Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Innvandrardrivet i tilgrodde spor frå norsk klasse- og utdanningshistorie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Faren i Lars Ove Seljestads roman Blind rosar samhald og kameratskap mellom likemenn på fabrikken, og har ikkje sans for klasse-
reisa til sonen.

Faren i Lars Ove Seljestads roman Blind rosar samhald og kameratskap mellom likemenn på fabrikken, og har ikkje sans for klasse- reisa til sonen.

Illustrasjonsfoto: Sverre A. Børretzen / NTB scanpix

5205
20170331
5205
20170331

hompland@online.no

Marginalisering, diskriminering og utanforskap er ein del av innvandrings-Noreg. Samstundes er det i mange miljø ein sterk «innvandrardriv» med høgt aspirasjonsnivå og sterke ønske om sosial mobilitet – særleg inn i statusyrke som advokat, lege og ingeniør (ALI-faga). Julia Orupabo ved Institutt for samfunnsforskning koplar dette til familieambisjonar. Særlig unge jenter som er andregenerasjonsinnvandrarar, arbeider hardare og meir målmedvite med lekser og utdanning enn norsk majoritetsungdom. Den sterke familieorienteringa aukar utdanningsdrivet, men held også oppe den sosiale kontrollen.

Det naturlege spørsmålet er korleis dette vil utvikla seg over tid. Vil den velutdanna innvandrarungdommen gli inn i ein vid og ganske open middelklasse? Eller skapa sine eigne rom i han? Vil dei forma livet og samlivet sitt i opposisjon til familiære forventningar og kulturtradisjonar? Kva skjer då med generasjonskontrakten og storfamiliekontakten? Eller vil dei gå sine eigne vegar, krevja respekt og læra opp slekta?

BYRÅSJEFEN insisterer på å ha eit ord med i laget om desse sakene. Han veit ikkje så mykje om tilhøva i innvandrarfamiliar eller strenge truskollektiv, men han har sjølv gjort ei «klassereise». Han liker ikkje ordet, men er nøgd med at han har kome seg fram i livet, gjort som han har villa og fått ei god stilling.

Han var ingen einsleg bondestudent som streva og svelta seg fram til stiv snipp og frons urbana. Han var ein del av den breie utdanningsrevolusjonen på 1960- og 70-talet, den som med Statens lånekasse som sikring sopa med seg talent som tidlegare ikkje kunne ha slått inn på slike vegar.

Foreldra hadde aspirasjonar på hans vegner. Dei ville at han skulle få den utdanninga dei aldri fekk, med utsikt til eit mindre stevsamt liv. Dei var stolte då han, som den første i slekta, fekk artium frå landsgymnaset, og dei sette opp biletet av han med studentlue på skjenken.

Medan han studerte, var han alltid heime om somrane og gjorde sin innsats i slåtten. Det passa aldri når mora ville ha han med på bedehuset. Han sat mykje inne og las og var lite saman med dei andre ungdommane. Det blei heller ikkje til noko meir med jenta han hadde vore småkjærast med frå framhaldskulen. Så ein sommar kom han heim og var forlova. Då sprakk det for faren: «Me sende vel ikkje son vår på universitetet for at han skulle koma heim med ein førkjunge frå Bærum!» Det var den siste lange sommaren heime. Det blei feriar med svigerforeldra på hytta på Sørlandet i staden. Der rauk draumen om sonen som skulle ta over garden, men også vera lektor, sakførar, rådmann eller noko slikt.

VERTINNA kan lite med slike som har vore ute og studert og er som framande når dei er heime og besøker bygda og slekta. Ho tykkjer det er flott at bygdas eigne gjer det godt, men dei må ikkje gløyma kva og kvar dei kjem frå, og kven dei er. Noko av det beste ho har lese, er «Fars tale» i Lars Ove Seljestads roman Blind.

Faren rosar samhald og kameratskap mellom likemenn på fabrikken: «Det er dei andre som gjør livet leveleg. Har du det bra med dei andre, då har du det bra med deg sjølv.»

Faren held ein domstale over sonen som er skuleflink og ramma av utdanningsdjevelen: «Det er ikkje mye klasse over den utdanningsreisa som enkelte yndar å kalla for klassereisa ... Skulen kjem til å kolonialisera og omsosialisera arbeidartalenta til impotente og mislykka etterplaprarar av middelklasseideologi.» Han spår at sonen kjem til å «drukna i seg sjølv og sine individuelle ambisjonar» og enda opp i utdanningsvegar som er reine blindgater.

Faren åtvarar: Du kjem til å møta mange som lèt som om dei har tru på deg, og du trur at du er som dei. Men du kan ikkje lita på dei. For dei er du ein som vil ha del i noko som dei veit er deira. «Dei vil ha fedrar og mødrer som er advokatar med feite salær. Noen vil vera politikarbarn eller barn av folk som er høgt oppe i det statlege byråkratiet. Truleg vil noen av dei ha danskklingande namn, store gardar og gammalt dansk aristokrati bak seg, som dei kan falla tilbake på. Vit at desse ein dag kjem til å svikta deg.» Då kjem du til å angra på at du sveik det kollektivet du kom frå.

KVAR GÅR VEGEN vidare? I spora etter Byråsjefen eller Faren hos Seljestad, eller langs andre spor? Individuell assimilering? Integrering i arbeidslivet, men i kulturell parallellitet utanfor? Fullt medlemskap i to verder, eller kontrollert avstand og nærleik til begge?

Eg veit ikkje, men eg deler eit ord frå den gamle LO-høvdingen Konrad Nordahl. I memoarane sine brukte han det for han ganske såre omgrepet «massenes individualisering». Etter at sosialdemokratiet hadde løfta opp makteslause individ og gjort dei til ein stolt del av klassen, ville dei ikkje lenger vera ein del av massen og kollektivet. Dei ville gå vidare kvar for seg. Forma sine eigne liv. Meir eller mindre medvite eller motviljug fjerna seg frå det dei kom frå og ikkje lenger var ein del av. Det er ein sentral del av klassereisas jarnlov i utdanningssamfunnet.

Andreas Hompland er sosiolog
og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dei braut opp og forma sine eigne liv.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis