JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Motvind frå alle kantar

Når året er over, vil politikarar ha avgjort bruken av to av tre kroner på fastlandet. Vi skulle nytta om lag 250 milliardar oljekroner. No er planen 500 milliardar eller mykje meir.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
OLJELAND: Koronakrisa gjer at Noreg må bruke enormt mykje meir oljepengar enn før. Biletet er frå det nye Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

10244
20200515
10244
20200515

Statsbudsjett

jon@dagogtid.no

Revidert statsbudsjett plar vera keisame saker, der det står slikt som at salet av diesel har gått ned med 4,2 prosent, men heldigvis har salet av motorsyklar gått opp med 12 prosent, så samla får ikkje staten nokon inntektsnedgang. Dette tyder ikkje at revidert statsbudsjett er uviktig, det er faktisk særs viktig. Om ikkje Stortinget får høve til å granska utviklinga av pengebruken, verkar ikkje demokratiet som det er tenkt. Stortinget må til kvar tid vedtaka pengebruken her til lands.

Og skal Stortinget kunne vedtaka pengebruken, må regjeringa vite kor mykje pengar vi har, og komme med framlegg om kvar vi skal nytta desse pengane, og kor mykje kvar enkelt sektor bør få. Men av og til vert det normale demokratiet suspendert. Det hender helst i ein krigssituasjon. Då plar regjeringar verda over å kasta korta og berre pøsa på med pengar. Så kjem parlamenta i ettertid og seier at det heile er greitt. Det er der Noreg er no. Ingen veit, og ingen kjem til å vita på fleire år korleis koronakrisa slår ut. Som regjeringa heilt ope skriv: «Det understrekes at det er uvanlig stor usikkerhet om tallene.»

Dobla oljepengebruk

Planen var å nytta om lag 250 milliardar kroner frå Oljefondet. Pengar frå Oljefondet vert rekna som underskotsfinansiering. Den definisjonen er litt underleg, sidan vi har desse pengane i Oljefondet og dessutan har drive med underskot på basis av olje heilt sidan 1970. Rett nok greidde Gro i 1987 å driva nesten utan oljen, og det same fekk Kristin Halvorsen nesten til i 2007, då vi nytta berre 1,3 milliardar frå Oljefondet over Statsbudsjettet. I år trur Finansdepartementet at vi skal nytta om lag 500 milliardar. Eller for å vera heilt presis: «Svekkelsen i den oljekorrigerte budsjettbalansen på 239 mrd. kroner kan i sin helhet tilskrives virusutbruddet. (…) Det er utsatt eller foreslått utsatt skatteinnbetalinger tilsvarende 133 mrd. kroner, og midlertidige endringer i petroleumsskatten tilsvarende rundt 30 mrd. kroner bokført. Dessuten er det etablert nye garanti- og låneordninger med samlede rammer på 130 mrd. kroner.»

Men dette er altså «tenk på eit tal». Ingen bør vera forundra om vi har nytta 700 milliardar i staden for 500 milliardar når året er omme. Pengebruken kjem heilt an på kva slags aksept veljarane har for nye utbrot av covid-19 og kva line regjeringa legg seg på. Seinast førre veke vart to barneskuleklassar i Bærum sende heim att av di ein lærar hadde fått påvist koronasmitte. I eit slikt klima vert full arbeidsdeltaking vanskeleg. Men éin ting er det å nytta mykje pengar no, noko anna er framtida. Regjeringa seier at dei trur at den langvarige budsjettsvekkinga vert på 11 milliardar i året av di vi et så mykje av Oljefondet i år og neste år.

Mykje verre

Men i røynda vert svekkinga mykje større. Mange born og unge vil ramla ut av det vanlege samfunnet på grunn av skulestenging. Vert folk gåande arbeidslause lenge, kjem dei seg ofte ikkje attende i arbeidslivet. Arbeidsløyse fører i seg sjølv til uføretrygd for mange. Sjølv om Noreg knapt vart råka av finanskrisa, etablerte arbeidsdeltakinga seg varig på eit mykje lægre nivå. Om vi hadde hatt den same arbeidsdeltakinga i 2019 som i 2007, ville staten grovt sett hatt over 100 milliardar meir å rutta med enn han har. Dagens krise er mykje større enn finanskrisa, og vi kan trygt rekna med at konsekvensen av henne vil vera med oss i minst éin generasjon. Så ja, dette reviderte budsjettet og alle framtidige kostnader regjeringa operer med, er i hovudsak «tenk på eit tal», noko Finansdepartementet heilt ope vedgår: «Hvor dyp nedgangen vil bli, og hvor lenge den vil vare, vet vi ikke.» Men vi veit at krisa gjer oss varig fattigare.

Den manglande veksten er rett nok ikkje ny. I røynda har Noreg ikkje hatt auke i nasjonalinntekta per innbyggjar dei siste femten åra, og medianløna var i 2019 framleis litt lægre enn i 2013. Med svekkinga av krona og auka inflasjon og manglande lønsvekst i år og neste år, er det neppe ein dristig påstand å tippa at nordmenn i 2022 vil ha ein lægre levestandard enn i 2007. Noreg har vore i stagnasjon lenge, og koronakrisa har snudd stagnasjon til tydeleg nedgang. Vi veit ikkje heilt kvifor norsk økonomi går så dårleg. Men det vi kan slå fast, er 200 år med oppgang i norsk økonomi og levestandard ser ut til å ha stogga.

Litt lange liner

No plar ikkje reviderte budsjett å vera staden der regjeringa diskuterer dei lange linene, og det er heller ikkje dette budsjettet, men i det minste ser dei ut til å vera klare over at stoda ikkje er bra. Dei set difor ned eit utval som skal sjå på vegen vidare. «Noreg 2025», som utvalet heiter, vert leia av Jon Gunnar Pedersen i Arctic Securities. Han var statssekretær i Finansdepartementet frå 2013–2015. I tillegg kjem tidlegare DNB-sjef Rune Bjerke og konsernsjef Kristin Kragseth i Vår Energi, sjeføkonomane Øystein Dørum og Roger Bjørnstad i NHO og LO, og NHH-rektor Øystein Thøgersen. Dei skal fortelja regjeringa kva ho bør gjera når koronakrisa er over.

No har Erna Solberg lenge hatt for vane å laga utval. Noko av det fyrste ho gjorde i si tid, var å setja ned ein produktivitetskommisjon for å finna ut kvifor den norske produktiviteten og økonomiske veksten var så låg etter finanskrisa. Kommisjonen leverte fleire rapportar og kom med ei mengd framlegg. Så godt som alle framlegga vart ignorerte. Også utvala regjeringa sette ned for å sjå på grunnrenteskatt innan kraft og oppdrettsfisk, kom med framlegg som dei meinte ville ha auka produktiviteten og gje staten auka inntekter. Også dei utvala vart ignorerte. Om tidlegare røynsler er noko å byggja på, har Gunnar Pedersen ein tung, men uvesentleg jobb framføre seg.

Pessimisme

Budsjettet er prega av mykje pessimisme og angst for manglande konkurransekraft og omstilling. Mellom anna trur regjeringa at verksemdene vil tilpassa seg ei framtid som er meir usikker. Difor vil dei truleg byggja opp større lager og flagga heim produksjon, som regjeringa seier kan gjera verksemdene meir robuste, men mindre lønsame. På den andre sida vonar dei at den auka digitaliseringa som krisa har ført med seg, vil føra til at vi vert meir produktive. Og det kan det kanskje vera noko i. I framtida treng vi kanskje ikkje lenger forlata arbeidsplassen når vi skal i foreldremøte i kontortida til lærarane.

Kva er så hovudproblemet? Det er sparing. Vi sparar på fleire vis under ei krise. Vi skjer ned på forbruket, som regjeringa trur får ein reduksjon på åtte prosent i år. Vidare betaler vi ned på lån, sidan vi er nervøse for å mista arbeidet, og til slutt set vi pengar på bok. Regjeringa trudde at vi kom til å spara 7,5 prosent av inntekta vår i år, no trur dei talet vert 15 prosent. Heilt sidan Keynes har standard økonomisk teori vore at når privat sektor sparar, kan offentleg sektor nytta mykje meir. Og det er altså det regjeringa gjer.

Men Keynes sa også at når privat sektor sparar, bør staten nytta mykje meir for å halda aktiviteten oppe i økonomien. Men det er nett det regjeringa ikkje har gjort under koronakrisa. Ho har i praksis gjort det ho har kunne for å halda aktiviteten nede. Ja, mange har fått permitteringspengar, verksemder har fått husleigekompensasjon og kontantstøtte, og ei rekkje næringar har fått garantiar og lån. Men slikt vert det ikkje auka aktivitet av. Desse pengane hindrar i høgd konkursar og personlege tragediar. Koronakrisa er noko heilt nytt i norsk og internasjonal soge. Alle statar i Vesten gjev no folk og næringar pengar for ikkje å gjera noko.

Full sirkel

Og då er vi igjen framme der vi starta: Regjeringa veit ikkje kva tala vert og korleis norsk økonomi vil sjå ut når krisa er over. «Det er usedvanlig stor usikkerhet knyttet til anslagene for den økonomiske utviklingen både her hjemme og ute. Så lenge det ikke er en vaksine eller behandling og man ikke vet om smittede personer får varig immunitet, vil det være en risiko for nye smittebølger både i Norge og i andre land. Det kan ta lengre tid enn anslått i denne meldingen før oppgangen kommer.»

Eller det kan taka kortare tid.

Men det skal altså ikkje stå på pengebruken. I 2009, på grunn av finanskrisa, gav den dåverande regjeringa ein såkalla budsjettimpuls på 3,0 prosent av fastlands-BNP, denne gongen er impulsen på 5,1 prosent. Meininga var å stramma til i år, slik vart det ikkje. Når året er over vil den offentleg pengebruken truleg svara til to tredjedelar av verdiskapinga på fastlandet. Når staten er to tredjedelar, kan ein nesten spørja seg om Noreg er ein marknadsøkonomi. Korleis to av tre kroner skal verta nytta, vert avgjort av politikarar i år. Den reelle utgiftsveksten etter inflasjon i statsbudsjettet vert på 12,1 prosent, trur regjeringa, meininga var at veksten skulle vera på 0,8 prosent.

Kryptovaluta

Regjeringa seier at på grunn av krisa må staten vera svært varsam med auka pengebruk i åra framover, ja, ho seier at vi helst ikkje bør vedtaka noko som helst som gjev varig høgre pengebruk. Omstillinga skal koma gjennom auka kompetanse, difor vil regjeringa gje mykje meir pengar til høgre utdanning, og ho understrekar at det skal nyttast meir pengar til klimatiltak og auka grøn omstilling. Men det vi òg kan slå fast, er at budsjettet er ein fest for lobbyistar. Stortinget sette i si tid ned foten for fritak for el-avgift for kryptovaluta. I ettertid har lobbykampen vore omfemnande. No kjem regjeringa på ny med framlegget. Men kven veit, kanskje kjem utgraving av kryptovaluta godt med, sidan Enova så seint som torsdag i førre veke gav 347 millionar i subsidiar til ein ny vindkraftpark i Fitjar kommune. Dimed får Noreg endå lægre el-prisar, og utan vanleg el-avgift vert nok kryptovaluta ei ny vekstnæring.

I røynda har regjeringa no gjeve Stortinget eit budsjett som ikkje fortel det Stortinget har rett til å vita og vedtaka. Men det kan ikkje vera annleis. Koronaviruset er noko nytt, det er denne økonomiske krisa òg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Koronakrisa er noko heilt nytt i norsk og internasjonal soge. Alle statar i Vesten gjev no folk og næringar pengar for ikkje å gjera noko.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis