JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Norsk dobbelmoral

Lista over selskap som Oljefondet boikottar, vert stadig lengre. Det kan få vonde konsekvensar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noreg og Natos forsvarsstrategi er bygd på atomparaplyen. Men Noreg nektar å finansiera atomvåpenindustrien.

Montasje: Japan Times / Dag ogTid

8129
20180126
8129
20180126

Oljefondet

jon@dagogtid.no

Kontrafaktiske spørsmål skal ein vera varsam med, men om ein spør kvifor det ikkje har vore krig i Vest-Europa etter 1945, er atombomba – «den store fredsskaparen» som Thatcher kalla ho – eit nærliggjande svar, vil mange hevda. Takk vera bomba har vi jamt og trutt kunne redusera forsvarsbudsjetta og halda grensene intakte med liten eller ingen våpeninnsats. Freden og fridomen har vorte noko sjølvsagt.

Så sjølvsagt er fridomen vorten at vi har byrja å moralisera overfor dei som garanterer denne fridomen. Ja, ikkje berre moraliserer vi overfor dei som lagar våpena vi er avhengige av, vi har òg byrja å straffa produsentane økonomisk. Ved å straffa våpenprodusentar straffar vi oss sjølve òg.

Noreg er ein militær dverg og ei økonomisk supermakt. Statens finansformue er no på over 11.000 milliardar kroner, og Oljefondet åleine er no på over åtte billionar. Men oljeformuen kunne ha vore endå større om vi i staden for å vera etiske, hadde investert i alle typar selskap. Om vi dei siste ti åra hadde investert i alt som var børsnotert rundt omkring i verda, ville verdistiginga i Oljefondet i 2016 ha vore 1,1 prosent høgre enn han var, skriv Oljefondet i årsrapporten.

Ut av ti selskap til

Førre veke kom det fram at Oljefondet skal trekkja seg ut av ti nye selskap. Mellom desse er Honeywell som produserer komponentar til atomstridshovud. Lista over alle selskapa som Noreg har trekt seg ut av, vert stadig lengre. Og det vert også lista over paradoksa i statens investeringsstrategi.

Tak Folketrygdfondet som er Noregs største aksjefond her heime. Fondet eig til dømes 10 prosent av Norwegian, ei investering som har vore særs lønsam for staten. Kven kjøper Norwegian flya frå? Boeing. Det er ikkje få norske ministrar som har vore med Bjørn Kjos på PR-turnear til flyfabrikken til Boeing i USA. Så seint som i november 2016 kunne ei gledesstrålande Ine Eriksen Søreide fortelja at staten hadde gått inn ein kontrakt med nett Boeing om å kjøpa fem nye Poseidon-fly som skulle erstatta dei gamle Orion-flya. Noreg har gjeve solide tilskot til veksten i verdien av Boeing-aksjen. Men har vi aksjar i Boeing? Nei. Det syner seg nemleg at Boeing også driv med forsvarsmateriell av ein type som Oljefondets etiske råd ikkje liker.

Lockheed Martin er for mange nordmenn eit kjent og kanskje kjært namn. I heile etterkrigstida har firmaet levert jagarfly til det norske forsvaret. Den norske staten er tungt inn i våpenindustrien i Kongsberg, som skal levera ei mengd missil til F-35. Samarbeidet mellom norsk og amerikansk våpenindustri er så tett at det er nær umogleg å seia kvar den norske eigarskapen stoggar og den amerikansk byrjar. Ei rekkje tilsette i våpenindustrien på Kongsberg har til dømes den øvste amerikanske tryggingsklareringa.

Nei til F-35

Samtidig som staten er tungt inn på eigarsida i Kongsberg, som leverer våpen til Lockheed Martin, seier staten som eigar av Oljefondet plent nei til å investera i Lockheed Martin. Faktum er at under atomparaplyen kjøper Noreg våpen og fly for hundrevis av milliardar frå selskap som den same staten seier er umoralsk.

Men det stoggar ikkje ved våpen. I Noreg er vi stolte over den store fagorganiseringa vi har. I USA er det ikkje slik. Dei aller fleste private selskap har ikkje tariffavtale, som til dømes Walmart. Walmart er verdas største supermarknadskjede og sel massivt med varer frå selskap som Oljefondet har investert i.

Den norske staten kjøper inn massivt med tenester frå selskap som ikkje har tariffavtale. Oljefondet derimot kan ikkje kjøpa aksjar i Walmart grunna manglande tariffavtale.

Ja til iransk statsgjeld

Oljefondet investerer ikkje berre i aksjar, vi kjøper òg statsgjeld i form av statsobligasjonar. I Finansdepartementet som kontrollerer Oljefondet, kom det etter 22. juli 2011 skotsikre vindauge. Dei vart leverte av ein israelsk produsent. Eit kvart selskap som er inne i ei eller anna form på Vestbreidda, vert boikotta av Oljefondet. Mange vil hevda at Iran òg driv med okkupasjon. Via Hizbollah er Iran tungt inne i både Libanon og i Syria. I røynda kontrollerer Iran nesten heile dei shiamuslimske områda i Midtausten.

Noreg utleverer ikkje menneske til statar som praktiserer dødsstraff. Vert du tiltalt for mord i USA, utleverer ikkje den norske staten deg til amerikanske styresmakter om du rømer til Noreg. Få om nokon stat praktiserer dødsstraff oftare enn Iran. Vi har alle sett desse groteske hengingane av homofile frå kraner. Det iranske styringsregimet er etter dei fleste parameter ille. Den norske staten kjøper skotsikre glas frå Israel, men nektar å kjøpa aksjar i selskapet om dei produserer noko som helst på Vestbreidda. Kva med iranske statsobligasjonar som går til å finansiera krigføring? I 2016 var Iran fjerna frå lista over statar vi ikkje kjøper obligasjonar frå.

Stoltenberg liker bomba

Før jol la Jens Stoltenberg, som er generalsekretær i Nato, fram ei revidert utgåve av Nato-strategien. I den utgreiinga kan vi lesa at atomparaplyen er «the supreme guarantee» i Nato-alliansen. Den paraplyen er det USA som lagar, eit USA som nyttar 3,3 prosent av verdiskapinga på forsvaret, medan vi her i Noreg berre nyttar 1,5 prosent under ly av den same paraplyen vi fordømer.

Den største faren for Oljefondet er den politiske faren. Oljefondet er verdas største pengefond kontrollert av eit demokrati. Strategien er å ikkje verta sett. Difor kjøper vi breitt og vidt. Vi tek heller ikkje styreplassar eller andre synlege verv i selskapa vi er inne i. Vi har heller ikkje ein kontrollerande del i noko selskap og prøver så godt vi kan ikkje å utøva makt på eit vis som er provoserande. I tillegg er Oljefondet heilt avhengig av den rådande kapitalistiske modellen internasjonalt. Den modellen har berre vart i 30–40 år. I dei fyrste tiåra etter krigen var det til dømes ikkje fri flyt av kapital internasjonalt, og eigarskap på tvers av grenser var uvanleg. Vert Oljefondet sett på som ein politisk maktaktør, er faren stor for at fondet vert upopulært.

I røynda har ikkje Noreg nokon reiskap som til dømes kan hindra nasjonalisering. Då Mitterand var vald til president i Frankrike, nasjonaliserte han store delar av finansnæringa. Noreg ynskjer sjølvsagt ikkje at noko slikt skal henda igjen. Difor ligg vi lågt. Då sett vekk frå etikken, som stadig fleire no har byrja å irritera seg over.

Ein som har sett seg grundig lei på Noreg, er Orde Kittrie, som er jussprofessor ved Arizona State University og forfattar av boka Lawfare: Law as a Weapon of War som kom ut på Oxford i 2016. Førre veke skreiv han ein kronikk i Wall Street Journal med tittelen «What is the Matter With Norway?» – Kva er gale med Noreg? Grunnen til at han skreiv kronikken, var Donald Trumps hylling av Noreg då Erna Solberg var på statsvitjing. Kittrie har ein annan versjon. Han meiner vi er uttynte born som ikkje tek ansvar for eige forsvar og i staden går rundt og trur vi er mykje snillare enn alle andre.

Uforståeleg

For Kittrie er det uforståeleg at Noreg boikottar amerikanske atomvåpenprodusentar, «som berre produserer slike våpen for den amerikanske staten», ein produksjon som Nato er tufta på. Han peiker òg på at Noreg no byggjer akademiske, finansielle og industrielle band til Teheran samstundes som Noreg sponsar organisasjonar som går inn for total boikott av Israel.

Kittrie bed enkelt og greitt Trump om å slutta med å rosa Noreg og i staden leggja pressa på oss: «Heller enn å skryta av Noreg, burde Trump halda landet ansvarleg for korleis det vel å nytta eller ikkje nytta den store formuen dei har fått frå naturlotteriet. Som eit tungt amerikansksubsidiert Nato-medlem burde ikkje Noreg investera i fienderegime samstundes som landet underminerer amerikanske forsvarsleverandørar.» Om Noreg ikkje endrar kurs, skriv Kittrie, bør Trump svara med økonomiske straffetiltak.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Som eit tungt subsidiert Nato-medlem burde ikkje Noreg investera i fienderegime og samstundes underminere amerikanske forsvarsleverandørar.»

Orde Kittrie i Wall Street Journal

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis