JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Overskot i krisetid

Same kor mange pengar Erna Solberg pøser over oss, greier vi ikkje å tæra på formuen. Til og med under koronaen går Noreg med overskot.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Erna Solberg på ein pressekonferanse om covid-19 saman med helsedirektør Bjørn Guldvog og helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

11169
20201211

Bakgrunn

BNP i dei rike landa ligg an til å gå ned med 8 prosent i 2020.

I Noreg har BNP gått ned med 0,4 prosent dei siste tolv månadene.

Trass i eit uttak på langt over 400 milliardar kroner går Oljefondet opp med 95 milliardar dollar i 2020.

Lytt til artikkelen:

Pengar

jon@dagogtid.no

Få samfunnsøkonomar vil hevda at Erna Solberg har hatt god økonomistyring. Nesten same kva Frp, Venstre og KrF peiker på, seier Solberg ja. Det vil taka tiår før Høgre igjen kan skulda Ap for uansvarleg økonomistyring.

Under koronaen har det vore ekstra ille. Solberg har til dømes gjeve tre milliardar til Norwegian, eit selskap som alle kunne sjå var konkurs. Ja, ho har attpåtil lova ein skipstunnel som subsidierer kvar båt med 26.000 per passering, skal vi tru Finansdepartementet. I tillegg har ho som den fyrste statsministeren i etterkrigstida nær konsekvent auka pengebruken i reviderte statsbudsjett. Ho deler altså ut gåver ikkje berre éin, men to gonger i året. Men her kjem paradokset: Ikkje eingong Solberg maktar å nytta alle pengane som kjem inn.

Bruttonasjonalproduktet seier noko om kor mykje vi skapar, kor mykje vi produserer av varer og tenester. Bruttonasjonalinntekt (BNI) seier noko om kor mykje vi tener. BNI er det vi får betalt for det vi lagar og hentar ut av naturen. Veldig enkelt sagt fortel BNI oss noko om kor mykje vi som nasjon får inn på konto gjennom ein periode. 1 prosent av BNI gjev vi til utlendingar og til Terje Rød-Larsen i utviklingshjelp. Resten kan vi nytta til å kjøpa oss ting.

Og det er det Solberg har prøvt å få oss til å gjera. Ho har gjeve pengar til Petter Stordalen, permitterte, trygda, alderspensjonistar, ja, nesten alle har på eit eller anna vis fått ekstrapengar frå Solberg. Skatte- og avgiftsletten nyt vi alle godt av. Det syner att i nasjonalrekneskapen. Førre veke la Statistisk sentralbyrå (SSB) fram tala for tredje kvartal, som i praksis er tala for sumaren, ein sumar då særleg Distrikts-Noreg skulle gå konkurs på grunn av manglande turisme. Betalingsbalansen mot utlandet er det som fortel oss om ein nasjon samla, både offentleg og privat sektor, sparer eller tærer på formuen. Betalingsbalansen gjekk i pluss. Igjen. Som det står alt i ingressen i saka SSB har laga om tala: «Disponibel inntekt, som viser hva landet har igjen til konsum og sparing, vokste hele 9,8 prosent.»

11.700 til kvar

Eller som SSB skriv i brødteksten: «I gjennomsnitt tilsvarer økningen i 3. kvartal om lag 11.700 kroner per innbygger, justert for normale sesongsvingninger.» Ja, vi sleit litt i andre kvartal før vi heilt fekk vant oss til at koronaen ikkje var så farleg for oss nordmenn, men i tredje kvartal auka BNI med heile 7,6 prosent.

Men jau, koronaen har skada oss litt. Dei som arbeider i reise- og serveringsnæringane, syner tala, har all grunn til å fnysa over bruken av ordet dugnad. Og sjølv om vi hadde ein stor auke i inntekt i tredje kvartal, ligg BNI 6,5 prosent lægre enn i fjerde kvartal i 2019. Men igjen, vi har ikkje tært på formuen. Vi har derimot auka han.

Rett nok går staten mot underskot. Offentleg forvalting kjem i 2020 etter mykje å døma til å gå i minus for fyrste gong sidan den store krisa på byrjinga av 1990-åra. I gjennomsnitt mellom 2002 og 2018 har offentleg forvalting gått med eit overskot på 10,7 prosent av BNP. Det er uverkeleg høgt, men det held å kasta eit blikk på Oljefondet for å forstå at det er sant. I andre kvartal gjekk det offentlege med eit underskot på 10,4 prosent, i tredje kvartal med 5,2 prosent. For å halda oss i bankverda: Erna tok mykje pengar ut av kontoen og sette dei inn på dei private kontoane til oss nordmenn. Eller som Pål Sletten, sjefen for Nasjonalrekneskapen seier det: «2020 er preget av store forskyvinger mellom privat og offentlig sektor. Nedgangen i økonomisk aktivitet gir et tilsvarende sterkt fall i nasjonalinntekten. Men staten bærer mye av nedgangen, i form av lavere skatteinntekter og høyere utgifter.»

Ikkje naudsynt

Det var sant å seia i mange tilfelle ikkje heilt naudsynt at staten tok så stor del av rekninga. Svenskane har makta å nytta godt under halvparten så mange offentlege pengar per person på koronatiltak som Solberg har nytta. I grunnen visste vi ikkje kva vi skulle gjera med pengane. Til vanleg plar vi nordmenn å spara rundt 5 prosent av det som på fint heiter disponibel realinntekt. Vi betaler litt på lånet og held av nokre kroner i tilfelle vi treng ei ny vaskemaskin.

Nordmenn er stort sett elendige spararar. Vi veit at vi har Oljefondet og at Mor Stat tek seg av oss. Men i andre og tredje kvartal fekk vi ikkje lov til å reisa. Sparinga kom opp i over 20 prosent av disponibel realinntekt i andre kvartal, i tredje kvartal sparte vi 12 prosent. Samla sparte vi meir enn det Erna gav oss. Difor hadde vi framleis betalingsoverskot andsynes omverda. Dette inneber at staten, om han vil, ein gong i framtida kan henta inn meir enn han gav oss under koronaen.

Og staten kjem også i framtida til å henta inn mykje pengar. Kort tid etter at koronakrisa slo inn, tok Stortinget eit grep som klimalobbyen hissa seg opp over, men som truleg vil gje oss store ekstrainntekter i framtida. Internasjonalt har det under koronaen nesten ikkje vorte investert i oljeindustrien. Det har sjølvsagt ikkje vore lurt reint økonomisk. Det er i dårlege tider ein bør investera. Men utlandet har ikkje hatt særleg med pengar å investera med. Normalt må oljeselskapa avskriva investeringar over fleire år, men Stortinget vedtok, som ein del av oljepakken, at oljeselskapa i ein treårsperiode skulle få avskriva alle investeringar med ein gong, i tillegg til at dei skulle få behalda ein grunnrentefri profitt på 10 prosent. I praksis vil det seia at staten tek rundt 92 prosent av investeringskostnadene. Motytinga er at staten i framtida tek inn like mykje i skatt og utbyte.

Staten har altså investert seg rett gjennom oljekrisa. Vi har ein motsyklisk buffer som ingen andre i verda. Matteus var inne på noko. 

Innhogg

Men avskrivingar her og no har sjølvsagt gjort eit dramatisk innhogg i skatteinntektene. Skatten frå oljesektoren var i tredje kvartal berre på 16,4 prosent av det han var i tredje kvartal i 2019. Men igjen: Dette er ikkje tapte pengar for staten. Held oljeprisen seg på 30 dollar, får staten att alle pengane og meir til i framtida. No vil kanskje ein del seia at skatteletten til oljenæringa var uheldig, sett i lys av handlingsregelen, med han gjeld berre for fastlandet. Stortinget kan fritt nytta pengar offshore, noko som er nokså logisk, sett i lys av at det er oljenæringa som fører pengar inn på Oljefondet. Staten har altså gjeve seg sjølv eit stort handlingsrom til investeringar i oljenæringa, for slik å halda inntektsflaumen inn i Oljefondet oppe.

Men kvifor går vi med overskot på betalingsbalansen? Det verkar sant å seia litt underleg, sett i lys av at vi i august åt og drakk for 14 prosent fleire kroner enn vi gjorde i februar. Delvis går vi med overskot av di vi hadde ete og drukke endå mykje meir om vi ikkje hadde hatt koronarestriksjonane. Men det hadde vi gjort i utlandet. Vi nordmenn «importerer» langt fleire reisetenester enn utlendingane «eksporterer» til oss. Det er ikkje få nordmenn som i haust har oppdaga at dei har hatt mykje meir pengar på konto enn dei rekna med. Feriar i Toscana er ikkje billige. Men ja, sidan oljeprisen har gått ein del ned, og av di vi drikk langt meir vin her heime og driv med omfattande oppussing av di vi ikkje har anna å gjera, har vi faktisk noko så uvanleg som underskot på handelsbalansen.

Kapital

I tredje kvartal eksporterte vi for 255 milliardar, ein nedgang på 49 milliardar frå tredje kvartal i fjor. Samstundes importerte vi for 277 milliardar. Vi fekk altså eit underskot på 22 milliardar. Men samstundes importerte vi nesten 40 milliardar mindre enn i fjor i same kvartal. Nesten alt handla om at vi ikkje fekk lov til å reisa til utlandet. Vi reiste for 39 milliardar mindre enn i fjor. Dette var, for å seia det slik, ei årsak til at nordmenn på grunn av valutarestriksjonar i praksis ikkje fekk lov til å reisa til utlandet under Gerhardsen: Reising er ikkje bra for betalingsbalansen.

Men hovudsvaret på kvifor vi gjekk med overskot på betalingsbalansen, er sjølvsagt den ekstremt store finansformuen den norske staten har. Som Finansdepartementet skriv i Nasjonalbudsjettet om forventa statlege nettfordringar: Dei vert truleg på «12.055 mrd. kroner ved utgangen av 2021 eller 327 pst. av BNP».

Gjennomsnittsstaten i OECD har no negative fordringar på 80 prosent av BNP. Sagt i klartekst: Nordmenn, via staten, har 15.000 milliardar meir til disposisjon enn tilsvarande store folkegrupper i andre rike land. Det er difor vi ikkje eingong under koronaen maktar å tære på formuen. Avkastinga er meir enn nok. Legg merke til SSBs bruk av ordet solid i sitatet nedanfor. Forskarane der i garden plar ikkje nytta store ord, men det gjer dei denne gongen: «Nedgangen i inntektene var imidlertid lavere enn nedgangen i utgiftene. Dette resulterte i at rente- og stønadsbalansen endte på solide 32 milliarder kroner i 3. kvartal, noe som var snaue 10 milliarder mer enn i 3. kvartal 2019.»

BNP står stille

Men det stoggar ikkje med formuen når vi samanliknar oss med utlandet. Vi har til og med unngått å produsera mindre. Verdas BNP før koronaen var forventa å gå opp med 3 prosent i 2020. Særleg USA låg an til ein god vekst. For dei som ikkje liker Trump, er det trøyst å finna i at koronaen truleg gjorde at han ikkje vart attvalt. Men i staden for ein oppgang på 3 prosent globalt, får vi ein nedgang på 4 prosent.

Ved utgangen av 2020 kjem verda til å produsera 7 prosent mindre enn ho elles ville ha gjort. Dette er ein nedgang utan sidestykke på 200 år. Hundrevis av millionar i den tredje verda vert kasta ut i absolutt fattigdom, titals millionar kjem til å døy for tidleg.

Men det går ikkje så bra i dei rike landa heller. Som det står i ein fersk NOU frå Næringsdepartementet: «I industrilandene anslås fallet til 8 prosent; noe mer i de fleste europeiske land og noe mindre i Japan. Til sammenligning: Under finanskrisen falt verdens BNP med 0,1 prosent fra 2008 til 2009.»

I Noreg har fallet i BNP vore på 0,4 prosent dei siste tolv månadene. Mellom april og september var veksten i petroleumssektoren, målt som såkalla rullerande tolvmånadersvekst, på nesten 9 prosent. Det nye oljefeltet Johan Sverdrup er så gigantisk at Noreg nesten har unngått nedgang i samla produksjon. I absolutte tal kjem Noreg ut av koronakrisa rikare enn før. I relative tal, altså målt mot omverda, har vi vorte frykteleg mykje rikare. Det seier ein del når ikkje eingong Erna Solberg har makta å bruka meir pengar enn ho har fått inn.

I år, seier Finans­departe­mentet, har staten teke 433,2 milliardar kroner, nesten 200 milliardar meir enn planlagt, ut av Oljefondet. Likevel veks Oljefondet med 94 milliardar dollar. Send ein venleg tanke til Jens Evensen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Nordmenn, via staten, har 15.000 milliardar meir til disposisjon enn tilsvarande store folkegrupper i andre rike land.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis