JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

På folkehelsa laus

Pandemien har vist at regjeringa kutta altfor hardt i budsjetta til Folkehelse­instituttet, meiner tillitsvald Marc Gayorfar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gjennom tre år kutta helseminister Bent Høie i budsjetta til Folkehelseinstituttet. Direktør Camilla Stoltenberg åtvara i 2017 om at kutta svekte kapasiteten til instituttet. Biletet er frå ein pressekonferanse 24. januar.

Foto: Terje Pedersen / NTB

4540
20210129

Samtalen

Marc Gayorfar

NTL-tillitsvald ved FHI

Aktuelt

Budsjettkutt ved Folkehelseinstituttet

4540
20210129

Samtalen

Marc Gayorfar

NTL-tillitsvald ved FHI

Aktuelt

Budsjettkutt ved Folkehelseinstituttet

peranders@dagogtid.no

Frå 2015 til 2018 kutta regjeringa hardt i budsjetta til Folkehelseinstituttet. Camilla Stoltenberg, direktør ved Folkehelseinstituttet, sa til VG søndag at kutta var ei delforklaring på at det tok lang tid å teste virusprøver for å finne mutasjonar.

Marc Gayorfar er seniorrådgjevar og NTL-tillitsvald ved FHI, og han har vore svært kritisk til kutta.

– I 2020 var det 41.729 overtidstimar ved FHI, skreiv Dagsavisen nyleg, opp frå kring 3000 timar i 2019. Det høyrest ikkje sunt ut. Korleis er stemninga?

– Det varierer. Mange synest det er interessant og gjevande å jobbe så intenst, medan somme synest det blir for mykje over så lang tid.

– Regjeringa skar kraftig i budsjetta dykkar i nokre år. Korleis vart kutta grunngjevne?

– Kutta kom særleg i 2016, 2017 og 2018, og til saman mista vi kring 20 prosent av løyvinga. Helseminister Bent Høie sa rett ut i 2015 at helseforvaltinga hadde vakse seg for stor og måtte krympast. Dette selde han òg inn til Stortinget.

– Budsjettkutta ser ikkje så kloke ut i dag. Men da Høie meinte at helsebyråkratiet var for stort – kan det vere at han hadde eit poeng? Det ligg i naturen til byråkratiet å vekse?

– Talet på byråkrater har faktisk auka under den sitjande regjeringa. Dei hadde ingen mekanisme for å sjekke om det faktisk var talet på byråkrater som vart redusert, eller talet på fagfolk. Dei talde berre hovud.

– Sist søndag kopla Camilla Stoltenberg budsjettkutta til svekt kapasitet ved FHI, for første gong sidan pandemien byrja.  

– Camilla er veldig lojal mot departementet, og eg vart overraska da ho for første gong sa dette i det offentlege rommet. Det kan ha vore ein glepp, men eg trur ho verkeleg meinte det. Men da ho seinare kom på Dagsnytt 18 med Bent Høie og vart spurd om dette handla om bemanning, svarte ho annleis.

– Men alt i 2017 åtvara Stoltenberg departementet om at kutt og nedbemanning kunne svekkje evna til å oppfylle oppdraget til FHI?

– Ja, ho såg at det nærma seg eit uforsvarleg nivå. Når ein set i gang ei nedbemanning, mistar ein mykje viktig kompetanse. Og dei som har lettast for å få nye jobbar, er ofte dei første som sluttar.

– På kva måte har desse kutta påverka kapasiteten til FHI i det året som har gått?

– Det er litt som med andre typar beredskap: Om ein har redusert talet på intensivplassar ved sjukehusa, klarer ein ikkje å produsere intensivsjukepleiarar fort nok om det kjem ei krise. Ein kan pøse på med pengar, men det er ikkje så enkelt. Det går fort å byggje ned eit fagmiljø, men det tek lang tid å byggje det opp.

– Stoltenberg kopla kutta til analysekapasiteten. Korleis heng det saman?

– Det Camilla viste til, handla om heilgenomsekvensering av virusprøver. Det var ein ny metode introdusert i 2017. Metoden er effektiv og kan gjerast med færre tilsette, og er mykje meir presis og moderne enn den vi hadde før. Men for å bruke utstyret skikkeleg trengst det infrastruktur og kompetanse, og dei ressursane var ikkje fullt ut på plass. Eg trur det var det Camilla viste til.

– Helseminister Bent Høie sa måndag at krava om effektivisering ved FHI har ført til høgare kapasitet ved laboratoria enn før. Stemmer dette?

– Dei nye metodane er i seg sjølv effektive. Men det krev at infrastrukturen og kompetansen er på plass for å utnytte utstyret fullt ut. Dette har det blitt satsa meir på etter kvart, men om det er nok ressursar i dag, kan eg ikkje seie sikkert utan å sjekke det nærare.

– Det er ingen fasit for kor stort eit folkehelseinstitutt skal vere. Det ville vore ekstremt dyrt om FHI konstant var dimensjonert for ein pandemi som denne?

– Det er rett, og ingen krev det heller. Men vi bør ha et FHI som ikkje er skore ned til beinet, og som kan vere førebudd på oppskalering. Vi ser på overtidstala ved FHI etter eit år med pandemi at grunnbemanninga ikkje var bra nok.

– Regjeringa hadde ein eigen beredskapsminister ein periode. Merka de noko til det?

– Nei, det merka vi ikkje i det heile. Det vi hadde meir håp til, var opprettinga av ein eldre- og folkehelseministerpost. Vi håpa at det skulle gjere regjeringa meir klar over verdien av førebyggjande helsearbeid. Men det hjelpte ingenting. Det er koronaviruset som har ført til at alle ser at FHI er viktig.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det går fort å byggje ned eit
fagmiljø, men det tek lang tid å byggje det opp.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Håvard Rem

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.

Foto: Warner Bros. Discovery

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Dyster dobbeldose

Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.

I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature
Hallgeir Opedal

Om Gud og lausriving

Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis