Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blabla

Blabla

Blabla

Blabla

3031
20170303
3031
20170303

Ny vår for atterreisingshusa

Oppbygginga av Nord-Troms og Finnmark var ei av dei store oppgåvene etter andre verdskrigen, og mange av dei karakteristiske atterreisingshusa står enno. No ynskjer Den Norske Stats Husbank å ruste husa for nye, aktive år i nordnorsk teneste. I det toårige prosjektet «Gjenreist» skal Husbanken saman med mellom andre Riksantikvaren, Sintef, Gjenreisingsmuseet og fleire utvikle løysingar for korleis ein kan oppgradere husa til dagens standard.

Husa er bygde mellom 1945 og 1960, og dei får stadig større kulturhistorisk verdi. Atterreisingsbyar som Narvik og Hammerfest, er sett på som nasjonale kulturminne. Men kan den tidstypiske arkitekturen kombinerast med moderne krav til standard, energibruk og universell utforming, og kan utbetringane verte økonomisk overkommelege for eigarane? Det er noko av det Sintef-forskarane skal sjå på og etter kvart prøve ut i demohus i aktiv bruk: Bur du i eit atterreisingshus med trong for utbetring i Nord-Troms eller Finnmark, men ikkje heilt veit korleis du skal ta fatt, kan du med andre ord melde deg til Sintefs Gjenreist-gruppe.

Raudlista budalsstol

UNESCOs konvensjon for immateriell kulturarv har vore ratifisert i Noreg sidan 2007, men det var gjerne fyrst med utnemninga av Oselvaren som Noregs fyrste immaterielle kulturuttrykk, at han fekk vind i segla her heime.

Husfliden har raudlista handverksteknikkar så lenge konvensjonen har eksistert: Lokallag kringom i landet registrerer på dugnad handverks- og husflidsteknikkar som er i ferd med å forsvinne.

Siste skot på stammen er Budalsstolen frå Budal i Midtre Gauldal kommune i Sør-Trøndelag. Bygda har lange tradisjonar innanfor møbelhandverk, der Budalsstolen har vore det mest særmerkte. Den eldste daterte budalsstolen er frå 1807. Frå 1966 til 2005 stod AL Budalsmøbler for produksjon til inn- og utland.

Stolen er ein bogestol i tre. Beina er dreia og kilte fast i setet, og bogen kring stolryggen er i eitt stykke.

Tid for lafting

Den tradisjonelle lafteteknikken har fått sine unntakslover, bransjestandard og plass i framtidige plan- og bygningslover, men har fram til no ikkje hatt noko eige utdanningstilbod. Kring 60 prosent av alle oppdrag i byggjenæringa i dag er på eldre bygg. Likevel har ein ikkje hatt eit einaste utdanningstilbod innan tradisjonell restaurering.

Det vert det no ei råd med, når Handverksskolen på Hjertlein frå hausten 2017 startar eit VG2-tilbod i tradisjonelle byggjeteknikkar – tradisjonstømring og lafting. Dei startar òg ei linje som vil lære vekk restaurering og istandsetjing av interiør og eksteriør i gamle bygningar og med tradisjonelle teknikkar.

Handverksskolen er ein utdanningsinstitusjon lokalisert på Hjerleid skole- og handverkssenter på Dovre, eigd av Stiftelsen Norsk Kulturarv og Studieforbundet kultur og tradisjon. Skulen tilbyr utdanning og fagbrev i utryddingstrua handverk. Sidan 2004 har dei utdanna treskjerarar og smedar. I 2014 fekk dei Riksantikvarens kulturminnepris for arbeid med å sikre kulturarven.

siri@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis