Det var vår i lufta. Ute på markene spreidde bøndene møk, og me hadde den gamle, gode skitlukta med oss i bilen ned gjennom heile dalen. Sola skein, fuglane kvitra og sjåføren slo til med ein liten song då me passerte Vinstra:
– O, sole mio!
Me kjende ein snev av lukke, men så ringde telefonen. Sjåføren er stolt maskinentreprenør med store gravmaskiner og digre bulldosarar. Midt i songen tok han telefonen.
– Good Morning. Is it Mister Graveinstein, spurde røysta i andre enden.
Sjåføren heiter ikkje Graveinstein, men namnet passar fint, og eg finn ingen grunn til å avsløra det rette namnet.
– I am calling from London, sa røysta kjekt.
Eg såg på sjåføren. Han sakka på farten. Andletsfargen forlèt han. Han såg både uroleg og bekymra ut, og greidde ikkje å seia stort meir enn «good morning», før det vart stilt.
Røysta frå London hadde ikkje tenkt å gje seg. Ho dura i veg. Det var tydelegvis ein seljar. Men sjåføren visste råd. Han hadde hatt folk frå London på tråden før, og brått utstøytte han eit torevêr av lydar.
– FAKRGRRRYYYLLLKLIRRR…
Først kvakk eg skikkeleg. Eg hadde aldri høyrt nokon uttrykkja seg så eksplosivt før. Det minte meg om ei god, gamaldags kortslutning. Det spraka, knitra og small heftig nokre sekund. Så vart det heilt stilt. Stilt som i grava. Sjåføren sat der med telefonen i neven og blikket stivt retta mot vegen framfor oss. Brått høyrde me røysta frå London på nytt.
– Are you okay, mister Gravenstein?
– NOOOOO, ropte sjåføren fortvila, før han braut samtalen.
Det vart stilt på nytt, men eg byrja å tenkja på den gongen eg hadde teknisk engelsk på yrkesskulen. Mutter, avbitar, vasspumpetang og røyrtang på engelsk? Eg har for lengst gløymt dei engelske orda. Og det kjem eg på medan eg sveivar ned bilruta og lèt den stramme lukta strøyma inn.
– Møk, sa sjåføren, veit du kva møk er på engelsk?
– Det er merde på fransk, men møk på engelsk kan eg ikkje, vedgjekk eg.
– Der ser du. Du kan ikkje engelsk, du heller, slo han fast.
Fyll
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.