Målar skrifta på veggen
Kriminelle nettverk har teke over mykje av målarbransjen i Oslo. Politiet og regjeringa har svikta i kampen mot mafiaen, meiner journalist og forfattar Einar Haakaas.
Mange av målaroppdraga på Austlandet blir utførte av selskap som nyttar svart arbeid.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
SVART ARBEID
peranders@dagogtid.no
Om det framleis er nokon som reknar Noreg som eit gjennomsiktig, gjennomregulert og lovlydig samfunn, må boka Svartmaling. Kriminelle bygger Norge vere noko av eit sjokk. Her skildrar journalist Einar Haakaas dei kriminelle nettverka som har teke over mykje av målarbransjen i Oslo, og som er tett samanvevde med den «normale» økonomien. Dei fleste av desse nettverka er drivne av kosovoalbanarar, og gjennom svart arbeid, momssvindel, falske fakturaer og anna bedrag har dei truleg unndrege milliardbeløp i skatt. Haakaas har avdekt fleire hundre selskap som er etablerte av nettverka, og svært mykje av inntektene deira stammar frå offentlege oppdragsgjevarar: Målarfirma styrte av kriminelle har vore med på å pusse opp mellom anna Eidsvoldsbygningen, regjeringskvartalet, statsministerbustaden og lokala til Skattedirektoratet. Sjansane for å bli teken for svindelen er svært små.
– Å drive med kriminalitet i byggjebransjen i Noreg er både meir lønsamt og mykje tryggare enn å drive med narkotikahandel, seier Einar Haakaas.
Han kjenner dette feltet betre enn dei aller fleste. Som journalist i Aftenposten arbeidde Haakaas i mange år med saker om økonomisk kriminalitet, og han har før skrive bok om den store drosjesvindelsaka i Oslo. Inntrykket hans er at dei organiserte kriminelle gjorde inntoget sitt i den norske arbeidsmarknaden for alvor for kring 15 år sidan, og sidan da har omfanget berre auka. «Norge er en honningkrukke for arbeidslivskriminelle», skriv Haakaas i boka.
Undergrev staten
Mange spørsmål melder seg når ein les boka Svartmaling. Korleis kan det vere så vanskeleg å kjempe mot denne kriminaliteten i eit lite og oversiktleg land som Noreg? Dei fleste pengetransaksjonar skjer elektronisk, og datateknologien burde vel gjere det enkelt å samle inn, systematisere og kryssjekke informasjon? Kvifor har politiet og andre etatar svikta i å møte utfordringane frå dei kriminelle i arbeidslivet? Og kvifor er ikkje den svarte økonomien generelt høgare på den politiske dagsordenen?
Eit grovt anslag frå Skatteetaten er at kring 150 milliarder kroner i skatter og avgifter blir unndregne kvart år i Noreg. Det er meir enn dei samla inntektene til staten frå petroleumsverksemda i fjor, og omtrent ti gonger meir enn staten tek inn i formuesskatt årleg.
Ingen veit kor mykje pengar dei albanskleidde selskapa i målarbransjen har unndrege frå skattlegging, men det er store pengar i omløp. Eitt av selskapa som hamna i skifteretten, Malerservice Norge AS, hadde krav mot seg frå Skatteetaten på kring 150 millionar kroner.
– Den svarte økonomien holar ut sjølve fundamentet til velferdsstaten, og er ein stor trussel mot den norske samfunnsmodellen. Eg veit ikkje kvifor dette ikkje er høgare på dagsordenen, men det verkar kanskje litt abstrakt for mange. Det er ikkje så tydelege offer for denne svindelen, seier Haakaas.
Ny arbeidsmarknad
Det er etter EU-utvidinga mot aust i 2004 at det kriminelle nettverka etablerte seg i Noreg. Men Haakaas har heller ikkje tru på at det nyttar å stogge den frie flyten av arbeidskraft i EØS-området.
– Eg trur det globaliserte arbeidslivet har kome for å bli, same kva Fellesforbundet seier. Og Kosovo er jo ikkje med i EU. Dei albanske aktørane opererer stort sett med falske identitetar.
I boka skildrar Haakaas ein arbeidsmarknad som har gått gjennom svært store og raske endringar, noko som har gjort det lettare for dei kriminelle nettverka. Talet på fast tilsette hos dei største entreprenørane i Oslo-området er halvert på fem år, og dei største selskapa i målarbransjen har nesten ikkje fast tilsette. I staden kjem arbeidskrafta frå underleverandørar og bemanningsbyrå. For byggherrane er det vanskeleg å sjekke at underleverandørar i fleire ledd har reint mjøl i posen.
– Arbeidsmarknaden har blitt langt mindre oversiktleg, og det har gjeve mykje større spelerom for dei kriminelle aktørane, meiner Haakaas.
Vegring i politiet
Men dette er berre ein del av forklaringa på at så få av dei kriminelle nettverka har blitt tekne. I boka si feller Einar Haakaas harde dommar over innsatsen til både politiet og regjeringa i kampen mor denne typen kriminalitet. Ein svært stor del av sakene som Skatteetaten har sendt over til politiet, har blitt lagde vekk. I Oslo gjeld dette over halvparten av sakene, og mange av dei blir ikkje eingong etterforska. «Oslo-politiet skyr sakene som anmeldes av Skatteetaten», skriv Haakaas. Han meiner forklaringa kan vere at slike saker er kompliserte og tidkrevjande, og det er ofte usikkert om dei kan gje utteljing i form av ein fellande dom.
– Vi har sett dette i mange år. Oslo-politiet la tilmed vekk den store drosjesvindelsaka på 1990-talet. Skatteetaten måtte gå til Økokrim for å få dei til å køyre saka, seier Haakaas.
– Både Skattetaten og politiet har same problem: Dei må vise til resultat i form av tal, og ein grundig og tidkrevjande kontroll tel like mykje i statistikken som ein kjapp og enkel kontroll. Dette er ei svepe for politiet. Og delar av løna til politimeistrane er bonusbasert, dei må vise til resultat. Vi har sett fleire døme på at vellukka prosjekt i politiet har blitt lagde ned fordi dei ikkje gav gode tal umiddelbart.
Nedla suksessen
I boka skildrar Haakaas prosjektet «Operasjon Svartmaling» som det mest vellukka forsøket på å stogge kriminaliteten i byggebransjen i Oslo. Prosjektet vart etablert som ei spesialgruppe i Finans- og miljøseksjonen til Oslo politidistrikt i 2012. I samarbeid med Økokrim og Skatteetaten fekk gruppa fleire fellande dommar mot dei kriminelle nettverka i anleggsbransjen. Dette vart rekna som ein stor suksess, men Haakaas skriv at gruppa vart motarbeidd internt. Og i 2015 vart gruppa nedlagd.
– Den offisielle grunngjevinga var at «Operasjon Svartmaling» vart nedlagd av budsjettomsyn, fordi IKT-satsinga til politiet kosta så mykje pengar. Men medlemmene i gruppa rakk å vise korleis ein kan lukkast i dette arbeidet: Dei arbeidde i sanntid, dreiv masse etterretning, og reiste ut og tok folk på fersken. Aktor i desse sakene valde i tillegg å gå etter pengane og verdiane til dei mistenkte og fryse kontoane deira. Desse folka er ikkje redde for nokre år i fengsel. Men misser dei pengane, raknar systemet deira.
Handlingslamma
I Svartmaling gjev Einar Haakaas gjev også den sitjande regjeringa hard kritikk for ein svak innsats mot arbeidslivskriminalitet.
– Dette er den første regjeringa sidan 1992 som ikkje har klart å lage ein handlingsplan mot økonomisk kriminalitet. I tillegg har regjeringa kutta mykje i budsjetta til Skatteetaten, omorganiseringa av politiet har gjort det vanskelegare å drive dette arbeidet, og Økokrim har blitt vengjeklipt. Regjeringa har verka handlingslamma på dette feltet, seier Haakaas.
I 2014 vart justisminister Anders Anundsen rådd av eit interdepartementalt utval til å omorganisere politiarbeidet mot økonomisk kriminalitet. «Det er svak overordnet styring og koordinering av politiets samlede innsats mot økonomisk kriminalitet», skreiv utvalet i eit notat, og tilrådde å etablere fem regionale økonomiteam direkte under Økokrim. Men Politidirektoratet var sterkt imot denne ideen, og fekk viljen sin: Anundsen la framlegget i skuffa.
– Direktoratet stod så hardt på i denne saka at Anundsen truleg ikkje kjende at han hadde noko val, seier Haakaas.
– Kva som eigentleg var justisministerens meining om saka, anar eg ikkje. Men det er grunn til å stille spørsmålet: Kven styrer politiet i Noreg i dag? Er det dei folkevalde politikarane, eller styrer politiet seg sjølv?
Prioritert utkasting
I boka peikar Haakaas òg på at den sitjande regjeringa ser ut til å ha prioritert andre felt langt høgare enn å etterforske dei kriminelle i byggjebransjen. Store ressursar blir brukte på å spore opp og sende ut asylsøkjarar som oppgav falsk identitet da dei fekk opphald i Noreg, medan ID-svindelen i kriminelle nettverk i byggebransjen får fortsette som før. «Aksjonene mot asylsøkere som har gitt feil opplysninger, står i sterk kontrast til den manglende innsatsviljen mot økonomisk kriminalitet», skriv Haakaas.
– Det seier litt om den politiske grunnhaldninga at det er viktigare å kaste ut folk som har levd lovlydig her i mange år, enn å ta folk som brukar falsk ID i arbeidslivet og som verkeleg undergrev det norske samfunnssystemet, seier Haakaas.
Papirtiltak
Nokre grep har likevel regjeringa teke på dette feltet dei siste åra. I 2015 kom ei liste på 22 tiltak mot arbeidslivskriminalitet. Eitt av dei mest lovande var etableringa av ei rekkje såkalla A-krimsenter rundt i landet, der politiet, Skatteetaten, Arbeidstilsynet og NAV skal samarbeide om å avdekkje arbeidslivskriminalitet. Men Haakaas er ikkje imponert over resultata så langt.
– Dei aller fleste som har blitt tekne gjennom arbeidet til A-krimsentera, er arbeidarar som er nedst på rangstigen og som sjølve blir utnytta av nettverka, seier Haakaas.
– Dei fleste av dei 22 tiltaka til regjeringa var papirtiltak utan særleg effekt. Det einaste som hjelper mot denne kriminaliteten, er grundig etterforsking med politimetodar. Ein må avsløre nettverka, ta pengane frå dei og arrestere bakmennene, meiner han.
Haakaas er i tillegg uroa over at framtida til Økokrim er usikker etter nederlaget i Transocean-saka.
– Det er sterke krefter som ønskjer å bli kvitt heile organet. Men noko av det farlegaste vi kan gjere no, er å svekkje Økokrim.
Einar Haakaas har høyrt ei rekkje lovnader frå stortingspolitikarar og regjeringar gjennom mange år om at arbeidslivskriminalitet skal prioriterast høgare. Han er ikkje særleg optimistisk.
– Trass i alle desse lovnadene har problema berre blitt større. Det lovar ikkje godt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Regjeringa har verka hand-
lingslamma på dette feltet.
Einar Haakaas, forfattar
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen