JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Avviser kritikken

– Vi driv godt. Då får vi gode resultat, seier Sigurd Aase.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2799
20201218
2799
20201218

jon@dagogtid.no

Sigurd Aase eig 50 prosent av Trygge Barnehager AS. Han meiner det er underleg at Hagen-utvalet og dei som kritiserer dei private, ikkje er opptekne av kor billig dei private barnehagane driv.

– Eg ser at det ikkje vert ein debatt om at dei private barnehagane vert drivne 2 milliardar billigare enn dei kommunale. Den debatten er fråverande. No har vi private halvparten av marknaden. Og vi driv altså 2 milliardar billigare. Burde ikkje røntgenblikket vorte vendt mot dei kommunale som driv så mykje dyrare og kostar skattebetalarane mykje?

– Men utvalet peiker på at mange private selskap har fått billige eller gratis eigedomar, som dei så har selt vidare med svært høg profitt. Det må du vera samd i er uheldig?

– Dette har eg ikkje god kjennskap til. Det dreier seg ikkje om våre barnehagar. No har vi rett nok 180 eigedomar, og eg har ikkje full oversikt. Men vi har kjøpt ei rekkje private tomtar til marknadspris. Andre får svara for det dei har gjort.

– Men de har hatt driftsmarginar på mellom 9 og 12 prosent dei siste åra. Det meiner utvalet er uvanleg høgt.

– I 2019 har vi ein driftsmargin på 4,3 prosent. Tidlegare år er eigedom inkludert, så tala i NOU-en gjev ikkje eit rett bilete. Men ja, når vi har så lågt sjukefråvær som vi har, og dei tilsette trivst godt, får vi lægre personalkostnader. Typisk er personalkostnaden 80 prosent. Vi treng i mykje mindre grad enn andre å nytta vikarar. Det er no eingong slik at om ein driv godt, får ein gode resultat. Dersom ein leverer betre bilar enn andre, fortener ein ikkje å få halda på den gode verdiskapinga ein då har?

– Men de har tent så godt at de har hatt råd til å investera i amerikansk olje, som de har tapt stort på. Det kan verka litt ekstremt sett frå utsida?

– Det der er ei mistyding. Ein har ikkje tapt noko før ein har selt. Men ja, vi har skrive ned verdiane. Når oljen i bakken vert mindre verd, skriv ein ned. Men verdien kan òg gå opp att. Då skriv vi opp. Ein har ikkje tapt før ein har selt med tap.

– Utvalet er uroleg for dei kompliserte selskapsstrukturane. Dei meiner det opnar for skatteplanlegging. De har svært mange selskap?

– Kvar einaste barnehage hjå oss er eit sjølvstendig aksjeselskap. Eg skjønar ikkje kva som er komplisert hjå oss. Og det vi gjer, har ingenting med skatteplanlegging å gjera. Vi har betalt overskotsskatt på alt. Vi prøver å forvalta pengane så godt vi kan, og byggja verdiar og arbeidsplassar der vi investerer. Og om den dagen kjem at vi tek ut utbyte på personleg hand, skal vi sjølvsagt betala skatt på det. Vi har ikkje gjort noko som ikkje andre selskap gjer, same kva media og andre måtte meina. Vi driv godt og prøver å få høgre avkasting enn det ein får på bankkonto.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis