Sosialisme for dei rike
Statlege lånegarantiar støtta opp under utbytefesten i riggselskapet Seadrill. Festen er over, og kollapsen til selskapet kan koste Noreg fleire milliardar kroner.
John Fredriksen tente fleire milliardar kroner på Seadrill i dei gode tidene. Her er han fotografert på den årlege julelunsjen sin for vener og familie på Theatercafeen i Oslo.
Foto: Ole Berg Rusten / NTB
Giek
Garantiinstituttet for eksportkreditt, etablert i 1960
Statleg etat under Nærings- og fiskeridepartementet
Skal styrkje norsk eksport ved å garantere for lån, investeringar eller produktleveransar
Har i dag garantiar for kring 90 milliardar kroner
Kring 60 prosent av garantiane gjeld kontraktar om offshoreutstyr frå Noreg
Har som mål å gå i balanse på sikt
Seadrill
Riggselskap stifta av John Fredriksen i 2005
Vart raskt eit av verdas største selskap i sin bransje
Registrert på Bermuda, administrert frå London og Houston
Eig eller leiger over 50 riggar og boreskip
Kjent for store lån og store utbyte
Ein av dei største mottakarane av statsgarantiar frå Giek
Har søkt om konkursvern i USA og kjempar for å overleve

Økonomi
peranders@dagogtid.no
Kapitalismen har ikkje noko fedreland, og ein god representant for den grenselause kapitalismen er John Fredriksen, verdas rikaste norskfødde Kypros-borgar, som flagga ut seg sjølv, formuen og flåten sin frå Noreg for mange år sidan. Likevel må den norske staten no truleg bla opp fleire milliardar kroner for å dekkje tap i den havarerte riggkjempa Seadrill.
Dette selskapet er Bermuda-registrert av skatteomsyn og var ei utbytemaskin for Fredriksen i ei årrekkje fram til oljeprisfallet i 2014. Gjennom Garantiinstituttet for eksportkreditt (Giek), ein etat under Næringsdepartementet, stilte den norske staten i ei årrekkje opp som garantist for Seadrill, for å stimulere selskapet til å kjøpe offshoreutstyr frå norske produsentar.
No er riggselskapet døden nær og har søkt om konkursvern i USA for å hindre at kreditorane riv selskapet sund. Seadrill er knua av 48 milliardar kroner i gjeld, og som garantist ligg den norske staten an til å måtte dekkje sin del av tapet. Kor mange milliardar det blir, veit ingen enno.
Rik onkel
Til saman har Giek garantert for nesten 23 milliardar kroner i lån i samband med Seadrill-kontraktar, får Dag og Tid opplyst frå seniorrådgjevar Vegard Engebret Ørstad, men storparten av dette er dekt inn tidlegare. Giek vil ikkje oppgje kor mykje av desse låna som framleis ikkje er betalte, men Ørstad skriv på e-post at det er «et betydelig beløp». Ifølgje Dagens Næringsliv skal det vere snakk om 6,7 milliardar kroner.
At Seadrill og storeigar John Fredriksen skulle trenge staten som rik onkel, kan i seg sjølv verke rart: Sjølv etter store verdifall i nokre av selskapa hans dei siste åra, hadde Fredriksen i fjor ein formue på kring 104 milliardar kroner, ifølgje bladet Kapital. Men det må seiast: Seadrill har ikkje gjort noko gale i denne saka. Selskapet har berre teke imot eit hyggjeleg tilbod frå den norske staten, på lik line med ei rekkje andre offshoreselskap. Det er sjølve ordninga med statlege lånegarantiar som er interessant å sjå nærare på, no når Seadrill ligg på det siste og kausjonisten Noreg truleg må bla opp.
Trygg betalar
Desse lånegarantiane blir som nemnt administrerte av det statlege organet Garantiinstituttet for eksportkreditt (Giek), som har i oppdrag å styrkje eksporten frå Noreg. Og det viktigaste verktyet for Giek er lånegarantiar for utanlandske selskap som vil kjøpe noko frå norske eksportbedrifter. Slik tryggar Giek kontraktane for eksportørane – og gjer det meir attraktivt å kjøpe ting frå Noreg: Sidan den norske staten er ein særs trygg betalar, kan kjøparane sikre seg finansiering på betre vilkår enn dei elles ville fått.
Røtene til denne verksemda går heilt attende til 1920-åra, da Stortinget vedtok å stille med økonomiske garantiar for å støtte eksport av fisk og aluminium til Sovjetunionen. Garantiinstituttet for eksportkreditt vart etablert i 1960 og hadde lenge ei ganske avgrensa rolle for norske eksportørar. Men i 2004 fekk Giek høve til å garantere også for finansieringa av leveransar til norske reiarar i utanriksfart og offshore, og det auka etterspurnaden etter tenestene deira.
I tillegg vart garantiane til Giek svært ettertrakta etter finanskrisa i 2008. Frå 2004 til 2013 vart det samla garantibeløpet til Giek meir enn seksdobla, frå 13 milliardar til 82 milliardar kroner, og nesten heile veksten var knytt til kontraktar for farty og utstyr til petroleumsindustrien.
Stor kunde
I løpet av denne perioden, da Giek nær vart ein reindyrka finansieringsinstitusjon for offshorebransjen, vart òg Seadrill ein av dei aller største kundane til instituttet. Dette er ein smule ironisk: Storeigar John Fredriksen har i mange år hatt eit vanskeleg forhold til fødelandet sitt og vart i 2006 kypriotisk statsborgar. Han har mellom anna uttalt at Noreg gjer han sjuk, og at det er umogleg drive forretningar frå Noreg. Men dei norske statsgarantiane hadde Seadrill ingenting imot.
Mellom 2009 og 2015 fekk selskapet garantiar for 22,9 milliardar kroner frå Giek i samband med kjøp av utstyr frå norske leverandørar. Giek var dermed ikkje berre ein god hjelpar for dei norske eksportørane som leverte utstyr til Seadrill, men òg for eit særs ekspansivt riggselskap. Heilt frå starten i 2005 vart Seadrill skildra som eit selskap som spelte høgt, med rask vekst, store låneopptak og store utbetalingar til eigarane sine. «Med flere nybyggordrer – som ikke nødvendigvis hadde kontraktsdekning – og betydelig kapitalinnhenting, var det ingen mangel på kritikere og selskapet ble ofte betegnet som ’crazy’», skreiv meklarhuset Pareto seinare om Seadrill.
Utbytefest
Men gamblinga vart ein suksess. På berre halvtanna år skaffa det crazy selskapet seg 37 riggar og vart ein av dei største spelarane i bransjen. Og utbytepolitikken gjorde selskapet svært populært blant aksjonærane. Frå starten i 2005 til oljeprisfallet avslutta festen i 2014, betalte Seadrill ut nesten 70 milliardar kroner i utbyte til eigarane, ifølgje Pareto.
Ein stor del av utbyta gjekk naturleg nok til storeigar John Fredriksen. Aksjeanalytikar Lukas Daul har rekna seg fram til at Fredriksen hadde ein nettovinst på kring åtte milliardar kroner i Seadrill i dei gylne åra, skreiv Dagens Næringsliv i 2017.
Og ein av dei gode hjelparane hans var altså det statlege Garantiinstituttet for eksportkreditt, som gjorde det lettare for Seadrill å sikre seg kapital til nybygga sine så lenge selskapet handla inn norsk utstyr. For eit selskap som opererte med så høg risiko som Seadrill, var det svært nyttig å ha den stødige norske staten på laget som garantist.
Ikaros
Men i 2014 kom altså oljeprisfallet og raserte marknaden for riggselskapa, og i 2017 var Seadrill på randa av konkurs første gongen. «Som Ikaros fløy Seadrill for tett på solen og det som var byggesteinene under suksessen – gjeldsfinansiering og aggressiv nybyggvekst – ble til slutt også det som forårsaket nedturen», skreiv Pareto.
Seadrill overlevde så vidt etter ei såkalla omstrukturering og tilførsel av ny kapital, men kom seg ikkje skikkeleg til hektene att, og så kom det bratte oljeprisfallet og pandemien i fjor vår. No er det kamp mellom kreditorane om verdiane som er att i selskapet, og det er uvisst kor mykje av dei nær sju milliardane i Giek-garantiar for Seadrill staten endar opp med å betale ut.
Men Giek-leiinga har alt erkjent at krisa i offshorebransjen vil føre til store utbetalingar, og det er slett ikkje berre Seadrill som slit. Om ein skal vere etterpåklok, går det an å spørje seg: Var det rett å gje så mange og store statlege garantiar til selskap som dreiv i ein så risikabel og konjunkturutsett bransje?
Ein av dei som har ytra seg med ein viss skepsis, er Klaus Mohn, professor i petroleumsøkonomi og rektor ved Universitetet i Stavanger, som presiserer at han ikkje kjenner denne saka i detalj.
– Men ein kan mistenkje at det er ein viss asymmetri her: Er det slik at dei private eigarane får heile oppsida når det er gode tider, men får hjelp frå det offentlege til å dekkje nedsida når det går gale? Spørsmålet er om staten skal bruke risikokapitalen sin til å forsikre denne typen verksemd, seier Mohn til Dag og Tid.
Medskuldige
Det har òg kome ein viss sjølvkritikk frå Gieks side. I mars i fjor vedgjekk Giek-sjef Wenche Nistad at dei truleg hadde vore for sjenerøse mot oljeserviceselskapa i dei gode åra. «Vi er medskyldige i denne krisen, og alle har vært med på det. Vi har vært for snille, vi også, men det er alltid lett å se i ettertid at vi kunne ha strammet inn mer enn vi gjorde», sa Nistad. Da rekna ho med at Giek kom til å tape kring ni milliardar kroner på krisa i oljeservicebransjen, men no ventar instituttet at dei samla tapa vil bli enda større.
Og for å trekkje etterpå-
klokskapen enda litt til: Når ein ser på låneopptaket og utbytepolitikken til eit selskap som Seadrill i dei gylne åra – var det da rett av Giek å stille opp som garantist og hjelpe til med å halde utbytefesten gåande? Og var Seadrill-innkjøpa av boreutstyr frå norske produsentar så store og viktige for norsk økonomi at det forsvarer dei moglege milliardtapa i dag?
Forsvarte risikoen
Om slike tema er det ikkje så mykje å hente frå Giek, som har som policy å ikkje kommentere engasjementet sitt i einskildselskap. Men Dag og Tid får likevel dette svaret frå seniorrådgjevar Vegard Engebret Ørstad: «Garantiene til Seadrill ble stilt i en periode da oljeprisen og aktiviteten i næringen var langt høyere enn i dag, norsk offshore- og verftsindustri hadde behov for kontrakter og aktivitet i kjølvannet av finanskrisen i 2008, og Seadrill hadde en inntjening som forsvarte lånopptakene og risikoen som GIEK og et stort antall internasjonale og norske banker delte på den gang.»
Kommunikasjonssjef Allon Groth i Giek skriv på si side dette på e-post: «At oljeprisen og aktiviteten innen olje og gass skulle falle så brått i 2014, og forbli lav frem til i dag, er noe ingen forutså før 2014. GIEK bruker store ressurser på å følge opp hvert selskap vi har garantert for, og benytter den samme verktøykassen som hos private, sikrede kreditorer for å redusere Statens tap så langt som mulig.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Vi er medskyldige i denne krisen, og alle har vært med på det.»
Giek-direktør Wenche Nistad
Frå starten i 2005 til oljeprisfallet avslutta festen i 2014, betalte Seadrill ut nesten 70 milliardar kroner i utbyte til eigarane.
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.