JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Eit forsvar for høgre renter

Høgre renter kjem til å føra til mykje godt, kan vi gjera oss ei von om.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Med låg rente har folk hatt råd til stadig større hus og stadig fleire hytter. Byggjenæringa har hatt ein attendegang i produktivitet på over 10 prosent, som er noko heilt nytt innanfor kapitalismen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

12096
20230224
12096
20230224

Renter

jon@dagogtid.no

Mange av oss som har store lån, er no urolege for at renta skal verta høgre. Det er berre å slå fast at det kjem ho til å verta. Det er ingen teikn til at forbruket dabbar av, arbeidsmarknaden er framleis stram, og jammen har bustadprisane, særleg i Oslo, på nytt teke av. Alt medan realløningane går ned.

At bustadprisane stig, er elles ikkje uventa sett i lys av at regjeringa har lempa på ei tidlegare stram bustadutlånsføreskrift. Bankane får no låna ut mykje meir til førstegongskjøparar og dei som vil kjøpa husvære nummer to. Slikt har det med å setja ny eld under bustadmarknaden. Dessutan er det lite som tyder på at regjeringa våger å gjennomføra nokon av dei føreslegne skatteinnstrammingane som skattekommisjonen føreslo for huseigarar.

Når vi så veit at regjeringa har lova eit ukjent tal nye milliardar til offentleg sektor til våren, ja, så må nok renta ein god del til opp for at ting skal roa seg, og inflasjonen på ny halda seg låg.

Godt på sikt

Ser vi forbi dei auka kostnadene alle som har lån, får av di renta går opp, tyder likevel det meste på at det er godt for dei fleste av oss at renta går opp, i det minste på sikt. Om vi tenkjer over kva rente er for noko, betaling for lån av tid, ser vi kan henda klarare kvifor det er rett at kapital skal kosta noko. Alle desse åra med det som i praksis har vore minusrenter, har truleg ikkje vore sunne, dei har sett normale og gode funksjonar ut av drift.

Lån oppstår ved at ein eller fleire personar utset konsum her og no til fordel for ein eller fleire som vil kjøpa noko her og no. På sett og vis er det ikkje store skilnaden på eigaren av ei gravemaskin til 1 million kroner og ein som låner ut 1 million kroner, båe skal ha betalt for bruk av tid. I ein rekneskap vert det ikkje gjort skilnad på ei gravemaskin til 1 million og 1 million i utlån til kundar i form av fakturaar som enno ikkje er betalte.

Lik verdi

Om vi aksepterer at ein verdi, utlån, er det same som ein annan verdi, gravemaskin, må vi òg akseptera at dei som vil nytta seg av desse to verdiane eller kapitalane, får nokolunde den same betalinga for bruken av tid. Skal eigaren av gravemaskina få betalt, må utlånaren av pengane som gjekk til å kjøpa gravemaskina, også få betalt. Vert det gratis å låna pengar, endar vi til slutt opp i ei verd der alle har råd til gravemaskiner, og då har heller ikkje gravemaskiner nokon verdi. Når alle har alt, har ingen noko.

Ei verd der gravemaskiner er gratis, er også ei verd der dei som har gode evner til å grava, har få incitament til å gå inn i gravemaskinverda. For han eller ho veit at om dei byrjar med graving, kan det når som helst koma nye gravarar inn som pressar ned prisen.

Ei næring som har gratis tilgang til realkapital av di pengar er gratis, er ei næring der konkurransekrafta delvis ikkje fungerer, men der dei mest bisarre prosjekta kan setjast i gang. Med minusrenter kan ein fantast prøva å sprengja Jotunheimen og laga parkeringsplass av området.

Positive realrenter

Ei realrente som er positiv, er truleg bra for produktiviteten. Når rentenivået er høgre enn inflasjonen, må den som har lånt pengane, verta meir produktiv eller produsera meir, av di vedkomande ikkje kan auka prisen på det han produserer, meir enn konkurrentane. Differansen mellom rentenivået og prisauken er førande for arbeidsinnsatsen.

Hamnar renta under den årlege prisveksten, går det heile i revers. Då treng ein ikkje lenger gjera det stadig betre for å kunne betala for seg. Då sluttar delar av den modellen vi har hatt sidan den industrielle revolusjonen, at kvart år gjev oss ein stadig betre levestandard gjennom høgre effektivitet, å fungera.

Det vi ser i Noreg og resten av den rike verda, er at produktivitetsveksten nesten heilt stogga opp etter finanskrisa i 2008. Ein trend som hadde vart i over 200 år, vart broten, og samstundes fekk vi eller vart vi påførte minusrenter. Kvifor vi fekk dei låge rentene, er delvis ein høna eller egget-diskusjon. Kva kom fyrst, rentenedgangen eller nedgangen i produktivitetsveksten?

ECB

Ei gruppe vil seia at sidan eit samfunn berre har råd til å betala plussrenter når det er produktivitetsvekst, er dei låge rentene ein funksjon av den elendige utviklinga. Dei som ville eller måtte låna ut pengar, hadde ikkje anna val enn å akseptera minusavkasting.

Ei anna gruppe vil seia at sidan sentralbankane – som ville hindra at store delar av finansnæringa og dimed mange andre verksemder gjekk konkurs – overfløymde marknaden med nytrykte pengar og minusrente, var produktivitetsveksten nærmast dømd til å gå i stå. Dette at Den europeiske sentralbanken (ECB), til dømes, både kjøpte enorme mengder med dårlege pantebrev og innførte minusrenter, sette kreftene som normalt betrar produktiviteten, på lagring.

Det eine er at låge renter ikkje gjer at du må arbeida betre eller meir eller ein kombinasjon av dei to, det andre er at stadig fleire verksemder vart zombieverksemder, eit omgrep som fyrst oppstod i Japan. Øystaten vart eit varsel om det som skulle koma.

I Japan er det knytt stor skam til det å gå konkurs. Den japanske økonomien var på 1970- og 1980-talet prega av ein eksportleia vekst, som førte til høge overskot på betalingsbalansen, som var eit mål i seg sjølv. Samstundes held den japanske sentralbanken rentene låge for at japanske yen ikkje skulle gå raskt opp, som igjen hadde ført til eit lægre overskot på betalingsbalansen.

Gjekk i stå

Vi i Noreg har valt å investera overskotet på betalingsbalansen i Oljefondet, i Japan investerte gud og kvarmann i aksjar og eigedom heime i Japan. Så kom krisa ved inngangen til 1990-talet, og alt stupte. Japanarane valde som USA og Vesten i 2009 å setja rentene ned, og eigarar av verksemder som elles hadde gått konkurs, overlevde, verksemdene vart «levande døde», zombieselskap. I tillegg kom det at styra i japanske bankar ikkje ynskte å avskriva låna dei hadde gjeve til zombieselskapa. Det ville vera å tapa andlet. Det japanske underet var over.

Mekanismen gjentok seg i Vesten 25 år seinare. I dag er minst 20 prosent av dei store verksemdene i Italia zombieselskap, og produktiviteten i Italia er lægre enn det han var for 20 år sidan. Mekanismen i si mest banale form var som fylgjer: Italienske bankar deponerte pantebreva frå zombieverksemder hjå ECB, som gav dei italienske bankane nye pengar for desse, pengar som vart nytta til å rullera låna til zombieverksemdene, som underskreiv nye pantebrev, som deretter vart deponerte hjå ECB, og så bortetter.

Det vi kan seia sikkert, er at den japanske aksje- og eigedomskrisa vart avløyst av eit klart brot i den japanske produktivitetsveksten, eit enda klarare brot såg vi i Vesten i 2009. Mellom 1995 og 2008 var produktivitetsveksten i Noreg meir enn dobbelt så høg i gjennomsnitt som mellom 2009 og 2022. Eit land som Storbritannia har i praksis ikkje hatt produktivitetsvekst i det heile sidan finanskrisa.

Destruksjon

Ja, finanskrisa førte til ein auke i arbeidsløysa i Vesten, men ho vart ikkje uvanleg høg, og no skrik verksemdene etter nye arbeidarar, som møter den same arbeidsmarknaden som andre arbeidarar har levd med lenge, ein marknad med ei fallande eller stagnerande realløn.

Det store problemet med zombieselskap er at dei bind opp arbeidskraft, dei drep «den kreative destruksjonen», eit omgrep som den austerrikske økonomen Joseph Schumpeter utmynta i 1942. Kriser fører til omstilling, seier teorien. Greier du ikkje omstilling, går du konkurs, som igjen gjer at du må finna på noko nytt og betre, medan dei som overlever, stadig må verta meir og meir effektive for å møta konkurransen frå dei som må omstilla seg.

Mykje rett

Zombieverksemder treng ikkje å omstilla seg når rentene er i minus. Dei kan halda fast på arbeidarane, som dimed korkje må finna på eller finna noko nytt. Og sidan zombieverksemder er med på å draga ned den generelle produktivitetsveksten, vert også den generelle reallønsveksten svekt, slik at det vert vanskeleg for andre verksemder å lokka til seg dei tilsette frå zombieverksemdene.

At det er mykje rett i teorien til Schumpeter, er det liten tvil om. Han er ein av verdas mest siterte økonomar gjennom tidene, men han skreiv ikkje under eit lågrenteregime. Det som uroa Schumpeter, var at folk ikkje likte å leva under den utrygge kreative destruksjonen, og difor heller ville underleggja seg diktatur for å sleppa unna, og dimed kom all vekstkraft til å verta borte. Vi kom til å koma attende til tida før den industrielle revolusjonen, og marknadskreftene vart sleppte lause.

Utan disiplin

Men det er ikkje kreativitet som har mangla under minusrenteregimet. Problemet er at kreativiteten i kombinasjon med vona har vore udisiplinert sidan pengane vart gratis. I fjor betalte Equinor 50 milliardar dollar i skatt, som er den høgste skatteinnbetalinga av noko vestleg selskap nokon gong. Danske Ørsted som medvite gjekk ut av olje og gass og satsa alt på vedbrenning og vindkraft, betalte 340 millionar dollar.

Så seint som i januar 2021, etter at pandemien hadde ført til endå lægre renter, var Ørsted i aksjemarknaden prisa til å vera verdt 35 milliardar dollar meir enn Equinor, sjølv om selskapet berre produserte brøkdelar så mykje energi som Equinor. Ei mengd «gratispengar» vart pøste inn i Ørsted i ei von om at langt der ute kom Ørsted til å produsera meir energi enn Equinor. No er Equinor verdt 60 milliardar dollar meir enn Ørsted.

Elekt

Eit kan henda endå betre døme på kva gratispengar kan føra til, er straumsalsselskapet Elekt, som kom inn på straumsalsmarknaden for to år sidan. Dei meinte at dei hadde funne ein ny måte å selja straum på. I oppstartsfasen tok dei berre 1 øre i påslag på spottprisen. Dei var i røynda billigast i Noreg, men folk leit ikkje på at slikt var mogleg.

I 2021 omsette Elekt for berre 4 millionar kroner. Likevel gjekk Polaris Media tungt inn med pengar i januar 2022 og verdsette selskapet til 150 millionar. No i desember ville Elekt endeleg tena pengar ved å taka betalt for bruk av den visstnok særs nyskapande mobilappen sin. Det gadd ikkje dei få kundane å vera med på. Denne veka slutta selskapet å selja straum.

Bustadbobla

Dei låge rentene har gjeve verksemder lægre kostnadsdisiplin og gründerar med luftige idear tilgang til pengar dei ikkje hadde fått om rentene hadde vore høgre. Den næringa på fastlandet i Noreg som har hatt høgst vekst sidan finanskrisa, er byggjenæringa. Folk har hatt råd til stadig større hus og stadig fleire hytter. Under lågrenteregimet har byggjenæringa hatt ein attendegang i produktivitet på over 10 prosent, som er noko heilt nytt innanfor kapitalismen.

Men den utan tvil mest drastiske konsekvensen av lågrenta er ein stadig vidare skilnad mellom dei som har, og dei som ikkje har. I februar 2009 stod indeksen over dei 500 største amerikanske børsselskapa i 725, no står han etter ein sterk nedgang på grunn av renteaukane i fjor framleis i 4000. Dei med pengar har kunne låna endå meir pengar, som dei har pøst inn i aksjemarknaden. Då Facebook vart børsnotert i 2012, vart dei notert med ein kurs på 38 dollar. På det meste, i 2021, var kursen nesten 400 dollar. Etter renteaukane er han no på 178.

Attende til røyndomen

Den dagen rentene vert høge nok, kjem millionar av flinke menneske verda over som før arbeidde med å laga stadig meir kompliserte finansinstrument eller nytta tida på å laga appar som visstnok skulle gje oss rimelegare straum, til å gå inn i verksemder som produserer reelle verdiar for reelle menneske. Dei kjem til å nytta tida på å gjera produkt vi alle har trong for, litt betre og billigare år for år.

Eller vi kan i det minste gjera oss von om det, i takt med at renta på dei for store bustadlåna vi ikkje burde ha teke, stig og stig. Ei trøyst får vera at høge realrenter ofte går i takt med høgre reallønsvekst. For til sjuande og sist er positive realrenter eit teikn på høg vekstkraft.

Den dagen rentene er høgre enn inflasjonen, er vi attende til meir normale tider. På vegen dit lyt vi tola litt meir smerte.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis