JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MiljøSamfunn

Klimaproteksjonisme

EU har vedteke å innføra karbontoll. Det kan vera godt nytt for europeisk industri, kanskje. Om det hjelper mot global oppvarming, er meir usikkert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den nye og gamle tida. Ei last med elbilar på veg forbi eit kolkraftverk.

Foto: Michel Euler / AP / NTB

13934
20230120

Bakgrunn

EU har vedteke å innføra karbontoll.

Tungindustrivarer som har generert store CO2-utslepp i produksjonslandet, skal møta høge tollavgifter.

Dersom produksjonslanda innfører avgifter som EU eller har låge utslepp, skal dei sleppa toll.

Karbontoll

jon@dagogtid.no

Det er dårlege tider for dei som trur på konkurranse, nøytral næringspolitikk, frihandel og politisk distanse til marknaden. Men endå dårlegare tider er det for nordmenn som er motstandardar av EU. Igjen må dei vera med på ferda medan dei protesterer for heile verda.

På toppmøtet i EU den 14. og 15. desember, som omtalt i Dag og Tid førre veke, vedtok leiarane i EU at vi skal få eit nytt prissystem for kraft sidan EU manglar energi, mellom anna av di dei i over tjue år no har prøvt å venja seg av med å nytta fossile kjelder.

No vil dei at resten av verda skal prøva noko liknande. På det same toppmøtet som dei vedtok å ville gjera seg mindre avhengige av gassprisane i produksjon av kraft, vedtok EU-leiarane å innføra ein karbontoll. Og sidan EU vil innføra ein slik toll, må Noreg gjera det same for framleis å vera ein del av EUs indre marknad. Det treng ikkje å vera så gale. For om ein tenkjer klima, er ein karbontoll i regi av EU ein god idé, i det minste på papiret.

Standardsettaren

EU er verdas største marknad og dimed ein standardsetjar. Når EU til dømes har kravd ein felles standard på noko så enkelt som mobilladarar, gjer verdas produsentar av slike ladarar EU-standarden global. Når 450 millionar rike europearar skal ha like ladarar, ja, så er det upraktisk å laga ulike ladarar for alle andre der ute. Snart kjem dagen der vi ikkje lenger treng krangla om ladarar.

Målet med klimatollen, i det minste i ei ideell verd, er at omverda til EU gradvis skal kopiera EUs klimapolitikk, som på papiret er verdas mest ambisiøse. EU vil at alle som vil selja energiintensive varer – slikt som stål, sement, kunstgjødsel, straum, aluminium og hydrogen – til EU, skal møta ein toll på grensene inn til EU dersom produksjonen av varene har ført til høge CO2-utslepp, og om utsleppa ikkje er like høgt skattlagde som i EU.

Høge utslepp vert høg toll, låge utslepp låg eller ingen toll. Skattlegg ein utsleppa hardt, kan ein også sleppa toll.

Ideen er minst 20 år gamal, men fyrst i 2021 fekk EU-kommisjonen i oppgåve å utarbeida framlegg til mekanismen, som no altså er vedteken. Det overordna målet er sjølvsagt å redusera globale utslepp, men det meir konkrete måtet er at næringslivet i EU-landa ikkje skal møta urettvis konkurranse frå andre land som har tilgang til billig fossil energi, som EU altså manglar og dessutan skattlegg sterkt.

Vona vi ber på

Vona om at andre vil gjera som EU, er sterk. «Dette er ei tydeleg og klar melding til resten av verda, og eg kan verkeleg ikkje sjå føre meg at andre regionar ikkje vil fylgja etter oss og dimed innføra liknande mekanismar», sa Mohammed Chahim, som har leia dei interne tingingane i EU på vegner av EU-parlamentet, etter at vedtaket var på plass. At tollavgift går direkte inn i EU-budsjettet og ikkje til kvart enkelt medlemsland, hjelper sikkert på entusiasmen mekanismen vert møtt med i EU-parlamentet.

Vedtaket har ikkje møtt den same entusiasmen i resten av verda. Det forstår Chahim godt. Mekanismen har fått tildelt eufemismen Carbon Border Adjustment Mechanism (CBAM) som namn. Karbongrensetilpassingsmekanismen, kan vi kanskje kalla det på norsk. «Sjølvsagt vil CBAM påverka handelspartnarane våre. Det er nett det som er meininga», sa Chahim.

Alle er mot

Kina, India, Brasil, Sør-Afrika… Lista over land som ikkje liker CBAM og har protestert, vert stadig lengre. Russland sa rett ut før invasjonen av Ukraina at dei ikkje hadde noka interesse av å retta seg etter slike krav frå EU. Ei rekkje land i Afrika meiner det heile er lite anna enn nykolonialisme og ei form for økonomisk imperialisme, spesiallaga for å halda dei nede.

Sjølv om EU no har vedteke CBAM, står det att ein lang prosess før den heilt konkrete politikken og utforminga av mekanismen er på plass. For det er ikkje til å koma forbi: CBAM skaper problem både internt og eksternt. Internt i EU er CBAM heilt samanvove med kvotehandelsmekanismen. Industrien i EU har fått ei mengd gratiskvotar, slik at dei slepp CO2-avgift, for på det viset å kunne konkurrera på verdsmarknaden. Det må no endrast.

I tillegg har EU tillate at tungindustrien som kjøper CO2-kvotar, kan verta kompensert for den kostnaden av staten i landet dei held til i. Eit tonn med CO2-kvote vert kalla EUA. Kjøper du éin EUA, kan du sleppa ut eitt tonn med CO2, og så kan dei ulike parlamenta i EU kompensera verksemdene for kostnaden ved kjøp av slike utsleppsrettar.

Dyrt

Det er snakk om store pengar. For utslepp i 2022 kan den norske regjeringa kompensera norsk tungindustri med 548 kroner per EUA, og for utslepp i 2023 med heile 844 kroner. Så seint som i 2021 var EUA-kompensasjonen maksimalt 268 kroner.

Kvoteprisen har sidan gassprisen byrja å gå opp, auka sterkt av di EU-landa, særleg Tyskland, har byrja å brenna meir kol av di gassen har vorte så dyr. Då går CO2-prisen opp, og land som Noreg må kompensera meir for å halda den globale konkurransekrafta til industrien oppe.

Men det stoggar ikkje der: Noreg har ei tid lege i konflikt med ESA, overvakingsorganet for EØS-avtalen. Dette vert komplisert, men det er slik at du også kan få betalt for å ha rein produksjon av til dømes aluminium: For er du flink og har låge utslepp, bør du også få betalt.

Ulike regjeringar har ikkje ynskt å gje Hydro CO2-kompensasjon for krafta dei kjøper av seg sjølv, Hydro eig mykje vasskraft. Men no har ESA pålagt staten å kompensera Hydro for eigenkrafta dei nyttar i produksjonen. Fram til 2030 har Hydro eit krav på minst 18 milliardar kroner som dei må få dekt over statsbudsjettet. Det er ti F-35-fly eller halvparten av det Follobanen kostar. Klimapolitikk vert gradvis ein av dei største kostnadene for staten og dimed oss alle i framtida.

Utfasing

CBAM gjer at gratiskvotane og EUA-kompensasjon gradvis skal fasast ut, truleg. Motsvaret er dyrare varer for alle. Når omverda møter ein toll på grensa til EU, møter ikkje EU-verksemder internt i EU urettvis konkurranse frå CO2-intensiv industri utanfor EU. Prisen på varer kan då setjast opp. Dimed kan kvotane verta betalte fullt ut av industrien i EU, heilt fram til produksjonen er CO2-frie og kvotesystemet kan avviklast heilt, som etter planen kanskje skal skje i 2040.

Forvirra? Det kjem meir. For sjølvsagt ynskjer EU-landa at industrien deira også skal kunne konkurrera internasjonalt. Eit konsern som norske Yara er verdas største produsent og forhandlar av ammoniakk nytta til kunstgjødsel. Det meste av Yaras produksjon er i Europa.

I fjor reduserte Yara på det meste produksjonen av ammoniakk med 65 prosent i Europa, av di gassprisen var så mykje høgre her enn i USA og for den del Russland. Det var bra for EUs utslepp, men ikkje for verdas bønder og dei som kjøper mat.

Yara vil no avvikla ammoniakkproduksjon på basis av gass på Herøya, og i staden produsera rein hydrogen med norsk kraft gjennom elektrolyse. Regjeringa skal subsidiera denne nye produksjonen kraftig, som vi alle må betala for, men sidan krafta i alle høve er så dyr, vert produksjonen utan konkurransekraft utanfor EU. Slik vil ikkje EU ha det. I det minste seier dei det.

Meir subsidiar

Løysinga er meir subsidiar. Tanken er at EU-verksemder, og dette er verkeleg berre ein tanke, skal få kompensert den dyrare produksjonen som låge CO2-utslepp fører med seg, av EU. Når ei verksemd som Yara vil selja ammoniakk til Bangladesh, skal dei få utbetalt mellomlegget, vel enkelt sagt, av det det kostar å produsera i Bangladesh jamført med på Herøya.

Det er tvilsamt om ein slik mekanisme kjem på plass. For den type subsidiar er nok ulovlege etter regelverket til Verdas handelsorganisasjon (WTO). Når det er sagt, fungerer ikkje WTO lenger så godt som domar i internasjonal handel, mellom anna av di Donald Trump ikkje utnemnde amerikanske domarar i si presidenttid. Joe Biden har ikkje gjort noko for å revitalisera WTO, sjølv om den same Biden har klaga EU inn for WTO for nett CBAM.

Spådom

Det er neppe dristig å spå at EU ikkje kjem til å kunne konkurrera særleg godt på verdsmarknaden innanfor tungindustriproduksjon etter at CBAM er på plass. Men det vert truleg ikkje ein stor katastrofe, sett i lys av at det meste av tungindustriproduksjon i EU og EØS, Noreg er rett nok eit unnatak sidan vi har hatt låge straumprisar, alt har vorte flytta ut av EU på grunn av dyr energi.

Derimot vert CBAM eit problem for europeisk industri som nyttar produkt frå tungindustri, til dømes bilindustrien. Innsatsfaktorane deira, som ofte er importerte frå utanfor EU, vert med CBAM nær sagt garantert dyrare om subsidiane ikkje vert store. Dimed tapar til dømes mykje av tysk industri konkurransekraft i USA og Kina.

Den tyske kjemigiganten BSAF har alt varsla at dei flyttar store delar av produksjonen til Kina, både på grunn av at energi i EU alt er så dyr, og av di dei meiner at dei tapar konkurransekraft globalt i framtida på grunn av CBAM.

Verre for u-land

Vert det vanskeleg for industrien i EU å tilpassa seg CBAM, vert det verre for omverda å gjera det, særleg for utviklingsland. CBAM krev sjølvsagt omfemnande dokumentasjon. Det er til dømes skilnad på brunkol og steinkol. Er produktet produsert med basis av røyrgass eller LNG? Spørsmåla er mange. Styresmaktene i utviklingsland har ofte ikkje svara.

Og om ulike land likevel presenterer dokumentasjon på kor mykje CO2 ulike varer har generert, kan EU ofte ikkje lita på at dokumentasjonen er rett. EU kjem også til å krevja dokumentasjon på indirekte CO2-utslepp, og desse dokumentasjonskrava skal gradvis byrja alt i år. Sørafrikanske verksemder har neppe papirarbeidet på plass i løpet av 2023.

Kjem så CBAM til å føra til lægre CO2-utslepp globalt? Ikkje på kort sikt, ser det ut som. Ein ikkje usannsynleg effekt kan vera at tungindustri faktisk vert flytta inn att i EU. Då slepp produsentar og kjøparar i det minste det omfemnande byråkratiet som CBAM fører med seg.

Men kva har skjedd i til dømes Tyskland etter at gassprisen vart høg? Mellom 2020 og 2022 vart straumproduksjonen på basis av gass halvert, straumproduksjon på basis av særleg brunkol gjekk opp. I dei næraste åra har ikkje EU-landa andre kjelder enn kol om dei vil auka kraftproduksjonen. Då går utsleppa opp.

Ingen kolalternativ

Dessutan har ikkje fattige land mange alternativ til kol. All industrialisering i utviklingsland, Japan, Sør-Korea, Kina og no særleg India har skjedd på basis av kol. I Afrika finst det i praksis i dag ingen planar om fornyeleg kraftproduksjon å snakka om. Dei har ikkje kapital til det. Når utviklingsland møter høge tollmurar for å koma inn i EU, vil mange truleg lata vera å i det heile teke prøva.

Det meste av verda ligg dessutan andre stadar enn i EU, og resten av verda kan handla med kvarandre. Og det er i resten av verda at auken i utslepp av CO2 kjem til å koma. Den rike delen av verda, viser så godt som alle prognosar, kjem i tiåra framover til å få ein nedgang i CO2-utslepp. Europa, Kina og Japan går no inn i mange tiår med folketalsnedgang. I USA er kolbruken i ferd med å verta fasa ut, og folketalsveksten er så godt som over.

Handla med kvarandre

I framtida skal mest all ny sement-, stål- og kunstgjødselbruk koma i område som India og Afrika. Dei fattige vil verta som dei rike. Som den indiske økonomen og forfattaren Mihir Sharma seier om EUs ynske og gode intensjonar for resten av verda:

«Om den nye europeiske mekanismen fungerer som intendert, og alle selskap dimed vil redusera CO2-utsleppa, kan utsleppa i sør gå ned. Men i røynda vil selskap i utviklingsland sleppa ut nett like mykje karbon som dei ville ha sleppt ut i alle høve, av di dei ikkje har ein sjanse til å tilpassa seg urealistiske europeiske standardar.»

No veit vi sjølvsagt ikkje sikkert kva CBAM konkret fører med seg. Det kan til dømes vera at det meste held fram som før. Kina, Japan og USA, som alt altså har klaga EU inn for WTO på grunn av CBAM, er truleg så mektige og moderne at dei vil få spesialavtalar med EU, og resten av verda eksporterer få tungindustriprodukt til EU som det er. Dessutan er Russland, som var storeksportør av tungindustriprodukt, no i praksis borte som handelspartnar for EU. Russland ser til andre marknader.

Dessutan er ikkje Vesten det Vesten ein gong var. EUs utslepp, inkludert dei i Noreg, er no på under 10 prosent av dei globale utsleppa, og utsleppa per innbyggar litt over gjennomsnittet. Spørsmålet er kva makt EU har med såpass små utslepp.

Kjenna seg god

Det mest trulege utfallet, meiner den mykje siterte amerikanske økonomen Tyler Cowen, er mindre global frihandel og meir regionalisering, som så i sin tur fører til høgre utslepp i den tredje verda enn vi ville ha fått utan CBAM.

«Det mest sannsynlege senarioet er noko slikt som dette: EU vil halda fram med å spinna lukkehjulet, ty til stadig meir proteksjonisme og kjenna seg stadig betre – på kostnad av den planeten vi alle har til felles», skriv han i si faste spalte i Bloomberg.

Når det er sagt: EU er ikkje verre enn USA her. Kongressen har vedteke ein klimapakke på 369 milliardar dollar. Dei pengane skal nyttast på produkt laga i USA. Målet er at stadig meir industri skal flaggast heim, alt i namnet til klimaet. Ei rekkje europeiske verksemder har varsla at dei vil flytta produksjonen til USA, både på grunn av subsidiane og på grunn av mykje billigare energi.

Det kan ikkje EU sitja stille å sjå på. Ein ikkje dristig spådom er at EU vil nytta inntektene dei får frå karbontollen, til å subsidiera eigen industri. Der har EU mykje å læra av Noreg, som etter krav frå ESA skal nytta stadig meir på CO2-kompensasjon.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis