Det var mitt første val, midt på sekstitalet, då eg stod i valbua med Venstre-setel i den eine handa, SF i den andre. Ml-rørsla var ikkje fødd enno, men vi hadde Finn Gustavsens Folkeparti, som felte Einar Gerhardsen direkte på Stortingets talarstol. Og det utrulege hende at ungdomsorganisasjonen som hadde «ml» i namnet, oppmoda folket til valboikott i 1969. Kva skulle ein stakkar gjere? Exit Venstre!
Dette skal slett ikkje vere nokon etterpåklok krønike om ei fjern og nær politisk fortid, då eg mellom anna, som student, underviste i matematikk på Nordstrand Gymnas om dagen og var med på å lage ei raud avis om natta. Men kva var det som hende?
Den avslutta valkampen vert omtalt som den mest spanande på lenge. Det var mykje liv og røre, men om kva? Dekkinga i media var ikkje om dei store spørsmåla. Ho var om detaljerte sonderingar politikarane imellom som kunne skiple det politiske landskapet, skildra med store bokstavar. Stafett-rapportane frå valvake til valvake var mange, men politisk like rituelle som før. Sjølvlysande tavler oppdaterte oss, og det drog mot klimaks då statsministeren, før tida, tjuvstarta på vegen mot siste signing på stortinget. Og dei milde parlamentarikarane verka som om dei kunne gå i regjering med kven det skulle vere.
Til om morgonen onsdag, då maktkåte gjengangarar frå KrF og Venstre på ny ville endre kabalen. «Det som er viktig, er at det er politikk», vart det sagt. Er det sant?
«Kjennest det ikkje godt å vere med i eit stortingsparti?» spurde den lukkelege leiaren for det raude promillepartiet, til ovasjonar frå dei frammøtte. Og eg minnest mitt første valets kval, for ein mannsalder sidan.
R.H.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det var mitt første val, midt på sekstitalet, då eg stod i valbua med Venstre-setel i den eine handa, SF i den andre. Ml-rørsla var ikkje fødd enno, men vi hadde Finn Gustavsens Folkeparti, som felte Einar Gerhardsen direkte på Stortingets talarstol. Og det utrulege hende at ungdomsorganisasjonen som hadde «ml» i namnet, oppmoda folket til valboikott i 1969. Kva skulle ein stakkar gjere? Exit Venstre!
Dette skal slett ikkje vere nokon etterpåklok krønike om ei fjern og nær politisk fortid, då eg mellom anna, som student, underviste i matematikk på Nordstrand Gymnas om dagen og var med på å lage ei raud avis om natta. Men kva var det som hende?
Den avslutta valkampen vert omtalt som den mest spanande på lenge. Det var mykje liv og røre, men om kva? Dekkinga i media var ikkje om dei store spørsmåla. Ho var om detaljerte sonderingar politikarane imellom som kunne skiple det politiske landskapet, skildra med store bokstavar. Stafett-rapportane frå valvake til valvake var mange, men politisk like rituelle som før. Sjølvlysande tavler oppdaterte oss, og det drog mot klimaks då statsministeren, før tida, tjuvstarta på vegen mot siste signing på stortinget. Og dei milde parlamentarikarane verka som om dei kunne gå i regjering med kven det skulle vere.
Til om morgonen onsdag, då maktkåte gjengangarar frå KrF og Venstre på ny ville endre kabalen. «Det som er viktig, er at det er politikk», vart det sagt. Er det sant?
«Kjennest det ikkje godt å vere med i eit stortingsparti?» spurde den lukkelege leiaren for det raude promillepartiet, til ovasjonar frå dei frammøtte. Og eg minnest mitt første valets kval, for ein mannsalder sidan.
R.H.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?