Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Trur kinesarane taper mest

USA toler ein handelskrig mykje betre enn Kina gjer, meiner økonom Kjetil Storesletten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3842
20241220
3842
20241220

Økonomi

peranders@dagogtid.no

Alt tyder på at handelskrigen mellom USA og Kina berre blir hardare i 2025, meiner Kjetil Storesletten, professor i økonomi ved University of Minnesota og Universitetet i Oslo.

– Dette ligg i korta. Trump har to berebjelkar i politikken sin: å redusere handelen med Kina og å kaste ut ulovlege innvandrarar. Det siste er vanskeleg. Men å auke tollen på kinesiske varer er lett, så det kjem han til å gjere. Og Kina har budd seg lenge på at dette skal skje.

– Økonomisk teori tilseier at verda i sum taper på handelskrig. Men kven taper og vinn mest på ei eskalering?

– Det veit vi ein god del om, for vi veit kva som skjedde etter at Trump innførte høgare toll i den førre presidentperioden sin. Det viste seg at effekten var overraskande stor. USA har tapt litt på dette, men Kina har tapt veldig mykje. Det heng mellom anna saman med at handel utgjer ein relativt liten del av BNP i USA, medan det er ein stor del av BNP i Kina, der økonomien er basert på eksport. Og dei som tente mest, var land som erstatta kinesisk eksport til USA, som Vietnam og Sør-Korea.

Pluss og minus

Om Europa òg blir drege inn i handelskrigen for fullt, bli konsekvensane meir komplekse, seier Storesletten. Kina-handelen har påverka ulike land og bransjar i Europa ulikt.

– Dei som laga enkle industrivarer, særleg land i Sør-Europa, har blødd på grunn av konkurransen frå Kina. Men land som Tyskland, som lagar avanserte industrivarer, har tent godt. Og Noreg har tent særs godt på Kina-effekten, fordi vi får betre pris for både råvarer og avanserte industrivarer. Blir det ein utvida handelskrig, går effekten i revers. Da aukar prisane på det Kina sel til oss, og prisane fell på det vi sel. Det vil nordmenn tape på.

– Kva kan Kina gjere for å svare på tollmurane til USA og EU?

– Først og fremst vil nok kinesarane handle meir med andre land, som India, Vietnam, Brasil, Mexico og Sør-Afrika. Kanskje vil dei òg prøve å kome seg rundt handelshindera via dotterselskap i andre land enn Kina. Det er ikkje så lett for USA å tette alle hòl.

– USA har tapt litt på dette, men Kina har tapt veldig mykje.

Kjetil Storesletten, økonomiprofessor

Vonbrot

Ikkje berre har forholdet blitt iskaldt mellom Kina og Vesten dei siste åra. Også den indre politiske utviklinga til landet dei siste 15 åra har vore eit vonbrot, meiner Storesletten. I 2008 hadde han mykje godt å seie om den kinesiske leiarskapen og det landet hadde oppnådd. «Har noe land i historien hjulpet flere enkeltmennesker på så kort tid? Jeg tar av meg hatten for Deng Xiaoping og Kina», skreiv Storesletten i eit innlegg i Aftenposten. Men sidan har mykje skjedd. Xi Jinping sette til side regelen som sa at presidenten berre kunne sitje i to femårsperiodar, og gjorde seg sjølv noko nær eineveldig.

– Det Xi gjorde, var i realiteten eit kupp. Det er ingen tvil om at utviklinga har gått feil veg i Kina under han, seier Storesletten.

– «Demokrati kommer i Kina når landet blir tilstrekkelig rikt», skreiv du i 2008. Det er ikkje den vegen det har gått?

– Nei, det var feil, det må eg berre innrømme. Eg såg på land som Sør-Korea og Taiwan, som gjekk frå diktatur til demokrati seint på 1980-talet. Men eg var nok litt for positiv. Kina er i dag rikare enn dei landa var da dei vart demokratiserte.

Utviklinga i Kina er slett ikkje det einaste vonbrotet for dei som trudde verda skulle bli stadig meir liberal, påpeikar Storesletten.

– Eg hadde aldri sett for meg at heile den liberale verdsordninga skulle bli så svekt som ho har blitt. Vi ser det skje i mange land i verda. Det er etter kvart mange land i Latin-Amerika og Afrika som kan falle attende til diktaturet. Og utviklinga ser ikkje bra ut i USA eller Europa heller.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis