JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

NaturSamfunn

Eit land for ulv og eit land for sau

Haldningane til ulv er nær identiske i Noreg og Sverige. Så kvifor har ulvepolitikken då utvikla seg i så ulik retning?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sverige og Noreg deler den same ulvebestanden, men forvaltar dyra på kvar sin måte.

Foto: Heiko Junge / NTB

10685
20220114
10685
20220114

ULV

christiane@dagogtid.no

For ein del år sidan gjekk norske og svenske forskarar saman for å undersøke og samanlikne kva syn nordmenn og svenskar har på ulv i naturen*. 

Resultatet var så likt at ein skulle tru undersøkinga var gjort i same land, med den same kulturen, med dei same næringane og føresetnadene. 

Sjå berre på desse tala: I område med rovdyr oppgav 24 og 27 prosent i høvesvis Sverige og Noreg at dei mislikte eller sterkt mislikte ulv. Talet på dei i rovdyrområde som likte å ha ulv, eller likte det godt, var nøyaktig 54,3 prosent i begge land.

I område utan rovdyr var svenskane hakket meir positive til ulv enn nordmenn, men tendensen er den same. 71,5 prosent av svenskane her sa at dei likte godt eller svært godt å ha ulv i landet, mot 64,2 prosent av nordmennene. Dei som mislikte, eller sterkt mislikte å ha ulv, utgjorde i område utan rovdyr høvesvis 14,6 og 10,6 prosent i Noreg og Sverige.

Striden liknar

Tala fortel oss at vi svenskar og nordmenn har eit likare syn på ulven enn det ulvetalet og ulvepolitikken kunne tyde på. For medan Noreg har ei ulvesone som utgjer 5 prosent av landarealet, har Sverige inga slik sone. Medan Noreg har eit bestandsmål på minimum og maksimum fire–seks ulvekull per år, der tre av dei skal ha tilhald berre i Noreg, har Sverige forplikta seg overfor EU til å verne om minst 300 ulvar. 

Realiteten i skogane er at det i Sverige vandrar nærmare 400 ulvar, medan talet i Noreg, grovt rekna, er mellom 50 og 100. 

Dette er altså situasjonen trass i at ulven er ein art som vekkjer sterke kjensler og splittar folk, både aust og vest for riksgrensa. Det finst mange felles symptom på konflikten, men her er nokre av dei:

I begge landa har det heilt sidan den noverande fellesskandinaviske ulvebestanden vaks fram i 1980-åra, versert forteljingar om at ulvane ikkje vandra hit på eigne bein, men vart sette ut av menneske.

I begge landa vert den ulovlege jakta rekna som omfattande. 

I begge landa har ulveskeptikarar låg tillit til miljøstyresmaktene. 

I begge landa vert lisensfelling møtt med protestar frå miljørørsla og aktivistar i skogane. 

I begge landa står argument om livskvalitet på bygda, vern av beitedyr og jaktrettar mot argument om naturmangfald og internasjonale juridiske plikter. 

Bygda og Brussel

Haldningane liknar. Konfliktnivået liknar. Ulvebestanden er nett den same, med det same vekstpotensialet og den same sårbare genetikken. Ulven er verna, her som der. Så kva er då forklaringa på at ulvepolitikken har utvikla seg så ulikt?

Dag og Tid har søkt svar og tør oppsummere dei i to hovudpunkt som vil verte utdjupa:

Ulik distriktspolitikk opp gjennom historia.

Ulikt band til EU. 

To ytterpunkt

– Ulven har av historiske og politiske grunnar fått ein mykje meir sentral plass i rikspolitikken i Noreg enn i Sverige, fordi dei norske distrikta, og særleg næringane, står så mykje sterkare politisk her enn dei gjer i Sverige, seier Ketil Skogen, sosiolog og seniorforskar ved Norsk institutt for naturforskning (NINA).

Sjølv om Noreg og Sverige er samfunn med mange likskapar, gjeld ikkje det i distriktspolitikken, påpeiker han.

– Distriktspolitisk har Noreg og Sverige vore ytterpunkta i Europa. Sverige gjekk systematisk inn for sentralisering i 1950-, 60- og 70-åra, for å byggje opp industrien i Sør-Sverige og i urbane område. I Noreg har politikarane prøvd å halde folk der dei er, mellom anna ved å subsidiere ulike former for landbruksproduksjon som ikkje er lønsame i dei fleste land. Sau på utmarksbeite er éi slik verksemd, som har eksplodert etter omlegginga av landbrukspolitikken kring 1970.

Sau på utmark

Medan eit fåtal svenske bønder har beitedyr på utmark, vert nærmare to millionar sauer og lam sleppte på utmarksbeite i Noreg kvar vår. Det gjer at rovdyr får eit langt større skadepotensial i Noreg enn hos söta bror, der dei kan konsentrere seg om å verne den samiske reindrifta.

Slik Skogen ser det, har landbruksorganisasjonar i Noreg i stor grad fått setje agendaen i ulveforvaltninga, til dømes med innføringa av ulvesona, som er oppretta for å nå ei todelt målsetjing: å verne om både ulv og beitedyr.

– Streifdyr som ganske regelbunde har vandra vestover og nordover, har gjort ganske stor skade, sjølv om det berre er ein og annan ulv. Så det er eit potensial for skader for beitenæringa om ulven får spreie seg meir. Men omsynet til beitenæringa har også ein annan konsekvens, nemleg at vi har ei trong ulvesone, der det er tettare med ulv enn nokon stad i Sverige, fordi dei vert pressa saman på eit så lite område. Den kjensla enkelte i ulvesona har av å leve i eit ulvereservat, er ikkje ugrunna, seier Skogen. 

Ein utilsikta konsekvens av landbrukets politiske påverknad, er dermed også at jegerar i ulvesona får større problem enn om ulven kunne spreie seg i fleire område, legg han til. 

Ulv konkurrerer som kjent med jegerane om elgen, og ulven tillèt ikkje alltid hundane deira inn i reviret utan kamp. 

Takkar for tilskotet

Og korleis ser den norske politikken ut i auga til ein svensk biolog og ulveforskar?

– Det er ikkje oppgåva mi å meine noko om kvifor politikken har utvikla seg ulikt, men eg trur det har å gjere med at distrikta utgjer ein sterkare politisk kraft i Noreg enn i Sverige. Ulvekritikarane i Sverige har ikkje den same politiske krafta, seier Olof Liberg ved Sveriges lantbruksuniversitet, før også han peiker på den store forskjellen mellom svensk og norsk utmark: nemleg at det i Noreg går sau på utmarksbeite.

– Kor viktig er den norske delen av ulvebestanden for den totale fellesskandinaviske bestanden?

– Den skandinaviske bestanden skulle klare seg også utan den norske. Han er eit tilskot, og vi takkar for det, men den svenske politikken er utforma slik at vi skal kunne klare oss utan. Ifølgje EU må vi i Sverige ha ein eigen livskraftig stamme. Vi kan ikkje bruke ulv i Noreg som argument overfor EU.

– Er ikkje det merkeleg når vi har ein felles bestand?

– Jo, det har vore diskutert ein god del. I EU er det ulike syn, og EUs arts- og habitatsdirektiv er ikkje krystallklart på det punktet. I ein forskingsrapport frå 2015 om kva som vil utgjere ein livskraftig stamme, skreiv vi som var forfattarar at det ville vore bra med 340 ulvar, og at om Noreg hadde 40, kunne vi i Sverige klare oss med 300. Den einaste måten å finne ut kva som gjeld i EU, er å prøve det i EU-domstolen.

Eit gunstig nivå

EU, ja. Medan Noreg er internasjonalt forplikta til å verne ulven i samsvar med Bernkonvensjonen for vern av ville europeiske plantar og dyr, er Sverige i tillegg forplikta i samsvar med EUs arts- og habitatsdirektiv. Det gjer at Sverige stadig må kunne dokumentere at dei held ulvestammen på eit gunstig bevaringsnivå.

Marte Conradi, som har jobba mykje med ulvesaka i WWF Verdens naturfond, meiner at hovudårsaka til at svensk og norsk politikk er så ulik, rett og slett er Sveriges EU-medlemsskap. For sjølv om ordlyden i Bernkonvensjonen og EU-direktivet er relativt lik, er oppfølginga langt strengare i EU enn i den permanente komiteen som er sett til å følgje opp Bernkonvensjonen.

EU-kommisjonen har til dømes retta kritikk mot svensk bruk av lisensjakt for å regulere bestanden.

– Den permanente komiteen er basert på diplomati og på å finne løysingar i fellesskap. I EU har ein EU-domstolen, som vert brukt på ein heilt annan måte, seier Conradi.

Skogen ser det på same måte.

– Eigentleg skal Bernkonvensjonen ivareta det same som EU-direktivet. Og EU-direktivet byggjer på Bernkonvensjonen på same måte som naturmangfaldsloven også gjer det. Men med Bernkonvensjonen følgjer det ingen domstol som EU-domstolen. Det er opp til kvart enkelt land å tolke konvensjonen sjølv. Det er ikkje mogleg i EU.

Misunning i «glesbygda»

Og korleis ser den norske politikken ut, sett frå perspektivet til ein ulveskeptikar i dei tynt folkesette glesbygderna i Sverige?

– Her i Sverige er ein litt misunneleg på den norske distrikts­politikken, seier Gölin Carina Christiansen, som leier organisasjonen Ny rovdjurspolitik. 

Ho oppfattar den svenske politikken som kjensledriven og kunnskapslaus.

 – Vi har ei bybefolkning som byggjer meiningane sine på urbane mytar og kjensler. Ulven står for noko dei har tapt, og berre det å vite at det finst ulv i skogen, kompenserer for den manglande kontakten dei har med naturen. På den andre sida føler distriktsbefolkninga seg pressa av rovdyr og ulv, er redde for dyra sine og får dårleg psykisk helse. Det er ein manglande respekt for livsstilen på landsbygda, seier ho.

Organisasjonens mål er å få talet på ulv ned til 270, som var målet Riksdagen sette då saka sist stod på dagsordenen i 2013.

– Så de har ikkje ein nullvisjon?

– Eg trur ikkje det standpunktet er politisk gangbart. Vi kan ikkje seie null, men kanskje vi kunne følgje Riksdagen. No kjenner folk at det ikkje er eit folkestyre, og det utvidar kløfta mellom by og land.

Eg spør Ketil Skogen kvifor Noreg, om vi ser bort frå dei juridiske pliktene, skal ha ulv, når Sverige i grunnen tek ansvaret for bestanden. 

–  Fordi vi står i ei naturkrise, slik vi stadig vert mint om. Og fordi det norske folket vil ha ulv. Ganske mange er også viljuge til å ha han der dei sjølv bur. Det gjeld også dei som bur i ulveområde, sjølv om det er litt færre der som er entusiastiske. 

NB! Torsdag og fredag denne veka er det lagt opp til munnlege forhandlingar mellom staten og tre organisasjonar – Foreningen Våre Rovdyr, Noah For Dyrs Rettigheter og stiftelsen WWF Verdens naturfond – i Oslo Tingrett. Saka gjeld årets lisensfelling på ulv i ulvesona, som skulle ha starta 1. januar. Klima- og miljødepartementet har tillate at fire flokkar i ulvesona kan fellast, men miljøorganisasjonane meiner jakta bryt med lova og må stoppast. Av tidsomsyn stoppa tingretten jakta mellombels den 30. desember. Oslo tingrett slo i fjor sommar fast at eit liknande lisensfellingsvedtak frå 2019 på ein flokk i ulvesona var ugyldig, men staten har anka saka, og til sommaren skal ho opp til ny behandling i lagmannsretten. Til saman har staten i år tillate felling av 25 ulvar innanfor ulvesona og 26 utanfor. Også Sverige har tillate lisensfelling i år, på totalt 33 dyr. Der er jakta i full gang.

*Funna er henta frå artikkelen «Approval of Wolves in Scandinavia: A Comparison Between Norway and Sweden» av forskarane Olve Krange, Camilla Sandström, Torvald Tangeland og Göran Ericsson, publisert i Society and Natural Resources i 2017.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Her i Sverige er ein litt misunneleg på den norske distriktspolitikken.

Gölin Carina Christiansen, 
leiar i Ny rovdjurspolitik

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.

Foto: Dagfinn Nordbø

MatFeature
Dagfinn Nordbø

Finaste finnbiffen

«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis