Norden diskuterer kven som får vera med
Korleis ein kan skapa eit meir inkluderande kulturliv, var tema for konferansen «Nordisk kulturpolitisk dag» som Kulturrådet arrangerte i samarbeid med Kulturanalys Norden i Stockholm.
– Ein betre representasjon av menneske med fleirkulturell bakgrunn i kulturinstitusjonar er viktig fordi han endrar arenaen i seg sjølv. Det er også med på å definera kva draumar og ambisjonar me som fleirkulturelle har, seier kunstnaren Sandra Mujinga, basert i Oslo og Malmö.
Ho var ein av paneldeltakarane under Nordisk kulturpolitisk dag i Stockholm 29. januar, fortel Kulturrådet i ei pressemelding. Tema for dagen var «Vem får vara med?» som omhandla utfordringane og moglegheitene kring eit inkluderande kulturliv i Norden. Konferansen var eit samarbeid mellom Norsk kulturråd og KulturAnalys Norden, eit statleg analyseorgan basert i Sverige. Sveriges Kultur- og demokratiminister Alice Bah Kuhnke og påtroppande statssekretær Frida Blomgren ved det norske Kulturdepartementet, opna konferansen. Blomgren gav ei helsing frå kulturminister Trine Skei Grande, som minte om at Jeløya-plattformen var klar på å setja i gang ein inkluderingsdugnad, og at nettopp dette temaet var ei av dei tinga som gjorde at ho ynskte seg kulturministerposten.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Norden diskuterer kven som får vera med
Korleis ein kan skapa eit meir inkluderande kulturliv, var tema for konferansen «Nordisk kulturpolitisk dag» som Kulturrådet arrangerte i samarbeid med Kulturanalys Norden i Stockholm.
– Ein betre representasjon av menneske med fleirkulturell bakgrunn i kulturinstitusjonar er viktig fordi han endrar arenaen i seg sjølv. Det er også med på å definera kva draumar og ambisjonar me som fleirkulturelle har, seier kunstnaren Sandra Mujinga, basert i Oslo og Malmö.
Ho var ein av paneldeltakarane under Nordisk kulturpolitisk dag i Stockholm 29. januar, fortel Kulturrådet i ei pressemelding. Tema for dagen var «Vem får vara med?» som omhandla utfordringane og moglegheitene kring eit inkluderande kulturliv i Norden. Konferansen var eit samarbeid mellom Norsk kulturråd og KulturAnalys Norden, eit statleg analyseorgan basert i Sverige. Sveriges Kultur- og demokratiminister Alice Bah Kuhnke og påtroppande statssekretær Frida Blomgren ved det norske Kulturdepartementet, opna konferansen. Blomgren gav ei helsing frå kulturminister Trine Skei Grande, som minte om at Jeløya-plattformen var klar på å setja i gang ein inkluderingsdugnad, og at nettopp dette temaet var ei av dei tinga som gjorde at ho ynskte seg kulturministerposten.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.