskinas sårt sakna vokalsymbol.
obo
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.