Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Nye utgravingar rokkar ved gamle sanningar

STÖDVARFJORD: I historiebøkene heiter det at den første som busette seg fast på Island, var Ingolv Ørnsson frå Sunnfjord. No kan arkeologiske ut­gravingar tyda på at andre busette seg der før han.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I dette området i Stödvarfjord på Aust-Island har arkeologane grave fram restar av to store langhus som truleg er frå 800-talet.

Foto: Harald Hognerud

8973
20190712

Dei som oppdaga Island

Fleire oppdagingsreisande kom til Island før Ingolv Ørnsson:

Om lag 300 år før Kristus skal grekaren Pytheas, etter seks dagars seglas frå Storbritannia, ha kome til Thule. Somme har meint at det må ha vore Island.

På 500-talet levde det i Irland ein mann som heitte Brendan. Han skal ha kome til Færøyane og sigla vidare til ei vulkansk øy som kan ha vore Island.

I år 825 omtalar den irske munken Dicuil Thule, og det har vore vanleg å tru at det var Island. På den tida skal irske munkar ha budd på Island i sommarmånadene.

Naddodd skal ha vore ein norsk-færøysk sjørøvar som var den første av norrøn ætt som sette sine bein på Island. Det snødde då han drog frå landet, og difor kalla han det «Snøland».

Svensken Gardar Svavarsson var den andre skandinaven som kom til Island. Det skjedde på 860-talet, og han bygde seg eit hus og overvintra i Husavik nord på Island. Nattfari og nokre trælar, som var med på reisa, vart verande i landet då Gardar drog heim. Dei har ikkje vorte rekna som rettelege landnåmsmenn.

I året 868 reiste Floke Vilgardarsson av garde for å finna landet som Gardar Svavarsson hadde vitja. Han har vorte kalla Hrafn-Flóki og satsa på å vera der om vinteren. Sommaren var fin, men vinteren vart hard, og etter å ha klatra opp på eit høgt fjell og sett Isafjord full av drivis døypte han landet «Island».

Lytt til artikkelen:

Historie

ottar@dagogtid.no

Utgravingar i Stödvarfjord aust på Island kan rokka ved dei gamle sanningane. Det siste året har islandske medium hevda at no må historia truleg skrivast om. Ingolv Ørnsson, eller Ingólfr Arnarson, som han òg er kjend som, var kanskje ikkje den første som busette seg på øya.

Etter utgravingane denne sommaren er arkeolog Bjarni F. Einarsson nokså sikker på at det må ha vore eit hovdingsete i Stödvarfjord. Førebels veit han ikkje nøyaktig kor gamalt det er.

– Det er svært sannsynleg at ein før eller seinare finn fast busetnad på Island frå tida før Ingolv Ørnsson. Det er funne fleire bustader frå tida før sunnfjordingen kom dit, men enno veit me ikkje om dei var permanente eller mellombelse bustader, seier arkeologen.

Matkammeret

I landnåmstida fungerte Island som eit stort matkammer. I fleire tiår før landnåmet reiste nordmenn over havet for å sanka av naturrikdommane på øya. Dei fiska og jakta på både kval, sel og fugl. Dei fann myrmalm. På vestkysten av Island var det kvalross, og dei fekk godt betalt for kvalrosstennene.

– Det er god grunn til å tru at det gjekk gjetord om dei gode fangstane når nordmennene kom heim etter ein sommar på Island, seier Bjarni Einarsson.

Når denne kunnskapen spreidde seg, kunne det føra til landnåm, altså at nytt land vart busett og teke i bruk til landbruk.

– Det var nok ryktet om gode fangstar og gode beitemarker som fekk folk til å forlata Noreg og busetja seg i det nye landet, meiner arkeologen.

I historiebøkene står det at Ingolv Ørnsson busette seg i Reykjavík kring år 870. Året 874 vert ofte nemnt. Det vert rekna som starten på landnåmstida, som varte fram til kring 930.

Rett nok kom det fleire skandinavar til Island før Ingolv, men dei busette seg ikkje fast. Difor har sunnfjordingen både på Island og i Noreg vorte framheva som den første landnåmsmannen.

I 1924 vart det avduka ein diger statue av Ingolv Ørnsson ved Alltinget i Reykjavík, og i 1961 vart det sett opp ein kopi i den vesle bygda Rivedal i Askvoll i Sunnfjord. Det var Alltinget som vedtok å gje dette minnesmerket som folkegåve til Noreg. Kring 2000 menneske møtte fram i Rivedal ved avdukinga, og frå Island kom det over 150 gjestar. Blant dei var justisministeren og fungerande statsminister.

Ingolv Ørnssons landnåm har med andre ord vorte feira både på Island og i Noreg.

To store langhus

Dei arkeologiske utgravingane på Stöd i Stödvarfjord byrja i 2016. Dei heldt fram for fjerde år på rad no i sommar, men berre i ein kort periode på grunn av små løyvingar. Bjarni F. Einarsson meiner at det vil ta minst fem år til før arkeologane har gjort seg ferdige med utgravingane på staden.

Så langt er det funne spor etter fleire hus, og to av dei er store langhus frå vikingtida. Det eldste er drygt 40 meter langt, medan det andre er 32 meter. Bjarni Einarsson har ved fleire høve vist til at husa er så store at dei ikkje kan ha vorte brukte berre om sommaren.

– Det yngste huset er bygt oppå ruinane av det eldste, som ei skål oppi ei skål. Funn tyder på at det har vore gardsbruk og fast busetjing knytt til det yngste langhuset. Dei som har budd der, har sysla med tekstilarbeid, fiska, dyrka jorda og hatt husdyr. Alt tyder på at dei har budd der heile året. Kanskje var det 12–15 personar som budde i langhuset, men det er vanskeleg å seia kor mange dei var, seier arkeologen.

Han trur at det eldste huset er frå tida like etter år 800, og det yngste er frå 800-talet eller byrjinga av 900-talet. Ifølgje hypotesen hans kan det eldste huset ha vore ein utestasjon for nordmennene, medan det yngste huset har hatt fast busetnad.

Om det var fast busetnad der før Ingolv Ørnsson slo seg ned i Reykjavík i 874, kan ikkje arkeologen svara på. Men det er mogleg.

Bjarni Einarsson trur at folk forlét det eldste langhuset i nokre år, men at nokon kom tilbake seinare for å byggja det nye huset på same staden.

– Me veit ikkje kor lenge det gjekk frå dei forlét staden, til det kom folk tilbake, men me kan gissa på 10–15 år, seier han.

– Må ein skriva den islandske historia om etter dette?

– Ingen kommentar, seier arkeologen og ler.

– Først må me sluttføra utgravingane av det yngste huset for å koma ned til det eldre, og det tek tid. Frå det arkeologiske fondet fekk me 3,5 millionar islandske kroner i år, og det er for lite.

Islands rikaste

Utgravingane i år byrja tidleg i juni, men var berre i gang i fire veker. Likevel vart det gjort fleire funn.

– Me har grave fram Islands rikaste langhus. Det må ha budd ein hovding her. Det største langhuset som er funne på Island, er 43 meter langt, men det er enno ikkje undersøkt. Elles er Islands største undersøkte langhus 34 meter.

Dei mest interessante funna denne sommaren er ifølgje Bjarni Einarsson ein harpun og eit spyd som dei fann i det yngste langhuset.

– Dessutan har me funne 80 glasperler, jaspis og andre steinsortar. Tidlegare har me også funne ei smie som tilhøyrde det eldste langhuset, pluss steinar som er forma for å fungera som knivar, skraper eller høvlar.

– Reiskapar av stein er spesielt?

– Ja, det er spesielt både på Island og i nordisk samanheng i vikingtida, men det er gjort slike funn i Birka i Sverige og fleire andre plassar. Ein bortforklarar det gjerne med at dei kjem frå ein eldre busetnad som ligg under den yngre. Men det kan ein ikkje seia på Island, for her har me ikkje hatt bronse- eller steinalder. Dei som busette seg i Stöd, må ha hatt med seg kunnskapen og dugleikane for å laga desse reiskapane.

Samisk kunnskap

Bjarni Einarsson trur at nokre av dei som kom til Stödvarfjord på 800-talet, kan ha vore av samisk opphav. Dermed har dei hatt med seg naudsynt kunnskap om å laga reiskapar av stein.

– Det finst berre to alternativ: Det eine er at vikingane forma steinane, og det er funne slike steinar på enkelte stader på Island. Alternativt kan det vera at dei som forma steinane, hadde ein annan etnisk eller kulturell bakgrunn. Då er det naturleg å tru at det kan ha vore samar. Det er relativt nærliggjande å tru at nokon med samisk tilknyting var med på ferdene til Stödvarfjord, men å få stadfesta det er ikkje lett. Det bør likevel ikkje uroa korkje vikingekspertar, arkeologar eller historikarar, for Harald Hårfagre var no gift med ei samisk kvinne.

– Er det fare for at Ingolv Ørnsson kan missa posisjonen sin dersom det vert slått fast at andre busette seg fast på Island før han?

– Det trur eg ikkje. Legenda om Ingolv og dei andre tre oppdagarane som kom til Island, kjem til å leva vidare. For meg er Ingolv berre ei legende. For å prøva å forklara korleis alt byrja, må ein personifisera, og då har ein nytta fire namn: Ingolv Ørnsson, Hrafna-Flóki, Gardar Svavarsson og Nattodd, som alle kom til ulike delar av Island. På det viset har eventuelle segner og forteljingar om tidlegare ukjent aktivitet vorte konkrete.

Bjarni F. Einarsson meiner at dei statlege løyvingane til arkeologiske utgravingar er altfor små på Island.

– Det er merkeleg at sjølvaste sagaøya ikkje skyt inn meir pengar i forskinga. No er det kanskje mellom 80 og 100 personar som søkjer om pengar, og heile fondet er ikkje på meir enn 43 millionar islandske kroner i året (om lag 3 millionar norske kroner). Det vert for lite pengar, og det må ein endra på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er relativt sannsynleg at samar var med på dei første reisene til Stödvarfjord på Island.

Bjarni F. Einarsson, arkeolog

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis