Om handel og zombiar
Idear som burde døydd for lenge sidan, kan framleis ete politikarhjernar.
I 2011 var arbeidsløysa i USA på 9 prosent, og ein sterkare dollar ville ha gjort ting verre, skriv Paul Krugman.
Foto: John Minchillo / AP / NTB scanpix
Nesten 40 år har gått sidan Daniel Patrick Moynihan erklærte at Det republikanske partiet var blitt eit idéparti. Og det er framleis sant, men med ei justering: For tida er republikanarane eit parti av zombi-idear. Det er idear som burde ha døydd for lenge sidan, likevel ravar dei vidare, og dei et framleis politikarhjernar.
Den viktigaste av desse zombiane er insisteringa på at tilbodssida i økonomien er det som tel: Skattekutt for dei rike skal føre til økonomiske mirakel, og difor er det ei oppskrift på katastrofe å heve skattane for dei rike. Trua på denne doktrinen overlevde både den sterke veksten som følgde etter skatteauken under Bill Clinton, og den svake veksten og finanskrisa som kom etter skattekutta til George W. Bush.
At Donald Trump nyleg valde Larry Kudlow som leiar for det nasjonale økonomiske rådet, stadfestar at skattekuttzombien framleis er oppe og går. Kudlow har kolsviartru på dei uavgrensa fordelane med skattekutt, trass i at denne trua har fått han til å kome med ei rekkje spådomar som har gjort «spektakulære mistak til ei form for utøvande kunst», slik Jonathan Chait ein gong skreiv i New York Magazine.
Men økonomisk politikk handlar ikkje berre om skattar. Trump sjølv, som vil skrive under på alle vedtak om skattekutt som Kongressen sender til han, verkar langt meir interessert i internasjonal politikk, og særleg i spørsmålet om handelsunderskot, som han ser på som eit stort vonde. Og det er der ting blir interessante.
For no når «globalistar» som Gary Cohn har forlate Det kvite huset, er alle som skal gje Trump råd om internasjonal økonomi, tilhengjarar av zombi-idear. (Gary Cohn gjekk av som leiar for Det nasjonale økonomiske rådet 6. mars, red. merk.) Det er faktisk to ulike fraksjonar i sving her, og båe tek heilt feil, men på heilt ulike måtar. Ein kan hevde at når det gjeld internasjonal handel, er Trump-verda på veg mot ei form for borgarkrig mellom ulike zombigrupper.
På den eine sida har vi nymerkantilistane. Folk som Peter Navarro, den fremste rådgjevaren til Trump i handelsspørsmål, ser på verdshandelen som ei soge om vinnarar og taparar: Land med overskot på handelsbalansen vinn, land med underskot på handelsbalansen taper.
Både logikk og historie fortel oss at dette er sludder. Handelsoverskot er ofte eit teikn på veikskap, handelsunderskot kan vere eit teikn på styrke (eit land som tiltrekkjer seg større investeringar frå utlendingar enn landet sjølv investerer i utlandet, får underskot på handelsbalansen). Og nymerkantilistane har for vane å gjere grove feil, som å misforstå korleis meirverdiavgift verkar. (Peter Navarro har omtalt meirverdiavgifta i Tyskland som ein konkurransevridande eksportsubsidie, red merk.)
Men Trump lyttar til desse folka, fordi steinane i hovudet deira passar med hola i hans eige. Dei fortel han det han ønskjer å høyre, fordi mistaka deira er i samsvar med hans eiga magekjensle.
Dette er ikkje den einaste fraksjonen som snakkar farleg sludder om internasjonal økonomi. Det kvite huset har òg blitt ein heim for det vi kan kalle dei nye gulltilhengarane: folk som trur at styrken til ein nasjon kan bli målt gjennom styrken til den nasjonale valutaen, og som nektar å sjå ulempene ved ein sterk dollar eller grunnane til at ein svakare dollar kan vere naudsynt. Til liks med nymerkantilismen har denne ideen blitt plukka sund mange gonger, men likevel sjanglar han vidare, fordi mange rike og mektige menneske har sans for han.
Til no har den meste synlege gulltilhengaren i Trump-staben vore David Malpass, visefinansminister med ansvar for internasjonale forhold. Malpass har tidlegare vore sjeføkonom i investeringsbanken Bear Stearns, og også han har eit rulleblad fullt av grove mistak. Her er det særleg verdt å merke seg ein kommentarartikkel som Malpass skreiv i 2011, der han hevda at det USA trong for å løyse dei økonomiske problema sine, var ein sterkare dollar (og høgare rente).
Det var ein bisarr påstand. På den tida var arbeidsløysa i USA på 9 prosent, og ein sterkare dollar ville ha gjort ting enda verre. Kvifor det? Fordi det ville gjort varer frå USA mindre konkurransedyktige, og det ville auka underskotet på handelsbalansen. Og ein situasjon med langvarig høg arbeidsløyse er den einaste situasjonen der handelsunderskot verkeleg er utvitydig av det vonde, fordi det reduserer etterspurnaden etter innanlandske varer og tenester.
Men det viktige her er at Kudlow ser ut til å dele verdsbiletet til Malpass. Det første interessante utspelet hans etter at han vart utnemnd av Trump, var å argumentere for ein sterkare dollar – noko som ville auke nett det handelsunderskotet som Trump ser på som eit teikn på amerikansk veikskap.
Kvifor har Trump utnemnt folk med så ulike syn på internasjonal økonomisk politikk? Svaret er truleg at han ikkje skjøner desse felta godt nok til å forstå at det faktisk ligg ein konflikt her. Og båe sider i denne disputten deler ein generell tendens til uovervinneleg vankunne, og det gjer dei til folk som Trump kan like.
Uansett: I internasjonal økonomi er Trump-regjeringa no på veg mot ein zombikrig, ein strid mellom to sett med dårlege idear som nektar å døy. Send meg popkornet.
Einerett: New York Times /
Dag og Tid
Omsett av Per Anders Todal
Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta annakvar veke.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Trump-verda er på veg mot ei form for borgarkrig mellom ulike zombigrupper.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.