Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Meiner Noreg framleis har nok handlingsrom

Det er fullt mogleg å løyse problema med arbeidsinnvandringa utan å forlate EØS, meiner Jonas Bals i Arbeidarpartiet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4113
20170505
4113
20170505

Jonas Bals er i dag rådgjevar for Jonas Gahr Støre og storingskandidat for Arbeidarpartiet i Oslo. Han har bakgrunn som målar og frå fagforeiningsarbeid i Fellesforbundet i Oslo, og har sjølv arbeidd med problema Boye Ullmann tek opp: sosial dumping, fallande fagorganisering og rekrutteringssvikt i yrkesfaga.

– Byggjebransjen er kanskje det fremste dømet. Vi ser no at ungdom, særleg i Oslo, sluttar å utdanne seg til målarar, murarar og tømrarar. Får vi ikkje gjort noko med det, blir vi heilt avhengige av å hente inn folk frå utlandet, seier Bals.

Men han er ikkje samd i at Noreg best kan løyse problema ved å seie opp EØS-avtalen. Han meiner det framleis finst politisk handlingsrom til å handtere dei.

– Vi veit at det finst bransjar der lønsutviklinga er dårleg, der tariffdekninga er låg og der organisasjonsgraden fell, og det heng dels saman med arbeidsinnvandringa. Men vi kan ikkje sjå dette uavhengig av politikken som blir ført i Noreg, meiner Bals.

– Mange andre land i Europa har eit kappløp mot botnen i arbeidslivet og svært mange arbeidande fattige. Slik er det ikkje i Noreg. Vi har dels klart å hindre denne utviklinga med politikk og organisering, men det har ikkje vore nok.

Strengare krav

Norske politikarar kan gjere mykje meir for å hindre undergravinga av norske arbeidsvilkår, meiner Bals.

– Vi kan stille strengare krav om faste tilsetjingar og lærlingar, så useriøse aktørar ikkje slepp til. Også austeuropeiske kollegaer må tilsetjast på skikkelege vilkår.

Bals vil mellom anna forby lausarbeidarkontraktane til bemanningsselskapa og styrkje lova om allmenngjering av tariffavtalar, som kort fortalt tyder at vilkåra i tariffavtalen for ein bransje kan gjerast gyldige for alle som jobbar i bransjen. Men ordninga skal berre brukast om det er dokumenterte problem med dumping i bransjen.

– Allmenngjering er eit godt verkemiddel, men det er ikkje effektivt nok. I dag fell det bort om det fungerer. Det er som å ta bort eit fartsskilt i trafikken så snart alle følgjer fartsgrensa.

Bals vil òg utvide ordninga med solidaransvar, som tyder at eit firma er ansvarleg for at ein tariffavtale blir følgd også hos underleverandørane.

– I dag kan vi halde entreprenøren ansvarleg, men ikkje byggherren. Eg meiner vi må kunne krevje solidaransvar frå bestillaren òg.

Meir enn EØS

– Har ikkje EØS og arbeidsinnvandringa gagna arbeidsgjevarsida langt meir enn norske arbeidstakarar?

– Den store arbeidsinnvandringa har vore eit sjokk som Noreg ikkje har handtert godt nok. Samtidig er det viktig å minne om at vi i åra med EØS-avtalen har hatt bra reallønsvekst og låg arbeidsløyse. Men i delar av arbeidslivet er det store problem. Og dei kan vi løyse politisk.

– Vi veit at det er stor overlapping mellom bransjar med svak lønsutvikling og stor arbeidsinnvandring?

– Samanhengen er openberr. Men arbeidsinnvandring treng ikkje føre til dumping.

– Kripos har slått fast at auka arbeidsinnvandring fører til auka arbeidsmarknadskriminalitet. Det heng saman med EØS?

– Desse problema er alvorlege, men det handlar ikkje berre om EØS-innvandringa. I fleire av dei store sakene med arbeidskriminalitet i Noreg har det handla om arbeidskraft frå land utanfor EØS, som Bosnia, Vest-Balkan og Pakistan. Som ein liten, open økonomi må vi i Noreg handtere dette politisk, ikkje ved å stengje grensa, seier Bals.

– EØS representerer vel eit alvorleg dilemma for LO?

– Det ville vere utruleg naivt å tru at ein kan ha høg arbeidsinnvandring utan at det skaper problem i arbeidslivet. Somme meiner dette ikkje er mogleg å løyse utan å gå heilt ut av EØS. Eg meiner det er feil.

– Er det slik at norske bygningsarbeidarar, reinhaldsarbeidarar og hamnearbeidarar må betale prisen for at norsk eksport til EU skal tryggast?

– Nei, den premissen kjøper eg ikkje. Dei problema vi må rydde opp i, kan vi handtere uavhengig av EØS. Og mange av problema ville vi hatt utan EØS òg, dersom vi ikkje skulle skalke lukene og isolere oss totalt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis