Nytt
Mange som sver til minimalisme i hus og heim, har som prinsipp at éin ting må ut om ein annan skal inn. Har du lyst på ein stressless, må den gamle lenestolen ut av huset. Har du råd til eit 65” fjernsyn, hiv du sjølvsagt ut den gamle boksen som stal ein kvadratmeter av stova.
Nyleg skulle eg hente ein fjernkontroll som hadde vore på reparasjon. Eg vart møtt av ein effektiv, ung mann som ordna ut. Men då han sette eit nytt fjernsyn på disken, kom eg i stuss.
– Det var berre fjernkontrollen eg leverte inn, altså.
– Å? Er ikkje dette namnet ditt, spurde ekspeditøren og viste meg ordren som hang på TV-en.
– Jau, sa eg, men eg har fjernsynet heime.
Då eg gjekk ut av butikken, slo det meg at eg kunne ha spankulert ut med eit nytt fjernsyn til 4000 kroner – utan å ha betalt fem øre. Men kva skal eg med to fjernsyn? Ikkje trur eg at eg hadde hatt godt samvit om eg såg på «tjuvgodset» heller. Eg kunne naturlegvis ha selt det eller gjeve det vekk. Men det kom først med ettertanken, som ikkje var heilt god.
Det er mangt som kunne ha vore kjekt å bytte ut etter éin-inn-éin-ut-metoden. Problemet (ja, problemet for faen) med å ville bytte ut kjerringa er at du ikkje kan selje ho på Finn.no, gje ho til den lokale loppemarknaden eller levere ho til resirkulering på miljøstasjonen. Resirkulerast kan ho vel for så vidt, altså brukast om att, men ho er og blir ein eks – og det rimar på heks, som han sa, kallen.
Ei ekskone eller ein eksmann vert du sjeldan kvitt med mindre du går drastisk til verks, men slikt kjem ikkje inn under kategorien «ryddesal». Alternativet: å skaffe seg ein ny kjærast utan å kvitte seg med den gamle, kan fort få heimen til å kjennest overmøblert. Då er éin-inn-éin-ut-metoden betre.
Det er med 2017 som med eksen: Det er over.
Takk for det gamle!
Tiriltunga
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?