JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Mektig fattigdom

Italia har teke kontroll over euroen og Den europeiske sentralbanken. Ryk Italia, ryk euroen. Slikt gjev makt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Giuseppe Conte talar i sitt fyrste møte som statsminister til Senatet i Roma tysdag 5. juni 2018.

Foto: Alessandro Bianchi/Reuters/NTB scanpix

11390
20180615
11390
20180615

Italia

jon@dagogtid.no

Munnhellet er like gamalt som banknæringa, men det er likevel sant: «Har du litt gjeld i ein bank, eig banken deg. Har du stor gjeld i banken, eig du banken.» Få stadar veit ein det betre enn i Italia, som har fått ny regjering utgått frå Lega Nord, som no kallar seg «Ligaen», og Femstjernersrørsla. Lat oss byrja med eit utdrag frå ein tale den nye statsministeren har halde.

Talen har vekt stor åtgaum og er slått opp overalt, særleg på universiteta. Talen handlar i hovudsak om den politiske klassa, som er verdas største og av mange, med god grunn, vert sett på som korrupt. Italia har over 200.000 heiltidspolitikarar, nasjonalt, regionalt og lokalt. Desse er lønsleiande og tener millionar, i tillegg har dei assistentar og hjelparar. Det finst ikkje gode tal, sidan systemet er alt anna enn transparent, men i Italia er det nok nær 1 million menneske som på eit eller anna vis er knytt til det politiske systemet. Og nei, vi snakkar ikkje om byråkratiet, men dei som altså er med på å laga politikk på vegner av demokratiet. Så talen:

«Eg representerer ei tradisjonell regjering som har til oppgåve å bryta opp det gamle systemet, for slik å få ein ny og stabil periode, vonleg under eit nytt valsystem. Det er difor eg slår med vengene. Det vi treng i Italia, er ikkje så mykje eit nytt system som ei ny politisk klasse. Berre for få månader sidan var det få som såg dette koma. Dei skriveføre har sagt at Italia er eit blokkert demokrati. Vi treng endringar, omfemnande endringar. Italienarane vil no ha ei anna politisk klasse. (...) Dei gamle mennene kjem ikkje lenger til å verta aksepterte.»

Eg laug

Alt no er dette ein av dei mest siterte talane i nyare tid i Italia, og eg har igjen nytta eit av dei mest utdaterte skrivetriksa ein journalist kan nytta. Sitatet er ikkje frå den nye og sitjande statsministeren, Giuseppe Conte, men frå professor Giuliano Amato, som var statsminister for ei teknokratregjering i ti månader i 1992–93. Talen heldt han ved London School of Economics i 1993.

Korleis gjekk det så med Amato og alle etterfylgjarane hans, som alle lovde å opna opp for ungdomen og reformera Italia. Då Amato tok over Italia, stod statsgjelda på 120 prosent av verdiskapinga. No arvar Conte frå Femstjernersrørsla ei skuld på 132 prosent, den registrerte arbeidsløysa ligg på 11 prosent, og underskotet på statsbudsjettet er på 2,5 prosent. I røynda har ikkje Italia hatt vekst, korkje i økonomien eller i produktiviteten, på 25 år, eit unikt fenomen innanfor kapitalismen.

Flåkjeften Juncker

Finst det råd? Ja, meiner til dømes elefanten i porselensbutikken, president i Europakommisjonen Jean-Claude Juncker. Etter at den italienske presidenten igjen prøvde å utnemna ei teknokratregjering utan demokratisk legitimitet, kom Juncker med nokre velmeinte råd: Italienarane måtte slutta å vera korrupte og møta opp på arbeid. Det var så lett, så, meinte Juncker. Kor lurt det var av den noko alkoholiserte Juncker å seia dette, kan ein stilla spørsmål om. Det var ikkje få italienske politikarar som lurte på kvifor leiaren av EU-kommisjonen meinte ting var så lett å få til når han sjølv ikkje makta å kutta ut alkoholen.

Men Juncker har eit poeng. Transparency International har laga ein korrupsjonsindeks som går frå null til 100, der 100 er best. Italia ligg på 50 poeng og på 54. plass i verda. Noreg ligg på tredje plass og har 85 poeng. Under halvparten av italienske kvinner er i lønt arbeid, og mellom dei eldre ligg arbeidsdeltakinga på absolutt botnnivå i OECD. Men dei to siste statistikkane lyg, alle som har vore på ein italiensk restaurant eller på eit italiensk hotell, ser fullt av både kvinner og eldre som arbeider for fullt. Men dei skattar ikkje. Ei forskargruppe ved Tübingen-universitetet kom i fjor med overslag om svart økonomi: Ein femtedel av Italias økonomi var svart. USA, som slit med både mafia og illegale innvandrarar, hadde ein svart økonomi på 5,4 prosent om ein nytta den same metoden.

Men at italienarane arbeider svart, er forståeleg. Det offentlege representerer halvparten av økonomien på grunn av eit høgt skattenivå; i byte får italienarane eit av de minst fungerande rettssystema i Europa, dårlege pensjonar, ei elendig eldreomsorg og eit skulesystem som gong etter gong ligg på botnen i Pisa-testane. «Vi italienarar er mindre truande og meir korrupte enn nokon andre», skreiv alt Machiavelli, «og det er vi av di kyrkja og representantane hennar er slike elendige føredøme.» Byt ut «kyrkja» med «den politiske klassa», og utsegna er like sann i dag. Elles er kyrkja om lag like galen no som då. Ratzinger prøvde å få gjort noko med korrupsjonen og vanstyret i Vatikanet. Han gav opp og overlét det heile til ein argentinar som korkje forstår økonomi eller politikk.

Det går nok bra

Gjeve den elendige økonomien og den rekordstore statsskulda skulle ein tru at den italienske staten stod framfor berre eitt alternativ: konkurs, særleg sett i lys av at den nye regjeringa har lovd reformer, subsidiar og skattelette svarande til 6 prosent av BNP, noko som vil få underskotet opp i nesten 9 prosent av BNP, som igjen ville føra statsskulda opp til endå nye høgder. Men sjølv om vi tenkjer oss at den nye regjeringa ikkje held noko av det dei har lova, men i staden gjennomfører fornuftige reformer og opnar opp for storstilt konkurranse og slår ned på den svarte økonomien, er det vanskeleg å sjå føre seg at statsbankerotten ikkje står for døra. Italia har nemleg ei elendig reproduksjonsrate. Folketalet har byrja å gå ned, og då kan BNP ikkje gå særleg opp. For sjølv om kvar italienar vert meir produktiv, så vert dei raskt færre. Ein stadig minkande folkesetnad kan ikkje bera ei stadig høgre relativ gjeldsbør. Gjeve at situasjonen er som han er, burde marknaden vore i full panikk og påført Italia rekordhøge renter.

Og ja, det var tilløp til panikk rett etter valet då renta steig ein god del. Men så roa det heile seg. Kortsiktige lån kan det italienske finansdepartementet no låna så godt som gratis, og i skrivande stund er den tiårige renta på 2,76 prosent. I 1990-åra, då skulda låg og vakte på rundt 120 prosent, måtte den italienske regjeringa betala ei realrente på 3–4 prosent, i dag betaler ho knapt realrenter. Med andre ord har den noverande regjeringa betre råd enn stort sett alle tidlegare regjeringar. Faktum er at rentenivået er så lågt at den italienske staten burde ha hatt råd til å betala ned på statsskulda.

Men det kjem dei sjølvsagt ikkje til å gjera. For det har dei aldri gjort etter at Italia kom med i euroen. I ein rein marknadsøkonomi hadde Italia ikkje sloppe unna med den framferda dei har synt, særleg etter finanskrisa. Då hadde långjevarane kravd ei mykje høgre rente. Italia ville vore i luksusfella og måtte finansiert seg sjølv med kredittkortrenter sidan den opphavlege skulda var så høg. Men marknaden har slutta å fungera på grunn av pengepolitikken.

Skuldar seg sjølv

Men Italia har ein fordel som ein annan gjeldsnasjon, Hellas, ikkje hadde. Italia har ein velfungerande industrisektor, som rett nok er minkande, i nord. Italia har stort sett hatt overskot i handelen med utlandet, valutabalansen har stort sett vore god. Det vil seie at italienarane har høg sparerate. Mykje av dei oppsparte midlane har dei via banknæringa lånt ut til den italienske staten. Det meste av Italias statsgjeld er altså til eigne innbyggjarar, som rett nok har fått elendig betalt for denne sparinga, sidan Den europeiske sentralbanken (ECB) har halde eurorenta så låg, særleg etter finanskrisa. Men at gjelda er heimleg, har hindra ei storstilt kapitalflukt, slik stoda var i Hellas. Ein av grunnane til at ECB har halde renta så låg, er at dei har hatt eit ynske om at bankane skal låna ut til privat næringsliv, for slik å få hjula i gang. Men det har ikkje skjedd i Italia, bankane har kravd høge renter av det private næringslivet, av di dei er redde for at verksemdene ikkje kan betala attende. I staden har dei lånt til staten. Italienske bankar har langt på veg vorte meklarar av statsgjeld for det italienske finansdepartementet.

Kor lenge kan ECB halda fram med denne politikken med gratis pengar til dei europeiske statane? Ja, dei har ikkje berre halde renta rekordlåg, ECB har kjøpt store mengder statsgjeld kvar einaste månad i den opne marknaden i direkte konkurranse med andre og kommersielle lånegjevarar. Kva skjer den dagen ECB snur? Kvar månad har ECB kjøpt statsgjeld for 30 milliardar euro. I september er planen å slutta med det. Då skal renta på statsgjeld i teorien gå opp. Om ECB i tillegg aukar styringsrenta, så burde i teorien kaoset bryta laus. Ja, gjeve at ECB varslar både renteheving og stopp av pengetrykkinga, burde det alt no vore full panikk i marknaden og den italienske renta vore mykje høgre.

Trur ikkje på ECB

Men marknaden ser ikkje ut til å tru på ECB, og her er vi attende der vi starta: Om du har stor nok skuld i banken, eig ikkje banken deg, men du banken. ECB har ikkje råd til at Italia, som er EUs tredje største økonomi, går konkurs. No skal vi verta tekniske her. Dei søreuropeiske bankane har nokre år no hatt eit stort problem: Kundane lit ikkje på dei. Dei er redde for at bankane skal gå konkurs. Etter finanskrisa har difor mange samla opp pengane heime – kvifor skulle dei ikkje det når sparerentene er så låge? – eller dei har sett pengane direkte inn i nordeuropeiske bankar. Dimed har italienske bankar fått lite pengar inn som dei kunne nytta til å kjøpa statsobligasjonar. Ja då, italienarane har kjøpt masse statsgjeld, men bankane har kjøpt mykje på eiga hand òg. Kvar har bankane så fått tak i desse ekstrapengane?

I ECB. Dei har sendt statsobligasjonane til ECB som pant, og i byte har ECB gjeve dei italienske bankane pengar, som dei italienske bankane har nytta til å kjøpa endå fleire statsobligasjonar, som dei igjen har sendt til ECB. Karusellen har berre gått fortare og fortare. Før finanskrisa hadde ECB ein balanse på uteståande pant og krav på 500 milliardar dollar, så steig han til 2300 milliardar dollar i byrjinga av 2009, ved utgangen av 2017 var han på 4700 milliardar dollar. Talet er meiningslaust stort. Svært mykje av denne balansen er italiensk statsgjeld. Om Italia ikkje lenger er i stand til å betala rentene på statsskulda, er ikkje berre Italia konkurs, det er òg ECB. Ja, det er til og med slik at om dei internasjonale ratingbyråa gjev den italienske statsgjelda «søppelstatus», altså at byråa ikkje trur Italia kan betala all gjeld, så må ECB etter eige regelverk kvitta seg med alt dei har av italiensk statspant. Det vil dei ikkje få til. Sagt på ein annan måte: Om ECB ikkje syter for
at Italia greier seg, ryk ECB formelt og euroen i det minste i teorien.

Finst det alternativ? Ja, Japan har eit fallande folketal og verdas høgste statsgjeld. Ho er målt i BNP dobbelt så høg som Italias. Japan køyrer kvart år med store underskot på statsbudsjettet, underskotet vert i hovudsak finansiert ved at den japanske sentralbanken trykkjer stadig nye pengar, og nullrente. Slik har Japan halde på i snart 30 år no. Vi kan vera trygge på at den italienske regjeringa er fullstendig klar over det japanske dømet. I Italia forstår ein makt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Om ECB ikkje syter for at Italia greier seg, ryk ECB formelt og euroen i det minste i teorien.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis