JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Lovnadar på vent

Sist Senterpartiet var så langt nede, var i 2017. Stortingsrepresentant Jenny Klinge skuldar på krigen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Senterpartiet slit på målingane om dagen. Her ein valplakat på Grünerløkka i fjor haust.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

5141
20220506

Samtalen

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant for Senterpartiet

Aktuelt

Dårlege målingar for Senterpartiet

5141
20220506

Samtalen

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant for Senterpartiet

Aktuelt

Dårlege målingar for Senterpartiet

jesper@dagogtid.no

Onsdag morgon kunne NRK melde om den verste målinga for Senterpartiet på over fem år. Med 6,9 prosent ligg dei no til og med bak SV – partiet som ikkje fekk lov til å vere med i regjering i fjor haust. Samstundes går regjeringspartnar Arbeidarpartiet fram.

Jenny Klinge sit på Stortinget for Senterpartiet.

– Kvifor går det så dårleg med Senterpartiet om dagen?

– Eg vil minne om at det er spesielle tider. Situasjonen etter at vi kom i regjering, har vore prega av krisehandtering. Så det seier seg sjølv at det å finne løysingar på stadige kriser har vorte prioritert, medan noko av det vi hadde lova å kome raskt i gang med, har måtta vente. Tolmod er ei dygd som eg skulle ønske både vi i partiet og veljarane stundom hadde øvd oss litt på. Vi har trass alt det aller meste av ein fireårsperiode framfor oss enno.

– Så du er ikkje uroa?

– Nei, eg trur det fort kan snu. Eg bryr meg lite om meiningsmålingar. Både når dei er langt nede, og når dei er langt oppe. Vi er enno tidleg i ein stortingsperiode, og det er ingen grunn til å leggje seg i fosterstilling på grunn av dårlege tal. Det er trass alt resultatet ved val som gjev oss høve til å styre.

– Kan det hende de rett og slett lova for mykje i valkampen?

– Det er viktig å hugse at lovnadane kom i ei anna tid. Men vi legg dei ikkje vekk. Vi er berre nøydde til å be om litt meir tid til å utføre det vi hadde tenkt. I politikken tek dessutan ting tid, kriser eller ei.

– Marit Arnstad lova i fjor at de ikkje kunne sitje i regjering om bensinprisen gjekk over 20 kroner. Var valkampen for populistisk?

– Vi lova aldri å halde prisen frå produsentane på under 20 kroner. Det vi var opptekne av, var avgiftsnivået. At prisen aukar på den måten han gjer no, skjer på grunn av den heilt spesielle verdssituasjonen. Dette var ikkje noko ein kunne føreseie. Når det gjeld skuldinga om populisme, synest eg det er heller komisk at kjedelege lovnadar som å ha tenester nær folk skal verte kalla populistiske.

– Du talar om ein endra verdssituasjon. Må nordmenn rett og slett førebu seg på å ha mindre på bok?

– Staten kan ikkje kompensere for alt. Men vi skal gjere vårt beste for å vere der for dei som treng det. Straumstøtteordninga er eit døme på ei ordning som tar vekk dei verste toppane av straumrekninga, og som gjer at det forhåpentlegvis vert handterleg for folk.

– No kan det sjå ut til at straumprisane held seg høge fram til hausten. Vi kan ikkje drive å kompensere for alltid?

– Det vil vere naturleg å ta ei ny vurdering etter kvart. Straumstøtteordninga er i første omgang forlenga med eit år. Det gjer situasjonen meir føreseieleg for folk flest.

– SV er større enn dykk på siste måling. Var det ein tabbe å ikkje ta dei med inn i regjering?

– SV hadde sine grunnar til ikkje å ville vere med. No er dei i ein velsigna posisjon der dei kan stå utanfor og rope. Kvar gong vi legg fram ei ordning, kan dei forhandle fram ei litt betre ordning, og så verkar det som om dei vil ha æra for heile pakka. Dei får uforholdsmessig mykje merksemd for løysingane dei er med på å bidra til. Brorparten av det som vert lagt fram, er det regjeringa som står for, og ikkje SV. Stundom skulle eg ønskje vi kunne halde eit kurs for veljarane for å forklare dei korleis ting heng saman.

– Så du meiner veljarane er for dumme?

– Nei, men både vi og veljarane druknar for tida. Det handlar ikkje om evna til å oppfatte, men om at vi rett og slett vert bombardert med krisenytt. Då er det vanskeleg å få journalistane til å skrive om det positive vi gjer. Og då får heller ikkje veljarane det med seg.

– Kva har de fått til, som vi ikkje har fått med oss?

– Vi har både lagt inn meir i statsbudsjettet til politiet og sørga for at mindreforbruket på éin milliard frå i fjor vert fordelt på ulike politidistrikt. Det er verkeleg ei oppfølging av lovnadane våre om meir nærpoliti og styrking av politidistrikta. Og så er vi i ferd med å reversere domstolreforma. Dette er heilt konkrete saker der vi er i ferd med å oppfylle forventningane, men som folk knapt får med seg på grunn av alt anna.

– Din eigen partileiar får mykje kritikk for at han ikkje kler rolla som finansminister. Har Trygve Slagsvold Vedum noko av skulda for at det går så dårleg som det gjer for tida?

– Eg synest at også dette er litt komisk. Før valet vart han kritisert for ikkje å vere statsmann nok. Når han så kjem i finansministerstolen og oppfører seg som ein statsmann, får han kritikk for at han ikkje flirer like mykje som før. Om han skulle sprotte rundt og flirt like mykje som før, trur eg det hadde kome massiv kritikk andre vegen.

– Kva må til for å snu trenden?

– Vi må ta den jobben vi har, seriøst. Eg trur at om vi held fram med det, vil situasjonen rundt oss etter kvart endre seg. Då vert det òg større plass til dei sakene som vi er opptekne av.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er ingen grunn til å leggje seg i fosterstilling på grunn av dårlege tal.

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis