JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Grunnrentelandet

Det fine med grunnrenteskatt er at investorar får langt meir å investera med.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) (t.v.) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under presentasjonen av ny grunnrenteskatt på Blaafarveværket 28. september i år.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

12911
20221007

Grunnrenteskatt

Regjeringa vil innføra ein grunnrenteskatt på 40 prosent på fiskeoppdrett. Dimed får dei store selskapa ein skatt på overskot på 62 prosent.

Eigarar av vassmagasin får ein auke i skatten frå 60 til 67 prosent.

I tillegg får kraftselskapa ei produksjonsavgift på 23 prosent på straum over 70 øre per kWh.

Grunnrente

jon@dagogtid.no

Det går føre seg eit ordskifte om grunnrente i Noreg, men fyrst ei avklaring av kva grunnrente er for noko. Kvifor vi i Noreg kallar grunnrenta grunnrente, er noko usikkert. I grannelanda våre heiter det ikkje grunnrente, men ressursrente, som er eit godt omgrep, om enn ei nokså dårleg omsetting av omgrepet den engelske økonomen David Ricardo utmynta, economic rent. Men sidan omgrepet er så innarbeidd i Noreg, kallar vi grunnrenta nett grunnrente.

Så kva er grunnrente? Det er den ekstraprofitten som oppstår når ein person eller ei verksemd får tilgang til ein avgrensa ressurs, som kan vera fisk, olje, vatn, mat eller enkelt og greitt grunn. Dei mest kjende døma på personar her heime som har vorte rike på grunn av grunn, er kan henda Olav Thon og Petter Stordalen. Dei har hatt vit nok til å kjøpa grunn i sentrum av Oslo. For så lenge folk eller verksemder vil flytta til pressområde, stig prisen på grunn i pressområda meir enn i resten av landet og meir enn veksten i økonomien generelt.

Kunnskap

Det er fleire grunnar til at det er slik, men hovudgrunnen er truleg det som vert kalla kunnskapsklynger. Om du driv eit stort advokatfirma, vil du ha tilgang til mange spesialiserte advokatar. Dei finn du i Vika i Oslo. Di fleire advokatar det vert i Vika i Oslo, di meir spesialiserte kan desse advokatane verte, og di meir kan dei same advokatane krevja betalt frå dei store norske selskapa, som òg har hovudkontor i det same området.

Om to juristar som nett er ferdigutdana frå universitetet i Oslo og er like dyktige og fekk same karakter, høvesvis vel å taka arbeid i Vika og i Volda, vil den advokaten som vel Vika, få langt høgre lønn enn han som buset seg i Volda. Det gjer at advokaten i Vika kan betala langt høgre husleige enn han i Volda.

Dei som vil ha dei beste og mest spesialiserte advokatane og ikkje normalt held til Oslo, har ikkje anna val enn å reisa til Oslo når dei skal ha møte med advokatane. Då tek dei kan henda inn på eit hotell på Aker Brygge, til dømes The Thief, som er eigd av Petter Stordalen, for så å gå bort til eit advokatkontor som held til i ein bygning eigd av Olav Thon.

Ny skatt?

Denne ekstraveksten i eigedomsspris kunne staten ha valt å skattleggja delar av. Det fine med kunnskapsklynger er at få vågar å flytta derifrå, sjølv om skatten er høgre der enn andre stadar, noko den britiske økonomen Paul Collier har skrive mykje om og dokumentert. Om ein flytter frå grunn med kunnskapsklynger, taper ein tilgang til spesialisert arbeidskraft og med det konkurransekraft.

Silicon Valley i California har til dømes dei høgste eigedomsskattane i USA. Men så langt har det ikkje kome ein statleg ekstraskatt på grunn i pressområde i Noreg. Vi skal ikkje sjå vekk ifrå at staten innfører ein grunnrenteskatt på kunnskapsklynger og pressområde når eldrebylgja skal finansierast dei komande tiåra.

Det er elles relativt nytt at vi i Noreg skattlegg grunnrenta. Ein del har i det siste hevda at vi har hatt grunnrenteskatt på vasskrafta sidan vi fekk konsesjonslovane og heimfall rett etter at vi gjekk ut av unionen med Sverige. Det er feil. Grunnrenteskatten på vasskraft kom så seint som i 1997. Det var fyrst då kraftprisen vart sleppt fri i marknaden i 1991 og hadde verka i nokre år, at politikarane fann at her var det ein superprofitt å skattleggja. Det er fyrst når vi lèt marknaden verka, at vi konkret ser kva grunnrenta er verd.

Distriktspolitikk

Den tradisjonelle bruken av grunnrente i Noreg har vore å nytta henne til utjamning og distriktspolitikk. Før marknadsreforma i kraftforsyninga kom, vart prisen på straum sett lågt av politikarane. Dei som bygde ut vasskrafta, fekk lov til å taka nett så mykje for straumen at dei kunne forsvara avdraga og lånerenta (som også vart sett av politikarar i etterkrigstida), men ikkje meir.

Fisk, som også har grunnrente, vart ikkje teke opp så effektivt som råd var i etterkrigsåra, men vart nytta som distriktspolitiske verkemiddel. Stortinget ynskte at mange skulle kunne overleva som fiskar eller mottakar av fisk, og ynskte ikkje å få inn ein grunnrenteskatt som eit høgeffektivt fiskeri kunne ha gjeve. No når det etter kvart har vorte særs få, men store og profittrike aktørar i bransjen, skal vi heller ikkje sjå vekk frå at det også der kjem ein grunnrenteskatt på sikt.

Opec

Det er elles Opec og arabarane vi skal takka for den verkelege store kjelda til statleg rikdom vi har i Noreg. Målt i dagens prisar var aldri oljeprisen høgre enn 30 dollar fatet i over hundre år. Då vi fann Ekofisk i 1969, var oljeprisen i dagens pengar 27 dollar. Fyrst då Opec firedobla prisen i 1973–1974, og prisen vart varig høgre, såg Finansdepartementet at her vart det superprofitt. Ingen felt vert i dag utbygde på norsk sokkel utan at oljeselskapa kan rekna heim minst 20 prosent i profitt på 30 dollar per fat oljeekvivalentar.

Så til dagens ordskifte: Kvar dag etter at Trygve Slagsvold Vedum annonserte grunnrenteskatt på oppdrett og auka grunnrente på straum, har det vore store oppslag i norske presse om at desse grunnrentesatsane kjem til å føra til drastiske reduksjonar i investeringar, med påfylgjande tap av arbeidsplassar i distrikta. Ja, det er så gale at til og med det grøne skiftet står i fare. Vi kjem ikkje til å få ny straum i landet. Lobbybransjen har hatt gode dagar.

Men det er ikkje noko i utforminga av den nye grunnrenteskatten som tilseier at investeringane skal gå ned. Finansdepartementet seier at investeringar som var lønsame før den nye grunnrenteskatten, skal vera like lønsame etter den nye grunnrenteskatten. Enkel brøkrekning tilseier at dei har rett. Om noko gjev grunnrenteskatten ikkje mindre, men meir tilgang på kapital for investorar. Staten tek ei mykje større rolle.

Meir pengar

Ja, auka eller ny grunnrenteskatt reduserer profitten på tidlegare investeringar. Der staten før tok berre 22 prosent på profitten som store oppdrettarar har, tek han i framtida 62 prosent av profitten. Dei pengane får ikkje oppdrettarane att. Men i framtida har dei fått ein stor ny investor på laget og dimed ein sterkt redusert risiko. Dei har nemleg fått 62 prosent i skattefrådrag, og skattefrådrag på investeringar tyder enkelt og greitt at staten stiller opp med pengar tilsvarande skattefrådraget.

Vi kan illustrera det med ein hundrelapp. Dersom du før hadde 100 kroner å investera med, sa staten at han stilte opp med 22 kroner. I røynda investerte du ikkje 100 kroner, men 78. Gjekk investeringa med tap, dekte staten 22 kroner av det tapet, av di du kan trekkja tap på investeringar av på skatten. Men dersom investeringa gjekk med vinst, tok staten 22 kroner av vinsten. I alle høve vart den samla investeringa på 100 kroner.

Med den nye skatten som samla vert på 62 prosent, stiller staten opp med 62 kroner, og du må berre stilla med 38 kroner av den same investeringa. Du har no fått frigjort 40 nye kroner. Med andre ord: Har du ein gjeven sum å investera med, kan du som lakseoppdrettar investera meir i framtida med den same summen enn du har kunna fram til no.

Større risiko

Staten, som er alle norske innbyggjarar, tek dimed på seg mykje større risiko enn før. Vi vert alle storinvestorar i lakseoppdrett. Dette kan vi som fellesskap tapa på, men mest truleg vinn vi så lenge verda vil ha norsk laks.

Dette kan illustrerast med den såkalla oljepakken som Stortinget vedtok våren 2020. Rystad Energy har rekna på effekten av dei ekstra frådraga som oljeselskapa fekk: «Alle prosjektene kommer til å ende med massiv positiv verdiskaping. Det vil alltid være noen negative overraskelser. Men summen blir en massiv positiv», seier grunnleggjaren av selskapet, Jarand Rystad, til Stavanger Aftenblad. Rystad har rekna seg fram til at oljepakken gjev staten minst 170 milliardar i inntekter staten elles ikkje ville ha fått.

Oljepakken var ikkje noko anna enn at staten tok på seg ekstrarisiko. Den eine delen av oljepakken var at selskapa fekk trekkja frå alle investeringar det året dei gjennomførte investeringane, i staden for over fleire år. Den delen vert no gjort permanent. Dette medfører at oljeselskapa får mykje betre likviditet. Dei har meir pengar til investeringar, og dei får ein mykje høgre såkalla noverdi, som enkelt og greitt vil seia at pengar her og no er mykje meir verde for investorar enn pengar i framtida. Staten treng ikkje å tenkja på noverdi, staten skal vara evig.

Meir frådrag

Det andre grepet var at oljeselskapa fekk auka frådrag i ein kort periode. Dei fekk i praksis trekkja av 92 prosent. Den delen av oljepakken vert avvikla neste år, slik at frådraga igjen vert på 78 prosent, det same som den samla skatteprosenten. Men sidan staten eig ein tredjedel av sokkelen direkte gjennom Petoro, som dei tek heile kontantstraumen frå, og dessutan eig 70 prosent av Equinor, sit staten att med rundt rekna 92 prosent av avkastinga av investeringane under oljepakken.

Men det er ikkje oppdrettarane som skal betala mest i ny grunnrenteskatt, det er det vasskraftselskapa som skal gjera. Dei må no betala 67 prosent i skatt, mot 60 før. Men det er ikkje grunn til å tru at kraftselskapa vil oppføra seg annleis enn oljeselskapa. For også dei får høve til å trekkja frå alle investeringar med ein gong, noko som gjev dei ein sterkt auka noverdi og likviditet, samstundes som frådraget vert 67 prosent, noko som gjev dei meir pengar å investera med enn før. Det inneber enkelt og greitt at eigarkommunane må betala mindre for investeringar, eller kan auka investeringane for slik å få meir profitt.

Ingen forskjell

For å summera opp: Dersom etterspurnaden etter straum og laks held fram med å auka, sit kraftselskapa og dei store oppdrettarane att med nett den same avkastinga på ein gjeven sum pengar til nye investeringar som før den nye grunnrenteskatten kom. Skilnaden er at dei samla investeringane vert høgre enn før.

Om vi ser på korleis grunnrenteskatten på 78 prosent på olje og gass har verka, tyder det aller meste på at han har auka investeringane på norsk sokkel, ikkje redusert dei. Risikoen ved å investera på norsk sokkel har vore mykje lægre enn å investera på til dømes britisk sokkel, som har sterkt fallande produksjon i fleire tiår. Noreg set derimot både i år og dei komande to åra ny produksjonsrekord.

Men det er malurt i begeret for vasskraftselskapa. Dei får no ei avgift på 23 prosent på all straum som vert seld for over 70 øre per kWh. Denne avgifta kjem ikkje til fråtrekk på investeringar. Kjem denne avgifta til å føra til lægre investeringar? Det er vanskeleg å seia, men i det lange løp er svaret: truleg ikkje.

For æva

Investeringar i vasskraft er for æva. Har du fyrst sprengt ei røyrgate gjennom fjell, vert den røyrgata ståande i hundrevis – for ikkje å seia tusenvis – av år. Ja, turbinar må haldast ved like, men det står turbinar som er 80–90 år gamle i norske kraftstasjonar. Det vi kan seia, er at norsk straum historisk ikkje har vore i nærleiken av å kosta 70 2022-øre. All norsk vasskraft fram til no har vore bygd på basis av ein mykje lægre kraftpris enn 70 øre. Ho har likevel synt seg særs lønsam.

NVE på si side seier at investeringar i stor ny vasskraft over 10 MW kostar 37 øre per kWh. Vedlikehald og oppgraderingar kostar mindre. Men NVE reknar på 20 år, altså at alt av investeringar skal vera nedbetalte etter to tiår. Men då vert alt utover vedlikehald etter 20 år profitt. Produksjonskostnaden ved store magasin er neppe meir enn fem øre.

Kven er det så som eig den store vasskraftproduksjonen i Noreg? Hovudeigarane er norske kommunar, som produserer godt over halvparten av vasskrafta. Kommunane får i tillegg konsesjonskraft frå selskap som har bygd ut i deira område, ei kraft som dei sel med stor profitt.

Konsesjonskraft er ein lovbestemt rett kommunane har til å kjøpa kraft frå selskap som har bygd ut kraftproduksjon i deira område. I år er prisen kommunane betaler, 11,57 øre. Kommunane kan så selja denne krafta vidare til full marknadspris. Det vil vera merkeleg om kommunane sluttar å investera i ei næring som gjev dei så store ekstrainntekter.

Fasiten?

Fasiten på korleis dei nye skattane vil verka på lakseoppdrett og vasskraft, får vi fyrst om 10–15 år. Men det vi kan seia, er at det er 45 år sidan oljeselskapa fekk ein grunnrenteskatt som er langt høgre enn den kraft- og oppdrettsselskapa no får. I alle år etterpå har oljeselskapa investert langt meir enn det samla næringslivet på land.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det vil vera merkeleg om kommunane sluttar å investera i ei næring som gjev dei så store ekstrainntekter.

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis