Med svolten som våpen
Titusenar av barn har døydd av svolt i Jemen. Nye titusenar kjem truleg til å døy om forhandlingane som starta i Stockholm denne veka, mislukkast.
Saleh Hassan al-Faqeh held handa til dottera Hajar. Den fire månader gamle jenta døydde på eit sjukehus i Sanaa i Jemen 15. november. Titusenar av barn har døydd av svolt eller feilernæring i Jemen sidan krigen tok til i 2015.
Foto: Mohamed Al-sayaghi / Reuters / NTB scanpix
Bakgrunn
Jemen
Republikk sørvest på den arabiske halvøya
Kring 29 millionar innbyggjarar
I 2015 erobra Houti-opprørarane mykje av landet
Same år gjekk ein koalisjon leidd av Saudi-Arabia til åtak
Kring 10.000 er drepne i krigen, ifølgje WHO
Store delar av befolkninga er truga av svolt

Utanriks
peranders@dagogtid.no
«Eitt dødsfall er ein tragedie. Ein million dødsfall er statistikk.» Sitatet er tillagt Stalin på tvilsamt grunnlag, men det finst sanning i den kyniske utsegna. Og det som har skjedd med omdømet til Saudi-Arabia og den fungerande statsleiaren prins Mohammed bin Salman i haust, illustrerer poenget til overmål. Bombinga og utsveltinga av folk i Jemen har gått føre seg i nærare fire år. Men det var drapet på journalisten Jamal Khashoggi i det saudiarabiske konsulatet i Istanbul 2. oktober som for alvor vende den internasjonale merksemda mot brutaliteten som prins bin Salman og Saudi-Arabia står for.
Det er skjønleg at det groteske drapet på Khashoggi vekte sterke reaksjonar: Han var ein profilert dissident med eit kjent namn og eit kjent andlet. Ein rapport frå CIA konkluderte med at prins Salman gav ordren om drapet, medan president Trump meiner det ikkje finst prov.
Det som er heva over tvil, er at det saudiarabiske regimet ber det meste av ansvaret for tragedien som spelar seg ut i Jemen. Og om det kan kome noko godt ut av drapet på Khashoggi, er det at dette brotsverket òg har ført til meir merksemd mot utsveltinga av millionar av uskuldige jemenittar. Desse offera har ikkje namn eller andlet som verda kjenner, men dei lir under ei uvanleg vondskapsfull form for krigføring: Dei opprørarstyrte områda – der kring 80 prosent av jemenittane bur – skal sveltast til underkasting.
Døyr av svolt
Ingen har sikre tal på kor mange som har mista livet sidan Saudi-Arabia med sine allierte gjekk til åtak på Houti-opprørarane i Jemen i mars 2015. Anslaget frå WHO var på nesten 10.000 døde fram til mai i år. Analysegruppa ACLED meiner at krigshandlingane har teke nærare 60.000 liv, og dei fleste av desse var sivile. Alliansen har utført nesten 20.000 bombeåtak i Jemen sidan krigen tok til, ifølgje Raudekrossen. Og trass i dei avanserte presisjonsvåpena som dei saudileidde styrkane rår over, er mange av offera tilfeldige sivile. 9. august i år råka til dømes ei USA-produsert, laserstyrt bombe ein skulebuss nord i Jemen, og 40 barn og 11 vaksne mista livet.
Men det er ikkje krigshandlingane som tek flest liv i Jemen. Det er først og fremst svolten som drep, og det er dei minste som blir hardast råka. Tala på offer er svært usikre, men Redd Barna meiner at meir enn 85.000 barn under fem år kan ha døydd av svolt i Jemen i løpet av krigsåra. Nærare to millionar barn er alvorleg feil- eller underernærte i landet, ifølgje Unicef, og i snitt døyr det truleg eit barn i Jemen kvart tiande minutt på grunn av svolt eller sjukdomar som normalt er lette å unngå. Og svolten i Jemen er ei følgje av blokaden som den saudileidde alliansen står bak.
Flyplassen ved den opprørarstyrde hovudstaden Sanaa har i lange periodar vore blokkert for trafikk av Saudi-Arabia, og dei fleste hamnene i Jemen er under kontroll av alliansen. Sidan juni har kampane rasa om Hodeidah, den siste større hamnebyen som opprørarane held. Storparten av maten, medisinane og andre forsyningar til det opprørskontrollerte Jemen kjem via Hodeidah, og blir forsyningslina her broten, kjem katastrofen truleg til å bli enda mykje større enn han alt er. FN har åtvara om at kring 14 millionar menneske er truga av svolten i Jemen.
Knust økonomi
Blokaden av landet er ikkje total. Det kjem framleis forsyningar inn til dei opprørsstyrte delane av Jemen, men maten er ikkje tilgjengeleg for alle. Ein viktig grunn til at så mange jemenittar svelt, er at økonomien har blitt rasert sidan den saudiskleidde krigen tok til. Jemen var alt i utgangspunktet det fattigaste landet i den arabiske verda, men no er fattigdomen ekstrem. Mange bruer, fabrikkar og annan sivil infrastruktur er øydelagde av bombeåtak. Det saudiskstøtta regimet, som held til i hamnebyen Aden, betaler ikkje løn til offentlege tenestemenn i dei opprørskontrollerte delane av landet. Dermed har hundretusentals familiar mista inntekta si. Svært mange jemenittar har ikkje råd til å kjøpe den maten som faktisk finst. Og til og med fiskarbåtar og åkrar har blitt bomba, eit teikn på at utsveltinga av dei opprørsstyrte områda er ein medviten strategi.
Også Houthi-opprørarane ber sin del av skulda for svolten, går det fram av reportasjar i The New York Times. Opprørsstyrkane konfiskerer mykje av forsyningane som kjem inn, dels for å sikre seg forsyningar til soldatane sine og dels for å tene pengar på å selje maten dyrt. Også for opprørarane er maten eit maktmiddel.
Beisk ironi
Sett utanfrå er det vanskeleg å skjøne kvifor det mektige Saudi-Arabia er villig til å påføre det lutfattige nabolandet så store lidingar. Men dei fleste analytikarar tolkar åtaket på Jemen som ein del av rivaliseringa mellom det sunnimuslimske Saudi-Arabia og det sjiamuslimske Iran. Jemen er religiøst delt, og noko over halvparten er sunniar (sikre tal finst ikkje). Dei fleste Houti-opprørarane er av Zaydi-trua, ei sidegrein av sjiaislam, og Saudi-Arabia har i mange år frykta iransk påverknad i nabolandet i sør. Her ligg det ein beisk ironi: Den store saudiarabiske innsatsen for å spreie wahhabismen sin i Jemen på 1980-talet var ei årsak til at Houti-opprøret tok til nord i landet. Den gongen hadde Iran neppe særleg påverknad i Jemen, no er iranarane støttespelarar for opprørarane. Kor viktige dei iranske bidraga er, er usikkert. Men eit stykke på veg ser det ut som saudiarane har vore med på å skape nett det dei frykta.
I mange år klarte den autoritære presidenten Ali Abdullah Saleh å halde opprøret i Jemen nokolunde i sjakk, takk vere hjelp frå den saudiarabiske hæren. Men den såkalla arabiske våren i 2011 destabiliserte landet, og Saleh gjekk av etter store folkelege protestar. Etter nokre år med politisk kaos greip Houti-opprørarane til våpen att, og dei erobra hovudstaden Sana i januar 2015. Tre månader etter starta så bombeåtaka frå Saudi-Arabia og deira allierte.
Feige lag
Tilsynelatande burde dette ha blitt ein kort krig, for laga var ekstremt ujamne. Alliansen til Saudi-Arabia inkluderte styrkar frå Dei sameinte arabiske emirata, Kuwait, Qatar, Bahrain, Egypt, Jordan, Marokko og Sudan, pluss leigesoldatar frå selskapet Academi, før kjent som Blackwater. I tillegg har USA bidrege med etterretning, logistikk og offiserar, og har auka våpensalet sitt til Saudi-Arabia monaleg i desse krigsåra. Også Storbritannia har sendt offiserar for å hjelpe til med å planleggje bombinga, og Frankrike har hatt kommandosoldatar i felten i Jemen på saudisk side.
Houti-opprørarane har på si side berre Iran som støttespelar. Trass i overmakta varer altså krigen ved. Ein grunn til det er at Saudi-Arabia ikkje har nokon stor hær å setje inn på bakken. Landet har det tredje største militærbudsjettet i verda, men regimet har ikkje bygt ein verkeleg sterk armé, dels av frykt for at soldatane skal vende seg mot herskarane i Riyadh. Og svært få krigar blir vunne med luftåtak åleine.
Houti-opprørarane manglar ikkje sjølvtillit, og dei ber òg mykje skuld for at krigen har eskalert. Leiarane for opprøret snakkar ikkje berre om å forsvare seg mot åtak, dei har òg hevda at dei ikkje vil gje seg før dei har erobra Mekka og Riyadh og knust det saudiske regimet. Det er eit tomt trugsmål. Men Houti-styrkar har sendt over 100 iranskbygde rakettar inn på saudisk territorium, mange av dei mot hovudstaden Riyadh. Houti-styrkar har òg gått inn i Saudi-Arabia for å slåst ved fleire høve.
Eit glimt av håp
Denne veka kom det eit glimt av håp for Jemen. På onsdag landa forhandlarar frå opprørarane og den saudiskstøtta regjeringa i Stockholm for å føre fredssamtalar i FN-regi, og partane har inngått ein avtale om fangeutveksling. Men det er uvisst kor innstilte forhandlarane er på å få til fred. Houti-opprørarane er teknologisk totalt underlegne, men dei står sterkt på bakken og er truleg langt meir motiverte enn motstandarane. Så lenge koalisjonen ikkje set inn større bakkestyrkar, ser neppe opprørarane nokon grunn til å gje seg. For Saudi-Arabia er kampen mot Iran og Irans allierte overordna det meste. Og ingen av partane ser ut til å bry seg nemneverdig om dei mange ungane som svelt i hel i Jemen.
Så spørst det kor lenge USA er villig til å late Saudi-Arabia halde fram krigen og blokaden. President Obama gav grønt lys for åtaket på Jemen i 2015. Under Trump har USA trappa opp støtta si til Saudi-Arabia, og våpeneksporten til landet har svulma. Men drapet på Washington Post-spaltisten Khashoggi i oktober endra stemninga i USA. 28. november røysta eit klart fleirtal i Senatet for ein resolusjon som krev at USA avsluttar støtta si til koalisjonen som krigar i Jemen, trass i sterk motstand frå forsvarsministeren og utanriksministeren. Konsekvensane av resolusjonen er framleis uklare: I USA er krig normalt domenet til presidenten. Men om signala frå Washington kan bli eit steg i retning av ei våpenkvile, er det svært kjærkome. For titusenar av barn i Jemen er det eit spørsmål om liv eller død.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Redd Barna meiner at meir enn 85.000 barn under fem år kan ha døydd av svolt i Jemen i løpet av krigsåra.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.