Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Forvirringa om namnet Hurtigruta/Hurtigruten

Når «Hurtigruta» har over hundre års hevd som namn på ei båtrute, er det villeiande at eit selskap kan ha dette namnet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hurtigruta er ei passasjer-, post- og godsrute som i meir enn hundre år har sigla mellom Bergen og Kirkenes. Hurtigruten AS er eit firmanamn.

4201
20200814
4201
20200814

Namn

eldar.heide@hvl.no

Då media nyleg tok til å melde om koronautbrot «på Hurtigruten» og «på hurtigruteskipet Roald Amundsen», oppfatta truleg dei fleste det slik at utbrotet var på eit av skipa som går i den daglege ruta Bergen–Kirkenes. Det er jo det Hurtigruta/Hurtigruten betyr allment på norsk, jamfør til dømes Wikipedia: «Hurtigruta er ei passasjer-, post- og godsrute som siglar frå Bergen til Kirkenes». Men utbrotet var altså på eit Svalbard-cruise med utgangspunkt i Tromsø.

Reiarlag

Bakgrunnen for den forvirrande namnebruken er ein glipp som skjedde på midten av 2000-talet. Det aller meste av tida frå starten i 1893 og til no har fleire reiarlag delt på drifta av Hurtigruta, med nokre skip kvar. På midten av 2000-talet var det to, nemleg Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab og Troms Fylkes Dampskibsselskap. Så fusjonerte dei i 2006, og det vart berre eitt. I samband med det klarte det nye storreiarlaget å kapre namnet Hurtigruten – fyrst som Hurtigruten Group AS frå 2006, så Hurtigruten AS frå 2007.

Dermed var det gjort. Etter neste anbodsrunde, i 2017–18, vart det atter to reiarlag som skulle dele på ruta, frå 2021, nemleg Hurtigruten AS og Havila Kystruten. Men i denne runden hevda Hurtigruten AS at dei åtte namnet Hurtigruta/Hurtigruten, at det var deira private merkenamn. Det godtok Samferdsledepartementet, og det som i allmennspråket heiter Hurtigruta, fekk offisielt namnet Kystruten Bergen–Kirkenes».

Etter dette er det ikkje lenger mogeleg å «reise med Hurtigruta», formelt sett, sjølv om båtruta går som ho har gjort i over 100 år. Eit over hundreårig namn på ei båtrute er kapra som firmanamn, slik at båtruta på eit vis står utan namn.

Namnet folk brukar, er uoffisielt. Samferdsledepartementets namn er det svært få som veit om, og det er det heller ingen av dei involverte selskapa som brukar.

Cruise

Etter fusjonen i 2006 har Hurtigruten AS utvida drifta si til cruise til Svalbard, Antarktis og utvalde delar av Norskekysten – også dette under namnet Hurtigruten. Dette gav oss dei forvirrande nyhendemeldingane då eit av cruiseskipa fekk koronasmitte om bord. Namnebruken straffa seg, altså, i og med at Svalbard-cruiset for ei tid har øydelagt ryktet til ruta langs norskekysten.

Selskapet kjem neppe til å gje opp namnet Hurtigruten på grunn av dette, for på lang sikt er namnet ein forretningsfordel. Eit viktig spørsmål er likevel om namnekapringa var juridisk haldbar. Føretaksnamnelova seier: «Et foretaksnavn må ikke være egnet til å villede» (§ 2-3).

Ingen bagatell

Saka er parallell til saka der Orkla/Kims i 2016 fekk medhald i at Maarud ikkje har einerett til å bruke ordet potetgull i marknadsføring (sjølv om det var Maarud som fann på ordet), fordi potetgull er ei allment brukt nemning for potetchips på norsk. På same måte er Hurtigruta/Hurtigruten allment nemninga på ei båtrute Bergen–Kirkenes på norsk, uavhengig av kva Hurtigruten AS måtte hevde. Dermed er det grunn til å tru at Hurtigruten AS taper den formelle eineretten til namnet dersom Havila Kystruten prøver spørsmålet for retten.

Men per i dag går konflikten ikkje fyrst og fremst mellom to selskap. Han går mellom allmenta og Hurtigruten AS – som har teke frå oss namnet på ei båtrute vi alle har eit forhold til.

Kva så med endinga -a eller -en? Hurtigruta eller Hurtigruten? Dersom det er eit privat namn, er det namneeigaren som avgjer det. Men denne båtruta er ei statleg teneste, jamfør presentasjonen til Samferdsledepartementet: «Samferdselsdepartementet har løyveansvaret for kystruten Bergen–Kirkenes og kjøper sjøtransporttjenester på strekningen i det private leverandørmarkedet.»

Dermed skal Lov om målbruk i offentleg teneste gjelde, og det inneber at namnet skal finnast i både nynorsk- og bokmålsform. Altså skal Hurtigruta vere like offisiell form som Hurtigruten. Naturleg nok, når det er det dei aller fleste nordmenn seier.

Eldar Heide er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det fusjonerte selskapet burde ikkje fått ta namnet Hurtigruten AS i 2006–2007.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis