Meir hierarki, meir byråkrati
Dei tilsette ved Ekornes treng ikkje å frykte at dei komande eigarane i kineiske Qumei skal innføre ein ny bedriftskultur, forsikra toppsjef Ruihai Zhao sist veke: «Vi vet at de ansattes delaktighet står sterkt i Norge. Men det samsvarer også med vår filosofi», sa Ruihai til Aftenposten.
Om dette viser seg å halde stikk for Ekornes sin del, står att å sjå. Men mange tilsette i andre oppkjøpte selskap har opplevd at bedriftskulturen endra seg til det dårlegare.
I 2012 undersøkte Fafo korleis ulike typar eigarskap i bedriftene påverka høva til medbestemming for medlemmer i Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (Nito). Ein klart større del av dei Nito-tillitsvalde i utanlandskeigde konsern opplevde at leiarskapen hadde blitt meir hierarkisk og byråkratisk dei siste åra, samanlikna med dei tillitsvalde i norskeigde konsern. Dei som arbeidde i utanlandskeigde selskap, opplevde òg å ha mindre påverknad enn dei som arbeidde i norskeigde selskap, og dei kjende seg mindre involverte i omorganiseringsprosessar i bedrifta.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Dei tilsette ved Ekornes treng ikkje å frykte at dei komande eigarane i kineiske Qumei skal innføre ein ny bedriftskultur, forsikra toppsjef Ruihai Zhao sist veke: «Vi vet at de ansattes delaktighet står sterkt i Norge. Men det samsvarer også med vår filosofi», sa Ruihai til Aftenposten.
Om dette viser seg å halde stikk for Ekornes sin del, står att å sjå. Men mange tilsette i andre oppkjøpte selskap har opplevd at bedriftskulturen endra seg til det dårlegare.
I 2012 undersøkte Fafo korleis ulike typar eigarskap i bedriftene påverka høva til medbestemming for medlemmer i Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (Nito). Ein klart større del av dei Nito-tillitsvalde i utanlandskeigde konsern opplevde at leiarskapen hadde blitt meir hierarkisk og byråkratisk dei siste åra, samanlikna med dei tillitsvalde i norskeigde konsern. Dei som arbeidde i utanlandskeigde selskap, opplevde òg å ha mindre påverknad enn dei som arbeidde i norskeigde selskap, og dei kjende seg mindre involverte i omorganiseringsprosessar i bedrifta.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.