Når Gud står til høgre
– Eg trur dei fleste kristne vil svare at dei søv betre om natta med ei blå-blå regjering, seier leiar i Oslo Symposium, Bjarte Ystebø.
Frir kristenkonservative til FrP? Sylvi Listhaug (Frp) talte på konferansen Oslo Symposium 3. mars. Foto: Marion Haslien
Samtalen:
Bjarte Ystebø, assisterande redaktør i Norge i DAG, KrF-politikar og leiar av Oslo Symposium
Aktuelt:
Oslo Symposium blei
halde førre veke

redaksjonen@dagogtid.no
Den 3. mars gjekk Oslo Symposium – ein kristen konferanse som blir arrangert kvart valår – av stabelen. Talelista var tungt representert av politikarar frå høgresida. I etterkant blei symposiet kritisert i media for å vere ekskluderande og splittande. Også Dagen-redaktør Tarjei Gilje åtvara symposiet mot å bli eit ekkokammer. Den nemninga oppfattar leiar Bjarte Ystebø som eit skjellsord:
– Formålet er å løfte fram kva kristendommen tyder for det norske samfunnet. Venstrepolitikarar blei ikkje inviterte denne gongen, fordi vi ville sende eit signal om at vi ønskjer at eit ikkje-sosialistisk fleirtal skal gje ei ikkje-sosialistisk regjering. Men venstrepolitikarar vil bli invitere i framtida, seier han.
– Kvifor vil du blande religion og politikk?
– Kristendom og politikk har alltid høyrt saman, både i kampen mot nazismen, apartheid, antisemittisme og sekulær-fundamentalismen. Det står eit viktig slag om trusfridom for kristne i Noreg no, men det er samstundes viktig å ikkje føre politikken inn i kristendommen. Det handlar om den kristne bodskapen om frelse, tilgiving og fellesskap med Gud, personlege spørsmål som bør vere åtskilte frå politikk.
– Integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) fekk trampeklapp på symposiet. Går kristenfolket mot høgre?
– Oslo Symposium handlar om verdispørsmål som har politiske konsekvensar. Vi søker alliansar der vi kan finne det, og i nokre saker er Frp ein god alliert. Det viktigaste slaget for kristenfolket i denne generasjonen er å kunne oppdra barn i kristen tru. Sidan 1950-talet har fiendskapen mot kristendommen berre tiltatt. Vi kan leve med mykje av det venstresida gjer, men vi treng at kristendommen si tyding blir anerkjend. I den kristne grasrota er det ingen tvil om at kristne har gått til høgre. Men det er også meir polarisert, fordi fleire også har gått til venstre. Det nye er at høgresida har begynt å gje lyd frå seg. Eg hadde nok ikkje fått sette opp Oslo Symposium i 1995.
– Du har sagt at venstresida er den politiske hovudmotstandaren for kristenfolket. Er kristne i Noreg politisk delte?
– Under den raudgrøne regjeringa opplevde vi som kristne å bli jakta på. Frelsesarmeens ungdomsarbeid fekk beskjed om ikkje å ta imot statsstøtte med mindre dei endra teologien sin, og det blei diskutert å kutte obligatoriske skulegudstenester. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har derimot sagt at dette er ein naturleg del av norsk skule. Det ligg i venstresida si makt å ta eit oppgjer med sekulærfundamentalismen, då vil kristenfolket sjå meir til venstre. Men så langt trur eg dei fleste kristne vil svare at dei søv betre om natta med ei blå-blå regjering.
– Men står ikkje Frp (og Høgre) for mange politiske synspunkt som er i utakt med kristne verdiar? Til dømes innan abort, bistand og alkoholpolitikk?
– Det er riktig, men det er også meir nyansert enn som så. Eg er for restriktiv alkoholpolitikk og smartare bistand. Men bistandsdebatten i Noreg er ikkje spesielt intelligent, og som kristne ligg det i vårt kall å hjelpe, men det er ikkje gitt at det å hjelpe skal gå gjennom staten. Eg skulle sjølvsagt ønske at høgresida gjekk klart imot abort og kjønnsnøytral ekteskalsvigsel, men på dei områda venstresida og høgresida er like ille, må vi orientere oss mot dei sakene vi er samde om.
– Du har tidlegare uttalt at Noreg er bygd på judeokristne verdiar. Kva legg du i det?
– Det er eit internasjonalt uttrykk som seier at demokrati, ytringsfridom og religionsfridom, eller alt som er knytt til eit velfungerande samfunn, stammar frå jødisk og kristen tradisjon. Det er dette som har prega den vestlege verda. Dei landa som er bygd på andre grunnvollar enn kristendom, har ikkje hatt den same suksessen. Islam som kulturbyggande religion har nok ikkje imponert nokon. Det er ein grunn til at folk frå muslimske land flyktar til den kristne verda.
– Kva har kristenkonservative i Noreg til felles med Trump-tilhengarar?
– Eg vil ikkje seie at han er ein typisk kristenkonservativ. Eg vil tru vi har litt til felles med kristenkonservative i USA, i alle fall ein felles idé. Values Voters Summit inspirerer oss, det er ei stor rørsle som kjempar for kristne verdiar i USA.
– Bør ikkje kristendommen modernisere seg, i takt med samfunnsutviklinga?
– Nei, eg trur ikkje det behovet er så påtrengande. Kristendommen har noko å tilføre samfunnet, og det går no tapt i vår tid. Kristendom er under angrep både frå innsida, med dei som vil vatne ut religionen, og utanfrå, med dei som vil presse oss til å teie eller samtykke. Med aukande sekularisering blir det verre.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Eg hadde nok ikkje fått sette
opp Oslo Symposium i 1995.»
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.