Folkekyrkja freista få
Oppvasken er i gang etter at rekordfå medlemer i Den norske kyrkja røysta ved kyrkjevalet.
I haust kunne kyrkjemedlemer røyste ved kyrkjevalet samstundes som det var kommunestyre- og fylkestingsval, men mange droppa det.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Kyrkjevalet
Val av representantar til sokneråd (lokalt), bispedømmeråd (regionalt) og Kyrkjemøtet (nasjonalt)
Kyrkjemedlemer som fyller 15 år eller meir i valåret, har røysterett
Valet vert halde kvart 4. år i nærleik til og på same tid som fylkestings- og kommunestyrevalet
Kjelde: Den norske kyrkja

Kyrkjeval
christiane@dagogtid.no
Enkelte kan ha sett kyrkjekaffien i halsen då det førebelse resultatet av kyrkjevalet vart klart for eit par veker sidan. Tala frå Den norske kyrkja viste at færre enn éin av ti medlemer hadde teke seg bryet med å røyste.
Dette trass i at medlemene for første gong ikkje eingong trong å oppsøkje eit vallokale, men enkelt kunne førehandsrøyste ved å klikke seg inn på ei nettside og røyste digitalt, på sin eigen skjerm i si eiga stove, på bussen eller kvar det skulle vere.
Så enkelt kunne kyrkjemedlemer vere med og påverke både kven som skulle få plass i soknerådet, og kven som skulle møte i bispedømeråda og Kyrkjemøtet, som er det øvste valde organet i kyrkja. Men det var det altså ikkje så mange som gjorde. Ikkje fleire enn 8,9 prosent, for å vere presis.
Dårleg vits?
Dei spissformulerte reaksjonane kom kjapt. Pensjonist og vikarprest Knut Sand Bakken spurde i Dagbladet om kyrkjevalet var ein dårleg vits. Arve Juritzen, som sjølv stilte til val, sa til avisa Dagen at den låge oppslutninga måtte vere spikaren i kista for den valordninga kyrkja har i dag.
For oppslutninga er ein nedgang frå 2019, då 12,6 prosent røysta, for ikkje å snakke om frå 2015 då oppslutninga var på 16,7 prosent. I 2011 røysta 13,47 prosent ved valet og i 2009 13 prosent.
Dessutan kostar det å organisere val slik kyrkja har gjort det dei siste åra. Kyrkjevalet har i år kosta kyrkja over 70 millionar kroner, noko som førte til at kvar einaste røyst kosta 260 kroner, ifølgje tal presenterte av høvesvis Dagen og Vårt Land.
Må noko gjerast?
Er det på tide å endre det storstilte kyrkjevalet og nytte pengane betre? Sentrale kyrkjepolitikarar meiner det – på tvers av teologiske skiljeliner.
Sidan 2009 har Den norske kyrkja halde nasjonalt koordinerte val på same dag som politiske val, og sidan 2009 har valordninga vorte diskutert.
Kyrkjevalet tok, i den forma det har i dag, til som del av ei demokratireform, som igjen var ein del av lausrivinga frå den norske staten. Statskyrkja skulle verte folkekyrkje, og ei folkekyrkje må leggje til rette for at folk får påverke styre og stell, var tanken.
Med den nye valordninga kom etter kvart kandidatlister til bispedømeråda og Kyrkjemøtet, med program som forplikta, etter modell av politiske parti. Først ute var gruppa Open folkekyrkje i 2014, som gjekk til val på å støtte ein vigselsliturgi for par av same kjønn.
Ved valet i haust stilte listene Open folkekyrkje, Bønnelista og Frimodig kirke til val, saman med Nominasjonskomitélista, som ikkje har eit program, men som er sett saman av sokneråda.
Eit lite blikk på nettsidene deira seier litt om kvar listene står. Open folkekyrkje presenterer ein video der ein student i regnboge-T-skjorte fortel at ho skal verte prest. På Bønnelista sine sider får vi vite at Bibelen skal ha den avgjerande autoriteten i kyrkja, og i ein musikkvideo er alle iførte knallraud caps. Frimodig kirke legg vekt på at kyrkja må byggjast nedanfrå, og at kyrkja ikkje skal skamme seg over evangeliet.
Dei ulike listene skil seg ikkje berre frå kvarandre teologisk, men også i synet på korleis demokratiet i kyrkja skal vere. Skal det til dømes vere eit mål at fleire enn ti prosent nyttar røysta si ved kyrkjevalet?
– Merkeleg ordning
Sverre Elgvin Lied, sokneprest i Lyngdal og leiar for Frimodig kirke, kallar den valordninga kyrkja har i dag, for «urealistisk» og «merkeleg». For han har lita tru på at oppslutninga om eit val i eit trussamfunn eller eit idrettslag skal kunne samanliknast med oppslutninga i eit politisk val.
