Norsk fagspråk står i ein skvis mellom nytte og identitet
Kjelde: Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia
Kommentar
lars.nyre@uib.no
For å få gjort arbeidet mitt som professor best mogeleg må eg skriva og snakka på engelsk. Dei nye tiltaka frå regjeringa forandrar ikkje det faktum at kvardagsleg nytteverdi stadig vekk trumfar språkleg identitet.
Denne veka la Regjeringa fram rapporten Frå ord til handling. Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) presenterte 21 tiltak som er meint å sikra at norsk framleis skal vera eit fullverdig fagspråk på universitet og høgskular.
Problemet er stort, fortel ministrane. Rundt 90 prosent av den vitskaplege publiseringa er på engelsk. Undervisninga føregår i aukande grad også på engelsk, og talet på framandspråklege emne dobla seg frå 2010 til 2021. Snart blir annakvar masteroppgåve skriven på engelsk. Administrasjon føregår også i stadig større grad på engelsk.
Viss me ikkje klarer snu trenden, vil det bli eit kulturelt tap for norsk kultur og eit demokratisk problem. Ministrane foreslår blant anna at norsk skal vera grunnspråket for administrasjon og undervisning, og at formidling på norsk må premierast meir aktivt. Dei brukar både gulrot og pisk i tiltakspakka.
Eg forstår bekymringa. Det er berre me sjølve som kan fremja norsk fagspråk, og det er eit problem at stadig fleire av kvardagens situasjonar er prega av engelsk. Eg sjølv skriv på nynorsk og underviser på norsk så ofte som råd. Eg forstår også at forsking og undervisning i fag som historie, psykologi, teologi og sosiologi er særleg sårbare. Men på tross av den gode viljen som ligg bak tiltaka, trur eg ikkje dei vil fungera så godt hjå oss som jobbar med ny teknologi og andre forhold der ekspertisen er grunnleggande internasjonal. Tenk gjerne på ChatGPT og andre verktøy for generativ kunstig intelligens. I slike samanhengar gjer engelsk stor nytte for seg i kvardagen min.
Eg held nemleg til i eit babelsk tårn av folkeslag som blir kalla Media City Bergen. (Berre namnet er nok til at ein del ser raudt.) Eg har kollegaer frå blant anna Portugal, Vietnam og England, og eg er heilt avhengig av ein engelskspråkleg dialog for å kunna skapa «norsk» samfunnsnytte. Men samtidig er eg ein slags bondeprofessor frå Voss. Eg arbeider særleg med teknologiutvikling for lokalaviser og andre små aktørar, og eg utdannar studentar så dei skal få seg gode jobbar i vestlandske småbygder og bidra til teknisk framskritt der. Eg er svært opptatt av at Noreg må ha livskraftige lokale fagmiljø for å bli mindre avhengige av Silicon Valley. Eg deler sjølvsagt regjeringa sitt ynskje om å styrka norsk kultur.
Men likevel kan ikkje akademikarar av min type velja idealet om norsk fagspråk framfor reell fagleg kompetanse. Dei utanlandske kollegaene mine er ekspertar på tekniske metodar som studentane verkeleg treng å læra for å bli nyttige arbeidstakarar, og kollegaene gir meg også tekniske innsikter og faglege perspektiv som eg verkeleg treng for å bidra til medieutviklinga i Noreg. Ofte er det ingen norske søkarar til jobbane.
Norsk fagspråk må paradoksalt nok komma i andre rekke dersom me skal kunna utvikla alle dei tekniske og kunnskapsmessige dugleikane me treng i dette landet. Det er i praksis uråd å fremja norsk språk utan samtidig å risikera at det internasjonale bidraget til norsk forsking og den faglege kompetansen til studentane våre vert svekt.
Eg står i ein skvis mellom ynsket om å styrka norsk kultur og behovet for å setja i verk samfunnsnyttige teknologiprosjekt. Det trengst eit «lingua franca»; eit språk alle i norsk akademia kan bruka, enten dei kjem frå Portugal, Vietnam eller Voss. I opplysningstida var det latin, og i det postindustrielle samfunnet er det engelsk.
Utviklinga krev så mange slags offer, og i vår tid er det visst språkleg identitet som er det største offeret. Alle kulturelle identitetar lid under den fryktelege knotinga på engelsk. Norskane lid når portugisaren knotar, portugisaren lid når vietnamesaren knotar, og den stakkars briten lid mest av alle, som må høyra morsmålet sitt bli massakrert dag etter dag. Det er visst prisen for framskritt.
Lars Nyre
Lars Nyre er professor i medievitskap og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen