Ut på tur
Sommaren står for døra, og mange nyttar no høvet til å ferdast i skog og mark. For oss som er hypersensitive for flyktige sosiale situasjonar, leier det stadig til ublide møte med eigne demonar.
Det er lett om ein held seg langt utanfor allfarveg på Hardangervidda og i meir perifere fjell i Jotunheimen; ser ein andre vandrarar der, er det nærmast sjølvsagt at ein helsar og gjerne stansar og slår av ein prat. «Mann er manns gaman.»
Populære turområde som ligg berre ei T-banereise frå Oslo sentrum, derimot, byr på langt større utfordringar.
Grupper av vaksne damer på jentetur og middelaldrande menn på terrengsykkel kan ein utan vidare sjå bort frå; dei har meir enn nok med seg sjølv. Det same gjeld joggarar med tronge tights og glinsande solbriller.
Men utanom desse grupperingane inneber kvart møte med framande ei krevjande avveging: Skal eg helse, og korleis skal eg eventuelt helse eller la vere å helse?
I vurderinga må ein ta omsyn til ei rad dels gjensidig forsterkande, dels innbyrdes motstridande variablar, mellom anna alder, kjønn, gangfart, påkledning og oppakning, i tillegg til ytre faktorar som vêrtilhøve, terreng og tid på døgnet.
Den viktigaste faktoren er likevel møtefrekvens. Røynde turgåarar har opparbeidd seg eit indre teljeverk som gjer at dei heile tida er oppdaterte på kor mange menneske dei har sett den siste halvtimen. Dess nærare dette talet kjem 1, dess meir påkravd er det å helse.
Sjølv er eg nokså nærsynt, og eg synest det er ein uting å gå med briller i naturen. Derfor har eg lagt meg til ein uvane med å myse granskande på dei som kjem mot meg, i tilfelle det er kjentfolk, og mange blir då så usikre at dei automatisk stansar og helsar.
Dermed blir vi ståande og prate, den ukjende og eg. Han diskré fiskande etter personalia for å finne ut kvar han har meg frå, eg nervøst trippande etter å komme meg ut av ei pinleg samtale som eg viklar meg stadig lenger inn i.
OBO
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.