JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Nye slag i kampen om møllene

Den samiske reindrifta vann ein historisk siger over staten då Høgsterett kjende konsesjonsvedtaket om vindkraftutbygging på Fosen ugyldig. Nye slag er i kjømda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Reinsdyr vandrer rundt i Storheia vindpark, som er den største av vindparkene i porteføljen til Fosen Vind. Då han vart overført til ordinær drift i februar 2020, var han Noregs største, med 80 turbiner og ein effekt på 288 MW.

Foto: Heiko Junge / NTB

10384
20220121

Fosen-dommen

11. oktober i fjor avgjorde Høgsterett at konsesjonen til to kraftverk på Fosen-halvøya var ugyldig.

Ifølgje dommen er ulempene for reindrifta i området så store at ekspropriasjon og drift bryt med vernet reindrifta har etter FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, artikkel 27.

Det er ikkje avklart kva konsekvensar dommen vil få for kraftverka.

REINDRIFT

christiane@dagogtid.no

La meg starte med ei erkjenning: Denne artikkelen kjem ikkje til å svare på kva som vil skje med vindkraftverka Storheia og Roa på Fosen-halvøya i Trøndelag. Dette er det store spørsmålet etter at Høgsterett i oktober i fjor slo fast at dei omfattande vindkraftparkane krenker retten reindriftssamane i området har til å utøve sin eigen kultur, og at dei dermed bryt artikkel 27 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar.

Enkelte har teke til orde for at dei to anlegga på Fosen-halvøya, som inngår i det største vindkraftprosjektet på land i Europa, må rivast. Andre argumenterer for at ein må halde fram drifta på kraftverka, men finne fram til avbøtande tiltak, slik at effekten av vindkraftverka ikkje lenger vil verte så stor at han krenker dei samiske rettane.

Det endelege svaret ser ut til å liggje et stykke fram i tid. I desember varsla nemleg olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) at saka skal følgjast opp med eit oppdatert fagleg grunnlag og grundig sakshandsaming.

Krav om lovendring

I staden for å spekulere for mykje i utfallet på Fosen skal vi sjå på eit krav fremja av Norske Reindriftssamers Landsforbund (NRL) som kan føre til varige endringar for både vindkrafta og anna arealkrevjande næring, dersom det vert innfridd. Interesseorganisasjonen krev nemleg fleire lovendringar for at liknande brot på folkeretten ikkje skal kunne skje igjen. Kan dei vinne fram også med dette?

Størst i Noreg

For å forstå korleis det kunne skje at staten tillét bygginga og igangsettinga av to vindkraftverk som faktisk braut med folkeretten, må ein bla tilbake til 2010 i kalenderen.

Då gav Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) konsesjon til mellom anna Roan og Storheia vindkraftverk. Dette er ikkje småparkar. Då Roan opna i mai 2019, var 71 turbinar med ei tårnhøgde på 87 meter og vengelengd på 57 meter, reiste over eit område på 24,5 kvadratkilometer. Det var bygd 70 kilometer veg.

Ordføraren sa på opningsdagen at Fosen Vind ville verte den største eksportbedrifta i kommunen. På dette tidspunktet var Roan vindkraftverk det største i Noreg. Det varte heilt til Storheia vindpark opna nokre månadar seinare. Då var denne, med 80 turbinar, Noregs største. Parken strekker seg over eit område på 38 kvadratkilometer, med 62 kilometer veg.

Langvarig strid

Heilt frå starten av var det strid om vindkraftprosjekta. Olje- og energidepartementet handsama klagane på konsesjonsvedtaket og avgjorde i 2013 å oppretthalde vedtaket frå NVE, med visse endringar. Departementet medgav at prosjekta ville verte negative for reindrifta i området, men meinte at drifta ville kunne halde fram, sjølv om ho ville verte meir krevjande enn før. Og no starta rettsprosessen for å få på plass erstatning for ekspropriasjon og drift.

Rettsprosessen kom til å vare i sju år, frå Fosen Vind «begjærte skjønn», som det heiter i jussen, til fastsetting av erstatning i august 2014, til Høgsterett nekta skjønnet fremja i oktober i fjor.

I ikkje-juridiske termar tyder dette at utbyggjarane med rettens hjelp ville få på plass erstatningar for ekspropriasjon og drift, medan dei to sidaene som utøvde reindrift i området, bad retten om å avvise erstatningssaka, fordi dei meinte konsesjonen krenkte retten til kulturutøving og dermed var ugyldig. Dette viste det seg altså at Høgsterett var samd i.

Lovgjennomgang

Og her ligg kjernen i saka: Når vindkraftverka no likevel er på plass, og i full drift, er det fordi lova i dag opnar for at utbyggjarar kan starte både bygging og drift før domstolen har vurdert erstatningsspørsmålet. Då vil det heller ikkje verte rettsleg avklart om erstatningssaka skal avvisast som følgje av brot på folkeretten, som i Fosen-saka.

Det er dette punktet i lova Norske Reindriftssamers Landsforbund no vil ha endra.

«Fosen-saken er et godt eksempel på at energimyndighetenes adgang til å gi tiltakshaver tillatelse til å starte opp arbeidet før skjønnet er gjennomført, må opphøre. NRL krever derfor at forhåndstiltredelse etter oreigningslova §25 fjernes i saker hvor reindriftens rettigheter kan bli berørt», skriv dei i kravet dei har lagt fram for regjeringa, i forkant av dei årlege forhandlingane om ny reindriftsavtale.

Dei vil også ha retten til beiteareal konkretisert i reindriftslova.

Regjeringa er for tida i gang med fleire prosessar som forslaga til reindriftssamane kan gå inn i. For det første er det i Hurdalsplattforma varsla ein heilskapeleg gjennomgang av reindriftslova. For det andre er regjeringa i ferd med å gjennomgå heile konsesjonsprosessen for vindkraft.

– Håplaust

– Både Fosen-saka og andre vindkraftutbyggingar viser at det er heilt håplaust med førehandstiltreding, seier Inge Even Danielsen, konstituert leiar i NRL.

– Det er naturleg å tenkje at regjeringa ikkje hadde gjeve konsesjon, dersom det var brukt meir tid på å utrede og vurdere. Då hadde dei kanskje konkludert på same måte som Høgsterett, med at utbygginga krenker rettane reineigarane på Fosen har, legg han til.

I ryggen har reindriftsorganisasjonen Reindriftsrettsutvalet, som er nedsett av Sametinget og NRL for å vurdere endringar i reindriftslova.

Utvalsleiar, jussprofessor Øyvind Ravna, stadfestar at utvalet vil føreslå å endre punktet om å kunne overta grunn før skjøn er halde, når dei legg fram utgreiinga si før påske.

– Denne regelen burde vore endra for 22 år sidan. For det er ein regel i oreigningslova frå 1959 som viser til at inngrep i for eksempel reindriftsområde vil vere lovlege, så sant dei som vert ramma, får full erstatning. Slik var lova fram til 1999, då Stortinget vedtok menneskerettslova. Den innebar at visse inngrep ikkje ville vere lovlege, sjølv om dei ramma fekk full erstatning, seier Ravna og held fram:

– Så realiteten er at Noreg har ratifisert ein internasjonal konvensjon som seier at visse inngrep ikkje vil vere lovlege, sjølv om dei ramma får full erstatning, men utan at ein har teke høgde for det i norsk intern rett. Derfor har ein hamna i det uføret ein har gjort i Fosen-saka. Det er meiningslaust å byggje først, og så vurdere om det er lovleg. All sunn fornuft tilseier at det bør vere motsatt.

Ravna seier regelen er logisk nok ut frå tankegangen i 1959.

– På det tidspunktet hadde ein fokus på industrireising, men lite fokus på samerettar og naturvern. Tanken var at ein skulle rekne ut erstatning for skadar etter at bygginga var utført, fordi ein då ville ha oversikt over omfanget. Korkje storting eller regjering såg på den tida for seg at noko så lurt og samfunnsnyttig som eit kraftverk ville kunne vere ulovleg.

Kan utsetje saker

På den eine sida kan eit krav om å avklare reindriftas rettar før ein utbygging kan starte hindre fleire «Fosen-saker». På den andre sida – kan ikkje eit slikt krav gjere det enkelt for reindriftssamar å trenere både lovlege og samfunnsnyttige, men arealkrevjande prosjekt innan vindkraft eller mineralutvinning? Eg rettar spørsmålet til Danielsen i NRL.

– Det er klart at det er mogleg, men ser du på det som har skjedd og skjer i dag, meiner eg bestemt at reindrifta forsøker å vere pragmatisk. Om ein set opp eit rekneskap over kva vi har sagt ja til og kva vi har jobba hardt imot, vil du sjå at mange reinbeitedistrikt har strekt seg lenger enn det ein kanskje skulle ha gjort. Mange distrikt får drifta forstyrra, og det påverkar slaktevekta.

Danielsen meiner loven også vil vere fordelaktig for utbyggjarar at rettar er avklart for bygging, slik at dei ikkje risikerer å måtte rive seinare.

Samfunnsnytte

– De har kravd at dei to kraftverka på Fosen, som utgjer investeringar på fleire milliardar kroner, må demonterast. Det er grunn til å tru at ein slik demontering ikkje er plan A for regjeringa. Har de i reindrifta ein plan B?

– Vi har ikkje tenkt på nokon plan B, for både i denne og andre saker er det opp til rettshavarane på Fosen. Dei veit best kor skoa trykkjer.

– Det har vore hevda i debatten at det å demontere Fosen-anlegga for å verne reindrifta ikkje er forholdsmessig, fordi Fosen-anlegget skaper klimavennleg kraft storsamfunnet treng, medan reindrifta har hatt låg produksjon og lønsemd. Kva seier du til ei slik innvending?

– Den argumentasjonen synest eg er ein fullstendig avsporing. Det vesentlege her er at det er fatta vedtak som er ugyldige. Då må ein i første omgang ta stilling til det. Det er ganske alvorleg når Høgsterett seier at det har skjedd lovbrot som krenker dei rettane reindriftssamane har.

Trur på løysing

Medan rotorblada snurrar, arbeider dei i Fosen Vind med ei skisse til utgreiingsprogram og forslag til moglege avbøtande tiltak, som skal leverast til Olje- og energidepartementet innan utgangen av januar. Parallelt har dei dialog med reindrifta i området, opplyser kommunikasjonsansvarleg Geir Fuglseth.

Han seier at han har tru på å finne løysingar som gjer at reindrifta kan halde fram, slik at reindriftsutøvarane på sikt kan utøve kulturen sin i tråd med kravet i artikkel 27.

Fosen Vind sit på konsesjonen til Storheia vindkraftverk, men har i retten også ivaretatt interessene til Roan Vind, som sit på konsesjonen for Roan vindkraftverk.

– Kvifor venta de ikkje med å byggje ut til dei samiske rettane var avklarte?

– Ved byggjestart var alle naudsynte løyver stadfesta av departementet og rettsapparatet.

Og kva synest han om forslaget om fjerne retten til førehandstiltreding?

– No jobbar departementet og direktoratet, heilt uavhengig av Fosen-dommen, med eit nytt opplegg for konsesjonshandsaming av vindkraft. Der vil dei venteleg gå inn i korleis interessene til lokalsamfunn og interessentar skal handterast. Det må vere ein heilskap i prosessen, både for at han skal vere effektiv og for at han skal ivareta interessentane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er meiningslaust å byggje først, og så vurdere om det er lovleg.

Øyvind Ravna, jussprofessor ved Universitetet i Tromsø

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis