Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Meiner EU er dårleg budd

– Det er ikkje noka løysing å busetje alle som er råka av krigshandlingar i Syria, på varig basis i Europa, seier Grete Brochmann.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tyrkiske soldatar dirigerer flyktningar og migrantar på ein av grenseovergangane mellom Tyrkia og Hellas tidlegare denne veka.

Foto: Marko Djurica / Reuters / NTB scanpix

4782
20200306

Samtalen

Grete
Brochmann

professor i sosiologi
ved Universitetet i Oslo

Aktuell

Situasjonen på grensa mellom Hellas og Tyrkia

eva@dagogtid.no

Tyrkia vil ikkje lenger hindre migrantar og flyktningar i å reise inn i EU, og fleire tusen av dei 3,6 millionane migrantar og flyktningar i Tyrkia har dei siste dagane teke seg mot grensa til Hellas og Bulgaria.

Grete Brochmann er professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo og har jobba med internasjonal migrasjon i ei årrekkje. Ho har leidd to utval om innvandring til Noreg.

– Kva bør dei europeiske landa gjere no?

– EU-medlemslanda har, fem år etter førre flyktningkrise, framleis ikkje har greidd å kome til semje om ei tilnærming som tek tak i dei grunnleggjande problema. Organisatorisk er Europa dermed ikkje betre skodd for å handtere ei flyktningkrise no enn i 2015. Men det er gjeninnført grensekontrollar over heile Europa, så kontrollaspektet er eit anna i dag enn den gong.

– Frontex sender grensevakter til Hellas for å hindre migrantane i å ta seg inn i EU. Kjem det noko ut av det anna enn nye flyktningleirar på grensa?

– Det er eit sterkt signal å fysisk stengje folk ute frå å søkje asyl. I tillegg seier EU-leiarane at dei som no står på grensa, ikkje kjem direkte frå krigsområde og såleis ikkje har det behovet for vern som skal til for å få asyl. Dei er ikkje i akutt fare på grunn av krigshandlingane i Syria. Også Erna Solberg har sagt det. Det er nok truleg rett. Samstundes har fleire av dei som kjem frå Syria, i utgangspunktet hatt eit klart vernebehov før dei hamna i Tyrkia. Og når det har gått litt lengre tid, kjem nye grupper til å klare å ta seg fram til grensa.

– Er det ei varig løysing å sperre grensene?

– Nei. Det er eit akutt tiltak og tilfredsstiller ikkje noko menneskerettsforhold. Det EU-landa burde ha fått på plass i løpet av desse fem åra, er ei meir grunnleggjande tilnærming til krigsflukt og ein intern fordelingspolitikk mellom landa. Samstundes er det heller ikkje noka løysing å flytte alle som er råka av krigshandlingar i Syria, og busetje dei på varig basis i Europa. Det er ein ekstremt vanskeleg situasjon.

– I 2015 var 64 millionar menneske på flukt globalt, i år er talet oppe i 70 millionar, ifølgje FN. Kjem Europa til å kunne halde fram med å hindre folk i å kome?

– Både EU og europeiske land kjem i alle fall til å prøve på det, men i kva grad dei vil lukkast på sikt, er det umogleg å seie noko om.

– Erdogan har truga med å opne portane til Europa for syriske flyktningar i fleire månader. Er det ikkje berre eit spørsmål om tid før også avtalane som EU har inngått med andre land for hindre folk i å kome til den europeiske yttergrensa, ryk?

– Det kjem an på kva EU er viljug til å setje inn av ressursar, både politiske og økonomiske. EU må jobbe på fleire frontar samstundes.

– Kva må skje?

– Det einaste som på lang sikt kan redusere trykket mot EUs grenser, er at det vert meir levelege forhold i opphavslanda. Her må det både investeringar, handel og overføringar til, i tillegg til ulike former for samarbeid. Det finst ikkje noka anna løysing. Krigshandlingane i Syria er berre ein akutt grunn til at folk flyktar. Det finst ei heil rekkje andre forhold som òg gjer at folk flyttar på seg. Så eg trur ikkje den internasjonale migrasjonen stoppar om det vert betre forhold i sendelanda. Men den masserørsla av menneske som vi no står overfor, kan dempast.

– Toler ikkje europeiske land òg å ta imot fleire?

– «Tolegrense» er eit politisk spørsmål i kvart land, og høgredreiinga som har vore i Europa sidan 2015, gjer at forholda er svært skjøre. Kva som de facto er tolegrensene, kjem vi til å sjå framover. For det er stort behov for å avlaste Hellas. Førebels er det lite som tyder på at dei ulike medlemslanda har vore særleg viljuge til å bidra til det. Den norske regjeringa har jo òg signalisert kraftig at det ikkje vert sett som aktuelt.

– Kva trur du skjer framover?

– No er det truleg hektisk møteverksemd i EU, og det er mogleg at det kan verte meir fart på dei langdryge prosessane vi har sett sidan 2015. EU-landa har kunna ta det rolegare fordi dei har hatt Tyrkia-avtalen. Når det no syner seg kor sårbar den er for Erdogans manipulering, er det lagt nytt press på dei. Det dei kan gjere, er å sprøyte inn meir hjelp og assistanse til å opprette meir humane leirar på tyrkisk side, kombinert med å hente ut sårbare grupper gjennom ein byrdefordelingsnøkkel mellom medlemslanda. Det vil vere ein måte å betre situasjonen på som ikkje inneber å opne grensene.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Masserørsla av menneske som
vi no står overfor, kan dempast.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis