Igjen vinn staten Noreg
Etter nokre litt dårlege år då vi tok meir pengar ut av Oljefondet enn vi sette inn, renn det pengar inn att. Men at Statkraft ikkje kan betala meir i utbyte, er ei gåte.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum lèt ikkje til å tru blindt på eigne tal: «De høye inflasjonstallene som har kommet for juli og august, etter at budsjettanslagene ble utarbeidet, indikerer at KPI-veksten kan bli høyere enn lagt til grunn i denne meldingen.»
Foto: Hanna Johre / NTB
Statsbudsjettet
Sidan 2003 har vi tredobla statsbudsjettet nominelt.
Justert for inflasjon er budsjettet dobla.
Neste år set vi kanskje inn 1,1 billionar i Oljefondet.

Nasjonalbudsjettet
jon@dagogtid.no
Er Noreg ein marknadsøkonomi? Sjølvsagt er vi det. Men når ein ser på kor mykje av BNP på Fastlands-Noreg som vert fordelt utanfor marknaden og av politikarar, kan ein av og til lura litt. I 1945 var dei offentlege utgiftene målte som del av verdiskapinga (BNP) på fastlandet på 33 prosent. Så fekk særleg Trygve Bratteli som var finansminister gjennom så godt som heile 1950-åra, spara litt. I 1960 var den offentlege delen komen ned i 26 prosent.
I år vert det same talet 63,3 prosent, og neste år, trur Finansdepartementet, vert talet 60,2 prosent. Men det under føresetnad av at veksten i fastlandsøkonomien neste år vert på 1,7 prosent, som til dømes er langt over Noregs Banks prognose på minus 0,4 prosent, eit nesten merkeleg stort sprik mellom to så store fagmiljø. Det vi kan slå fast, er at den offentlege delen av norsk økonomi er klart høgst mellom demokratiske land, både i samla utgifter og talet på tilsette.
Wisting?
Eit av dei store slaga i tingingane med SV vert om utbygging av Wisting-feltet i Barentshavet. Equinor, som staten eig 70 prosent av, hevdar marknaden skrik etter oljen og gassen som er der, men til sjuande og sist er også dette eit spørsmål som ikkje vert avgjort av marknadskreftene, men av Stortinget.
Så kan ein nesten stilla seg spørsmål om Noreg snart ikkje har tent nok på oljen og gassen, sjølv om Europa rett nok er heilt avhengig av norsk fossilproduksjon. Då Stortinget vedtok statsbudsjettet for 2022 før jol i fjor, trudde dei at inntektene skulle verta på 304 milliardar frå sokkelen. Dei vart på godt over billionen. Neste år trur Finansdepartementet at inntektene vert på 1412,6 milliardar.
Tredobla på 20 år
Det er kanskje difor budsjettet for neste år ikkje er i nærleiken av å vera så stramt som finansminister Trygve Slagsvold Vedum har ymta frampå om tidlegare i haust. Faktisk er utgiftsauken i framlegget til Vedum neste år på heile 10,6 prosent samanlikna med det Stortinget vedtok i fjor for 2022. Vedum trur at utgiftene neste år vert på 1719,5 milliardar. Til samanlikning var utgiftene på statsbudsjettet i 2003 på 575,1 milliardar. Statsbudsjettet er tredobla i nominelle pengar på 20 år, og fordobla i reelle pengar.
Elles trudde Noregs Bank at den såkalla budsjettimpulsen, altså om eit statsbudsjett er innstrammande eller ekspansivt, skulle verta på minus 1,7 prosent. Det vart han ikkje. Finansdepartementet reknar med at budsjettimpulsen vert på minus 0,6 prosent. Dimed vert statsbudsjettet mindre stramt enn både i 2021 og 2022. Det inneber truleg at Noregs Bank må setja renta høgre enn dei hadde planlagt.
Klima og litt forsvar
Det er nokre klare vinnarar i dette statsbudsjettet. Eit område som skil seg særleg ut, er klimapolitikken. Der held regjeringa fram med satsinga på CO2-fangstprosjektet Langskip, som er forventa å kosta 27,6 milliardar før overskridingar. Staten skal taka 17,9 milliardar direkte, og ein god del meir via skattefrådrag. I tillegg kjem det nye løyvingar til forsking og utvikling. CO2-avgiftene går opp med 21 prosent.
At regjeringa må ut med minst 1,9 milliardar kroner meir i CO2-kompensasjon til næringslivet, som får kompensert for utgifter dei har til å kjøpa klimakvotar, er litt malurt i begeret. Denne kompensasjon vert berre dyrare og dyrare i takt med at prisen på EUs klimakvotar går opp.
Ei ordning som betaler industrien for utslepp når vi vil ha ned utsleppa, verkar noko underleg. I alle høve kan vi trygt gå ut frå at SV får forhandla inn meir pengar til klima og høgre avgifter. Eit opplegg for lægre dieselprisar som ligg i framlegget, er vel mest ei helsing heim att frå Sp.
På førehand var det venta at den store vinnaren skulle verta Forsvaret. Det vart dei berre delvis. Dei får reelt sett 4,5 milliardar ekstra samanlikna med det statsbudsjettet som vart vedteke før jol i 2022, om inflasjonen vert så låg som budsjettet legg opp til. Men i røynda står dei stille målt i prosent av BNP. Dei får 1,5 prosent i år og 1,5 prosent neste år. Dimed er ikkje Forsvaret noko nærare Nato-målet på 2 prosent av BNP. Heller ikkje som del av dei samla utgiftene i budsjettet vert det prosentauke. Ei trøyst for soldatar og offiserar som held til i nord, om dei har born, er at barnehageplassane vert gratis.
Flytting av pengar
Det er tilsynelatande i skatteopplegget regjeringa går radikalt til verks. Dei aukar skattane med 45 milliardar. Om lag 30 milliardar av desse hentar dei frå kraftsektoren. Men i røynda er mesteparten av dette flytting av pengar på offentlege budsjett. Nesten all magasinkrafta i Noreg er eigd av det offentlege, med kommunane som største eigar.
Staten vil no taka inn 90 prosent av all kraftproduksjon som vert betalt med over 70 øre per kWh. Staten tek dimed store summar frå kommunane, men deler på langt nær like mykje ut att til hushalda. Noreg produserer i eit normalt år 150 TWh, hushalda nyttar berre 40 av desse. Så lenge straumprisen held seg høg, vil kommunane likevel tena langt meir på straumproduksjon enn før dei to nye utanlandskablane kom.
Dei som har mest grunn til å verta skuffa, er nok vindkraftprodusentane, som stort sett er private. Dei får no kverrsett superprofitten og får dessutan ein grunnrenteskatt som gjev dei ei skattebør på 40 prosent.
Framleis eit problem
Eit samfunnsøkonomisk problem ved kraftproduksjonen rettar regjeringane rett nok ikkje opp i. Turbinar som har lægre effekt enn 10 MW, får framleis ikkje grunnrenteskatt, noko dei hadde i dei fyrste åra etter at grunnrenteskatten kom i 1997. Dimed har kraftprodusentane eit incentiv til å montera inn mindre turbinar når dei pussar opp anlegg eller byggjer nye, og dimed får Noreg både lægre kraftproduksjon og mindre effekt, slo eit NOU-utval fast for tre år sidan.
Småkrafta har tradisjonelt vore ått og bygd av bønder, men dei siste åra har særleg store internasjonale pensjonsfond kjøpt opp slike selskap, som dimed ikkje betaler meir enn 22 prosent i skatt på overskot, og dei betaler langt mindre i utbyteskatt enn norske eigarar. Utanlandske eigarar betaler heller ikkje formuesskatt.
Dimed får desse internasjonale investorane mykje mindre i skatt enn norske kraftprodusentar. Kraft under 10 MW har heller ikkje nasjonalt heimfall. Når den siste bonden har selt seg ut av småkrafta, skal vi ikkje sjå vekk frå at også den får grunnrenteskatt, som no altså gjev dei store kraftprodusentane 67 prosent skatt på overskot.
No vert overskotet rett nok litt mindre enn det kunne ha vore. Kraftbransjen har Noregs høgste lønsnivå, med eit gjennomsnitt på om lag 1 million. All inntekt over 750.000 får ei auka arbeidsgjevaravgift på 5 prosentpoeng. Inkludert i arbeidsgjevaravgifta er også utgifter til slikt som pensjonsstilskot. For mange arbeidsgjevarar i privat sektor, staten skal kompensera fullt for offentleg sektor, inneber det ein ekstraskatt frå rundt 680.000 kroner. Produktiv arbeidskraft i Noreg, som vi normalt sett vil ha meir av, vert med det dyrare for arbeidsgjevarar, som får eit byråkratisk mareritt når dei skal finna ut kor mykje dei skal betala staten for personar som har to eller fleire stillingar. Det hadde vore mykje enklare om personar som tener over 680.000, fekk 5 prosent meir i direkte skatt.
Tek inn mykje meir
Men summa summarum er det no slik at staten tek inn mykje meir enn det han gjev ut att i straumstøtte, som elles har positiv innverknad på inflasjonen. Statistisk sentralbyrå (SSB) har rekna ut at utan straumstøtta hadde inflasjonen frå august til august ikkje vore på 6,5 prosent, men på 9 prosent. Elles trur Finansdepartementet at den underliggjande inflasjonen, som vert rekna utan prisendringane på energi, går ned frå 4,8 prosent i år til 2,8 prosent neste år.
Bommar regjeringa her, får staten inn endå mykje meir pengar enn rekna med i framlegget til statsbudsjett, sidan han då tek inn meir i avgifter og skatt. Høg inflasjon gjev stort sett alltid staten meir pengar og innbyggjarane mindre.
Trur ikkje på seg sjølv
Kjem inflasjonen til å verta så låg som Finansdepartementet trur? I grunnen verkar det som Vedum ikkje heilt trur på sitt eige overslag: «Inflasjonsanslagene i denne meldingen utarbeides tidlig fordi de inngår i mange størrelser i statsbudsjettet. De høye inflasjonstallene som har kommet for juli og august, etter at budsjettanslagene ble utarbeidet, indikerer at KPI-veksten kan bli høyere enn lagt til grunn i denne meldingen.»
Elles kan ein stilla spørsmål ved om det verkeleg var naudsynt å gje hushalda så store overføringar under pandemien. Det gav hushalda enormt med «meirpengar», som dei etterpå nytta til stort privat konsum, og det drog truleg opp inflasjonen: «I 2020 og 2021 sparte husholdningene til sammen over 360 mrd. kroner, eller 140.000 kroner i gjennomsnitt per husholdning.»
Godt for arbeidet
Men på den andre sida har desse pengane gjort mykje godt i arbeidsmarknaden. Frå andre kvartal i fjor til andre kvartal i år har det kome nesten 150.000 fleire personar i arbeid. 70,2 prosent av alle mellom 15 og 74 år er no i arbeid, og det er ein oppgang på 1,3 prosentpoeng frå februar 2019. Samstundes er talet på utførte arbeidstimar i år truleg gått opp med 3,6 prosent.
Det vil seia at vi har fått færre på trygd og fleire som betaler arbeidsgjevaravgift, noko som igjen gjev lægre offentlege utgifter og høgre inntekter. Særleg stor har veksten i arbeidsstyrken vore i gruppa 15–24 år, som igjen vil seia at ungdom får arbeidsrøynsle, og som igjen er avgjerande viktig for framtidig arbeidsdeltaking.
Regjeringa trur ein del av denne positive utviklinga handlar om at ein god del arbeidsinnvandrarar drog frå Noreg under pandemien og ikkje har kome attende. Vi må vel gå ut frå at renteauken og straumprisen fører til at den gode trenden i arbeidsmarknaden snur, og at statskassa dimed får mindre pengar, som igjen gjer at skattane må auka.
Redusert trykk
Elles har vi prioritert ned oljen gjennom året. Vi tek opp gass som reduserer trykket i brunnar, og det gjer at ein del olje vi hadde planlagt å taka opp, ikkje kan takast opp likevel. I år aukar vi produksjonen av gass med 8 prosent, som svarer til 100 TWh. Vi eksporterer altså gass svarande til over 1200 TWh i år. Alt går i praksis til Europa. Norske hushald nyttar som nemnt 40 TWh til samanlikning.
Prisen på ein kubikkmeter gass til EU låg elles i gjennomsnitt på 2,1 kroner mellom 2015 og 2019. I år trur Finansdepartementet at gjennomsnittsprisen vert på 12,7 kroner og neste år på 11,4 kroner.
Slikt vert det pengar av. «Høy gasspris den nærmeste tiden gjør at statens netto kontantstrøm fra petroleumsvirksomheten anslås til 1.169 mrd. kroner i 2022 og 1.384 mrd. kroner i 2023. Av anslaget på statens netto kontantstrøm i 2022 utgjør skatter og avgifter 50 pst., nettoinntektene fra Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) 48 pst. og utbytte fra Equinor 2 pst.»
Ned frå 2030
Dette vil seia at Finansdepartementet neste år trur dei kjem til setja inn over 1,1 billionar i Oljefondet. Samla stig olje- og gassutvinninga både i 2023 og i 2024. Så byrjar ho å gå nedover, for så å ramla utfor ei klippe etter 2030, om vi raskt ikkje finn store nye olje- og gassfelt, noko som vel ikkje er så altfor truleg, sidan denne regjeringa ikkje verkar interessert i boring nord i Barentshavet. Lofoten og Vesterålen ser i tillegg ut til å ha vorte varig verna.
Men generelt går vi mot lægre aktivitet på alle økonomiske område sett vekk frå helse og omsorg. Dei siste 20 åra har veksten i arbeidsstyrken vore på om lag 25.000 i året. Frå neste år av tilseier demografien at vi berre får knapt 10.000 nye arbeidstakarar inn i marknaden per år dei neste fem åra. Det gjev økonomien mindre vekstkraft, særleg av di mykje av arbeidskrafta må inn i helse og omsorg, der det er notorisk vanskeleg å auka produktiviteten.
Statkraft?
Til slutt litt kuriosum om kraftprisane. I gjennomsnitt fekk staten inn 14,3 milliardar årleg i grunnrenteskatt og utbyte mellom 2010 og 2021, av det utgjorde utbytet frå Statkraft 6,1 milliardar. For fjoråret reknar Finansdepartementet med få inn 5 milliardar frå Statkraft, sjølv om straumprisen var høg i fjor òg, og Statkraft produserte rekordmykje ved særleg å tappa ned fleirårsmagasina sør i Noreg. I år har straumprisen vore ekstremt høg heile året, men Finansdepartementet reknar ikkje med at utbytet kan verta høgre enn 5,7 milliardar.
Kvifor utbytet ikkje vert høgre, er usikkert, men som det står i ein fotnote: «Utbytteinntekter er ført på regnskapsåret, ikke året de er utbetalt. Det er også andre forhold ut over kraftpriser som påvirker størrelsen på utbytte fra Statkraft.» Dette «andre forhold» handlar mest truleg om at veddemål om kraftprisane som Statkraft har teke, har gått feil. Det vi i alle høve kan slå fast, er at rekordprisar ikkje gjev seg utslag i rekordutbyte.
Men samla kjem det greitt inn med pengar frå kraftsektoren. I eit normalt gjennomsnittsår fekk staten altså før inn 14,1 milliardar i grunnrenteskatt og utbyte. I år reknar staten med å få inn 79,2 milliardar. Det er meir enn forsvarsbudsjettet, det, både for i år og for neste år.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi eksporterer gass svarande til over 1200 TWh
til Europa i år. Norske hushald nyttar 40 TWh til samanlikning.
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.