JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Opnar skattekista på havdjupet

Etterspurde havbotnmineral vert kartlagde, tokt for tokt. Teknologi vert utprøvd, og selskap oppretta. Noreg jaktar på verdiar i ei urørt verd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein fjernstyrt undervassfarkost heng i kabel frå morfartøyet, som ligg over Mohnsryggen nordvest i Norskehavet. Marine mineral skal undersøkjast fleire tusen meter under havflata.

Foto: Oljedirektoratet

12426
20201023

Bakgrunn

Havbotnmineral

Havbotnminerallova vart vedteken i 2019 og tredde i kraft same år.

Lova legg til rette for utvinning av mineral på kontinentalsokkelen.

I mai 2020 starta regjeringa ein opningsprosess i område nordvest i Norskehavet.

Oljedirektoratet har fått i oppdrag å kartleggje mineral i området.

Mineralverksemd

christiane@dagogtid.no

– Ti år frå no håper eg at vi skal ha produksjon.

Kall det vill spekulasjon eller kunnskapsbasert gjetting. Når seriegründer Walter Sognnes, geofysikar med mangeårig erfaring frå oljebransjen, ser inn i spåkula, ser han sitt eige eitt år gamle selskap, Loke Marine Minerals, hente etterspurde mineral opp frå havdjupet i Norskehavet.

Same år som Stortinget vedtok ei lov som legg til rette for utvinning av havbotnmineral i Noreg, starta Sognnes, saman med Hans Olav Hide og Tore Halvorsen, begge veteranar frå leverandørindustrien, selskapet med eitt mål for auge: å dra nytte av minerala i berget på havbotnen, som i dag ligg urørt av menneskehender.

– Folk spør kva vi skal leve av etter olja. Kvar kjem dei nye arbeidsplassane? Med det grøne skiftet og elektrifiseringa treng vi mykje meir mineral enn vi har. Det seier alle kalkylar. Det å skape grøne arbeidsplassar er ein drivar for meg, seier Sognnes.

Opningsprosess i gang

Det politiske rammeverket er på plass for Sognnes og andre gründerar. I 2019 vedtok Stortinget lov om mineralvirksomhet på kontinentalsokkelen (havbotnminerallova), som regulerer korleis styresmaktene kan opne for mineralutvinning på havbotnen og kva rettar og plikter som gjeld for aktørar som går inn i næringa. I mai starta regjeringa ein opningsprosess for mineralverksemd i områda mellom Jan Mayen og Svalbard og søraust for Jan Mayen.

Som med oljeutvinninga må regjeringa opne område for utvinning av havbotnmineral før kommersielle aktørar kan få løyve. Og som debatten om oljeutvinning i Lofoten, Vesterålen og Senja har lært oss, kan konsekvensutgreiingar skape sterk usemje på tvers av både regjeringar og parti. Når det gjeld mineralutvinning frå havbotnen, er regjeringa framleis på eit tidleg stadium i opningsprosessen. Eit utgreiingsprogram skal på høyring før ei konsekvensutgreiing formelt vert sett i gang. Konsekvensutgreiinga skal sjå på verknadene verksemda vil få for miljø, næring, økonomi og samfunn.

Som del av opningsprosessen skal også Oljedirektoratet vurdere kva for ressursar som finst på norsk sokkel, og kvar dei mest interessante ressursane finst. Her gjev regjeringa med rund hand for å komme i mål. For i år har det vorte løyvt 139 millionar kroner til å kartleggje og skaffe kunnskap om havbotnmineral. 30 nye millionar er føreslege løyvde i statsbudsjettet for neste år.

Berg under sjøen

Eit blikk på globusen forklarar kvifor grunnen under Norskehavet gøymer verdifulle skattar. Visualiseringar viser at Atlanterhavsryggen ser ut som ein slange som strekkjer seg frå Nordishavet til Sørishavet, gjennom heile Atlanterhavet. Denne formidable undersjøiske fjellkjeda er eit resultat av vulkansk aktivitet, som mellom anna har skapt øyane Island og Jan Mayen. Utbrota er forårsaka av at to kontinentalplater, den som utgjer Amerika, og den som utgjer Europa og Afrika, sig frå kvarandre. Framleis pressar magma seg opp frå ei kløft langs ryggen og gjer at Atlanterhavet veks eit par centimeter i året.

Nordvest i Norskehavet, mellom det norske fastlandet, Svalbard og Jan Mayen, rår Noreg over ein del av denne ryggen, som deler havet i to djuphavsbasseng med djupn på 3500 meter, Norskehavsbassenget og Grønlandsbassenget. Her, i det ukjende djupet, finn ein det som vert kalla rykande eller svarte skorsteinar, stader der vatn med ein temperatur på 400 gradar vert pressa opp av berggrunnen. Det varme vatnet løyser opp mineral i grunnen og gjev derfor eit klart signal om at det er mineral å finne.

Dei rykande skorsteinane døyr på eit tidspunkt ut og etterlèt seg ein mineralrik grushaug. Det er her forretningsfolk kan gjere gråstein til, om ikkje gull, så svært ettertrakta metall og mineral.

Pionertokt

For to veker sidan la fartøyet «Island Valiant» til kai på Hareid på Sunnmøre etter å ha vore på tokt i fem veker på Mohnsryggen, nord for Jan Mayen. Oljedirektoratet har leidd toktet med mål om å kartleggje mineralførekomstane i djupet og prøve ut djupvassteknologi på ein heilt ny måte. Mannskapet melde om eit vellukka tokt.

Leitedirektør i Oljedirektoratet Torgeir Stordal kallar det eit pionertokt.

Utvinning av havbotnmineral er ei verksemd i startgropa, også internasjonalt. Hittil har det ikkje vore sett i gang kommersiell drift på mineralførekomstar på havdjupet, men interessa er der, også i land kring Stillehavet. Førekomstar utanfor Japan og Papa Ny Guinea har fått særleg merksemd. I FN er eit arbeid i gang for å få på plass eit regelverk for utvinning av havbotnmineral i internasjonalt farvatn.

– Nesten alt vi gjer, gjer vi for første gong. Det er nesten ingen som har gjort noko slikt som dette før, seier Stordal.

I regi av Oljedirektoratet er toktet i haust det tredje i rekkja, etter eit tokt i 2018 og eit i 2019. Forskarar har derimot utforska havbotnen i ei årrekkje, og sidan 2010 har Oljedirektoratet hange med på lasset. Grunnforsking har gjeve geologisk kunnskap som styresmaktene kan nytte vidare. Dei siste åra er kartlegginga intensivert.

– Vi treng detaljerte havbotnkart. Minerala ligg djupt på Midthavsryggen, så djupt at skipsmontert ekkolodd ikkje gjev god nok oppløysing. I 2018 og 2019 har vi brukt sjølvstyrte undervassfarkostar, som vert sende ut frå morskipet. Dei går 40–50 meter over havbotnen. Då kan ein definere kandidatområde for mineral. I 2018 året hadde vi éin farkost, i 2019 hadde vi tre. Det er ein høgteknologisk metode for å samle inn data, seier Stordal.

Alt på toktet kan mannskapet danne seg eit bilete av mineralførekomstane på botnen. Fjernstyrte undervassfarkostar med mekaniske armar hentar opp steinprøver som sidan vert analyserte. I toktet som nett vart avslutta, har mannskapet for første gong bora hòl 1–10 meter ned i havbotnen, på 3000 meters djup.

– Vi har fått mykje informasjon og prøver som no skal undersøkjast på laboratorium for å finne ut kor mykje metall dei inneheld, seier Stordal.

Alt i 2018 rapporterte Oljedirektoratet om funn av store område med sulfidmineral, der ein også kan finne industrimetall som kopar, sink, kobolt, nikkel, vanadium, wolfram og sølv. Tidlegare har Oljedirektoratet i samarbeid med Universitetet i Bergen oppdaga førekomstar av manganskorper, som inneheld ettertrakta sjeldne jordartar.

Stordal fortel at prøvene med kopar har vist relativt mykje meir koparinnhald enn det ein kan finne på land. Det vil òg vere nødvendig om det på eit tidspunkt skal verte lønsamt å hente koparen fleire tusen meter opp.

I boka Quantifying the Unknown har NTNU-forskarane Steinar Ellefmo and Fredrik Søreide komme fram til at havbotnminerala kan ha ein verdi på 1000 milliardar kroner, sjølvsagt med svært store feilmarginar.

Verdsklasse

Når vi nordmenn vêrar ei ny næring, spør vi ofte om vi har å gjere med «den nye olja», eller om vi har eit nytt «industrieventyr» framfor oss. Kanskje gjev jamføringa litt meining når vi snakkar om havbotnmineral.

I mineralmiljøet rår det i alle fall ei oppfatning om at kompetansen knytt til oljeindustrien vil vere eit stort fortrinn i utviklinga av ei ny næring på djuphavet. At ansvaret for havbotnmineral er plassert i Olje- og energidepartementet, seier sitt.

– Alt byggjer på kunnskapen vi har sanka dei siste 50 åra. Kartlegging og boring er berre mogleg fordi vi har hatt ein teknologiindustri knytt til oljeindustrien, seier Stordal.

Olje- og mineralgründer Sognnes ser det på same måte. Han er oppteken av at kompetansen må vidareførast.

– Oljeindustrien har høgteknologisk kompetanse, men er i ferd med å byggje ned. Kompetanse er ferskvare. Skal vi kunne nytte kompetansen i olje- og gassindustrien, er det viktig å komme i gang med havbotnmineral.

Sjølvsagt held også Equinor eit auge med næringa. Styreleiar i det relativt ferske nettverket Norwegian Forum for Marine Minerals er spesialrådgjevar i Equinor Kjetil Skaugset.

– Vi ønskjer å forstå kva potensial som ligg i havbotnmineral, slik at vi kan ha eit betre bilete av kva det kan bety for selskapet om vi skulle gå inn i denne typen verksemd, skriv han om Equinors haldning til næringa i e-post til Dag og Tid (sjå også sidesak).

Det grøne skiftet

Den sterke interessa for å utvinne havbotnmineral heng saman med den stadig sterkare etterspørselen, knytt til den digitale revolusjonen og det grøne skiftet. Smarttelefonar har vorte forbruksvarer, elbilar skal erstatte bensin- og dieselvariantane, og vindmølleparkar skal gje oss klimavenleg kraft. Dei nye produkta krev enorme mengder mineral og metall.

Globalt er Kina den dominerande leverandøren av metall og mineral og står til dømes for bortimot alt EU-forbruket av sjeldne jordartar, som mellom anna vert brukt i magnetar og batteri. Kongo leverer på si side 68 prosent av EU-forbruket av bilbatterimineralet kobolt. Skrekkelege arbeidsvilkår er avdekte i gruvene både i Kina og i Kongo, og det gjer importen moralsk vanskeleg. Geopolitisk er det tvilsamt å gjere seg avhengig av råvarer som vert stadig viktigare for industrien frå ustabile statar. Derfor legg EU strategiar for å gjere seg mindre avhengig av dei minerala som vert definerte som kritisk viktige.

Noreg har altså svært gode grunnar til å utvinne mineral, men elefanten i rommet er sjølvsagt miljøet. Mineral vert omtala som grøne, fordi dei bidreg til det grøne skiftet. Men er det grønt å setje i gang mineralutvinning i område med uutforska og kanskje heilt unike undersjøiske økosystem i ei tid då art etter art forsvinn frå planeten?

«Mineralvirksomhet på havbunnen vil også innebære spredning og sedimentering av gruveslam med tilhørende giftstoffer og forurensing, som kan medføre skade på flora, fauna og leveområder på havbunnen», skreiv Miljødirektoratet då havbotnminerallova var på høyring.

«Status er fremdeles at det er store havområder hvor vi mangler kunnskap om biologisk mangfold, spesielt knyttet til havbunnen. Det vil si at vi høyst sannsynlig har uoppdagede forekomster av sårbart og verdifullt naturmangfold på havbunnen», skreiv direktoratet vidare.

Naturvernforbundet, Greenpeace, Sabima og Natur og Ungdom har alle kravd eit moratorium, eit mellombels forbod mot utvinning av havbotnmineral. På Stortinget røysta MDG, Raudt og SV imot lova som opnar for utvinning.

Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) seier at konsekvensane av ei eventuell utvinning burde ha vore undersøkte før lovverket kom på plass.

– Vi fryktar at ein går altfor fort fram, til skade for sårbare naturverdiar vi ikkje eingong veit om, seier han.

– Samtidig er mineral avgjerande for det grøne skiftet?

– Vi er ikkje imot mineralutvinning i Noreg, men det må stillast strenge miljøkrav. Vi kan ikkje gjere dette på den billigaste og mest forureinande måten. Vi fryktar eit race to the bottom i ein internasjonal konkurranse.

Ukjend framtid

Det store spørsmålet er om marine mineral lèt seg utvinne på ein måte som er berekraftig. Det understrekar alle Dag og Tid har snakka med om saka.

Sognnes, som ser ei framtid i næringa, seier han gjerne deltek i ein debatt om dilemma i næringa.

– Det vil vere ein miljøkonsekvens ved å ta ut mineral frå havbotnen, og det må vi ta på største alvor. Men i motsetning til olje og gass kan ein ikkje seie at verda ikkje treng mineral. Og i dag vert minerala utvunne med store miljøkonsekvensar mange stader i verda. Det mest kjende er barnearbeidarar i Kongo som hentar ut kobolt til Tesla, seier han.

Mykje er uutforska på djupnene i Norskehavet, område som er fem til seks gonger større enn den norske landjorda. Framleis er det også heilt i det blå om det nokon gong vert køyrt ut store skip hit for å hente opp skattane frå havbotnen. Framtida vil vise om dei folkevalde vil vurdere aktiviteten som miljømessig berekraftig, og om næringa vil vurdere han som økonomisk attraktiv. Eller om minerala til sjuande og sist er mest verde der dei ligg, 3000 meter under havflata.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Skal vi kunne nytte kompetansen i olje- og gassindu­strien, er det viktig å komme i gang med havbotnmineral.

Walter Sognnes, gründer

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis