Nye tider
Det er nesten ein sensasjon: Regjeringa har lagt fram eit nesten nøkternt statsbudsjett.
Finansminister Siv Jensen (Frp) på veg til talarstolen på Stortinget med framlegg til statsbudsjettet for 2018.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Utgiftene i statsbudsjettet går opp med omtrent det same som inflasjonen. Det tyder at det vert nullvekst neste år i utgiftene.
Den underliggande langsiktige utgiftsveksten er derimot på 1 prosent. Men sidan AS Noreg går så godt, vert det mykje mindre utgifter til arbeidsløysetrygd samstundes som skatteinntektene går opp.

Statsbudsjettet
jon@dagogtid.no
Fyrst ein observasjon: I minutta før framlegginga av statsbudsjettet klokka ti i går tok eg meg ein tur bort på Løvebakken. Der stod dei som vanleg før framlegginga, representantane for dei såkalla friviljuge organisasjonane – organisasjonar som Naturvernforbundet, Regnskogsfondet, Antirasistiske senter … Køa av representantar for slike var som alltid lang. Dei stod der for å verta intervjua, eller rettare sagt, for å klaga – til NRK,TV 2, VG … Ja, til alle som ville høyra. I år som alle andre år fekk dei fleste for lite.
Kva er statens kjerneoppgåve? Jau, det er oppretthalda valdsmonopolet og særleg det å verna om yttergrensene. Så kor mykje får dei frivillige organisasjonane, dei som før var friviljuge i den forstand at dei ikkje fekk statsstøtte? Jau, dei får neste år vel 50 milliardar over statsbudsjettet. Nesten det same som Forsvaret, som får 55 milliardar. Det igjen tyder at Noreg ikkje er i nærleiken av å halda lovnadene ulike regjeringar av ulike fargar har gjeve både NATO og USA om å nytta 2 prosent av verdiskapinga til Forsvaret. Forsvaret vantar framleis 9 milliardar for å fylgja det kravet som Donald Trump og ei rekkje andre amerikanske presidentar har kome med.
Kvar var offiserane?
Kvar var så representantane for Forsvaret på Løvebakken? Dei var ikkje der. For offiserane i Forsvaret er statstilsette og får løyvingane sine gjennom statsbudsjettet; dei har difor ikkje lov å driva open lobbykamp for å auka norsk tryggleik. Men dei friviljuge organisasjonane har lov til å driva lobbykamp. Ja, Stortinget gjev dei løyvingar nett for å driva lobbykamp og for å påverka politikarane til å gje dei endå meir pengar.
Men er det sikkert at det er lurt å auka løyvingane til Regnskogsfondet til 3 milliardar, slik regjeringa gjer framlegg om? Då Brasils president Michel Temer var i Noreg i sumar, fekk han mykje kritikk frå regjeringa for ikkje å verna regnskogen. Han vart til Statoils store fortviling rasande, og når han vert rasande, kjem Statoils store investeringar i Brasil i fare. Men kjeft fekk Temer, for Noreg har sett av milliardar til å verna brasiliansk regnskog. Og den friviljuge organisasjonen Regnskogsfondet har over 100 tilsett for å gjera nett det, men utan særleg suksess. Men korleis hadde vi reagert om Brasil sette av milliardar for å gje eit betre vern av Hardangervidda enn kva vi gjev?
Kanskje det hadde vore lurt å redusera løyvingane til dei friviljuge organisasjonane, slike som Sykkelforbundet, som no er åt å gå konkurs av di dei ikkje hadde styring med VM i Bergen? Ja, om vi tok ein knapp femtedel av løyvinga frå desse som før greidde seg sjølv, og gav pengane til Forsvaret, hadde vi nådd 2-prosentmålet.
Særinteressene vinn
Dette kjem sjølvsagt ikkje til å skje, for Stortinget har stelt seg slik at lobbymakta til særinteresser og friviljuge organisasjonar er langt større enn makta Forsvaret har. Sanninga er som vi veit at så lenge vi har nok oljepengar, vert ikkje statsbudsjett endra i monaleg grad år for år.
Men til neste år kjem det faktisk ei endring: Vi aukar i praksis ikkje oljepengebruken. Om vi samanliknar den føreslått røynelege oljepengebruken frå statsbudsjettet som vart lagt fram i fjor haust, er det lagt opp til ein nedgang på 4 milliardar. I år var planen å nytta 259,5 milliardar oljekroner, neste år er planen å nytta 255,4. Men desse tala lyg litt. For norsk økonomi har gått så godt i år at i det reviderte budsjettet var planen å nytta 250 milliardar. Så det vert altså ein liten oppgang, men han er heilt marginal samanlikna med alle dei tidlegare åra til Siv Jensen. Dette framlegget til budsjett er dimed ein heil ny kvardag.
Eller ikkje heilt. For regjeringa trur at veksten i verdiskapinga (BNP) vert på 2,5 prosent, som igjen tyder at staten får inn mykje meir skatteinntekter frå sektorar utanom oljen. Då burde regjeringa vore i stand til å koma med monaleg kutt i oljepengebruken. Men alt i alt må dette seiast å vera noko som liknar på eit sparebudsjett. Den underliggjande veksten i statens utgifter vert berre på 1 prosent, som nesten er kutt når ein samanliknar med den generelle veksten på 2,5 prosent. Og om vi ser vekk frå den underliggjande veksten, ja, så har budsjettet etter inflasjon ein utgiftsvekst på berre 0,2 prosent.
Ryk i Stortinget
Har så budsjettet ein sjanse i Stortinget? Nei og ja. Råmene går nok gjennom, sidan dette sånn nokolunde samsvarar med korleis Oljefondet skal nyttast. Men det må koma store endringar på visse felt om Solberg skal unngå regjeringskrise. Under samarbeidsavtalen mellom dei fire borgarlege partia vart det til dømes føresett at om veg fekk éi krone meir, skulle jarnbane få det same. Regjeringa vrakar denne modellen totalt. Dei føreslår at jarnbane skal gå attende med 12,6 prosent – enda meir etter inflasjonen som dei trur vert på 1,6 prosent – og at veg skal opp med 7,7 prosent. Det er truleg god samfunnsøkonomi, men ein så raud klut for Venstre at partiet ikkje kan gå med på det. KrFs bistand får derimot som alltid ein realauke. Om budsjettet er eit frieri til noko parti, så er det til KrF.
Konklusjon
Summert opp gjev statsbudsjettet ein såkalla impuls på fastlands-BNP på 0,1 prosent, samstundes som at veksten på fastlandet ligg godt over den såkalla trendveksten. Då burde budsjettimpulsen etter teorien har vore negativ, og reduksjonen i oljepengebruken vore større. Dimed gjev ikkje budsjettet eit tilskot til betra langsiktig berekraft. Men det forverrar heller ikkje stoda.
Om vi kan seia noko om korleis Siv Jensen har styrt, så er det at kvart år har ho levert tilpassa budsjett. Då oljeprisen gjekk ned, auka ho oljepengebruken sterkt, og når no økonomien går betre, sluttar ho med å bruka stadig meir. Spørsmålet er om ho har nytta handlingsromet godt om vi tek omsyn til dei lange linene. 18 prosent av dei nye oljepengane ho har nytta, har gått til skattelette. 82 prosent har gått til å auka offentleg budsjett. I normale tider må ein finansiera auka offentleg pengebruk med auka skattar. Noreg står no framføra normale tider om vi skal halda oss til handlingsregelen. Då må vi kutta i meir enn jarnbanebudsjetta, om vi skal halda oss i balanse.
Dessutan: Forsvaret får faktisk ein nokså bra auke i budsjettet til neste år. Den reelle veksten vert på 5,8 prosent om regjeringa får det som ho vil, men det får ho neppe. For Venstre og KrF skal ha sitt. Då ryk nok litt kuler og krut.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

18 prosent av dei nye oljepengane Siv Jensen
har nytta, har gått til skattelette. 82 prosent
har gått til å auka offentleg budsjett.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.