Jødehat og glorifisering av islamisme
LEIPZIG: Tysklands viktigaste musikkpris, Echo-prisen, er historie.
Grunnen er skuldingar om at årets prisvinnarar i kategorien hiphop målber jødehat.
Hiphopduoen Kollegah og Farid Bang (t.v.) hadde det mest selde hiphopalbumet i Tyskland i fjor, noko dei vann Echo-prisen for. Dette førte til prisens fall og debatt om antisemittisme i tyske hiphoptekstar.
Foto: Frå facebook
Tyskland
sjurhabring@gmail.com
For tyske plateartistar har han vore gull verdt kommersielt, og for vanlege musikkinteresserte ein nyttig peikepinn: Om ein CD har hatt den vesle klistrelappen med påskrifta «Echo 2018 Deutscher Musikpreis» på omslaget, har det vore det fremste kvalitetsseglet ei tysk innspeling kan ha. Slik er det ikkje lenger.
Skandalen kring Echo, prisen som sidan 1992 har vore Tysklands motstykke til den amerikanske Grammy-prisen og vår Spellemannpris, botnar ikkje berre i moralsk indignasjon. Han har òg gjort forbrukarane merksame på at ei Echo-utmerking i grunnen aldri har vore eit prov på den kunstnarlege verdien av ei plate. For i motsetnad til den tilsvarande amerikanske og norske musikkprisen har det alltid vore salstala som avgjorde kva eller kven som skulle få ei utmerking, ikkje fagjuryen.
Det var desse kriteria som førte til at årets pris i kategorien hiphop blei tildelt den omstridde rapduoen Kollegah og Farid Bang. Sidan dei hadde det mest selde hiphopalbumet i Tyskland i fjor, var det i praksis ikkje mogleg å la vere å gje dei prisen, den som førte til Echos fall førre onsdag. At prisutdelinga skjedde på jom hasjoá, den jødiske minnedagen over holocaust 12. april, gjorde ikkje saka betre. Kva er det som gjer desse hiphopartistane så kontroversielle?
Djevelsk jøde
Kollegah og Farid Bangs vinnaralbum, som har selt 200.000 eksemplar, heiter Jung, brutal, gutaussehend 3 («Ung, brutal, flott å sjå på 3»). Rapparen Farid Bang, som eigentleg heiter Farid Hamed El Abdellaoui og stammar frå Marokko, har vore i søkjelyset tidlegare for kvinnefiendslege utsegner og håning av offer for familievald. På vinnaralbumet syng han ein låt om at «kroppen min er meir muskuløs enn den til Auschwitz-fangar». Ein annan stad heiter det: «Få i gang ein holocaust igjen, kom på banen med molotoven (molotovcocktailen, ei heimelaga brannbombe, red. merk.).»
Farid Bangs kollega, som går under artistnamnet Kollegah, heiter eigentleg Felix Blume. Han har tysk-kanadisk bakgrunn og konverterte til islam som tenåring. Eit av ankepunkta mot Blume er ein musikkvideo der han nyttar seg av antisemittiske klisjear: Ein djevelsk utsjåande mann med davidsstjernering på fingeren spelar rolla som bakmann for ei løynd internasjonal banksamansverjing.
Slag i andletet
Den internasjonale Auschwitz-komiteen kalla prisutdelinga «eit slag i andletet for alle holocaustoverlevande og ei skam for Tyskland». Og den tyske utanriksministeren Heiko Maas uttalte på twitter at «antisemittiske provokasjonar ikkje fortener prisar, dei er motbydelege», og at «når ein slik pris blir utdelt på minnedagen over holocaust, er det skammeleg».
Ei rekkje tidlegare prisvinnarar har no gjeve attende prisane sine, mellom dei den tysk-russiske stjernepianisten Igor Levit og den argentinske-israelske pianisten Daniel Barenboim, Statsoperaen i Berlins sjefdirigent. Til Süddeutsche Zeitung seier han at hiphopduoen uttrykkjer menneskeforakt, og at «me må stå samla mot slike røyster og ikkje legitimera dei gjennom å pryda dei med utmerkingar». Også latviske Mariss Jansons, som var sjefdirigent for Oslo Filharmoniske Orkester gjennom heile 1980- og 1990-åra, har distansert seg frå prisen.
Pisk med beltet
At reaksjonane er så harde, må delvis skjønast ut frå den stemninga som har prega det tyske nyhendebiletet siste månaden: Det har vore fokus på antisemittiske overfall på jødar i Tyskland der gjerningsmennene har hatt muslimsk bakgrunn. Hendinga som vekte størst oppsikt, var den som gjekk føre seg på open gate i Berlin i midten av april, og som blei filma av offeret: Med beltet sitt piskar ein ung syrar laus på ein tilfeldig israelar som ber den jødiske kalotten kippa. Åtaket førte til at Zentralrat der Juden in Deutschland, den tyske paraplyorganisasjonen for jødiske organisasjonar, åtvara jødar i Tyskland mot å nytta kippa i tyske storbyar.
«Attende som import»
Klimaskiftet i debatten om antisemittiske brotsverk, som sjølvsagt er eit betent tema i Tyskland, er merkbart. Det er blitt lettare å tala om jødehat ikkje berre som eit generelt problem hjå tyskarar, men spesielt hjå tyskarar med muslimsk bakgrunn. Og det er kome krav om ein meir nyansert kriminalstatistikk når det gjeld denne typen brotsverk, der den etniske og religiøse bakgrunnen til overgriparane blir tematiserte.
Eit uttrykk for dette er ein kommentarartikkel som er ført i pennen av den mangeårige sjefredaktøren og utgjevaren av vekeavisa Die Zeit, Josef Joffe, som sjølv har jødisk bakgrunn. Han konkluderer: «Den klassiske antisemittismen blei oppfunnen i Europa. Tyskarane har drive han ut hjå seg. No kjem han attende som import.» Eit anna døme er intervjuet Süddeutsche Zeitung hadde med Felix Klein, nyutnemnd spesialutsending i antisemittismespørsmål frå den tyske forbundsregjeringa, der han erklærer at kriminalistikken på området ikkje held mål: «Når det blir gjort ‘hitlerhelsing’ på ein arabiskorganisert demonstrasjon, blir det registert som høgreradikalt. Dette er openbert feil. Det må registrerast som muslimsk motivert antisemittisme.»
Battlerap
Attende til hiphopen: Er tekstane til Kollegah og Farid Bang representative for det som går føre seg på tyske rapscener? Echo-prisens etikkråd, som på førehand handsama priskandidatane, såg ikkje grunn til å stengja duoen ute frå konkurransen. Dei la vekt på ytringsfridomen og at provokasjonar er eit essensielt stilmiddel i hiphop.
Om det harde språket i såkalla «battlerap», der rapparar improviserer nedsetjande tekstar om kvarandre, ytra den israelske rapparen Ben Salomo seg i Frankfurter Allgemeine Sonntagszeitung førre sundag. Salomo, som er den einaste store jødiske rapparen i Tyskland, er samd i at fælslege fornærmingar er eit sjangereige stilmiddel i battlerap – det er ein kamp der våpena er rim og rytme, og han har aldri vore politisk korrekt. Omgrep som «skittyrkar» og «jødepakk» er vanlege, og om Salomo som israelar blir møtt med frasar som «til slutt hamnar du i omnen att», kan han gje att ved å kveda: «Pass deg medan eg bombar deg, eg er den fyrste jøden som kryp ut att or omnen!»
Brutalisert ungdom
Er slike raptekstar farlege, eller er dei berre er eit uttrykk for viljen til å bryta tabu? Salomo svarar at han før har tykt at dette var greitt «så lenge det som blei sagt på scena, blei verande på scena og ein tok kvarandre i hendene etterpå». Men no har han endra syn: «Spørsmålet om tekstane er ufarlege, blir i grunnen svara på kvar dag. Dei fører handling med seg, for ungdomane som lyttar til musikken, blir brutaliserte og mister hemningar. Jødiske elevar på tyske skular blir banka opp, og om du ber kippa, risikerer du beltepryl.»
Den tyske hiphopen er like antisemittisk som den høgreekstreme rocken, noko det tyske hiphopmiljøet nektar å innsjå, hevdar Salomo, som sjølv opplevde å bli fysisk mishandla av tyrkiske og arabiske medelevar då han gjekk på skule i Berlin. I april kunngjorde han at han sluttar som rapartist i protest mot at korkje bransjen eller fagpressa problematiserer jødehatet og glorifiseringa av islamisme og terrorisme i det tyske rapparmiljøet. På grunn av det auka presset han som jøde opplever, vurderer han å flytta attende til Israel.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Den klassiske antisemittismen blei oppfunnen i Europa. Tyskarane har drive han ut hjå seg. No kjem han attende som import.»
Josef Joffe, tidlegare sjefredaktør i Die Zeit
«Den tyske hiphopen er like antisemittisk
som den høgreekstreme rocken.»
Ben Salomo, tysk-israelsk rapartist
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.