JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Vil ha slutt på kappløpet mot botnen

Dei siste førti åra har selskapsskatten stadig blitt kutta rundt i verda, til glede for dei rikaste. Er vi ved vendepunktet no?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Build back better» var eit slagord for Joe Biden i valkampen i fjor. Det ambisiøse programmet for å fornye infrastrukturen i USA er ein av grunnane til at Biden vil skattleggje amerikanske selskap hardare.

Foto: Mark Makela/Getty Images/AFP/NTB

11749
20210611
11749
20210611

Økonomi

peranders@dagogtid.no

Det er to månader sidan den amerikanske finansministeren Janet Yellen publiserte innlegget «Ein betre selskapsskatt for USA» i Wall Street Journal. Men artikkelen hennar er framleis verd å sitere frå: «Ved å velje å konkurrere på skatt har vi forsømt å konkurrere på dugleiken til arbeidarane våre og kvaliteten på infrastrukturen vår. Det er ein sjølvdestruktiv konkurranse, og verken president Biden eller eg vil vere med lenger. Vi vil endre spelet», skreiv Yellen.

Mange har sagt liknande ting i mange år. Men når det er makta i Washington som snakkar slik, er det oppsiktsvekkjande. Biden og Yellen vil ikkje berre auke skatten på forteneste for selskapa i USA, dei vil dra verda med seg. Og sist helg følgde leiarane i G7-landa opp med ei intensjonserklæring om å innføre ein internasjonal minimumsskattesats for selskap for å hindre at statar underbyd kvarandre. «Veldig gode nyhende for skatterettferd og solidaritet og dårlege nyhende for skatteparadisa», sa den tyske finansministeren Olaf Scholz.

Vendepunkt

Vedtaket frå G7 inneber rett nok ein svært moderat skattesats på 15 prosent som minimum. Det er lågare enn satsen i dei fleste land i dag. Men om dette faktisk er byrjinga på slutten for skattekonkurransen, er det like fullt viktig. Utviklinga mot stadig lågare selskapsskatt i den rike verda har vart så lenge at ho byrja å likne ei naturlov. Av frykt for kapitalflukt og tapte arbeidsplassar har statane kappast om å kutte skatten for selskapa, og ingen regjeringar har verkeleg våga å bryte denne trenden.

Sidan 1980-åra har den gjennomsnittlege selskapsskatten i OECD-landa gått frå kring 50 prosent av overskotet til 21 prosent. Og resultatet? Mellom anna dette: Dei rike har blitt rikare, dei økonomiske skilnadene har blitt større og statane fattigare enn dei trong vere (om dei da ikkje har teke inn det tapte gjennom andre skattar og avgifter). Og sjølv om mange økonomar, politikarar og aktivistar har kritisert det destruktive ved denne konkurransen, har ingen klart å stogge skattekappløpet. No har kan hende vendepunktet kome.

Leiarrolle

Den skatteauken Biden og Yellen har foreslege i USA, er langt frå dramatisk i seg sjølv. Dette er berre ei delvis reversering av det store skattekuttet som Donald Trump gav amerikanske selskap i 2017, da selskapsskatten vart sett ned frå 35 prosent til 21 prosent. Forslaget frå Biden er å setje satsen opp att til 28 prosent. Det er altså framleis godt under skattenivået frå 2016.

Å setje opp selskapsskatten er elles berre ei av fleire planlagde skatteskjerpingar i USA. Det er truleg naudsynt: Joe Biden har både ein særs ambisiøs og dyr infrastrukturplan å finansiere og eit gapande hol i statsbudsjettet å tette.

Men for verda er det mykje viktigare at USA no ser ut til å ta ei leiarrolle i strevet for å stogge den destruktive skattekonkurransen mellom statane. Om presidenten i USA verkeleg vil bruke politiske musklar for å få ein internasjonal minstesats for selskapsskatt, er det håp om at dette faktisk kan skje.

Høgrebølgja

For å skjøne kor stort eit vendepunkt dette kan vere, må vi gå fire tiår attende i tid. Tidleg i 1980-åra låg selskapsskatten i vestlege land typisk på kring 50 prosent av fortenesta. Med høgrebølgja kom det store skattekutt i land som USA og Storbritannia, også for selskapa. Ved å redusere skattane for næringslivet skulle ein skape ny vekst og fleire arbeidsplassar til gagn for alle, var tanken. Men på den tida var skattenivå i all hovudsak eit nasjonalt spørsmål. Så lenge kapitalrørsler mellom ulike statar var strengt regulerte, var det ikkje eigentleg nokon skattekonkurranse landa imellom.

Det endra seg frå slutten av 1980-åra. Nye internasjonale avtalar liberaliserte utvekslinga av valuta mellom statar, vi fekk det som gjerne blir kalla fri flyt av kapital. Og regjeringane byrja for alvor å skule på skattenivået i andre land. Alle ville jo ha vekst, alle ville ha arbeidsplassar, alle ville lokke til seg kapital. Dermed byrja kappløpet mot botnen. Skattesatsen for selskapa vart kutta i håp om at dette skulle betale seg i form av økonomisk vekst.

Kutt på kutt

Dei verkelege skatteparadisa er ei sak for seg: Dei eksisterte lenge før kapitalrørslene vart sleppte fri, men dei fekk mykje betre arbeidsvilkår og mykje meir pengar å gøyme eller sluse vidare. Og skatteparadis finst ikkje berre på eksotiske tropeøyar, dei finst òg midt i Europa (til dømes Luxembourg) og i USA (som delstaten Delaware, ironisk nok heimstaten til Joe Biden).

Men knapt noko land var upåverka av skattekonkurransen. I Noreg låg selskapsskatten formelt på 50,8 prosent av overskotet gjennom 1980-åra (i realiteten var han som regel lågare). Med skattereforma i 1992 vart satsen sett ned til 28 prosent, som den gongen var ein temmeleg låg sats internasjonalt. Der låg selskapsskatten lenge i ro. Men under Solberg-regjeringa er satsen sett ned i fleire omgangar, og han er no på 22 prosent.

Som Scheel-utvalet enkelt oppsummerte det i utgreiinga Kapitalbeskatning i en internasjonal økonomi i 2014: «I en globalisert verden med frie kapitalbevegelser vil investeringer i Norge konkurrere om den samme kapitalen som investeringer i mange andre land.»

Nullpunktet

Den internasjonale konkurransen om kapital kan alltid nyttast som ammunisjon av talspersonar for næringslivet i den nasjonale debatten. Og i kappløpet mot botnen finst det jo eit nullpunkt. I 2018 tok NHO konsekvensen av dette og foreslo like godt å fjerne heile selskapsskatten – «fordi den ikke er tilpasset dagens økonomi og næringsliv. Skatten tar utgangspunkt i hvor kapitalen befinner seg geografisk, noe som i mange sammenhenger er bortimot umulig», sa sjeføkonom Øystein Dørum i NHO til Dagens Næringsliv.

Der fekk han ikkje eingong med seg det normalt ganske lydhøyre partiet Høgre. «Vi har allerede redusert selskapsskatten med 24 milliarder kroner», sa Henrik Asheim (H), leiar for finanskomiteen. Han tykte det fekk halde.

Kappløp

I andre land har somme politikarar rett ut skildra utviklinga som ein konkurranse – til og med på ganske entusiastisk vis. Da den britiske regjeringa i 2012 varsla at selskapsskatten skulle kuttast frå 24 prosent til 21 prosent, skrytte finansminister George Osborne av at andre land «streva med å halde følgje». Storbritannia fekk med det ein lågare selskapsskatt enn land som Frankrike og Tyskland, og Osborne likna det med ein annonse der det stod «kom hit, invester her, skap jobbar her!».

Men britane var på si side langt bak irane i kappløpet. Irland har ein nominell selskapsskatt på berre 12,5 prosent – og i praksis ein mykje lågare skatt for mange av dei fleirnasjonale selskapa.

Strid i EU

Ulikt dei reine skatteparadisa, der dei lokale «avdelingane» til storselskapa ofte ikkje er særleg meir enn ein postkasse, har irane faktisk lukkast med å få fleire av dei fleirnasjonale kjempene til å investere og skape arbeidsplassar i landet ved hjelp av lågskattepolitikken. Men i tillegg har Irland (til liks med mellom anna Nederland) lagt til rette for at dei fleirnasjonale selskapa kan sluse overskotet sitt i Europa ut til verkelege skatteparadis. Slik har irane hjelpt mange av storselskapa med å unngå skattlegging i landa der dei tente pengane.

Denne politikken har skapt store konfliktar i EU i mange år. Og dette er berre eitt av mange døme på at ulike land har ulike interesser i den internasjonale skattestriden. På grunn av slike interessekonfliktar har strevet i OECD for å få eit meir rettvist internasjonalt skattesystem stått i stampe i årevis. Spørsmålet er om Joe Biden faktisk vil – og kan – hogge over denne gordiske knuten.

– Taktskifte

– Eg trur dette er eit verkeleg vendepunkt når det gjeld global skattlegging, seier Peter Ringstad, politisk leiar i Tax Justice Network Norge, ein organisasjon som jobbar for internasjonal skatterettferd.

– Joe Biden skal ha mykje honnør for dette. Posisjonen hans inneber ei reell kursendring frå USA. Det verkar som han har ein reell ambisjon om å hente inn meir pengar frå selskapa.

Desse spørsmåla har vore forhandla om i OECD i årevis, utan at dei har kome nokon veg, seier Ringstad.

–?Under president Trump låg det i praksis daudt. No ser vi eit taktskifte, der også G7 har kome på banen. Når USA legg så mykje politisk tyngd bak dette, kan du vere ganske sikker på at det kjem noko ut av det. Eg trur ein internasjonal minimumsskatt på 15 prosent er ganske sannsynleg no.

Prosessen er likevel berre i startgropa, meiner Ringstad. Intensjonsavtalen til G7-landa er slett ikkje nok.

– I neste omgang treng ei løysing støtte også frå G20 for å kunne gå gjennom i OECD. Og det handlar ikkje berre om å bli samde om ein minstesats på selskapsskatten. I tillegg er det eit spørsmål om kor og korleis ein skal skattleggje dei digitale storselskapa. Der har USA og Europa ganske ulike interesser, seier Ringstad.

Djevelske detaljar

– At G7-landa blir samde om ein felles, låg minstesats for selskapsskatten, løyser ikkje problema med skattekonkurranse og flytting av overskot, seier Guttorm Schjelderup.

Han er professor i samfunnsøkonomi ved NHH og leiar for Senter for skatteforsking, og er mindre optimistisk enn Ringstad.

– Når det gjeld skatt, ligg djevelen i detaljane. Om ein skal få ein verkeleg sams skattesats, må alle landa òg bli samde om sams rekneskapsreglar. Og det er vanskeleg.

Om det skal ha særleg verknad å heve selskapsskatten i USA, må landet i tillegg overhale heile skattesystemet sitt, meiner Schjelderup.

– Det er knapt noko skattesystem i verda som har så mange hol som USA sitt. Slik sett kostar det lite å heve det nominelle skattenivået der. Systemet har så mange smetthol at det har liten effekt. Samstundes er det noko nytt at USA er villig til å gå i bresjen på dette feltet internasjonalt. USA har vore lite villig til å underteikne noko som helst av internasjonale avtalar dei siste åra, og dette er nye tonar.

– Destruktivt

–?Underbodspolitikken på skattefeltet er eit pussig fenomen: Svært få likar han eigentleg, samstundes er han vanskeleg å få slutt på?

– Knapt nokon er begeistra for denne konkurransen. Det finst ikkje mange gode argument for eit kappløp mot botnen. Det er ganske brei semje mellom økonomar om at den internasjonale skattekonkurransen har destruktive sider, seier Schjelderup.

– Vi veit at denne utviklinga har ført til større ulikskap dei siste tiåra. Selskapsskatten har blitt kutta, samtidig som det har blitt lågare skatt på kapital. I tillegg har selskapa spart pengar på å outsource mange innsatsfaktorar. Kapitaleigarane har tent på alle baugar og kantar: lågare skatt, lågare produksjonskostnader. Noreg har økonomiske skilnader på line med Storbritannia no. Det ville vore ganske utenkjeleg for 20–30 år sidan.

Stadig nye hol

Den opphavlege ideen om at kutt i selskapsskatten skulle gje auka vekst og kome alle til gode, er mest ein myte, slik Schjelderup ser det.

– Det er vanskeleg å finne ein korrelasjon mellom selskapsskatt og vekst. Konkurranseevna til eit land handlar om så mykje anna enn skatt. Kvaliteten på institusjonar, rettsvesen, infrastruktur og kvalifisert arbeidskraft er mykje viktigare. Og det er jo slike ting ein skal bruke skatt til å finansiere.

Trass i ulempene med skattekonkurransen er Schjelderup skeptisk til at dei nye initiativa skal føre fram.

– Ein kan lure på om internasjonale initiativ nokon gong vil løyse problemet. Eg er redd svaret er nei. Ein kan tette nokre hol i skattesystema, men det dukkar opp nye hol heile tida.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det finst ikkje mange gode argument for eit kappløp mot botnen.

Guttorm Schjelderup, professor i samfunnsøkonomi

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis