Dårleg samvit i Kyrkja
Norske biskopar erkjenner at Den norske kyrkja har påført homofile smerte opp gjennom åra. Men framleis kan prestar seie nei til å vie kjærastar av same kjønn.
Homofile og lesbiske har kunna gifte seg i kyrkja sidan 2017, men prestar kan reservere seg mot å vie dei.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Samtalen
Olav Fykse Tveit
preses i Den norske kyrkja
Aktuell
Bispemøtet har samla seg om ein uttale om at kyrkja har påført homofile og lesbiske smerte og skade.

christiane@dagogtid.no
Kyrkja har påført homofile og lesbiske stor skade og smerte, kunne vi lese i ei lang rekkje aviser denne veka. Overskriftene kom frå Den norske kyrkja sjølv, eller rettare sagt frå biskopane, som hadde samla seg om denne erkjenninga på bispemøtet 18. februar. Sidan sex mellom menn vart avkriminalisert i 1972, partnarskapslova kom til i 1993 og ei felles ekteskapslov vart innført i 2009, har Kyrkja stått i spennet mellom dei som vil endre haldningane sine i takt med resten av samfunnet og vie homofile i kyrkja, og dei som meiner homofilt samliv strir mot Guds ord.
I 2016 vart kyrkjemøtet, det øvste demokratiske organet i Den norske kyrkja, samde om at Kyrkja skulle romme begge syna. Alle homofile som vil gifte seg i kyrkja, skal få gjere det, men prestane som meiner det strir mot teologien å vie dei, kan overlate oppgåva til andre.
Olav Fykse Tveit er preses i Den norske kyrkja.
– Kvifor kjem bispemøtet med denne erkjenninga nett no?
– Det er femti år sidan seksuelle handlingar mellom menn vart avkriminaliserte. Kyrkja og bispemøtet har spelt ei rolle i diskusjonane om homofile i Noreg både før og etter avkriminaliseringa. Dette var eit høve til å seie at vi står ein annan stad i dag enn vi gjorde tidlegare. Vi ville skifte perspektiv. I staden for å diskutere teologi ville vi peike på kva Kyrkja sitt syn på homofile og lesbiske har ført til for dei det gjeld, og kva ansvar Kyrkja har for det. Vi ser dette no ut frå dei homofile og lesbiske sin eigen livssituasjon og det dei seier handlingane til Kyrkja har gjort med dei. Det er eit rimeleg og viktig perspektiv å ta i eit slikt år.
– I 2016 opna kyrkjemøtet for to syn på likekjønna ekteskap. Tek de i uttalen denne veka eit oppgjer med eitt av dei to syna?
– Nei, det er ulikt syn på likekjønna ekteskap også mellom biskopane. Dette er ei erkjenning av at det er nødvendig å sjå på historia frå perspektivet til dei homofile og lesbiske, og lytte til det. Også dei som er skeptiske til likekjønna ekteskap, seier at dei ikkje ønskjer å trakassere eller diskriminere. Det skal vere godt for homofile og lesbiske å vere i kyrkja. Så uttalen er ein følgje av vedtaket i 2016, og det var på tide å seie dette.
– Når ein prest kan reservere seg mot å vie eit par fordi dei er av same kjønn, må ein ikkje då rekne med at prestar også i framtida vil kunne påføre nokon smerte og skade?
– Det kan hende, men Kyrkja har ei ordning som gjer at det ikkje treng verte konflikt mellom ein prest som ikkje vil vie, og paret. Prosten har ansvar for at paret skal kunne gifte seg i den kyrkja dei høyrer heime i, så i slike tilfelle treng ikkje presten seie så mykje, men kan berre vise til prosten. Og det trur eg skjer i praksis.
– Avisa Dagen skriv på leiarplass at uttalen i praksis er eit oppgjer med dei som trur og lærer bort det som har vore felles kristne prinsipp i 2000 år: «Ekteskapet mellom én mann og én kvinne er den gudvillede ordningen for seksuelt samliv.» Kva seier du til analysen?
– For det første at diskusjonen om kva som er Kyrkja si lære om dette, har gått føre seg i årevis. Bispemøtet hadde før vedtaket i kyrkjemøtet ei grundig utgreiing om det, og det er mogleg å ha ulikt syn utan at det rokkar ved einskapen i Kyrkja. For det andre at det er mogleg å ha eit anna syn enn det som har vore det tradisjonelle, også ut frå ei god grunngjeving i teologisk lære. Det må også Dagen ta opp i vurderinga si, i staden for å seie at det berre er eitt syn som har vore i Kyrkja. Det er ei form for maktbruk å seie at det har vore eitt tradisjonelt syn, utan å gå inn i argumenta og vurdere dei.
– Dei teologiske argumenta, tenkjer du på?
– Ja, dette har vore diskutert veldig grundig, ikkje berre i Den norske kyrkja, men også i mange andre kyrkjer. Så har ein funne tung grunngjeving for at ein også må leggje til rette for samliv mellom homofile og markere og anerkjenne det, ut frå ei grunnleggjande forståing av bibelske tekstar om kjærleik, men også kanskje meir situasjonen i dag samanlikna med den tida bibeltekstane vart skrivne i. Denne gongen var det ikkje eit poeng for bispemøtet å ta heile denne diskusjonen opp att. Det var å seie noko om kva som har skjedd, og kva det har betydd og ført til for dei det gjaldt. Same kva syn ein har, må ein ta dette inn over seg.
– Uttalen er ei erkjenning, men de bed ikkje om orsaking. Kvifor ikkje?
– Vi drøfta det grundig og kom fram til at både orsaking og bøn om tilgjeving er sterke og viktige ord, som kan nyttast i dialog med dei det gjeld. Vi ønskte ikkje at uttalen skulle verte oppfatta som ei einsidig og lettvinn utsegn. Det er også eit uttrykk for at denne uttalen ikkje er det siste ordet i denne saka. Vi ønskjer å gå vidare med dette, og seinare kan også ei orsaking verte vurdert.
– Bør andre trussamfunn, til dømes Den katolske kyrkja, kome med ei slik erkjenning som bispemøtet har gjort?
– Eg håper mange vil gjere det – både kyrkjer og andre institusjonar i det norske samfunnet. Kva har måten ein har handsama homofile på, ført til? Det trur eg kan vere sunt for fleire å reflektere kring. Men eg får tale for oss, og så får andre tale for seg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ei form for maktbruk å seie at det har vore eitt tradisjonelt syn, utan å gå inn i argumenta og vurdere dei.
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.