JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Meiner Noreg er eit godt førebilete

Er leiteboring berekraftig? Det er ikkje eit ja- eller nei-spørsmål, meiner statssekretær Jens Frølich Holte i UD.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3478
20210903
3478
20210903

peranders@dagogtid.no

– I sum er Noreg eit godt førebilete for verda når det gjeld havforvalting, og det er gode grunnar til at vi har ei leiarrolle, seier Jens Frølich Holte (H). Han er statssekretær i UD og har eit spesielt ansvar for den vidare oppfølginga av arbeidet til Havpanelet.

– Men vi har rom for forbetring og må ta inn ny kunnskap for å bli enda betre.

– Panelet tilrår å verne 30 prosent av havområda i verda. Noreg har verna berre 5 prosent av sjøarealet, og vernet hindrar ikkje kommersielt fiske.

– Dette er ein komplisert fagleg debatt. Regjeringa skal gå gjennom vernekriteria og sjå på korleis ulike typar vern skal meldast inn internasjonalt. Men det viktigaste signalet frå Havpanelet handlar ikkje om vern, men om at all bruk av havet skal vere berekraftig.

– Om Noreg skal verne 30 prosent av sjøareala, også mot fiske, blir det ikkje lett å forklare det for fiskarane?

– Å tre eit slik vern ned over kystsamfunna ville vere ein farleg veg å gå. Vi må ha ein veldig tett dialog med folk langs kysten i dette arbeidet, og eit vern må ha god grunngjeving.

– Norsk makrell og vårgytande sild har mista MSC-sertifiseringa som berekraftig, no skjer det same med kystfisket etter skrei. Er norsk fiskeriforvalting så god som vi har blitt fortalt?

– Eg meiner det. Vi har systema på plass for ei berekraftig forvalting, og det ligg faglege råd i botnen. Men det krev politisk vilje å kome til semje om kvotane med andre land. Når det gjeld kysttorsken, arbeider vi med ein gjenoppbyggingsplan for bestanden. MSC må sjølv svare for vurderingane sine, men dei fleste fiskebestandane i Noreg er i god forfatning.

– Hovudrapporten frå Havpanelet slår fast at leiting etter olje og gass offshore ikkje lèt seg sameine med ein berekraftig havøkonomi. Regjeringa har ført ein svært offensiv leitepolitikk på norsk sokkel. Korleis går dette i hop?

–?Regjeringa vil ha stabile og føreseielege rammevilkår på norsk sokkel. Og forvaltinga av petroleumsverksemda har veldig strenge miljøkrav.

– Men forskarane til panelet seier at leiteboring offshore ikkje lèt seg sameine med ein berekraftig havøkonomi. Er du samd i det?

–?Havpanelet går ikkje inn i dette. Men Noreg har hatt olje- og gassaktivitet i mange år, og vi kan ikkje late vere å sjå på olje og gass når vi ser på berekraft i havøkonomien.

– Men er vidare leiteboring foreinleg med ein berekraftig havøkonomi? Det er eit ja- eller nei-spørsmål.

– Eg synest ikkje det er eit ja- eller nei-spørsmål. På eine sida kan det vere bra å drive leiteaktivitet i eit land med ekstremt låge utslepp frå produksjonen. Så kan det vere negativt i ein global miljøsamanheng.

– Norsk oppdrettsnæring har ei rekkje miljøkonsekvensar. Næringa påverkar villaksen negativt, lusemiddel kan skade krepsdyr, og kopar frå merdane ureinar botnen, for å nemne noko. Er oppdrettsnæringa berekraftig i dag?

– Forvaltinga av oppdrettsnæringa i dag er berekraftig. Men vi er ikkje ved vegs ende, det er eit kontinuerleg arbeid å sikre berekraft i næringa.

– Gjennom Havpanelet har Noreg forplikta seg til berekraftig forvalting av 100 prosent av hav- og kystområda sine innan 2025. Finst det realisme i dette?

–?Det meiner eg absolutt. Dei norske havforvaltingsplanane gjev oss eit svært godt utgangspunkt. Men vi har nok ein liten jobb å gjere, seier Frølich Holte.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis