JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Alt dette er vårt

I fjor tente Oljefondet omtrent 1000 milliardar på aksjar åleine. I september passerte det for fyrste gong 1 billion amerikanske dollar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oljefondet har blitt ein storeigar i dei kjende handlegatene Regent Street og Oxford Street i London. Her frå hjørnet mellom dei to gatene.

Foto: Tony Webster / Wikimedia Commons

10061
20180316

Oljefondet

Oljefondet vart oppretta i 1998

Sidan oppstarten har staten tilført fondet 3,3 billionar oljekroner

Avkastinga har vore på 5,2 billionar

No står det i 8,5 billionar

jon@dagogtid.no

Av og til må det vera lov å nytta ein klisjé, særleg når det gjeld Oljefondet: Det har vore litt av ei reise! Førre veke kom årsrapporten til Oljefondet – eller oljefond og oljefond, fru Blom. Av ein eller annan merkeleg grunn kallar Oljefondet seg Statens pensjonsfond utland, og det sjølv om ikkje ei krone av Oljefondet er bunde opp til pensjon. Eit meir rimeleg namn hadde vore Statens salderingsfond utland, sidan Oljefondet går til å finansiera underskota på statsbudsjett. I alle høve: Her kallar vi Oljefondet nett Oljefondet.

Oljefondet er så stort at det nesten ikkje er til å forstå. Men vi skal gjera ein freistnad. Fyrst må vi likevel koma med litt metakritikk. Årsrapporten er fylt av fjordbilete sjølv om ikkje éi krone av fondet er investert i Noreg. Rett nok kan vi ikkje vita om bileta er frå Noreg, sidan det ikkje står noko om kvar bileta er tekne.

8,5 billionar

Så tala: Då klokka slo midnatt den 31. desember 2017, var verdien på Oljefondet 8.488.454.661.933 kroner, eller snautt 8,5 billionar, og alt er altså investert i utlandet. Om vi legg til alt det andre staten eig av finanspapir her heime, passerer vi 11.000 milliardar i statleg finansformue, som vert omtrent 2 millionar per innbyggjar.

Finansdepartementet vil rett nok ha oss til å tru at det ikkje er mykje pengar, for dei seier at kvar innbyggjar i Noreg i gjennomsnitt representerer 14 millionar kroner i nasjonalformue. Eit så høgt tal kjem det til ved å inkludera noko dei kallar humankapital, som dei set til 10,5 millionar kroner. Humankapital er tenk-på-eit-tal, det er det Finansdepartementet trur vi kan tena inn i gjennomsnitt i framtida. Men framtida kjenner ingen. Finanskapital er derimot noverdien av det vi kan selja, det er fuglen vi har i handa.

Det vi òg kan slå fast, er at ingen demokrati har så mykje investert i utlandet som Noreg. Til og med amerikanarar vert nok imponert om vi fortel dei at den 19. september 2017 passerte fondet 1000 milliardar dollar. 66,6 prosent av fondet er investert i aksjar, 30,8 prosent er investert i rentepapir, og 2,6 prosent er unoterte eigedomsinvesteringar. I røynda er eigedomsinvesteringane mykje høgre, sidan aksjeselskap òg eig eigedom, men det skal vi lata liggja her.

Berre 20 år gamalt

Fondet er elles berre 20 år gamalt. Før vi fekk fondet i 1998, pla vi nytta alt av oljepengane og meir til. Dei siste 50 åra har statsbudsjettet berre hatt overskot i to år utan oljepengar. Det var i 1987 og 1988, då Gro Harlem Brundtland og Gunnar Berge styrte skuta og hadde det moro med å disiplinera folket. Noko sånt er utenkjeleg i dag, berre i fjor nytta vi vel 250 milliardar oljekroner. Eller oljekroner og oljekroner... alle oljepengane er innom Oljefondet før staten tek dei attende.

Og staten tek relativt sett ikkje så mykje, faktisk tek han mindre enn den historiske avkastinga av fondet. Den årlege avkastinga har vore på heile 6,1 prosent. Justert for forvaltingskostnader og inflasjon har avkastinga vore på 4,2 prosent. Men vi nyttar stort sett ikkje meir enn 3 prosent av fondet kvart år. Éin ting er rett nok noko urovekkjande: Både i 2016 og i 2017 tok staten meir ut enn han sette inn av oljepengar. I 2016 tok vi ut 105 milliardar, i 2017 65 milliardar. Det er dei to einaste åra sidan 1998 vi har hatt nettouttak av fondet.

2017 var eit nokså godt år, avkastinga vart 13,66 prosent, og dimed vart 2017 det tredje beste året i soga. Det verste året var 2008, då vi fekk finanskrisa. Verdien gjekk ned med heile 23,31 prosent. Kva gjorde Noregs Bank då? Dei kjøpte massivt med nye aksjar etter ordre frå Stortinget. Det var god timing. Året etter gjekk fondet opp med 25,62 prosent. Slik avkasting høyrer til unntaka i verdssoga, men faktum er òg at Oljefondet berre har gått på tap i tre av 20 år. På den andre sida gjev det grunn til uro, så mange år med god avkasting skal før eller seinare snu til negativ avkasting. Når den dagen kjem, må finansministeren kutta mykje i statsbudsjettet om vi skal halda oss til regelen om å nytta berre 3 prosent av fondet.

Ikkje Kina

Kven er det så som har gjeve oss all denne avkastinga? Nei, det er ikkje kinesarane. Det er stort sett den gamle verda, eller Vesten. 41 prosent var ved utgangen av 2017 investert i Nord-Amerika, 36 prosent i Europa. Særleg i Europa eig vi mykje. Om vi ser på alle europeiske selskap som er børsnoterte, åtte Oljefondet i gjennomsnitt 2,4 prosent av desse selskapa. Om vi inkluderer Nord-Amerika, Japan og Australia saman med Europa, såkalla utvikla marknader, eig vi 1,4 prosent av dei børsnoterte selskapa der. Men altså ikkje særleg mykje i Kina, der vi berre har investert 217 milliardar kroner. Vi er òg underleg liten i verdas mest folkerike land, India, der vi har sylta ned så lite som 96 milliardar.

Kva med etikken? Her er årsrapporten tynn. Vi får vita at fondet har «særskilt fokus på barns rettigheter, vannforvaltning og klimaendringer», og at fondet har eit «overordnet mål å øke andelen kvinner» i forvaltinga. Men vi får ikkje vita kor mykje fondet har tapt på å vera så etiske at dei ikkje investerer i amerikanske selskap som produserer slikt som F35, altså dette at staten ikkje kan investera i selskap som sel det den norske staten vil kjøpa. Årsrapporten forklarer heller ikkje kvifor den norske staten har investert stort i Norwegian, som kjøper fly frå Boeing, som Oljefondet ikkje har lov til å investera i av di Boeing òg lagar ting til atomvåpen, som Noreg baserer sin forsvarsstrategi på.

Vi har derimot investert 6,8 milliardar i Saudi-Arabia, det landet i verda som plar halshogga flest folk per år. Men den investeringa vert truleg utjamna av at vi òg investerer i Israel. Ja, faktisk investerer vi i alle atommakter i verda, då sett vekk frå Nord-Korea, som ikkje har børsnoterte selskap eller omsetjelege rentepapir.

Apple!

Kva selskap er vi så tyngst inne i? Det er Apple. Der eig vi 0,9 prosent av aksjane, som altså er mindre enn det vi eig av børsnoterte selskap i gjennomsnitt. Men sidan Apple er så stort, vert verdien av investeringa heile 66 milliardar. På plassen etter kjem sveitsiske Nestlé, og så underleg nok Royal Dutch Shell. Var ikkje vitsen med Oljefondet å omdana olje til noko anna og mindre risikabelt? Forresten er vi òg tungt inne i BP. Det vil sikkert gleda Churchill-nerdar, for som vi veit: Det var Churchill som i si tid skapte selskapet gjennom å kjøpa noko som heitte Persian Oil, av di han hadde trong for olje etter å ha omdana The British Navy til ein oljefyrt marine. Men så kom Thatcher og privatiserte heile greia, og dimed kunne vi få kjøpt aksjar der.

Det børsnoterte selskapet vi elles eig mest av målt i prosent, er eit britisk industriselskap med det underlege namnet Smurfit Kappa Group Plc, der eig vi 6,6 prosent av aksjane. Det selskapet vi tente best på i fjor, var elles nett Apple. Så kom eit kinesisk selskap som heiter Tencent Holding Ltd., og så Microsoft. Mest tapte vi på General Electric (men lagar ikkje dei ting til atomvåpen, då?), etterfylgt av gode gamle Exon Mobile og så det israelske helseselskapet Teva Pharmaceutical Ltd., som er verdas største produsent av såkalla generisk medisin, altså kopimedisin. Selskapet vart elles dana i 1901 i Palestina og nytta kamelar når dei skulle frakta medisin til kundane. Grunnen til verdifallet er at styret ville sparka 14.000 tilsette, noko som gjorde Benjamin Netanyahu sur. Han truga med å auka skatten på selskapet, og då vart det ikkje så mykje sparking likevel.

Dronning Elizabeth og vi

Vi eig òg ein del tomter og bygningar, og den vi eig mest saman med, er dronning Elizabeth, eller The Crown Estate. Vi har investert både i Piccadilly og Oxford Street. Eller vi eig eigentleg ikkje. Dronninga sel ingenting, ho leiger ut tomter i så og så mange år. 22,8 prosent av dei unoterte eigedomsinvesteringane er i London, og stort sett berre på kongeleg jord. Vi får gå ut ifrå at dronninga sender jolekort til sunnmøringen og sjefen for Oljefondet, Yngve Slyngstad, som til saman fekk ei avkasting på 7,5 prosent for eigedomsinvesteringane.

Langt verre gjekk det med rentepapira. Dei fekk ei avkasting på berre 3,3 prosent. Det er Donald Trumps feil, han har gong på gong sagt at han vil ha ned verdien på amerikanske dollar. Det har han fått til. Amerikanske rentepapir gav ei minusavkasting på 2,4 prosent, sidan dollaren svekte seg mykje mot norske kroner. Motsett veg gjekk det for polske zloty. Den valutaen styrkte seg så mykje av vi fekk 19,4 prosent i renter i fjor.

God idé?

Har fondet vore ein god idé? Som kjent var byråkratiet i Finansdepartementet sterkt mot sjølve ideen, særleg Svein Gjedrem. Gjedrem var redd for at eit oljefond ville føra til mindre disiplin, han ville heller ha eit saktare uttak av olje og gass. Byråkratane fekk rett, disiplin er ikkje det som har prega norsk finanspolitikk dei siste 20 åra. Men om vi ser vekk frå budsjettdisiplinen, er det liten tvil om at Oljefondet har vore glitrande risikostyring. Vi har konvertert ein verdi, oljen, til tallause andre verdiar. Noreg er no mykje mindre skadeutsett av oljeprisfall enn vi var før fondet. Oljekrisa i 1986 var mykje verre for nasjonen enn oljeprisfallet i 2015 og 2016, i staden for å kutta i budsjetta har vi kunna pøst på med kroner frå Oljefondet.

Dessutan har avkastinga vore formidabel. Staten har tilført fondet 3,3 oljebillionar sidan oppstarten for 20 år. Det er langt mindre enn avkastinga, som har vore på 5,2 billionar. Og all avkastinga er det utlandet som har gjeve oss. Vi får betalt av omverda for at ho skal arbeida for oss. Berre gjennom aksjeinvesteringar i 2017 åleine fekk vi nesten 1000 milliardar kroner i vinst. Det har vore litt av reise, ja.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Vi har konvertert ein verdi, oljen, til tallause andre verdiar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis