JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Nedgraderte dokument kastar eit nytt og grelt lys over politiets arbeid for å finne ut kven som skaut William Nygaard i 1993.

Tabbane er så mange at det knapt er til å fatte, skriv Odd Isungset om terrorsaka som no i haust er tatt opp att for andre gong.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forlagssjef William Nygaard blei skoten og alvorleg såra utanfor heimen sin i Dagaliveien. Her held politiet pressekonferanse med ein dyster etterforskingsleiar Leif A. Lier (frå venstre), kriminalsjef Truls Fyhn, informasjonssjef Per Jarle Hellevik og politimeister Willy Haugli.

Foto: Rune Petter Næss / NTB

25153
20241115

Odd Isungset

Odd Isungset er frilansjournalist og forfattar.

Han har arbeidd som journalist for NRK og TV 2.

Han har skrive bøker og laga dokumentarfilmar om Nygaard-saka i over 30 år. Ein av filmane førte til at saka vart teken opp att i 2009.

I dag, 15. november, får han Ossietzkyprisen av Norsk PEN «for sin utrettelige journalistiske innsats i William Nygaard-saken».

redaksjonen@dagogtid.no

29. juli beordra Riksadvokaten Kripos til å etterforske Nygaard-saka på nytt. Politiet blir pålagt å gjere alt dei kan for å få avhøyrt og eventuelt arrestert ein iransk diplomat og ein libanesisk statsborgar som blei sikta i 2018. Kripos blir òg pålagt å gjere nye forsøk på å avhøyre ein norskpakistansk våpeneigar som drog til Iran dagen etter drapsforsøket.

Riksadvokaten kjem med beordringa fordi saka er mangelfullt etterforska, og fordi det er ein grunnleggande hovudregel i alle kriminalsaker at det blir gjort forsøk på å avhøyre dei som er sikta.

I omgjeringsvedtaket står det òg at det er heilt nødvendig å avhøyre den norskpakistanske våpeneigaren, Ali, som reiste til Iran, før saka kan bli avslutta.

Kva Kripos kan få til no, er høgst uvisst. I løpet av dei siste månadene har det ikkje akkurat blitt enklare å få til avhøyr i Teheran eller Beirut. Politiet kan heller ikkje bruke maktmiddel i håp om å få til eit avhøyr av Ali, ettersom saka mot han er forelda.

«I eigenrapporten blei det tolka som at Hizbollah var eit stadnamn.»

Urovekkande innblikk

Drapsforsøket i Dagaliveien for 30 år sidan skaka det norske samfunnet. Men kven var det som låg i krattet ovanfor huset til forleggaren med revolver 11. oktober 1993? Og ikkje minst, kven hjelpte til? Var det verkeleg sant at den iranske ambassaden i Oslo medverka til eit drapsforsøk på norsk jord?

William Nygaard var ikkje eit sekund i tvil om at attentatet kom av rolla hans som utgivar av Salman Rushdies roman Sataniske vers. Men etterforskingsleiar Leif A. Lier avviste gong på gong at politiet hadde noko hovudspor. Han hevda at det var pressa som hadde skapt Rushdie-sporet.

I mai nedgraderte statsadvokaten fleire dokument som gir oss eit urovekkande innblikk i det svake politiarbeidet. Dette er etterretningsrapportar frå dåverande PST, der vi kan lese om alle spora som peika mot den iranske ambassaden og Hizbollah. Vi kan òg lese om korleis rapportane blei neglisjerte, og korleis sentrale tips ikkje blei følgde opp.

(Nedst i saka finn du ei tidslinje)

Manglande avhøyr

Kripos avslutta i fjor haust den rekordlange etterforskinga av attentatet og sende dokumenta over til påtalemakta. Det neste halvåret brukte statsadvokat Lars Erik Alfheim mesteparten av arbeidstida på å finstudere det skriftlege materialet. 9. april i år orienterte han William Nygaard og bistandsadvokaten hans om kva han hadde kome fram til. Konklusjonen var at politiarbeidet var prega av så mange manglar at han ikkje såg nokon annan utveg enn å legge bort saka.

Men samtidig gjorde han noko uvanleg. I eit to timar langt møte med Nygaard og bistandsadvokat Halvard Helle fortalde han detaljert om etterforskinga. Han snakka om spora som peika mot Iran, og om indisia som peika mot dei tre som har vore sikta, og leverte eit 24 sider langt tettskrive notat til Nygaard og advokaten hans.

Alfheim hadde ikkje noko imot at media fekk tilgang til dokumentet. Eg sat på gangen og venta i spenning. Det var ingen andre journalistar der enn eg og NRK-fotografen. Kunne vi no endeleg få vite kva som låg til grunn då Kripos i 2018 sikta ein iransk diplomat for medverknad til drapsforsøk på norsk jord?

Ville vi få vite meir om kvifor kriminalsjefen i 1998 plutseleg sleppte norskpakistanaren Ali fri utan at han blei avhøyrd?

Og ville vi få vite meir om mistanken mot Hizbollah?

Eg blei overraska. Gjennomgangen var uvanleg detaljert. På side etter side var det nye detaljar om alt som hadde gått gale. Det handla om spor som ikkje var etterforska, avhøyr som ikkje var gjorde, tvilsame forhøyrsmetodar og svakt juridisk og taktisk politihandverk.

William Nygaard var skaka. No fekk han stadfestingane: Kripos hadde ikkje gjort noko forsøk på å avhøyre dei to som blei sikta rett før saka blei forelda i 2018. Kripos hadde ikkje fått til noko avhøyr med ein sentral avhoppar frå det iranske regimet, sjølv om han i eit NRK-intervju hadde sagt at han visste kven som gav ordre om attentatet. Kripos hadde ikkje makta å avhøyre Ali, som bur i ein by utanfor Oslo.

Det siste var det mest urovekkande. For det var nettopp den mystiske lauslatinga og dei manglande avhøyra av Ali etter ein nøye planlagd arrestasjon i 1998 som førte til at saka første gong blei tatt opp att i 2009.

Libanesarsporet

Eg finlas dokumentet. Det som på juridisk språk blir kalla eit påteikningsark, var oppsiktsvekkande både i form og i innhald. Det kan lesast som ein granskingsrapport og inneheld sterke formuleringar om mogleg straffskuld.

Statsadvokaten slår eintydig fast at drapsforsøket kom på grunn av dødsdommen over forfattaren Salman Rushdie, som Irans åndelege leiar ayatolla Khomeini proklamerte i 1989. Fatwaen omfatta òg forleggarar og omsettarar som medverka til å gi ut romanen Sataniske vers. Alfheim skriv at saka difor er ekstra alvorleg, fordi det dreiar seg om eit åtak på sentrale samfunnsverdiar.

Men resten av dokumentet skildrar eit politiarbeid som står i sterk kontrast til denne erkjenninga. I avsnitt etter avsnitt kan vi lese kor dårleg tips og spor som indikerte at den iranske staten stod bak terrorhandlinga, blei etterforska og følgde opp.

Ayatolla Khomeini kunngjorde 14. februar 1989 ein dødsdom over forfattaren Salman Rushdie og alle som hadde medverka til å gi ut romanen han meinte var blasfemisk. «Eg ber alle rettruande muslimar om å likvidere dei raskt, kvar dei enn måtte finne dei», sa han i ein radiotale.

Foto: Billedsentralen / NTB

Den mest symboltunge detaljen handlar om handteringa av opplysningar om at det kunne vere folk med tilknyting til Hizbollah som hadde utført udåden. Ifølge dokumentet fekk etterforskingsleiar Leif A. Lier tips om dette alt seks dagar etter attentatet. Tipsaren var ein kjend torpedo som tidvis hadde jobba for den iranske ambassaden.

Men torpedoen blei ikkje avhøyrd. Etterforskingsleiaren skreiv ingen rapport eller logg. Først fleire dagar seinare skreiv han opplysninga inn i botnen av eit dokument som blei arkivert i ein ringperm som heitte «Bilsporet». Det var ei mappe som handla om bilane som politiet sjekka ut av saka. Eitt av køyretøya var ein Range Rover som tipsaren sjølv eigde.

Statsadvokaten er finurleg i sin kritikk av dette. «Opplysningen dukket opp ’nærmest i en bisetning’», skriv han, og siterer ordrett frå politidokumentet der Leif A. Lier skriv: «NN kontaktet meg første gang mandag 18.10 hvor han mente at han hadde opplysninger om drapsforsøket på William Nygaard. Han mente det kunne være libanesere som hadde utført dette.»

Meir enn desse to setningane står det ikkje. Tipset blei ikkje følgt opp.

Faksimile av ein anonymisert eigenrapport som Leif A. Lier skreiv etter at ein tipsar namngav to gjerningsmenn. I rapporten står det at dei kom frå ein plass i Libanon som heitte «Hisbuhla».

«Hisbuhla», eit stadnamn

Eg tenkte først at den mangelfulle journalføringa kunne vere ein glipp i ein travel politikvardag. Men så las eg Alfheims omtale av nok ei historie om Hizbollah. Denne var langt meir alvorleg, og no i haust har eg fått utfyllande detaljar som gjer at eg kan presentere nye opplysningar i Dag og Tid.

Torpedoen tok nemleg ny kontakt med Leif A. Lier i februar 1994, fire månader etter drapsforsøket. No namngav han to libanesarar – ein skyttar og ein medhjelpar. Han hevda at dei to oppheldt seg i den iranske ambassaden både før og etter attentatet.

Men heller ikkje denne gongen blei han formelt avhøyrd. Det han fortalde, blei i staden referert i ein eigenrapport. Rapporten er påført Liers initialar, LAL, og her blir dei to libanesarane skildra på denne måten: «Den ene het XX, 175 cm, kraftig, negerkrøllet hår. Fra Hisbuhla, Libanon. Den andre het YY, 23 år, fra Hisbuhla i Libanon. Over 180 cm, tynn, nyfrisert.»

Tipsaren hadde altså namngitt to gjerningsmenn og fortalt at dei kom frå Hizbollah. Men i eigenrapporten blei det tolka som at Hizbollah var eit stadnamn, skriv statsadvokaten.

Hizbollah var på denne tida kjend for å ha utført fleire drap på iranske opposisjonelle i Europa på oppdrag frå Iran.

Alfheim skriv at han er overraska over den manglande interessa for tips og opplysningar om dette: «Det kan se ut som at de som satt med etterforskningsansvaret ikke var oppdatert eller interessert i dette sporet», skriv han.

Statsadvokaten er svært kritisk til den utstrekte bruken av eigenrapportar som prega etterforskinga. Han skriv at stadnamnfeilen kunne vore unngått dersom politiet retta seg inn etter grunnregelen om formelle avhøyr og referat som blir lesne gjennom og signerte.

«Det er uheldig at det ikke er gjennomført et formelt avhør hvor detaljer, stavemåter og presiseringer ble gjennomgått for å få utdypende informasjon.»

Var det verkeleg så ille?

Eg gnei meg i auga. Var det verkeleg sant at etterforskinga blei leia av ein mann som trudde «Hisbuhla» var ein landsby i Libanon? Og var det ingen andre i teamet som hadde lese og sett spørsmålsteikn ved det som stod i eigenrapporten?

Eg dreg heim til Leif A. Lier. 85-åringen avviser kritikken.

– Vi brukte ofte samtaler og eigenrapportar som metode på 1990-talet. Eg har løyst mange saker på den måten, og metoden var godkjend av dåverande riksadvokat, seier den tidlegare etterforskingsleiaren.

Han vedgår at han ikkje kunne noko om Hizbollah i 1993, og han legg til at det heller ikkje var mange andre som gjorde det.

– Så det kan godt hende at eg trudde det var eit stadnamn.

Han opplyser samtidig at han ikkje kjende til Rushdie, og at han ikkje visste at Nygaard var utgivaren av Sataniske vers.

– Vi kunne altfor lite om namn og organisasjonar på den tida. – Vi har alle gjort våre feil, og det får vi berre beklage.

I 1992 dukka forfattaren Salman Rushdie uventa opp på Aschehougs hagefest. For første gong etter fatwaen i 1989 møtte han ein regjeringsrepresentant.

Foto: Morten Holm / NTB

«The main target»

Mitt arbeid med denne saka starta heilt tilfeldig i 1989. Som ung Dagsnytt-reporter blei eg send ut for å dekke møtet i Det islamske forsvarsrådet. Rådet bestod av ei rekke imamar som skulle finne ut kva dei kunne gjere for å hindre at Sataniske vers kom ut på norsk. Nokre dagar seinare gjekk 3000 muslimar i tog gjennom Oslos gater med krav om å forby boka.

Aschehoug forlag svarte med å framskunde publiseringa. Fire år seinare blei forlagssjefen skoten.

Biletet viser døra William Nygaard kom ut om morgonen 11. oktober 1993. Han gjekk mot bilen rundt hjørnet, men ein mann venta i krattet ovanfor (t.h.) med ein revolver ladd med ekspanderande ammunisjon.

Foto: Politiet

Eg var vaktsjef i TV 2-nyhetene den dagen, og eg hugsar kor sjokkerte vi var over tanken på at skota kunne ha kome på grunn av bokutgivinga. Men det eg hugsar best, er pressekonferansen på Sunnaas sjukehus i desember 1993, då Nygaard for første gong snakka om attentatet. Han vende seg mot journalistane og spurde retorisk om det var nokon der som trudde at den iranske ambassaden ikkje var innblanda.

Nokre år seinare reiste eg til Iran for å gjere intervju til eit dokumentarprogram om attentatet. Eg var overraska då eg brått fekk visum og ein avtale med direktøren i det iranske utanriksdepartementet, Ebrahim Rahimpour. Eg trudde kanskje det var eit forsonande trekk etter at landet hadde fått ein meir liberale president. Men slik var det absolutt ikkje. «Mr. Nygaard», sa han, «he is not so important.» Så stira han inn i kameraet og sa: «But the main target is Salman Rushdie. If he is going to be die, it will solve many things

Sidan den gong har eg følgt nøye med på forteljingar om iransk statsterrorisme. Var det verkeleg sant at ambassaden hadde medverka? Eg intervjua sentrale avhopparar, fleire eksiliranarar og den tidlegare iranske presidenten Bani Sadr. Alle hevda at Iran stod bak, og at ambassaden var involvert.

Frakken William Nygaard hadde på seg då han blei skoten, merkte politiet med kvar dei tre ekspanderande kulene trefte, og kvar det er funne spor etter prosjektila.

Diplomaten i Drammensveien

Rett før saka blei forelda i 2018, sikta Kripos to personar. Eg blei overraska då eg seinare fann ut at ein av dei faktisk var ein iransk diplomat som kom til Noreg kort tid etter utgivinga av Sataniske vers i 1989, og som forlét landet i alle hast rett før Nygaard blei skoten.

Siktinga var òg rettsleg stadfesta, noko som innebar at både politi, påtalemakt og domstol meinte at det var meir enn 50 prosent sannsynleg at diplomaten hadde medverka.

Det eg lurte mest på då eg fekk Alfheims dokument i hende, var kva Kripos hadde gjort i løpet av dei fem åra diplomaten hadde status som sikta. Svaret var at politiet ikkje hadde gjort noko forsøk på å avhøyre han.

I etterretningsrapportar som NRK seinare fekk nedgradert, står det at sikre kjelder opplyste at den sikta iranske diplomaten var Hizbollah-leiar i Noreg. Vi kan òg lese om eit vitne som har fortalt at diplomaten hadde spurt folk i eit kriminelt miljø om dei kunne ta på seg drapsoppdrag, og om dei kunne spane på William Nygaard.

Revolusjonsgarden

Det mest interessante er at ein av rapportane er skriven så seint som ti dagar før drapsforsøket. Der skriv Overvakingspolitiet (no PST) at den iranske diplomaten hadde nære band til ein moské i Oslo, og at han «drev aktiv islamsk propaganda ut fra denne organisasjonen». Det står òg at han dreiv utstrekt etterretningsverksemd mot iranske flyktningar i Noreg, og at «en del av hans virksomhet ikke var forenlig med hans diplomatiske oppgaver».

Vidare står det: «Han blir ansett som en fundamentalist og en ’Hizbollah’-mann. Det vil si at han er rettroende. Hans strengt religiøse legning hindrer han derimot ikke i å ta imot bestikkelser, utføre kriminelle handlinger og ha omgang med kriminelle iranere.»

Det går i tillegg fram av rapportane at han kom rett frå ein sentral jobb i den iranske revolusjonsgarden då han kom til Oslo, og at han i lengre tid blei både overvakt og spana på.

«Fundamentalist»

I ein annan rapport står det om ein samtale Overvakingspolitiet hadde med den seinare sikta iranske diplomaten i 1991, kort tid etter drapet og drapsforsøket på Rushdies omsettarar i Japan og Italia. Politiet spurde då om det var fare for aksjonar mot omsettaren i Noreg. Svaret er referert slik: «Han kunne ikke garantere at det ikke ble noen hevnaksjoner. Det var tross alt 50.000 muslimer i Norge, og ’vi’, dvs norske myndigheter fikk ta ansvaret selv.»

På slutten er han referert slik: «Hvis noen aksjonerte var det ikke på grunn av utlovet belønning, men på grunn av religiøs overbevisning.»

Linken til Hizbollah

Dokumenta inneheld fleire nye opplysningar om libanesaren Khalid Moussawi, den andre personen som blei sikta av Kripos i 2018. Også i desse avsnitta er det opplysningar som vitnar om eit forunderleg politiarbeid.

Moussawi kom til Noreg i 1989. I framandavhøyret fortalde han at hadde jobba for Hizbollah i fleire år, og at han hadde fleire familiemedlemmer med sentrale posisjonar i organisasjonen.

Han blei tatt inn til avhøyr seks veker etter Nygaard-attentatet. Politiet fekk fleire tips om han etter at dei offentleggjorde ei teikning basert på observasjonane til eit vitne som såg gjerningsmannen. I avhøyr sa han då at han kjempa mot Hizbollah, og at han meinte Mossad kunne stå bak drapsforsøket.

Han var på eit kort besøk i Tyskland i vekene før attentatet og kom tilbake til Noreg med Kiel-ferja to dagar før drapsforsøket. Han drog då rett til ein libanesisk kamerat som jobba som sjåfør ved den iranske ambassaden. Han ante ikkje at sjåføren var avlytta på grunn av Hizbollah-sympatiane sine. Difor kunne politiet avsløre at han forklarte seg falskt både om kvar han var, og kva han gjorde i dagane før attentatet. Frå bustaden til sjåføren er det ikkje langt til ein gangsti som går oppover og forbi huset til Nygaard.

Moussawi hadde heilskjegg då han blei avhøyrd. Han sa at han alltid hadde hatt det, utan at han blei konfrontert med at han var skjegglaus på alle bilde. Han opererte med fleire forskjellige identitetar i Tyskland og Sverige.

Statsadvokaten skriv at han er forundra over den dårlege forhøyrskvaliteten: «Det er mange svakheter ved avhørene, spesielt at han kan endre forklaring på avgjørende omstendigheter uten at han konfronteres nærmere.»

I 2021 spora eg opp Moussawi i Libanon og intervjua han for Dagsrevyen. Han bedyra at han ikkje hadde noko med attentatet å gjere. Han fortalde at han gjerne kunne kome til Noreg for å forklare seg.

Men Kripos har altså ikkje gjort noko for å avhøyre han etter at han blei sikta.

Uforklarleg lauslating

Det store mysteriet i denne saka er den underlege lauslatinga av norskpakistanaren Ali i 1998. Ein søndag i mars blei han arrestert for andre gong, etter at eit nytt vitne hadde meldt seg med nye opplysningar. Men seint på kvelden blei han sett fri av kriminalsjef Roger Andresen, utan at juristen eller etterforskarane blei rådspurde.

Ali kom i søkelyset fordi han drog til Iran dagen etter attentatet. Han var i tillegg ein av få registrerte eigarar av ein Dan Wesson-revolver med utskiftbart løp. Han hadde dessutan kjøpt store mengder av den typen ekspanderande ammunisjon som ramma Nygaard.

Statsadvokat Lars Erik Alfheim skriv at politiet avhøyrde fleire våpenforhandlarar som skildra Ali som ein kunde som var svært opptatt av våpen, lyddemparar, ammunisjon og våpentekniske bevis. Alfheim er forundra over at politiet ikkje la meir vekt på desse vitneforklaringane tidleg i etterforskinga: «Det disse vitnene bidro med av informasjon var i seg selv nok til å gjøre han til mistenkt i saken, men det skjedde ikke.»

«Statsadvokat Alfheim skriv at politiet burde gjort mykje meir.»

Drog til Iran

Statsadvokaten opplyser at Ali bestemte seg for å dra til Iran seint på kvelden den dagen Nygaard blei skoten. Då han sat på flyet neste formiddag, hadde han berre handbagasje. Han kjøpte først einvegsbillett til Frankfurt kontant i dollar. Der kjøpte han ny billett vidare til Teheran. Men han hadde ikkje visum og måtte returnere til Oslo etter halvannan time på iransk jord.

Straks han kom heim til Noreg, kjøpte han ein ny einvegsbillett. Denne gongen til Pakistan. Der blei han verande fram til han blei spora opp av norsk politi i januar 1994, tre månader etter attentatet.

Leif A. Lier reiste sjølv til Karachi for å avhøyre Ali om våpenløp, ammunisjon og den spontane og dyre reisa. Ali sleit med å gjere greie for alle løpa, og han snakka usant om både ammunisjonskjøpet og flyreisa.

Da han blei kalla inn til eit nytt forhøyr, blei han sikta for falsk forklaring. Han svarte med å krevje advokatbistand og nekta å forklare seg. Ifølge dokumenta truga Lier då med å be pakistansk politi om å ta over, viss Ali ikkje i staden kunne bli med på ein uformell samtale. Lier skreiv to eigenrapportar om samtalen.

Statsadvokat Alfheim er svært kritisk til denne metoden.

«Det som er en åpenbar svakhet ved rapportene er det mulige tvangsaspektet ved tilblivelsen, men også at rapporten utelukkende blir rapportskrivers versjon av det som blir sagt.»

Nekta å forklare seg

Vel ei veke etter avhøyret i Pakistan kom Ali heim til Noreg. 16. januar 1994 blei han pågripen og sett på glattcelle. Han nekta avhøyr, men gjekk med på å forklare seg rettsleg.

Statsadvokaten skriv at det var stort sprik mellom det Ali sa i forhøyra, og det han sa i dei rettslege forklaringane. Men etter to dagar i retten gav politiet opp. Sommaren 1994 blei siktinga for falsk forklaring lagd bort.

Alfheim skriv at politiet burde gjort mykje meir: «Det er mange spørsmål som kunne vært stilt om våpenet og om hans forklaringer om tyveri. Men det er ikke gjennomført flere avhør av ham etter det rettslige forhøret.»

Statsadvokaten er òg kritisk til dei politifaglege vurderingane som låg til grunn då Ali blei sikta for falsk forklaring i Pakistan: «Det er en betydelig avsporing i forhold til hva saken dreier seg om.»

Ny, underleg lauslating

I 1998 blei Ali pågripen for andre gong. Eit vitne hadde kome med fleire nye opplysningar, blant anna om Alis sterke religiøse tru og synet han hadde på forfattaren Salman Rushdie.

Arrestasjonen var nøye planlagd og klarert med politimeisteren og statsadvokaten. Politimeisteren hadde personleg informert William Nygaard om at noko kom til å skje den helga.

Politiet hadde bestemt at han skulle haldast i arresten over natta dersom han også denne gongen nekta å forklare seg. Han nekta, og etterforskarane og juristen gjekk heim for å førebu neste dags avhøyr og ei eventuell varetektsfengsling.

Men kriminalsjef Roger Andresen blei igjen på politihuset utover kvelden. Klokka 21 sette han Ali fri utan at verken etterforskarane eller juristen blei konsulterte. Dagen etter fekk dei berre beskjed om å pakke ned dokumenta og konsentrere seg om andre saker.

Kriminalsjefen blei seinare granska av Spesialeininga for politisaker på grunn av lauslatinga. Han var mistenkt både for grov uforstand i tenesta og for den langt meir alvorlege paragrafen om grovt inngrep overfor viktige samfunnsinstitusjonar.

Konklusjonen var at det var mykje som var kritikkverdig, men ikkje noko som var straffbart.

Statsadvokat Lars Alfheim kjem ikkje med opplysningar om denne granskinga, men skriv berre: «Det er lite som tyder på at saken var under aktiv etterforskning etter 1998.»

Ikkje avhøyrd

Nygaard-saka blei første gong lagd bort i det stille i 2007. Verken allmenta eller Nygaard fekk vite om det. Etter eit politikritisk dokumentarprogram på TV 2 blei saka tatt opp att i 2009 og flytta frå Oslo-politiet til Kripos.

Noko av det første Kripos gjorde, var å oppsøke Ali i håp om å få til eit avhøyr. I første omgang nekta han. Men i 2012 gjorde politiet eit nytt forsøk. Via advokat Frode Sulland sa han seg då villig til å bli avhøyrd rettsleg. Men Kripos gjorde ikkje noko for å følge opp dette.

Då William Nygaards bistandsadvokat Halvard Helle klaga til Riksadvokaten på bortlegginga av saka i mai i år, var han spesielt opptatt av det manglande avhøyret av Ali. Han skreiv at det er underleg at han ikkje blei sikta før saka blei forelda.

«Ut fra den samlede beskrivelsen som i påtegningen gis av hans våpeninteresse, tilknytning til konkrete våpen og reisevirksomhet, er det skjellig grunn til mistanke om at han medvirket til drapsforsøket», skriv han.

Helle skreiv at Kripos burde gjere nye forsøk på å avhøyre Ali som vitne: «Han kan sitte med nøkkelen til en oppklaring av saken, og kan nå fortelle alt han vet uten å risikere straff», skriv han.

Ei lang rekke våpen blei beslaglagde heime hos norskpakistanaren Ali. Nede til venstre ser vi ein Dan Wesson med tre løp, same type våpen som blei brukt under attentatet.

Kva no?

I sommar blei saka tatt opp att for andre gong. Om den gjenopptatte etterforskinga fører til resultat i strafferettsleg forstand, står att å sjå.

Det sentrale er uansett at ei sak med så stor samfunnsmessig overbygning ikkje blir lagd bort utan at alle etterforskingsskritt er gjennomførte. Dessutan kan det jo hende at det blir eit regimeskifte i Iran, og at vi kan få ei rettsoppgjer slik vi fekk etter at Berlinmuren fall i 1989. Det var det same året som Khomeini gjennom fatwaen sin bygde opp ein ny og usynleg mur. Sjølv om det ser mørkt ut no, kan vi håpe at denne usynlege muren også rasar saman ein dag.

Dersom saka på ny blir lagd bort, bør vi uansett få vite meir enn det vi veit no – om etterforskingsfadesane, den iranske ambassaden og årsaka til at kriminalsjefen sette ein sikta person fri i 1998.

Den sikta iranske diplomaten svarer ikkje på e-post, og når vi ringer, legg han på.

Den iranske ambassaden nektar for at Iran var innblanda i attentatet.

Roger Andresen vil ikkje kommentere saka, men seier at han blei frikjend av Spesialeininga for politisaker.

Norskpakistanske Ali avviser alle førespurnader frå media om denne saka.

TIDSLINJE

26.09.1988: Sataniske vers blir utgitt.

14.02.1989: Ayatollah Khomeini proklamerer ein fatwa og dømmer forfattaren og alle som har medverka til å gi ut Sataniske vers, til døden.

26.02.1989: Over 3000 muslimar går i demonstrasjonstog mot Sataniske vers.

12.04 1989: Sataniske vers kjem ut på norsk.

17.04.1989: To bokhandlar i Oslo blir sette i brann.

03.07.1991: Rushdies italienske omsettar Ettore Capriolo blir knivstukken og hardt skadd.

11.07.1991: Den japanske omsettaren Hitoshi Igarashi blir funnen død.

11.10.1993: William Nygaard blir treft av tre kuler utanfor heimen sin i Oslo.

19.04 2007: Nygaard-saka blir lagd bort av Oslo politidistrikt.

15.08.2009: Statsadvokat Lasse Qvigstad gir Kripos i oppgåve å etterforske saka på nytt.

08.10.2018: Kripos siktar to personar for medverknad til drapsforsøk og angrep på sentrale samfunnsverdiar.

09.04.2024: Statsadvokaten i Oslo vil legge bort Nygaard-saka.

23.07.2024: Riksadvokaten gjer om bortlegginga og ber Kripos om halde fram etterforskinga.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Benjamin Netanyahu og forsvarsminister Yoav Gallant.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Ein annan dans

Trumps valsiger har gjeve Netanyahu ny sjølvtillit. No kvittar han seg med dei moderate kreftene i leiinga og gjev meir spelerom til dei yttarleggåande. Det kan verta lagnadstungt.

Cecilie Hellestveit

Skreifiske utanfor Senja i 2015. På denne tida var torskebestanden i nord svært stor.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Festen er over for fiskarane

Krympande kvotar, dyrt drivstoff, høg rente og stor gjeld: Det er motvind frå alle kantar for fiskeria.

Donald Trump på scenen på Palm Beach County Convention Center i Florida då nok røyster var talde til at han kjende seg trygg på siger i presidentvalet.

Foto: Callaghan O'Hare / Reuters / NTB

Samfunn
FrancisFukuyama

Med valet av Trump har dei amerikanske veljarane forkasta liberalismen, skriv Francis Fukuyama.

Terje Tvedt finn motsetnader mellom intensjon og resultat i den norske bistandspolitikken, i deltakinga vår i krigane i Afghanistan, Libya og Ukraina, i handteringa av pandemien – kort sagt overalt.

Foto: Edvard Thorup / Dreyers forlag

Samfunn
Kaj Skagen

Oppgjer med moralisering og vestleg hybris

Ikkje mange akademikarar kan skilta med opphavsretten til omgrep som får plass i ordboka til Det Norske Akademi og vert tekne over av Facebook-grupper. Men det kan historikaren Terje Tvedt.

Forlagssjef William Nygaard blei skoten og alvorleg såra utanfor heimen sin i Dagaliveien. Her held politiet pressekonferanse med ein dyster etterforskingsleiar Leif A. Lier (frå venstre), kriminalsjef Truls Fyhn, informasjonssjef Per Jarle Hellevik og politimeister Willy Haugli.

Forlagssjef William Nygaard blei skoten og alvorleg såra utanfor heimen sin i Dagaliveien. Her held politiet pressekonferanse med ein dyster etterforskingsleiar Leif A. Lier (frå venstre), kriminalsjef Truls Fyhn, informasjonssjef Per Jarle Hellevik og politimeister Willy Haugli.

Foto: Rune Petter Næss / NTB

Samfunn

Nedgraderte dokument kastar eit nytt og grelt lys over politiets arbeid for å finne ut kven som skaut William Nygaard i 1993.

Tabbane er så mange at det knapt er til å fatte, skriv Odd Isungset om terrorsaka som no i haust er tatt opp att for andre gong.

OddIsungset

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis