JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MiljøSamfunn

Hus utan kjærleik

Tomme hus som forfell på bygda, fortel ei historie om landet vårt. Skal alt vernast eller bør noko fjernast, og kven skal i så fall ta rekninga?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Langs vegen mellom Åmot og Stor-Elvdal står eit forfalle hus som ikkje er trygt å gå nær.

Begge foto: Privat

13117
20210226

Bakgrunn

saneringsforslaget

I desember 2020 kom ei offentleg utgreiing om konsekvensane av demografiutfordringar i distrikta, Det handler om Norge.

Arbeidsutvalet har vore leidd av Victor Norman, professor ved Noregs handelshøgskole.

Eit av forslaga er å innføre eit tilskot for å sanere bygg og anna skrot i forfall.

Utgreiinga er på høyring fram til slutten av mars.

DISTRIKT

christiane@dagogtid.no

Vi har alle passert dei. Tomme bustader med knuste ruter, måling som flassar av, og rote treverk. Kunne husa snakke, kunne dei fortalt historier om ei tid då dei var heimar, då det var lokalbutikk og bygdeskule, postkontor og slikt ein berre ser spor etter i mange bygder i dag, kanskje i form av fleire tomme bygg som ikkje lenger har nokon funksjon. 

Forfattaren Marit Eikemo har kalla dei samtidsruinar: bygg som har vore i funksjon i vår levetid, og som også forfell i vår levetid. Bygg som ingen bryr seg nok om til å betale for å gjenreise eller rive; båe delar er kostnadskrevjande prosessar.

Internasjonalt har forlatne hus vorte populære objekt for fotografar, ein trend som er lett å spore i sosiale medium, og som også har spreidd seg til Sverige og Noreg. Dei forlatne bygga dokumenterer dag for dag at historia endrar seg, og at naturen tek over det menneska har reist ifrå. I eit levande lokalmiljø kan det likevel vere delte meiningar om verdien av øydelagde bygg, drifts- og transportmiddel i forfall. Kva skal ein gjere med dei?

Ein attraktiv plass

Ei av historiene dei tomme bygga fortel, er den om sentralisering. Sjølv om nordmenn i større grad enn nordiske naboar har halde fram med å bu på bygdene, klarer ikkje distrikta lenger å reprodusere seg sjølve, som det heiter i den offentlege utgreiinga Det handler om Norge, som vurderer konsekvensane av demografiutfordringane i distrikta.

Ekspertgruppa bak utgreiinga, leidd av professor Victor Norman frå Noregs handelshøgskole, skriv i klartekst at distrikta kan utvikle seg til gode og vakre gamleheimar, dersom folkeframskrivingane frå Statistisk sentralbyrå slår til. 

Hovudproblemet er ikkje lenger utflytting. Den vil verte mindre i åra som kjem, fordi folket er eldre. Tiltak for berekraftige distrikt må dermed setjast inn mot å gjere distrikta attraktive for dei som bur der i dag, og for dei som kan tenkje seg å flytte mot straumen frå byen til bygda. Skal busetjinga sikrast over tid, må nettostraumen av folk gå frå meir til mindre sentrale område framover. 

Det er i denne konteksten ekspertane med tydeleg språk har skildra ein situasjon som verkar problematisk: «I områder der folketallet har gått ned over tid, vil man også kunne se bygningsmessig forfall og fysisk forslumming.» Dei foreslår å prøve ut ei ordning med saneringsstøtte. 

Det kostar å rive

Forslaget har, for å seie det med ein klisjé, slått ned som ei bombe i kulturminnevernkrinsar. Det kjem vi attende til, men la oss først sjå nærmare på både forslaget og realitetane.

Utvalet tek utgangspunkt i at det er dyrt både å vedlikehalde og å rive bygg. For å rive eit hus må ein utarbeide ein miljøsaneringsrapport, få ein godkjend aktør til å søkje om riving og sanere bygget, som vert demontert og sortert. Ifølgje selskapet Boligfiks låg prisen på å rive eit hus i 2020 på mellom 150.000 og 350.000 kroner, med ein snittpris på 250.000. Mange element speler inn på prisen, og andre aktørar oppgjev høgare prisar enn Boligfiks.  

Ifølgje utvalet vil motivasjonen til å bruke tid og ressursar på meir eller mindre verdilaus bygningsmasse ofte vere låg. 

Utvalet meiner vidare at opphoping av bilvrak og skrot medverkar til at ein stad verkar mindre attraktiv for både gjester og fastbuande. Fordi både natur- og kulturlandskap er å rekne som fellesgode, gjeld ikkje fysisk forslumming berre lokalsamfunna, men rører også ved nasjonale verdiar, vert det argumentert med. Utvalsmedlemene trur ei saneringsordning retta mot dei mest eksponerte bygga og areala vil kunne føre til ei positiv stadutvikling og gjere det enklare for kommunane å leggje press på eigarane. 

Fakta manglar

Sjølv med forlatne hus langs vegen kan ikkje ei reise i Distrikts-Noreg seiast å vere ei reise gjennom forfall. Så kor omfattande er problemet med hus overlatne til seg sjølv og naturkreftene? Det er det ikkje lett å finne gode tal på. Statistisk sentralbyrå (SSB) skil ikkje mellom bustader som står tomme, og dei som er i bruk. Kombinerer ein statistikken med den for hushald, vert heller ikkje den presis. Mange gamle bustader i distrikta fungerer også som feriehus, og SSB ville trenge meir tid enn Dag og Tids trykketid tillèt for å arbeide med tala. 

For å få eit døme på korleis problemet vert oppfatta i ein såkalla fråflyttingskommune, ringjer Dag og Tid Grue kommune i Innlandet og får snakke med Johny Solvang, som er avdelingsingeniør og arbeider med plan- og bygningssaker.

Han har ikkje tal på tomme hus i kommunen, men av eiga erfaring veit han at dei finst.

– Eg veit at ein del bustader står tomme, og dei kunne gjerne vore rivne. Eg veit ikkje kvifor dei ikkje vert det, men det vert jo fort dyrt. Ein del som har budd i husa, har sikkert falle frå, og ein del eigarar ser nok på husa som ein utgiftspost som står der til dei fell saman. Det er ikkje pent å sjå på, seier han.

Ifølgje plan- og bygningsloven kan kommunar som eit siste tiltak tvangsrive bygg som kan medføre fare eller er sterkt skjemmande, men slike tvangstiltak har ikkje vorte brukte i Grue.

Den danske utkanten

I Danmark har dei sidan 2010 hatt ei ordning for nedriving og fornying retta mot dei områda danskane gjerne kallar utkanten. Mellom fem og ti tusen bygg er rivne etter at støtteordninga kom i stand, ifølgje seniorforskar Jesper Ole Jensen ved Aalborg universitet. Han oppgjev at den danske staten og kommunane til saman nytta minst to milliardar kroner på tiltaket. Om lag 85 prosent av tilskotet har vorte nytta på riving og det resterande på gjenreising. 

I Danmark har den statlege pengepotten til å rive og gjenreise gamle forfalne bygg vorte pressa fram nedanfrå, frå kommunar som sleit med eit omfattande bustadsoverskot på grunn av fråflytting. Kommunane tok problemet i eigne hender og oppretta kommunal støtte til dei som ville rive. 

Dag og Tid har òg snakka med Birgitte Rønnow, som er utviklingssjef i Lolland kommune, ein kommune på ei øy sør for Sjælland, ein av dei kommunane som har rive flest tomme bustader, nærmare 1000 dei siste ti åra.

Jensen og Rønnow teiknar eit einsarta bilete av problemet kommunane står overfor. I tillegg til at hus i forfall vert oppfatta som skjemmande, har det vore eit problem at useriøse bustadspekulantar kjøper opp billige og dårlege bustader, for så å leige dei ut i til ressurssvake kjøparar med ulike sosiale utfordringar. Dermed tiltrekkjer distriktskommunane seg bebuarar som ikkje berre bur under dårlege forhold, men som òg inneber auka utgifter for kommunane dei flyttar til.  

– Kommunane la press på politikarane for å få dei til å sjå på dette som eit nasjonal sak, ikkje ei lokal, sak, seier Jensen.

Komplisert å rive

Rønnow seier at dei i Lolland har jobba strategisk med å kvitte seg med overskotsbustader sidan 2007. Då hadde kommunen registrert 3500 tomme bustader. Kommunen sette i gang oppkjøp og riving, og oppmoda folk til å ta kontakt om dei hadde ein dårleg eigedom. I same periode endra kommunen reglane for buplikt, slik at heilårsbustader i god stand kunne nyttast som feriebustad.

Rønnow seier det er komplisert å rive ein bustad, med ei lang og kostbar sakshandsaming til grunn. I Lolland har dei kara til seg kvar ledige krone og nytta alt saman. 

Utviklingssjefen skildrar ei tiltakspakke som til saman har hatt effekt i Lolland. Tilflyttinga av folk med sosiale utfordringar har bremsa opp, bebuarar har fått betre bustader, og tilbodet og etterspurnaden på bustadmarknaden er i betre balanse. Fleire feriefolk nyttar husa, legg att pengar og skaper arbeidsplassar. Om ordninga har påverka bustadprisane, som generelt ligg lågt, har vore vanskeleg å måle, fordi prisane òg er konjunkturavhengige.

– Kva med miljørekneskapen i å rive hus – har de sett på det?

– Nei, det har vi ikkje. Det var på eit tidspunkt interesse for å kunne bruke om att materialane, men vurderinga har vore at dei er for dårlege. Nokre ting vert brukte av gjenbruksfirma, vindauge med sprosser og slikt, men det er ikkje i stor skala.

– I Noreg har fleire verneorganisasjonar åtvara mot ei tilskotsordning, ut frå tanken om at husa bør setjast i orden i staden for å rivast. Har dette vore ein del av debatten i Danmark?

– Den motstanden har vi ikkje hatt på eit slikt nivå. Vi kjenner dei bustadene som er verneverdige og freda. Dette er snakk om hus som ingen vil bu i, og dei fleste har ingen verdi. Vi har hatt 10–15 spesifikke hus der det har vore lokal motstand, så vi kjenner fenomenet, men omfanget har vore svært lite. Vi har også ein pott til historiske hus og verneverdige hus. Dersom folk har slike, er det høve til å tilbakeføre dei kvalitetane. Vi har til dømes hatt ein pott på 25 millionar til berre å restaurere gamle kjøpstader, seier Rønnow. 

Frykt for kulturminna

Debatten i Danmark skil seg markant frå den norske. Det kan sjølvsagt vere fordi terrenget er ulikt. Som nemnt manglar ein òg kunnskap om husa som står tomme i Noreg. Her har reaksjonane hittil handla om bygningsvern og miljø, og dei har vorte framførte i NRK og Nationen. 

I Fortidsminneforeningen og Norsk Kulturarv har reaksjonane vore sterke. Det vert hevda at det å fjerne gamle hus vil gjere bygdene fattigare, og at regjeringa må stimulere til gjenbruk. 

– Istandsetjing og bruk gjev verdiskaping både på kort og på lang sikt. Brukt riktig er gamle hus ein ressurs for norske bygder – og dei kan medverke til å oppfylle fleire av FNs berekraftsmål, seier Ola H. Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen til Nationen.

Direktør Erik Lillebråten i Norsk Kulturarv har late seg provosere over bruken av omgrepet «fysisk forslumming» og kjenner seg ikkje att i ei slik skildring.

Museumsforum Innlandet skriv i eit høyringssvar til regjeringa at dei fryktar støtte til å rive det somme vil kalle skjemmande bygningsmasse, kan få alvorlege konsekvensar for kulturminna. 

«Kommunane, som er tiltenkt ei rolle i denne vurderinga, har ofte liten kompetanse og søkjer i liten grad støtte i musea og dei kulturminnefaglege miljøa.» 

Ifølgje museumsforumet vert bygg alt i dag rivne i stor skala. 

«Kommunane treng hjelp til å sjå alternativa til riving, ikkje få insentiv til å rive. Hovudmålet bør vera å ta vare på, setja i stand og bruke bygningane vi har», skriv dei. 

Siste utveg

Høgskoledosent ved Høgskolen i Innlandet Kristian Aasbrenn har, som medlem i distriktsdemografiutvalet, fronta forslaget i media. Han formidlar ei oppfatning av at debatten har spora av. 

Aasbrenn har sjølv, som han seier, brukt ei livsløn på å ta vare på ein slektsgard i Rendalen, ein tidlegare husmannsplass. Tømmerbygningen har bur i, var fråflytta, men er sett i stand og tener som ein moderne bustad, eitt av ti laftebygg som høyrer med til staden.

Også han ivrar etter meir pengar til vern og hjelp til dei som ønskjer å overta tilsynelatande skrøpelege objekt.

Når han likevel har vore med på å foreslå støtte til riving, er det fordi han ser det som urealistisk at alt skal kunne bergast i ein situasjon der sjølv kyrkjebygg forfell, og fordi han ser det som ein siste utveg for ein liten del av bygningsmassen. 

– Innbyggjartalet i Rendalen er meir enn halvert i mi levetid. Folka er borte, husdyra er borte, og det synest i landskapet, meir og meir. Og det handlar jo ikkje berre om hus; det handlar om folk. Om oss som ikkje liker å ha det slik i nabolaget, og ikkje liker å verte identifiserte med forfall og fråfall, seier han. 

Tre alternativ

Slik Aasbrenn ser det, bør ein i denne saka ha tre tankar i hovudet samstundes: Enkelte bygg bør rivast, enkelte bør restaurerast, og i mange tilfelle bør forfallet kan hende få halde fram og vise fram objekta som dynamiske kulturminne.

– Det kan vere eit gammalt tømmerhus i skogen, som står der og fortel ei historie utan å sjenere nokon. Kanskje kunne vi også verne nokre bilkyrkjegardar som ein årring i kulturlandskapet, seier han. 

– Har du forståing for uroa for at kulturminne kan gå tapt?

– Eg har nytta omgrepet avmakt. Dette er ei så overveldande utfordring. Skal vi verne alt saman? Eg trur vi må hugse på at vi er i ein situasjon der etablerte museum skrik etter ressursar for å halde i stand dei bygga dei alt har. Det er ei glede å sjå at ein enkelte stader har privatpersonar eller stiftingar som vernar og gjenbruker, men monnar det i det store biletet? Ofte er det ikkje eit spørsmål om vern eller gjenbruk, men om vi skal gje naturen litt hjelp eller la han gå sin gang. Eg meiner naturen skal gå sin gang i stor grad, borte frå dei utstillingsvindauga som vegkantane er. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Det handlar jo ikkje berre om hus; det handlar om folk.»

Kristian Aasbrenn, høgskoledosent ved Høgskolen i Innlandet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis