Mange vil ha eit lite stykke Noreg
Stadig fleire norske selskap får utanlandske eigarar. Er det så nøye?
SNART KINESISK: Stressless-stolen til Ekornes.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Næringsliv
peranders@dagogtid.no
Sist veke var turen komen til Ekornes. Onsdag 23. mai la det kinesiske selskapet Qumei inn eit bod på 5,1 milliardar kroner for alle aksjane i møbelfabrikanten, og kjøpet kjem høgst truleg til å gå gjennom. Det meste av Ekornes var allereie eigd av ulike fond, men no blir siste rest av sunnmørsk eigarskap borte. Dette oppkjøpet går inn i ein føljetong. Stadig fleire norske bedrifter blir kjøpte opp av utanlandske selskap eller oppkjøpsfond, og her tek vi berre med nokre få døme:
Tidlegare i mai vart den fallerte papirkjempa Norske Skog, med kring 900 tilsette i Noreg, overteken av investeringsfondet Oceanwood. (Tilfellet Norske Skog har ei ironisk side: Konsernet vart knekt av dei mange dyre oppkjøpa av papirfabrikkar jorda rundt.) I 2013 vart det statseigde norske oppdrettsselskapet Cermaq selt til japanske Mitsubishi, Hurtigruten kom på britiske hender i 2014, og Orkla selde industriselskapet Elkem til kinesiske Bluestar i 2011. Norskutvikla IT-selskap som Fast Search and Transfer og Opera Software har utanlandske eigarar, det same har ein stor del av dei norske offshoreselskapa. Og så vidare. Men er desse oppkjøpa eit problem?
Aukar eigardelen
I det lange perspektivet har utanlandske investeringar stort sett vore ei velsigning for Noreg. Mykje av industrialiseringa her i landet vart gjort mogleg av utanlandske selskap som kom med kapital og kunnskap, og nordmenn nyt framleis godt av ein open verdsøkonomi: Det nyrike Noreg er ein av dei aller største investorane på børsane i verda gjennom Oljefondet, rett nok av det passive slaget, og norske selskap kjøper òg opp mange bedrifter i andre land.
Auken av utanlandsk eigarskap i Noreg dei siste åra er markert, men ikkje dramatisk, om ein ser på tala frå Statistisk sentralbyrå: I 2000 arbeidde 17 prosent av dei tilsette i norsk næringsliv i selskap med meir enn 50 prosent utanlandsk eigarskap. I 2015 var arbeidde 21 prosent av dei tilsette i slike selskap, og dei utanlandskeigde selskapa stod for 27 prosent av omsetnaden i næringslivet.
Om vi ser på berre industribedriftene, er den utanlandske eigardelen i Noreg større. I 2012 rekna Menon Business Economics ut at utanlandskeigde selskap i Noreg stod for 30 prosent av sysselsetjinga og 36 prosent av verdiskapinga i industrien, og det har truleg auka sidan da. Nesten annakvart selskap som har blitt selt i Noreg dei siste åra, har fått utanlandske eigarar. I tillegg er det verd å merkje seg at den utanlandske eigardelen er størst i nokre av dei mest teknisk avanserte industrigreinene i Noreg, til dømes prosessindustrien og offshorebransjen.
Makta flyttar
Om denne utviklinga er bra eller dårleg, kjem an på kva briller ein brukar. Solskinsversjonen av oppkjøpshistoria er slik: Norske selskap får tilført kapital og ny kompetanse frå dei utanlandske eigarane, og dei kan få betre tilgang på store marknader ute i verda, slik sunnmøringane håpar at Ekornes-produkta no skal få lettare innpass i Kina. Men utanlandske oppkjøp kan òg ha ei dystrare side.
Ei av dei som har åtvara mot dei potensielle negative følgjene, er Elisabeth Holvik, sjeføkonom i Sparebank1. Ho er overtydd om at det spelar ei rolle kor industrieigarane sit i verda. «Jo lenger unna eierskapet er, jo mindre hensyn tar bedriften til lokalsamfunnet», skreiv Holvik i Dagens Næringsliv i fjor, og viste til ein stor studie frå det amerikanske universitetet MIT. Når eigarane sit langt borte, er sjansane større for at produksjonen blir flytta eller splitta opp, og det blir mindre lokal forsking og utvikling i selskapa.
– Vi veit at det får konsekvensar når eigarskapen og avgjerdsmyndet blir flytta. Forskinga fortel oss at eigarar investerer meir i sine eigne samfunn over tid. Når eigarskapen blir utanlandsk, kan det gje mindre investeringar og nyskaping i Noreg, seier Holvik til Dag og Tid.
– I teorien kjenner ikkje kapitalen noko fedreland, og det skal ikkje spele noka rolle kor eigarane sit?
– Ja, men det er berre teori. Mange studiar av åtferdsøkonomi viser at det ikkje er slik i praksis, og vi veit at det er lokale investorar som stiller opp når det blæs: I finanskrisa var det norske bankar som stod ved kundane sine, medan dei utanlandske trekte seg. Det norske næringslivet blir meir sårbart når eigarskap og avgjerdsmakt flyttar ut av landet.
Kinesarane kjem
Ideen om verda som ein fri og open marknadsplass med sams spelereglar har blitt svekt dei siste åra, meiner Holvik.
– Leiarskapen i Kina tenkjer nasjonalt og strategisk om industriutviklinga. Kina har som mål å bli verdsleiande på innovasjon i 2025. Ein måte å nå det målet på, er å kjøpe opp selskap med teknologi som landet manglar. Samtidig er det mange hindringar for investorar frå andre land som vil kjøpe kinesiske bedrifter. I EU har det vore stor debatt om korleis ein kan hindre kinesiske oppkjøp av viktige europeiske selskap.
– Det er eit paradoks her: Noreg flyt over av pengar, samtidig har vi få sterke industrieigarar?
– Ja, Noreg har historisk sett ikkje hatt sterke private eigarmiljø. I Noreg har staten vore den dominerande investoren. Men det verkar som mange gløymer at vi treng private investorar for å utvikle bedriftene. Vi har gode verkemiddel for å hjelpe oppstartsbedrifter som har gode idear. Men når ein skal kommersialisere ideen, trengst det mykje meir kapital, og mange av desse selskapa blir kjøpte opp av utanlandske investorar, seier Elisabeth Holvik.
Holvik meiner den norske formuesskatten for såkalla arbeidande kapital, det vil seie kapital investert i bedrifter, er ein viktig grunn til at den utanlandske eigarskapen veks i norsk næringsliv.
– Norske industrieigarar må bruke av kapitalen i selskapa sine for å betale skatt, det slepp eigarar som sit i London eller Sverige. Da er ikkje vilkåra like. Dei pengane som norske private eigarar må betale i formuesskatt, kunne gått til å utvikle bedrifta og å tilsetje fleire.
– Det er vanskeleg å skattleggje mobil kapital. Men om vi droppar formuesskatten, må staten hente enda meir av skattane frå fastbuande arbeidstakarar?
– Vi kan skattleggje forbruk meir, vi kan endre innretninga på andre skattar, og vi kan redusere dei offentlege utgiftene. Det som skjer no, er at vi utarmar mange av dei bedriftene vi skal leve av, seier Holvik.
Arvesølvet
Dette er ikkje staden for å ta den store debatten om formuesskatten. Men det er ikkje så mange politiske grep tilgjengeleg, om det er eit mål å halde oppe den norske eigardelen i næringslivet. Noreg har avgrensa høve til å innføre proteksjonistiske tiltak som skal hindre utanlandske oppkjøp. (Og sidan Oljefondet er ein stor global investor, ville det òg ta seg nokså underleg ut.)
Det er heller ikkje enkelt å gje norske investorar ein langsiktig industribyggjarmentalitet gjennom politiske vedtak. Og for den som faktisk har klart å utvikle ein god idé til eit levedyktig selskap, vil det alltid vere freistande å selje dersom utanlandske investorar bankar på døra med store pengar.
Spørsmål om eigarskap er veleigna til å setje kjensler i sving. «Nei til salg av Norge» var tittelen på ein resolusjon frå landsmøtet til Senterpartiet i fjor. Men den veksande delen utanlandsk eigarskap i norsk næringsliv vekkjer uro også frå meir uventa hald. «Vi hadde skapt flere arbeidsplasser hvis vi ikke hadde vært så ivrige etter å selge dem», skreiv to partnerar i konsulentselskapet Deloitte i ein kronikk på NRK.no i januar, med tittelen «Ikke selg arvesølvet vårt». «Når norske eiere selger til utenlandsk kapital øker risikoen for at vi mister norsk beslutningsrett, innovasjon og forskning og dermed viktig teknologi», skreiv John Olav Egeland i Dagbladet nyleg.
Kommentarartikkelen til Egeland var utrusta med noko så uvanleg som ein fotnote: «I 2013 ble Dagbladet kjøpt av det danske Aller-konsernet.»
Staten som skanse
Men Noreg har i det minste éin stor og langsiktig investor: staten. Og noko av det enklaste norske politikarar kan gjere for å sikre norsk eigarskap, er å late vere å selje seg ned i dei offentleg eigde selskapa. Som investor Petter Stordalen sa til Dagbladet i 2014: «Jeg forstår ikke iveren etter å avvikle statlig eierskap for å investere på amerikanske børser.»
Men for den sitjande regjeringa er vidare nedsal i heil- eller halvstatlege selskap eit erklært mål, og den nyaste regjeringsplattforma legg opp til sal av statens eigardelar i mellom anna SAS, Mesta, Flytoget og Entra.
Likevel er også næringsministeren uroa over den fallande andelen norsk eigarskap i næringslivet.
«Min frykt er at vi blir et land av filialer og underavdelinger eid av store, utenlandske aktører», sa Torbjørn Isaksen til Dagens Næringsliv i februar i år.
Det kan kallast eit paradoks.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det norske næringslivet blir meir sårbart når eigarskap og avgjerdsmakt flyttar ut av landet.
Elisabeth Holvik, sjeføkonom
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.