JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Motstraums i hovudstraumen

– Eg ser etter det som ligg i skuggen, seier Anki Gerhardsen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anki Gerhardsen bur i Bodø.

Anki Gerhardsen bur i Bodø.

Foto: Dan Mariner

Anki Gerhardsen bur i Bodø.

Anki Gerhardsen bur i Bodø.

Foto: Dan Mariner

13775
20210226

Kaj Skagen skriv om og samtalar med Anki Gerhardsen

Anki Gerhardsen

Journalist og kritikar

Skriv mediekritikk i Aftenposten

Medlem av ytringsfridomskommisjonen til regjeringa

Anki Gerhardsen er eit godt døme på at fråvik frå den rette lina i livet like gjerne skapar som skadar ein karriere. Dette veit vi gjeld for ein forfattar, som ho fyrst ville vere, og for ein samtidskommentator, som ho vart. Dei som fylgjer den rette lina gjennom livet, kjem kanskje snøggare og lenger fram, men veit mindre om kvar dei fór og kvar vi er.

For blikket til ålmenta kjem Anki frå ingenting, det vil seie frå livet utanfor medieflaumljoset. I vaksen alder og i løpet av kort tid som mediekritikar i Aftenposten vann ho det velfortente ryet sitt som ei sjølvstendig røyst i eit kulturelt og politisk liv som mange meiner syng for samstemt.

Kunsten for ein samtidskommentator er å stå på sitt og gå imot flokken, men med nok personleg tyngd og sunn fornuft til at ein ikkje vert frosen ut, trass i dei tabubrota ho må skrive på seg. Denne linedansen lærer ein ikkje så lett i dei sentrale politiske og kulturelle varmestovene, men lettare i utkantane av vektige miljø, fordi den som kjem utanfrå, ser det som er innanfor, med friskare blikk. Og frå utkantane i tida vår og landet vårt kjem Anki Gerhardsen.

Rett nok har ho trødd barneskoa sine i Bærum, men støtte på lagnaden sin i ein rockemusikar frå Mosjøen då ho var 19, og fekk det fyrste barnet då ho var 21. Høggravid henta ho vatn i bekken der ho budde saman med kjærasten i ei kårstove i Nittedal, før dei fann ut at Nittedal baud på for tronge kår for ein småbarnsfamilie. Dei flytta i staden til ei øy i Lofoten der det var nok vatn både i og utanfor huset.

Anki, som alt i tolvårsalderen var aktivist for å berge Altavassdraget, kunne no praktisere idealismen med å leve om ikkje i fortida, så som ein fredeleg protest mot samtida, med etter kvart tre born og utan fjernsynsapparat, og utan rockemusikaren medan han var på vinterfiske. Eit fotografi av den nye heimbygda hennar, Årstein på Årsteinøy, syner tre hus og eit høgt fjell, og kunne vel vurderast til NRK-serien om plassane der byfolk trur at ingen kan bu. Tettstaden på øya hadde tjuetre innbyggjarar.

GERHARDSEN: Det er sant, eg har gjort mykje i motsett rekkjefølgje av det vanlege. Det var eigenleg ikkje lagt opp til det, eg var skuleflink og hadde forfattarambisjonar. Nitten år gamal fekk eg ei novelle med i Aschehougs debutantantologi i 1986. Deretter vart det skrive mest i notatbøkene. Livet ville noko anna med meg, eg måtte gjere andre val. Då vi kom til ei lita øy i Lofoten med det fyrste barnet, var eg 22, utan fast jobb og utan utdanning, og visste ikkje kva eg skulle bli i verda. Ein stad i meg ber eg vel enno med meg den forfattaren eg ikkje vart. Det tredje og siste barnet fekk eg då eg var 34. Fyrst då eg var 41, vart eg heiltidsstudent og tok til slutt ein master i kunstkritikk.

SKAGEN: Oppgåva di legg eit kulturelt perspektiv på Anders Behring Breivik og Utøya. Du skriv at Breivik oppstår som massemordar i ein kultur der menneska meir og meir opplever at dei ikkje finst, ikkje er verkelege, om dei ikkje «skapar seg sjølve» gjennom handlingar der dei framstiller seg sjølve som den dei ønskjer å vere.

GERHARDSEN: Då Breivik iscenesette seg sjølv som «riddar» og «helt», til prisen av 77 uskuldige liv, gjekk han frå å vere ein usynleg tapar til å verte synleg og dermed ein «suksess». I dette perspektivet vert Breivik eit ekstremt og valdeleg symptom på ein kultur som krev at ein skal ta kontroll over sitt eige eg for at ein skal vere verdfull.

Eg seier i oppgåva at kulturen vår no ikkje oppmodar oss så mykje til å erkjenne kven vi er, som til å forme oss sjølve. Det kan vere av det gode, for dei som kan slikt. Men ofte vert siktemåla for kven vi skal bli, sette opp for oss av krefter utanfor oss sjølve: reklame, film, sosiale medium, treningssenter, plastisk kirurgi – sjølvrealiseringa vert paradoksalt til realisering av kollektive og ofte tomme idealbilete. I staden for å bli oss sjølve er det iscenesetjinga vi trår etter, i ein performativ kultur, altså i ein kultur som legg mindre vekt på å erkjenne og vere seg sjølv enn på å forme seg sjølv.

Dei siste dagane har eg lese Anki Gerhardsens kommentarar, særleg mediekritikken i Aftenposten, i ljos av masteroppgåva hennar. Det slår meg at dei verdiane som ligg under i det ho skriv, det som eg trur driv kommentarane hennar, ofte er ein motsats til ein kultur som krev – særleg i dei yngre årsklassene – at vi må ha flaumljos og suksess, følgjarar og likes for å vere verde noko og ikkje verte utstøytte i einsemd.

Utan at ho nokon stad skriv det sjølv, set ho opp det personleg ekte mot det kunstige livet i media. Dette er eigenleg eit verdikonservativt perspektiv. Det kan sjå ut som ho er motstraums på eit vis som set henne opp mot den urbane «kultureliten». Men slik ser ho det ikkje sjølv. Det finst ingen kulturelite som einsarta masse, det er berre nokre som er meir aktive enn andre, og ho meiner at det ho skriv, er attkjenneleg for mange i den såkalla kultureliten. Verdikonservativ vil ho ikkje kalle seg.

GERHARDSEN: Eg tenkjer ikkje på meg sjølv i slike omgrep. Det kan vere nokon vil seie at eg er konservativ på nokre felt. Ein kommentator i VG kalla meg ein gong ein «andaktsfull kommentator», eg veit ikkje kva det vil seie. Eg er skeptisk til sæddonasjon, sterkt imot eggdonasjon og særleg til surrogati. Menneskets rett til å kome frå nokon, til biologi og arv og spor, vert overdøyvd av trongen barnlause har til å få eit barn. Kanskje det er lettare å reflektere over det problematiske ved det å ta frå mennesket eit biologisk opphav om vi tek til å snakke om nett mennesket og ikkje barnet. Barndomen utgjer jo berre 18 år av livet, men kven veit kva mennesket tenkjer på, saknar og søkjer når det er 34, 56 eller 80.

SKAGEN: Nokon vil vel no innvende at dette er lett for deg å seie som har tre born sjølv.

GERHARDSEN: Det er sant. Men dei store, alvorlege spørsmåla om kvar grensene for behovstilfredsstilling og kontroll over uretten i livet skal gå, er prinsipielle og må drøftast på det grunnlaget, utan omsyn til personlege saker. Om nokre av synspunkta mine kan forsvare tradisjonelle og faste verdiar, ser eg likevel på meg sjølv som ein vandrar. Geografisk har eg jo vandra frå Bærum til Lofoten og Bodø. Eg trur eg skiftar perspektiv i tankar også.

SKAGEN: Kanskje det ikkje skader så mykje med litt konservatisme i ei tid som er så radikal som vår? Då tenkjer eg ikkje på venstreradikal. Den verkelege radikalismen kjem i dag frå kapitalmakta og teknologien. Om desse kreftene ikkje får motstand frå eit kulturliv med verdiorientering, riv dei alt opp med røtene og kastar menneska ut i ekstreme eksperiment med livet. Ser du transseksualitetsrørsla, med den farten ho no har fått i fleire land, og som du har retta kritikk mot i fleire artiklar, som eit døme på dette?

GERHARDSEN: Ja, kanskje. På eit vis føyer det seg inn i dette kravet om å forme og framstille seg sjølv som eg skildrar i masteroppgåva mi. Ein vert til gjennom iscenesetjinga av seg sjølv. Di meir kontroll ein har over sitt eige «eg», di større er sjansen for suksess og anerkjenning. Transrørsla tek det slik sett berre eit steg vidare. Dette handlar ikkje om å avvise at kjønnsdysfori finst, det er meint som ein refleksjon over kva moglegheiter kulturen vi lever i, oppmodar oss om å gripe.

Men engasjementet mitt i denne saka handlar mest om at vi står i fare for å gjere irreversibel skade på born og unge. Eg har skrive mykje om kor stor del av den unge pasientgruppa som har alvorlege psykiatriske tilleggsdiagnosar som ikkje kan setjast i samanheng med kjønnsdysforien. No insisterer aktivistane på at dei, og ikkje vitskapen, skal få avgjere korleis vi skal handsame utilpassa ungdom i ein overgangsalder. Det er farleg, særleg fordi aktivistane også går til personleg åtak på alle som ikkje er samde med dei. Det gjer at faktagrunnlaget knytt til denne pasientgruppa ikkje kjem fram til ålmenta, og her syndar pressa stort – og dei syndar nett mot dei ungdomane dei trur dei heiar fram.

SKAGEN: Eg ser på denne trongen til rask og grunnleggjande endring hos dei yngre årsklassane som ein snarveg som ikkje kan føre fram. Det er noko grunnleggjande likt i korleis til dømes det religiøse mennesket søkjer etter å verte ein betre person, korleis rusmisbrukaren nyttar alkohol eller narkotika for å verte sæl, og korleis plaga unge menneske vert medisinerte med testosteron for å «skifte kropp».

GERHARDSEN: Eg trur årsakene er samansette. Dersom du går til forskinga, er det tydeleg at mange i denne unge, nye pasientgruppa har røynsler som gjer det lett å skjøne at dei ønskjer endring. Overgrep, mellom anna. Men nett difor kan transrørsla også lesast som eit konkret og kraftig uttrykk for vår «performative tid». Ingenting er eigenleg, alt er eit potensial for noko anna. No også kjønnet og kroppslege fakta. Så kanskje er desse unge pionerar i eit endringsrom som ikkje kan jamførast med noko anna vi har sett tidlegare. Kanskje er dette berre byrjinga.

Anki Gerhardsen skriv mediekritikk, og det ligg i naturen til kritikken at ein ser etter kva media overser. Merksemda hennar går av seg sjølv mot det som ligg i skuggen når pressa handsamar ei sak. Ho ser kritikken sin som ein naudsynt del av eit ope samfunn. Det er ei oppgåve for pressa og ikkje minst pressekritikken å sikre at ikkje tilvande perspektiv vert for dominerande.

GERHARDSEN: Når pendelen fyrst har fått moment, skal vi vurdere om vi skal halde fram med å dytte på han, eller om vi lyt leite etter andre område som treng merksemd. Eg er i det heile glad i undringa, tvilen, uvissa og det doble. Det er dette som grunnleggjande interesserer meg som menneske og som samfunnsdebattant. Og det er det eg alltid søkjer i kunsten. Eg reagerer sterkt på felles marsjtakt, flokktenking og påtrengjande sikre forklaringsmodellar. Eg likar omgrepet «det subalterne». Det som fell i skuggen når noko anna får lys på seg. Eg er interessert i det som ligg i skuggen. Og så er eg interessert i korleis nokre former for makt vert utsette for kritikk, medan anna makt vert oversett eller verna.

SKAGEN: Du har sagt ein stad at «maktkartet ikkje lenger stemmer med terrenget». Når du ser einsidige eller kampanjeliknande innslag i pressa, ser du ofte årsakene til at nokre former for makt vert oversette, ikkje sjeldan på grunn av ei velmeint, men nokre gonger misforstått moralsk omsorg for svake grupper og minoritetar. Døme på dette er kritikken din av noko av metoo-journalistikken, der eit sjekkeforsøk mellom likeverdige på ein bar kunne bli presentert saman med verkelege seksuelle maktovergrep, eller korleis nokre medium hadde problem med å lage dekkjande reportasjar om overgrepssaka i Tysfjord i 2016, fordi «pressen ikke har tradisjon for å granske mennesker eller grupper som de definerer som offer». Møter du mykje motstand mot slik kritikk som dette?

GERHARDSEN: Sjølvsagt får eg reaksjonar, og det opplever eg stort sett som uproblematisk. Eg definerer nesten ikkje noko av det eg les om meg sjølv, som hets. Eg kan bli sint, trist og frustrert av det, men samfunnsdebattantar lyt tole mykje, nett fordi vi har mykje makt. Framfor å verte skaka av aggresjonen og det usaklege som finst der ute, må vi øve opp det å vere robust. Og ei evne til å skilje mellom åtak som er farlege, og åtak ein gjer klokast i å oversjå. Verda vert likevel aldri ein vilkårslaus god stad. Og spesielt ikkje den verda du møter på nettet.

Det som forundrar meg litt, er at markante feministar kan bli så provoserte av meg. Eg gjer jo eigenleg berre det dei vil at kvinner skal gjere: Eg grip ordet, eg ser verda frå min eigen ståstad og tek tidvis plass i den offentlege debatten. Men feminismen er som andre ismar, det tel ikkje kor feministisk du ter deg, om du ikkje òg går i takt.

SKAGEN: Du seier med rette at vi som skriv, må tole motbør, det er ein del av spelet i ålmenta. Men kva med dei som har livet og arbeidet sitt i faga, på universiteta og sjukehusa, og som har synspunkt som strir mot tonegjevande meiningar fremja av aktivistiske miljø?

GERHARDSEN: Noko av det som uroar meg aller mest knytt til spørsmåla om kjønnsdysfori, er at det forskingsbaserte fagfeltet får så lite merksemd og er så lite synleg. Eit par gonger har dei vore ute med kronikkar, men elles er dei berre unntaksvis kjelder når journalistane skriv. Kvifor det er slik? Eg trur dei opplever det som utrygt å ytre seg. Eg veit ikkje om dei er redde for hets, men kanskje er dei redde for at den stigmatiseringa av meiningsmotstand som transaktivistane driv med, kan skade den tilliten dei absolutt må sikre seg for å kunne hjelpe dei unge pasientane sine. Legane på Rikshospitalet er ei ynda skyteskive for aktivistane, og eg går ut frå at det er eit krevjande klima å arbeide i.

SKAGEN: Tek folk frå desse miljøa kontakt med deg om slikt som dette?

GERHARDSEN: Nokre gonger vert eg kontakta av ulike psykologar som jobbar med denne pasientgruppa. Dei skildrar i alle fall ei røynd som liknar på det eg peikar på her. Dei har svært sårbare pasientar med omfattande problem. Dei skulle gjerne vore med på å opplyse ålmenta om den kompleksiteten som ofte ligg bak kjønnsdysfori. Men dei tør ikkje. Dei er redde for at dei då vil få ein merkelapp som gjer at pasientane forsvinn. Ytringsklimaet gjer at vi som samfunn mister vesentleg kunnskap som kanskje kunne sett oss betre i stand til å gjere det rette for desse ungdomane.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Feminismen er som
andre ismar, det tel ikkje kor feministisk du ter deg, om du ikkje òg går
i takt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis