Over og ut for pelsdyravl
NORANGSFJORDEN: Noregs einaste lønsame landbruksnæring skal leggjast ned. Heretter skal Kina produsera revepelsane.
Svein Arne Øye (til høgre) og Jon Arne Nordang produserer skinn av mink og rev på Øye ved Norangsfjorden. No må dei overlata marknaden til utanlandske produsentar.
Foto: Knut Hustad
Pelsdyr
jon@dagogtid.no
Nordmenns tilhøve til dyr er ikkje alltid så lett å forstå. Tak katten. Vi kastrerer, steriliserer og slår i hel store mengder kvart einaste år. Katten er òg det største trugsmålet vi har mot fugl. Norske kattar tek rundt 10 millionar fuglar kvart einaste år. Hunden er på si side så hardt avla og selektert at sjukdomane står i kø: hofteledd, pustesystem, auge. Kvart år vert tusenvis tekne med til dyrlækjaren for avliving. Kva gjer vi så med dei daude skrottane? Ingenting vert utnytta.
Om vi derimot nyttar dyr til pels, ja, vi veit korleis vi stiller oss til det. Frå 2025 innfører vi eit forbod, som om vi skal tru ein offentleg rapport, fører til at staten kan måtte betala sju milliardar kroner i erstatning samstundes som vi tapar ei potensiell valutainntekt på opp mot 500 millionar i året.
Enorme inntekter
I 1913 importerte skipsreiar Arne Christensen det fyrste sylvrevparet til Noreg. Han betalte heile 60.000 kroner for det canadiske paret. Det vart starten på ei utruleg suksesshistorie, som delvis avløyste ei anna, nemleg turismen. Før fyrste verdskrigen var Norangsdalen på Sunnmøre ei av Noregs rikaste bygder. Kongehusa i Europa hadde av ein eller annan grunn fått sansen for norske fjordar. Både den tyske keisar Wilhelm og dronning Wilhelmina av Nederland nytta staden og hotella der som fast feriestad, og bøndene hadde gode tider. Men etter krigen var det langt på veg slutt. Krigen førte til at den frie rørsla vart redusert og kongehusa desimert. Bøndene måtte finna seg noko anna å gjera.
På Vartdal, grannekommunen til Hjørundfjorden, heldt Ole Erdal til. Han og fleire andre sunnmøringar kjøpte etterkomarane av det fyrste paret til Christensen. Dei gav opp mot 12.000 kroner per par. Det var ikkje nett lite pengar. Årsbudsjettet til Vartdal kommune låg på 30.000 kroner. Investeringa vart ei av Noregs mest lønsame. I gode år tente Erdal 120.000 kroner. Suksess har det med å avla suksess. Sunnmøre vart det norske episenteret for pelsdyrproduksjon. I 1940 var produksjonen komen opp i 500.000 skinn i det vesle gamle futedømet.
Toppåret for Noreg samla kom i 1969. Då produserte vi 3,2 millionar skinn for verdsmarknaden, og næringa var ei av Noregs største eksportgreiner. Men i 1969 fann vi også olje, og borna til pelsdyravlarane fann arbeid i den stadig veksande oljenæringa. Nokre har likevel halde ut. To av desse er Svein Arne Øye og Jon Arne Nordang. Dei produserer skinn av både rev og mink. Øye har pensjonert seg, men arbeider framleis med pelsdyra. Nordang har ti år att før han kan heva alderstrygd. Dei held til på Øye nede ved Norangsfjorden.
Ser ikkje sola
Då eg køyrer forbi Hotell Union og svingar inn på garden til Nordang, fell snøen tungt. Rundt trugar dei høge fjella. Nordang får sola att fyrst den 7. mars. Både snøen og fjella passar i grunnen til stemninga.
– Ja, vedtaket om forbod er deprimerande, seier Nordang.
– Vi har særs god dyrevelferd. Vi har lite sjukdom. Vi driv utan subsidiar og er miljøvenlege. I gode år skaffar vi landet ein grei sum i eksportinntekter. Likevel kjem forbodet.
– Men dei fleste her på Sunnmøre har lagt ned produksjonen. Kvifor har de halde ut?
– Det handlar om topografi og geografi. Vi ligg som du veit på «hi» sida av Sæbø og Ørsta. Det er langt til alternative arbeidsplassar. Pels er òg ei god kombinasjonsnæring til mjølk. Vi har marker vi kan spreia møka på, og i gode år har inntektene frå pels gjeve oss høve til å investera i driftsbygningar og traktorar til mjølkedrifta, som ikkje er så lønsam, sidan gardane her inne er små.
Dei siste femten åra har norsk pelsdyravl vore utsett for eit omfemnande kontrollregime, som næringa sjølv har vore med å finansiera. Det viste seg at einskilde produsentar, særleg dei som dreiv stort og med austeuropeisk arbeidskraft, tapte litt av kontrollen, som igjen førte til skadar på dyra. Sjølv om desse var få, vedtok Stortinget at næringa måtte få huset i orden. Difor kjem det no dyrlækjarar på vilkårlege kontrollar og sjekkar stoda. I tillegg kjem inspektørane frå Kopenhagen Fur, pelsbørsen utanfor København, på årlege kontrollar.
– Vi har ikkje høyrt noko anna frå alle desse inspektørane enn at dei er nøgde, seier Øye.
Undergraving
Det har òg regjeringa og Stortinget vore. I januar i fjor friskmelde Stortinget næringa. Landbruksminister Jon Georg Dale la fram rapportar som konkluderte med at næringa no var både godt driven og lønsam. Dale bad om at næringa måtte få «ro», og at opposisjonen, inkludert Venstre, måtte slutta å «undergrava» ei lønsam og sunn verksemd.
– Det var eit signal vi var glade for, seier Øye. Han har no overlate drifta til sonen, som har slege seg ned med familie i bygda.
Den same Dale som bad om ro og kalla Venstre for undergravarar, var med på å tinga om den nye regjeringsplattforma. Han underskreiv avtalen, men sa samstundes til Møre-Nytt at forbodet var «Frps største nederlag». Men ikkje så stort at han går av.
Vanskeleg filosofi
Kva er så grunnlaget for forbodet? Både Øye og Nordang har vanskeleg for å finna det, men hovudargumentet for Venstre er dyrevelferd, at mink og rev er ville dyr. Men, seier produsentane, alle dyr vi har som husdyr, er avla fram frå ville dyr. Den reven og minken som vert avla i dag, er fredeleg og har lågt stressnivå, påstår både Øye og Nordang.
– Sjølvsagt har det vore avla på dyr som ikkje stressar, og som syter for avkomet i alle situasjonar. Dei dyra vi har, er noko heilt anna enn dyra ute i naturen, seier Nordang.
Når ei revetispe vert stressa, kan ho finna på å bita ungane i hel. Det har tidlegare av og til vore eit problem.
– For nokre år sidan kom det nokre F-16-fly dundrande over taka, seier Øye.
– Eg sprang bort til revegarden. Dyra var heilt upåverka. Det som kan henda er mest frustrerande, er at motstandarane av pelsdyravl trur vi er likesæle med stress og dårleg dyrevelferd. Det er vi avgjort ikkje. Dessutan er det heilt ulogisk å tru at vi ikkje ynskjer best mogleg dyrevelferd. Dårleg velferd fører til skadar og død. Om det hender, taper vi pengar. Ja, det har vore einskilde døme på dårleg stell. Eg vil ikkje kritisera andre, men det finst døme i alle næringar på dårleg stell. Men det er få som av den grunn går inn for forbod mot avl av sau, kyr, kjukling eller gris.
Alt vert nytta
Eitt argument har vore at vanleg landbruk utnyttar heile dyret, medan pelsdyra berre vert avla fram for pelsen. Men både rev og mink går inn i ei fullstendig økokjede, fortel Øye og Nordang. Fôret kjem frå fiskeavfall, feittet vert mellom anna utnytta til impregnering, og resten går til fjernvarme.
– Skrottane vert leverte til Hamar og brende i store fjernvarmeanlegg, seier Øye.
Eit forbod mot pelsdyravl kan heller ikkje vere grunngjeve i utilitarisme, det vil seia best mogleg velferd for flest mogleg dyr. Over 99 prosent av norsk pels vert eksportert til ein stadig aukande verdsmarknad, og Noreg er det einaste skandinaviske landet som har reveproduksjon. Då kinesarane og russarane vart nyrike, steig produksjonen rett opp både i Polen, Russland og Kina. Ingen av desse landa er kjende for dyrevelferd. I Kina finst heller ingen fungerande lovgjevnad for dyrevelferd. Reveavlen vert no overlaten til land vi tradisjonelt aldri ville ha samanlikna oss med.
– Vi som truleg har den beste dyrevelferda og det strengaste kontrollregimet, skal no overføra produksjonen til useriøse produsentar, konstaterer Nordang.
Det starta i Oxford
Eg er vaksen opp mellom pelsdyravlarar, og eg lyt seia at eg kjenner på ein nostalgi og ei viss sorg når eg dreg frå garden til Nordang. Men eg er ikkje forundra over at forbodet kjem, sidan eg alt i mange år har fylgt med på kampen til dei som kallar seg dyrevernarar. Rørsla vert stadig sterkare, og ho er ikkje redd for å taka stadig sterkare verkemiddel i bruk.
I 2008 budde eg i Oxford og skreiv for Dag og Tid, og det var nett i Oxford og i England det heile byrja. I 1968 skreiv romanforfattaren Brigid Brophy ein artikkel i The Sunday Times, eit kamprop: «Tilhøvet som homo sapiens har til andre dyr, er eit tilhøve av nådelaus utnytting. Vi set dei i arbeid, vi et dei, og vi har dei på oss. Vi nyttiggjer dei på grunnlag av ovtru. Før ofra vi dei til gudane våre og reiv ut innvolane for såleis å kunna sjå vår eiga framtid; no ofrar vi dei til vitskapen og eksperimenterer med livet deira i von om – eller på grunnlag av reint sjansespel – å kunna sjå litt klårare inn i notida.»
Om det som skulle koma, skriv psykologen Richard Ryder: «Sjeldan har ei sak vorte så godt argumentert for og så godt intellektuelt væpna.» Ryder vart ein del av det som ettertida kjenner som «Oxford-gruppa». Etter å ha lese Brophy skreiv Ryder fleire avisinnlegg som ein respons på det Brophy hadde skrive. Brophy las innlegga og sette Ryder i kontakt med filosofekteparet Stanley og Roslind Godlovitch og filosofen John Harris. Dei arbeidde ved Oxford og heldt på med ei bok om dyrerett. Ryder vart medforfattar, og boka kom i 1972. Ho heiter Animals, Men and Morals. An Inquiry into the Maltreatment of Non-Humans (Dyr, menneske og moral. Ei gransking av misbruk av ikkje-menneske). Boka har vorte er ein bibel for dyrerettsrørsla i Vesten.
No har Noreg kopiert det britiske forbodet mot pelsdyravl.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi som truleg har den beste dyrevelferda og det strengaste kontrollregimet, skal no overføra produksjonen til useriøse produsentar.
Jon Arne Nordang, rev- og minkavlar
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.