Om tiggarar og skurkestrekar
Martin Luther freista å løyse tiggarproblemet alt for 500 år sidan,
skriv forskning.no denne veka.
Var Luthers tankar om tiggarar sentrale for utviklinga av velferdsstaten vår? spør forskning.no.
Foto: Sara Johannesen / NTB scanpix
2015: Haust i New Dehli. Monsoontida er over, og det er 35 fuktige grader i lufta. Eg står og sveittar, og frå den andre sida av vegen kjem ein liten kropp humpande mot oss i stor fart.
– Det er ikkje hjelp i å gje han noko, seier ein av guidane.
Det er ein liten gut som nærmar seg, og fleire turistar raslar med innhaldet i lommene sine. Han held den eine foten i armane sine for at han ikkje skal slepe tynn og muskellaus ned i vegen. Guten er full av støv og skit. Han seier ikkje noko.
– De kan vere heilt sikre på at uansett kva de gjev han, får han ikkje behalde noko av det sjølv. Han er truleg skadd slik for å kunne tigge, åtvarar guiden.
Raslinga stoppar, så vidt. Vi er ikkje vande med å sjå slik barnefattigdom. Guten ser på meg og held fram foten sin. «Om eg gjev han mat i staden for pengar, då?», tenkjer eg. Men eg går der frå like rik som då eg kom.
Når eg i Noreg i 2017 passerer kvinna med skaut på fortauet utanfor T-banestasjonen, tenkjer eg det same. Plakaten med forteljinga om borna hennar som treng dyr medisin, dreg blikket mitt til seg kvar gong. Men eg gjev henne ikkje pengar.
Luthers tankar om tiggarproblemet kan ha vore starten på velferdsstaten, meiner professor Aud Tønnessen ved Universitetet i Oslo på forskning.no. Ho fortel om ei tiggarhandbok, Om falske tiggeres skurkestreker, frå 1528, og auga mine flyg nedover i teksten. Eg stoggar ved eitt punkt: Luthers behov for å dele tiggarane inn i «dei sanne fattige» og dei som berre gjer seg til. Heile 28 ulike sortar tiggarar var skildra i handboka. I føreordet forklara Luther sjølv at tigging var djevelens verk. Det dannar seg eit ekko i hovudet mitt etter Brennpunkt-dokumentaren Lykkelandet i april i år. I etterkant av TV-programmet vart tiggarane i Bergen møtte på ein heilt annan og negativ måte. Dokumentaren avdekte nemleg eit rumensk kriminelt nettverk.
I debatten etter Lykkelandet påpeikte kriminolog Nicolay Borchgrevinck Johansen ved Universitetet i Aalborg at å påvise hallikverksemd, narkotikasal, tjuveri og vald er prosessøkonomisk krevjande. Å forby all tigging, derimot, er lett. Då VG i august la fram at fleire enn seks av ti ønskte å forby tigging, gjentek ikkje historia seg?
For tigginga har ikkje éi einskild årsak, og Luther meinte at eit samfunn burde kjenne dei fattige for å best å hjelpe tiggarar. Å vedkjenne seg at kvinna med den sprittusjskrivne plakatforteljinga på fortauet kan trenge at nokon ser henne som menneske, og ikkje berre ein sjenerande faktor, eller i verste fall ein kriminell, er ikkje lett. Tigging er eit over 500 år gamalt samfunnsproblem. Kan vi då vente at det er lett å løyse?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Om eg gjev han
mat i staden for
pengar, då?»
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.