Nytt år i endra politisk landskap
Dei ideologiske skilja mellom partia er så små at veljarane kan vassa tørrskodde over.
Partileiar i Venstre, Trine Skei Grande, ser fram til formelle regjeringsforhandlingar med Høgre og Frp på nyåret.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix
hompland@online.no
For eit par tiår sidan slo valforskaren Henry Valen fast at veljarane var på vandring. Før var problemet å få dei opp av sofaen, men når dei lét seg mobilisera, røysta dei på sitt eige parti. Vertinna minner om at ho er mellom dei som held ut og alltid røystar på det same partiet – utan omsyn til kandidat og program, taktikk og bortkasta røyster.
BYRÅSJEFEN er ein prinsippfast mann, og han har også god innsikt i korleis politikk blir til. Han finn litt godt i mange parti og ville gjerne ha delt opp røysta si med ulike prosentar til fleire.
Men det avgjerande for Byråsjefen er at partia ikkje er så absolutte at systemet går i stå. Som så mange andre rasjonelle og pragmatiske i forvaltning og næringsliv, meiner han at det beste hadde vore at dei ansvarlege styringspartia Høgre og Arbeidarpartiet fann saman, eller i det minste hadde bytt på regjeringsmakta seg imellom. Han trur veljarane ville ha lønt dei for det, og sjølv om nokre ville hoppa av til meir reine og ranke særinteresseparti, ville dei to store og nærskylde likevel vera store nok til å sikra langsiktig styringsdugleik – til beste for land og folk og forvaltning.
NÅR VELJARANE vandrar, vandrar partia saman med dei. Av og til går partia først, men like ofte spring dei etter dei dei skulle leia, etter Monty Pythons motto i Life of Brian: «I am their leader; I must follow them.»
Framstegspartiet har følgt veljarane sine og snudd i EU-spørsmålet. Dei er blitt eit nasjonalistisk velferdsparti med sporadiske reminisensar av liberalistisk retorikk. Med fridom til nokre sidesprang lever dei greitt i fornuftsekteskap med Høgre – i gode og mindre gode dagar. Høgre har på si side lært seg å tala vel om partnaren og ta alt i beste meining, sjølv om Erna Solberg heller ville vera politisk polygam.
ARBEIDARPARTIET var ein brei koalisjon mellom by og land, stat og privat, arbeidar og embetsmenn, vekst, velstand og vern, svart og litt grønt. Nå taper dei både raude, grøne, lilla og lysebrune veljarar, og lagnaden til europeiske søsterparti skremmer.
Partiet er i villreie. Martin Kolberg messar på ny om «fagbevegelsen, fagbevegelsen, fagbevegelsen», valkampgeneral og hovudtalsmann Trond Giske driv politisk tafsing med KrF, medan partileiaren er ein pilegrim på vandring. Før vitja han Tony Blair for å læra; nå har han vore hos Jeremy Corbyn.
Som vismannen Nils-Fredrik Nielsen seier i ein av sine Tristesser i utvalg: «Faren med selvransakelse er at man risikerer å ikke finne noe.» Då kan vegen gå til eit fyrstehus i PR-bransjen for å få hjelp til å leita fram sitt purpose.
DEI TRE SÅKALLA mellompartia med historisk utspring i gamle Venstre, som til saman hadde opp mot ein tredel av røystene, gjorde på 1960-talet mislykka forsøk med Samling i Sentrum. Slik veljarane såg det, var dei til utpå 1970-talet stabilt plasserte på skalaen mellom høgre til venstre: Senterpartiet (Bondepartiet) låg nærast Høgre, og Venstre nærast Arbeidarpartiet. Kristeleg Folkeparti låg mellom dei to, men også på ein dimensjon for seg sjølv.
Sidan har veljarane vandra og partia flytta seg. Senterpartiet har hamna varig til venstre og Venstre varig til høgre. Kristeleg Folkeparti står aleine att på valen, men eit verdimessig fløyparti er eit tynt og underleg politisk sentrum.
DEI SISTE DAGARS Venstre er blitt eit slags grønt og frisinna Vesle-Høgre som manøvrerer i rotete vatn. Dei gjer seg lekre for danna høgreveljarar i forstadene og dei store byane, men har tapt distriktsbasen sin. På landsmøtet i Unge Venstre nyleg adopterte dei også Unge Høgres klassiske kampsak om å gjera sidemålet valfritt.
I eigne augo er Venstre stadig eit kompetent styringsparti, sjølv om dei har fleire hovdingar enn indianarar (orsak: amerikanske urfolk). Den nyvalde leiaren i Unge Venstre, Sondre Hansmark, har formulert posisjon og ambisjon i klartekst: «Målet med politikken er å sitte i regjering.»
DET ER VANSKELEG å spå om kven som får eit godt eller dårleg nytt politisk år. I mindretalsparlamentarisme med ei svekt regjering blir det meir spel og spetakkel og ein annan dynamikk i Stortinget. I løpet av ein sesjon kan dei politiske straumdraga skyta fart som hjelper somme og fører andre inn i bakevjer.
I norsk politikk har det vore lange og breie dalar, strie elvestryk, djupe fjordar og høge fjellovergangar. Nå er det færre avgrunnar, og det har kome tunnelar under fjordar og gjennom fjell. Veljarane kan vassa tørrskodde over ideologisk tørrlagde elvar. Medan partia må manøvrera i eit endra politisk landskap med usikre bruer over retorisk utvida kløfter.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Faren med selvransakelse er at man risikerer å ikke finne noe.»
Nils-Fredrik Nielsen
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.