Eit prinsipp med ei blodig forhistorie
Prinsippet om «ansvar for å verne» har opphav i nokre av dei verste massemorda sidan den kalde krigen tok slutt.
«Responsibility to Protect»-doktrinen kan sjåast på som ein respons på folkemordet i Rwanda i 1994 og massemordet i Srebrenica i Bosnia i 1995. I båe desse tilfella var FN-systemet ute av stand til å gripe inn før det var for seint. Fleire såkalla humanitære intervensjonar andre stader vart svært omstridde: Nato-bombinga av Serbia under Kosovo-krisa i 1999 skjedde utan dekning i Tryggingsrådet, og var såleis i strid med FN-traktaten. Den seier – svært forenkla – at krig er forbode om det ikkje skjer i sjølvforsvar eller med godkjenning frå Tryggingsrådet.
Statleg suverenitet står svært sterkt i FN-traktaten. Den seier at Tryggingsrådet kan autorisere maktbruk for å oppretthalde internasjonal fred og tryggleik. Men sjølv eit folkemord kan kallast ei nasjonal sak så lenge brotsverka foregår innanfor grensene til ein stat.
Ein viktig pådrivar for å innføre R2P-prinsippet var Kofi Annan, som var FN-generalsekretær frå 1997 til 2006. I 2000 skreiv Annan: «Om humanitær intervensjon er eit uakseptabelt åtak på suvereniteten, korleis bør vi reagere på eit Rwanda, på eit Srebrenica, på store og systematiske krenkingar av menneskerettane?» Ein annan pådrivar var Den afrikanske unionen, som nedfelte ansvaret for å verne sivile i medlemslanda i traktaten sin da unionen vart oppretta i 2000.
Same året byrja ein FN-kommisjon å arbeide med spørsmålet om intervensjonar og suverenitet. I arbeidet sitt la kommisjonen stor vekt på det ansvaret statane har for tryggleiken til borgarane sine. Når staten svikta og menneskerettane til innbyggjarane vart krenkte i stor skala, skulle ansvaret gå over til det internasjonale samfunnet, som i siste instans kunne gripe inn med makt for å verne. R2P-prinsippet fekk full tilslutnad på FN-toppmøtet i 2005. Men som Libya-krigen har vist, er dette ikkje eit enkelt prinsipp å praktisere. Den som går inn med militærmakt i eit land, påtek seg eit stort ansvar for den vidare utviklinga. Og det ansvaret ville ingen ta i Libya.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.