Han seier at dei som røystar ved kyrkjevalet, i stor grad vil vere dei same som går til gudsteneste og engasjerer seg i kyrkjelyden. Dermed er han heller ikkje sikker på om oppslutninga kan kallast dårleg. Kanskje er det naturleg at oppslutninga ligg på 8,9 prosent?
– Eg tenkjer at kyrkja i staden for å uroe seg for låge prosenttal bør uroe seg for oppslutninga om gudstenesta og det som skjer i kyrkjelyden. Det er det vi held på med, og det er der kampen står, seier han.
Sverre Elgvin Lied, leiar i Frimodig kirke.
Alf Simensen
Vil fjerne lister
Frimodig kirke har, heilt uavhengig av valoppslutninga i haust, programfesta at valordninga bør endrast. Ikkje for å nå ut til fleire, men for å gje dei aktive kyrkjemedlemene og sokneråda meir å seie.
Lied vil bort frå systemet der kandidatlister stiller til val til bispedømeråd og Kyrkjemøte, og over til eit system med direkteval på sokneråd og indirekte val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. Han vil også ha slutt på å samkøyre kyrkjevalet med politiske val.
– Vil ikkje dette systemet gjere det vanskeleg for dei som ikkje går så ofte i kyrkja, å vite kven dei skal røyste på?
– Det vil vere det same som i eit idrettslag, der ein kjenner dei ein røystar inn. Det er basert på tillit. Det er stort sett slik val vert gjennomførte i organisasjonar, og det er ikkje noko spesielt med det.
Lied har også ein plan B.
– Skal vi halde på ein variant av valordninga vi har, ønskjer vi ikkje digitale val. Dette heng saman med den grunnleggjande tanken om kva kyrkja er for noko. Vi må få valet bort frå offentlege lokale, det må skje i kyrkjelydlokale i etterkant av ei gudsteneste. Sjukeheimar og slikt kan vi leggje til rette for, seier han.
Gard Sandaker-Nielsen, leiar i Open folkekyrkje.
Foto: Kristan Bergh
– Må femne breitt
Leiar i Open folkekyrkje Gard Sandaker-Nielsen er overraska over at så få røysta ved kyrkjevalet, og skulle ønskje talet var høgare. Men han merka seg at det var krevjande å få pressemerksemd om kyrkjevalet, i ei tid då mykje stod på spel i kommunevalet. Han peiker på at Kyrkja heller ikkje sende ut valkort i posten.
– For mange har kyrkjevalet gått under radaren, seier han.
Det digitale valet skildrar han derimot som ein revolusjon som vart teken godt imot. 34 prosent av dei som røysta, røysta digitalt.
– Men det å gå frå eit fysisk val til eit val som er primært digitalt, det varte i over ein månad, inneber ein annan måte å kommunisere med folk på. No må vi primært jobbe med korleis vi skal ta det digitale valet vidare.
Sandaker-Nielsen seier valet no må evaluerast, for å få kunnskapsbaserte endringar på plass.
– Det viktige er at alle medlemer kan vere med å bestemme. Det som kjenneteiknar ei folkekyrkje, er at ho skal femne breitt og leggje til rette for at så mange som mogleg kan vere med. Der skil vi oss frå andre lister, som meiner at det er dei som går mykje til gudsteneste, som og er dei som skal bestemme. Vi meiner det er mange måtar ein kan tilhøyre kyrkja på og erfare at ho er viktig. Ved å gå ofte til gudsteneste eller ved fyrst og fremst å bruke ved dei store hendingane i livet.
– Kvifor er det eit problem at så få røystar?
– Det viktigaste er at folk har høve til å røyste og veit at det er val. Utfordringa i år har vore at mange ikkje har visst at det har vore val. Men kva som er høg deltaking i Den norske kyrkja er ikkje godt å seie. Kanskje var det ein topp i 2015, då over 16 prosent røysta. Då var det stort engasjement og mykje stod på spel. Det kan jo skje igjen.
Tek debatten
Debatten om valordninga har alt gått heilt til topps i kyrkjedemokratiet. Leiaren i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum, skreiv nyleg i Vårt Land at ei ny valordning må på plass.
– Altfor mange har brukt altfor mykje tid på at altfor få deltek i kyrkjevalet. Det nyvalde Kyrkjemøtet må finne ei valordning som svarar til valdeltakinga, skreiv ho.
Det er duka for diskusjonar i det nye Kyrkjemøtet. Det er ikkje sikkert dei vert enklare av at dei ulike listene kan dra fordel av ulike valsystem.
Tidlegare biskop Halvor Nordhaug har til dømes sagt at samansetjinga i Kyrkjemøtet etter valet i haust tek eit steg i konservativ retning, og grunngjeve det med den låge valdeltakinga.
Det er lett å sjå føre seg at stor valdeltaking vil vere ein fordel for liberale kandidatar, medan eit val der først og fremst faste kyrkjegjengarar røystar, vil vere ein fordel for konservative kandidatar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.